Moro med ord og uttrykk!

Det tose

tose2

Foto ved Tor Erik denne gongen: Vi går over frå grønska til annan grøn vokster. Dette er forsøk på å illustrere eit ord som Odd Haldorsen frå Vera i Verdal ringte inn om til Dialektmagasinet på NRK Trøndelag tilbake i 2005. Verbet er å tose. «Det tose» (presens) vil seie at det begynner å sjå litt grønt ut, t.d. på myr, når snøen er forsvunne. Preteritum «tosa».

Det finst mange forskjellige verb å tose, men ingen andre har den tydinga det her gjeld. Det kom da heller ikkje med i band 11 av Norsk Ordbok, kanskje fordi dokumentasjonen var noko for svak.

Det er også uvisst kva slags etymologisk samanheng det står i. Det finst eit substantiv tose om samling av skyer eller skodde i fjella, men eg ser ikkje kva sambandet skulle vera. Kanskje er det også dristig å knyte det til hokjønnsordet to ‘grøn grasflekk’. I så fall er det temmeleg gammalt.

Det første graset som kjem om våren er det elles forskjellige andre namn på, som nygroe og nygror,

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: