Moro med ord og uttrykk!

Kongrovev i sol

Aks med spindelvev

Joar Lyngen skriv dette på facebook-gruppa «Ord og uttrykk frå Meldal» 24.6.15: «I dag såg e sjænnsjåa ferr føst gången i såmmår, dæm va hælått og da bli de nebor». Med «sjænnsjåa» meiner han hinne av kongrovev eller dogg i graset, og når det er hol i den (den er «hælått»), skal det bety regn. Ordet «sjænnsjå» har tyngdepunktet sitt nettopp i Orkladalføret, men det går også inn på Nordmøre, så vidt over i Gauldalen (Flå) og nord til Leksvika. Sisteleddet er skjå ‘hinne’ og førsteleddet er skin ‘det å skine’ – det kan ligge som eit glitrande teppe.

I Meldal, der det også var tale om «å sjå inni skjåain», meinte dei at det ville bli godver heile dagen dersom desse var heile om morgonen. Var det hol i dei, kom det til å regne før kvelden. Andre stader har ein meint at slikt var godversvarsel uansett, og det heiter da også godvershatt på Voss og i Suldal, solskjænnshatt i Hemne og solskjænnskåp’ på Hitra.

Frå Møre heiter det seg at vassrette, flate nett i graset tyder på godver/tørrver. Men spinn kongroa loddrett, ventar ho regn, for elles ville det fine spinnet bli øydelagt av regndropane.

Fenomenet har fleire andre namn, som doggskjå, dogglabb og sjænntuv’ (skintuve). I Gauldalen og Selbu er dei kalla kjella (hjellar), når dei ligg flatt.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: