Moro med ord og uttrykk!

Hårkall

Løvetann

Her har løvetanna fått kvit hårprakt og vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag og Nord-Norge. Gullboste, – bauste o l er eit svært utbreidd namn på den rundt i heile Sør-Norge. Med den gule fargen gjev førsteleddet gull- seg av seg sjølv. Eit gammalt namn på løvetanna i Gauldalen er ”gölgull (gulgull), i Surnadal og Rindal gullhauk, i Fron og Ringebu gullkorg, pluss mange fleire. Slike namn viser sjølsagt til stadiet der enga er heilt gul. Ein del vil heller bruke gullboste om hestehoven, sjå hovudinnlegg 12.4.13.

Nemninga løvetann er nok lånt inn, men viser i alle fall til dei skarpe ”tennene” på blada. Fransk dent de lion tyder bokstavleg tala ’løvetann’, og dette har engelskmennene lånt og gjort om til dandelion. Omsetting frå gresk leontodon.

.Men eg voks opp i Sunndalen med namnetgobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som var mykje der i dalen, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjadt «kvithårstadiet», i motsetning til f.eks gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. Uti Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»! Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i bygda tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Desse namna, som altså var brukt i regler når ein ville ha stilken til å krulle seg, finst det massevis av, som kappilaup, koppeloppe, kappegullkåre, kabbeko, biblibakka m fl. Rolf Nordhagen har drøfta fleire mulege språklege opphav, og nemner mellom anna eit  norrønt kobbaloppr, som skal bety ein rund ulldott.

Her følgjer eit knippe med nokre andre namn på løvetann (berre eit utval, for tilfanget er uvanleg rikt og variert):

Namn som kveldsvæve, kveldsøve, nattsvæve og mange fleire syner til at blomsteren knepper seg om kvelden.

Kaninblad finst spreidd fleire stader som namn på løvetanna. Dette fordi blada har vorte sanka inn til kaninfôr. Kaningras i Froland.

Hesteblom har vi mange stader på Austlandet og i Agder, saueblom o l i Vest-Agder, Rogaland og Hordaland.

Den kvite mjølkesafta har gjeve namn som mjølkeblom og mjølkegras, og ikkje minst det danske namnet ”Fandens mælkebøtte”. Skabb og skabbeblomst går visst tilbake på ei tru at denne safta er giftig, eller i alle fall skadeleg. I Bergen meinte ein at merke etter denne safta var skabb på hendene.

I tillegg til hårkall er det mange andre namn som siktar til utsjånaden på dette  kvite stadiet, med frø: Hårhatt, bæssfarhuggu, båsskall (Verran), finnkall, fusskall, bustekall osv. Gofa grågut (Tinn) er blomsterbotnen etter at frøa er borte.

Lusablom (Austevoll) – fordi det smell i frøa når ein knusar dei mellom neglene, som det skulle vera lus.

Frøparasoll er ei særskilt nemning på den kvite frøkransen på løvetann (Nøtterøy).

”Dagen derpå” er det tid for ettertanke og tømmermenn. Ein todaling uttalte at det kjentest ut som han hadde ete opp ei ”goillbostækker” (med løvetann). Beisk og ekkel smak i munnen, med andre ord.

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Hårkall

  1. Berit Sandnes on said:

    Undrer litt på kabbelabben og kabbeluren i Sunndalen. Kabbeleje og Kabbeleje er henholdsvis dansk og svensk for bekkeblom, synes det lyder mistenkelig likt. Det er jo ganske vanlig at at et blomsternavn kan betegne ulike planter i forskjellige dialekter og språk. (Det løvetann og bekkeblom har til felles er den knallgule fargen, men det er vel ikke noen kjent betydning av kabbe).

    • tojk on said:

      Trur nok tradisjonen i Sunndal er relativt stø når det gjeld løvetann-namn. Bekkeblom heiter bekkjasolei her. Men det er somme som bruker gullboste om hestehov.

  2. Oddvar Romundset on said:

    Der eg vaks opp i Sunndalen sa vi kabbelabbelure og meinte avblomstra løvetann. Bekkeblomen gjekk under namnet soleie. Det kan kanskje ha vore ei forveksling ein gong, men det må vera lenge sidan for begge nemningane var godt innarbeidd.
    Her eg bur no, Lesja i Gudbrandsdalen, blir det sagt kappelkullkåre om avblomstra løvetann! Ein utruleg likskap og samtidig mangel på likskap mellom dei to nemningane.

  3. tojk on said:

    Ja, det er dette namnekomplekset Rolf Nordhagen har prøvd å nøste opp i.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: