Gaukesyre
På tide med ei plante igjen, og da kan det vel passe med gaukesyra, som blomstrar forholdsvis tidleg. Dei fleste kjenner til denne voksteren, og det finst da også ganske mange dialektnamn. Ungane har gjerne ete blada, delvis også blomsteren, og det var om å gjera å eta den første gaukesyra ein fann om våren..
Etter folketrua har gaukesyra vore rekna som gjævaste maten til gauken. Men frå Idd i Østfold er det notert ein tradisjon om at ein ikkje skulle eta gaukesyre før ein hadde hørt gauken om våren. Syre kjem nok av den friskt sure smaken som blada har. I Telemark, Setesdal og Bjerkreim har dei varianten gauksure.
Andre namn som viser til det sure, er f eks syreblom (fleire stader), surblad (Kristiansund), syrkringle (Geitastranda), jomfrusyra (Hetland), hårråsyr’ (Innherred)og lammesyra (Alversund).
Men smaken har nok også kunna oppfattast som søt, noko som avspeglar seg i namn som søtsyre (Torsnes, Egersund, Skatval), sukkerblom (somme stader på Agder og i Dalane), sukkerrose og sokkersømmer (Stjørna).
Gaukesyra har trekopla blad, som kan minne om kløver. Dette har ført til namn som surkløver. villkløver og kløversyre, men også søtkløver.
Forma på blada kan minne om vaffel, og vaffel er da også eit ganske utbreidd namn på gaukesyra. Også f eks vaffelblom, survaffel, gaukvaffel o fl. I Nordland gauklæfsa. På Nordmøre og i Romsdal kan gaukesyra (og spesielt blada) bli kalla bakels, som i dette området også er ordet for vaffel.
For mykje lys kan få blada på gaukesyra til å innta ”søvnstilling”, som Knut Fægri uttrykker det. Eit gammalt folkeleg varsel er at blada krullar seg opp mot regnvêr og ned mot klårvêr.