Moro med ord og uttrykk!

Jyntelgod/dyntelgod

Fleire plassar i Trøndelag har folk fortalt om eit adjektiv jyntelgod, stundom også berre jyntel. Jyntelgod kan visst bety mange forskjellige ting, det spenner frå ‘nærtakande’, ‘vanskeleg å gjera til lags’, ‘fornærma’, via ‘innpåsliten’ (f.eks. om ungar som vil sitte på fanget), til ‘tafatt’ og til og med ‘sjølgod’. I det tradisjonelle bymålet i Trondheim kunne ordet bety trist, sår eller melankolsk. Godsøta jyntelgod var det sagt i Agdenes til ungar som gjekk og sutra.
Ordet jyntelgod ser ut til å finnast berre i Trøndelag og Nord-Norge, forutan i Bergen. Denne utbreiinga gjer det rimeleg å rekne med tysk opphav og at dei som har frakta fisk til Bergen, kan ha fått det med seg derifrå. Det er fleire forskjellige uttaleformer, som jyntergod, dyntelgod, tyntelgod og tyntergod.
Det finst også i svenske målføre som dynkelgod, i Skåne jynkelgod. Dette talar heller ikkje imot tysk opphav, for det er nok av tysk språktilfang også i svensk. Betydninga i svensk er helst ’innbilsk’, skal ein tru ordbøkene.
Ein kan vise til adjektivet dunkelgut i litt eldre lågtysk, og dette kan førast saman med tysk dünken ’tykkja, synast’. Ein som er dynkelgod eller jyntelgod blir da ein som tykkjer godt om seg sjøl. Det er ikkje urimeleg at eit slikt ord etter kvart kan komma til å bety glad og kvikk. Det er også muleg at det har vore ein viss påverknad frå heilnorske ord som å dynte ’vera tilgjort fin’ og å gynte, som kan bety å furte. Men elles er ikkje overgangen frå d til j fremst i lånord heilt ukjent. Vi har målføreformer som jestrikt for distrikt og jestans for distane.
Stundom er det også sagt berre jyntel, som nemnt. I gammalt sunndalsmål finst jøntel, som betyr kvikk og glad. Det har vore bruka til å karakterisere folk, men har også vore sagt t.d. om kåte unghestar som hoppar og dansar. Ein jønteljo har vore eit slags klengenamn på ein kvikk og glad person.
Det er vel truleg at namnet Jøntelhaugen (no bustadfelt på Grøa) har med dette ordet å gjera, utan at eg kjenner meir til bakgrunnen for dette.

Jon Holten i Sunndal foreslo for meg at ordet jøntel kan ha å gjera med engelsk gentle (som i gentleman), eller med den franske varianten gentile, som også finst i norsk med uttalen sjangtil. Men det er nok helst ein variant av jyntel. Frå å tyde ’som tykkjer godt om seg sjøl’ (jamfor ovafor) er ikkje vegen så lang til å tyde ’glad og kvikk’, men i så fall har jøntel på sunndaling teke ein litt annan veg enn dei andre norske orda av same rot.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Jyntelgod/dyntelgod

  1. Oddvar Romundset on said:

    Jøntelhaugen var etter det eg har høyrt namnet på ein husmannsplass i Teskjalykkja like ved det området som i dag har adresse Jøntelhaugen. Ein annan plass like ved var Donderhoppen. Begge namna vart brukt uoffisielt og heller spøkefullt slik eg har forstått det. I Sunndalsboka finst ikkje desse namna, men der er det fleire plassar med namn Teskjalykkja (Torskeløkken), og til kvardags var det nok behov for namn så ein kunne skilje dei frå kvarandre . Per Hoel som var lærar i Løykjaskulen ein mannsalder og vel så det, fortalde at ein av desse plassane var samlingsstad for drikkfeldige kvinnfolk i grenda! Eg er ikkje sikker på kva for plass det var. Både «donder» og «jøntel» kan vel tyde på alkoholservering og muntert liv! Eg er oppvaksen i grenda der Jøntelhaugen låg, men kan ikkje hugse at adjektivet «jøntel»vart brukt i nokon annan samanheng enn i dette namnet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: