Moro med ord og uttrykk!

Grønske

Grønske

Slimete grøn hinne i bekken. Vi snakkar om grønalgar, som kanskje ikkje alltid er like påakta, men som er ei viktig gruppe. Frå desse har nemleg alle høgareståande planter utvikla seg. Og rumpetrolla lever av dette.
Mange vil nok bruke namnet grønske på slikt. Språkleg er dette ei avleiing til grøn, og i norrønt kunne det bety det å vera grøn heilt allment, men også grasvokster.
Mange stader brukar dei ordet sli eller sly om dette. Det gjeld Vestlandet, Nordland og Troms, men også stader som Nord-Gudbrandsdalen, Trysil og Setesdal. Dette ordet kan bety slim i det heie, og er også gammal norrøn språkarv.
Sleipe for grønske fører Ivar Aasen opp frå ”Bergens stift”, det vil grovt sett seie Vestlandet. I nyare tilfang er det notert frå Kvinnherad. På Nordmøre kjenner eg samansetninga bekkjasleip’.
Grønske kan ein også få på fiskegarn. Her har vi eit spesielt ord på nordmørskysten: klysmurrull (Tustna) om grønt som heng på garna når ein dreg dei opp. Same ordet er i Halsa forklart som manet som heng saman i klasar. På Smøla skal klussmerull vera eit slag manet.

Grønske som smittar på kleda sitt gjerne godt i. Den som skriv desse linene, minnest ein konfirmasjon som han og ein jamaldring deltok i medan dei enno var i førskulealder. Eitt var no det at dei fann det for godt å stikke på vedaskogen midt under laget. Men skrivaren greidde også å skli og få finbroka si full av grønske. Lite populært hos ho mor!

Og til slutt kostar vi på oss enda eit bilde:
Grønske2

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Grønske

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Der eg vaks opp i indre Hamarøy nemnde vi slike grønalgar (i vatn og på våte berg) for grønnsleip’. Det er eit apokopert hokjønsord som i ei normert form kunne bli skriven grønsleipe.

  2. tojk on said:

    Ja, det er fleire (på Facebook) som kjenner namnet grønsleipe, bl a i Trøndelag og på Nordmøre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: