Moro med ord og uttrykk!

Jordbær

Jordbær

Da er trønderbæra endeleg komne, og derfor eit lite innlegg om nettopp jordbær. Om namnet jordbær er det ikkje så mykje å seie, anna enn at det skal komma av at dei gjerne ligg på jorda. Jordbær heiter det også i dansk, og tilsvarande på tysk Erdbeere. I svenske målføre finst jordbär, men det offisielle svenske namnet er som kjent jordgubbe. Gubbe er her i betydning ’klump’.
Ho var litt uheldig den norske dama som satt på restaurant og bad om ”stekte jordgubbar” til middagen – ho trudde poteta heitte det på svensk!

Somme plassar sønnafjells seier dei jor(r)ebær eller jolebær med bindevokal -e-. Men vel så interessant er uttaleformene med a i første staving, som jarbær, jalbær, jarebær, jalebær, jarabær. Desse er gjerne særleg brukt om markjordbær (villjordbær). A-vokalen stammar her frå ei gammal genitivsform av ordet jord, nemleg jarðar-. Jamfør f eks at jordferd kan heite ”jaraferd” i Sogn. Og i Oppdal sa dei frå gammalt ”jarfast” om ein jordfast stein.
Uttale med jæ- i første staving, som jær(e)bær, jælbær har nok utvikla seg frå ja-. L vil seie tjukk l i alle desse tilfella.

Ein eigen sort markjordbær som finst på tørre kalkbakkar på Austlandet, er kalla nakkebær eller nakkejordbær. Smaken er ikkje så god som på vanleg jordbær, meir søt og emmen, men ungane har ete den lell. Plantegeografisk er nakkebær interessant, for det er ein utlaupar av steppevegetasjonen i Aust-Europa. Etter Rolf Nordhagen kjem namnet nakkebær gjennom dansk frå tysk, der førsteleddet knacke- viser til den vesle smellen som kan hørast når ein plukkar eit slikt bær. Det kan vera vanskeleg å skilje det frå hamsen.

Til slutt ei lita rispe: Det var ein kar som hadde ein nydeleg, raud nase med kvite prikkar. Arbeidskameratane hans lurte på om han kleia jordbæra når han tok seg i nasen!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: