Moro med ord og uttrykk!

Musegang

Musegang2

Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn, seiest det i visa. Blant anna gangane som musa grev i isolasjonen under snøen. Bol og skit etter musa kan ein også finne. Kanskje ikkje det artigaste å møte i plena, men på den andre sida kan det bli mindre mose å fjerne.
Stundom kan visst frosken også få til å overvintre i desse gangane, der kalden ikkje slepper så godt til.

Språkleg er det ikkje så mykje å finne om dette, anna enn musegang. Men noko ordtilfang kan vi notere oss lell. I Oppdal er det eit ord mustar (også uttala mustär), om noko som er avgnage av musa, avbitne stubbar etter mus. Siste delen heng saman med verbet å tårrå – ”Musa tårrå oppgrasrota” er det sagt, og det er nettopp det ho har gjort her.

Hardanger-ordet musbraut tyder bokstavleg tala ’musveg’. Det kan bli brukt om ein smal veg eller ei smal remse. Dei skulle veva ei musbraut første dagen dei sette opp veven, heitte det seg.

Og frå Meldal har vi denne karakteristikken av ein dyktig slåttekar som tok brei skår med ljåen: – Det bli itt berre en musvei ette han!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: