Moro med ord og uttrykk!

Knallhatt

Hatt

Knallhatt er eit ord som betyr forskjellige ting. For det første er det eitt av fleire namn på stiv hatt med rund pull, ein slik som også er kalla bl.a. skalk, bowlerhatt og korkhatt eller korkahatt (sjå bildet, som er henta frå nettet, ukjent opphav). Knallhatt om ein slik hatt er registrert frå Sør- og Vestlandet (Kristiansand, Røldal, Bømlo, Selje), men er nok også kjent andre plassar. Slike hattar kunne bli brukt både når guten vart konfirmert og når han stod brudgom.

I svensk er knallhatt det same som hos oss heiter fenghette eller tennhette, også knallhette. Det er også overført på person, f. eks. om gutunge som fer med fantestreker. ”Knallhatten” var det svenske namnet på ein satirisk amerikansk teikneserie som gjekk i mange år i avisa Expressen. Hovudpersonen med dette namnet blir skildra som ”en dumsnäll, men stilig och urstark hillbilly”.

I Trøndelag møter vi knallhatt om lås som låser botnstokken i ein såkalla nåldam, dvs. ein dam (demning) av loddrette, smale bord som held vatnet på plass (Snåsa). Når ein slo på denne knallhatten, vart dammen løyst. Samanhengen med den svenske knallhatten ( = fenghetta) er her rimeleg openlys.

Når dei i Meråker har knallhatt som skjellsord for ein snarsint, oppfarande person, er det også klart samband til Sverige.

Korleis dette heng i hop med namnet på hatten, er ikkje så endefram å sjå, men ein har kanskje sett for seg ein likskap mellom fenghetta og hattepullen? Eller så ligg det eit ordspel bak? No kan svenskane også bruke knallhatt om ”hård, rund herrhatt” (Svenska Akademiens Ordbok), så det er vel sannsynleg at alt dette er komme frå Sverige.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: