Moro med ord og uttrykk!

Svale (sulu, svulu m m)

Svale

Hausttrekket begynner nettopp no i slutten av august, og svalene er i ferd med å samle seg i hausthopar. Dei har ei lang ferd framfor seg. Om vinteren er dei i Afrika, heilt ned til Sør-Afrika.

På telefontråd og andre ledningar sitt dei gjerne, slik som her.

Vi har tre artar av svale hos oss: Taksvale, låvesvale og sandsvale. Låvesvala byggjer aller oftast reir inne i bygningar, medan taksvala plasserer reiret sitt utanpå, f eks under takskjegget. Sandsvala hekkar som namnet seier i f eks sandtak eller bratte elvemelar. Det er mange stader dei ikkje skil mellom svaleartane og kallar alt for svale.

Det er veldig mange uttalevariantar. På Austlandet og i Trøndelag er svulu eller sulu (alltid med tjukk l) mykje utbreidd, og elles finn vi slikt som svålå, svolo, svole, svølu, søla, sølå, på Austlandet også sulus(e) og meir sjeldan selus(e). Berre for å nemne nokre.

Ordet er ikkje kjent utanom germanske språk (jf. for eksempel engelsk swallow), men ut frå beslekta ordstoff kan vi slutte at grunntydinga kan ha vore ‘den flagrande’.

Låvesvala kan heite lemsulu (Sparbu) eller lemsolo (Grong). I Nordland og Trøndelag finst også sakssvale registrert om denne. Kløftsvulu og langstjertsvulu er to namn på låvesvala frå Trysil.

Hussvale (-svulu, – solo etc) er somme stader brukt om taksvale, men også om låvesvale.

Etter den kvite overgumpen har taksvala fått namnet kvitryggsulu i Østmarka i Vinger.

Ordtaket «ei svale gjer ingen sommar» har parallellar i tysk og engelsk. I Sparbu har dei brukt kvitveisen i staden: «ei sømmer gjær ingen såmmår».

Svala er kjent som vermerke. Flyg ho lågt, blir det regn, og vice versa. Om ho ter seg svar eller mørk, skal det også bli regn.

Vi avsluttar med eit lite vers som folkeminnesamlaren Karl Braset i Sparbu har notert om «heimsullu», som truleg er låvesvale:

«Gutann aa veikjaann

dæm ligg oppaa lava (låven)

kjyssest aa klappest

aa æ sett aa sjer»

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Svale (sulu, svulu m m)

  1. Oddvar Romundset on said:

    Tydinga overraskar meg! Meiner eg har høyrt ei tyding som viser til den kløfta stjerten og at kommune/øy-namnet Sula har same opphavet, dvs. ei kløft i berget som er synleg mot sjøen.

  2. Liten kommentar til det siste:

    Æ vill tru at Karl Braset sa e’ så son:

    ”dæm legg oppå låva’ ”

    Mitt mål e frå Nordøyn’, Inderøyn’ der æ vaks opp frå i 1935

    Beste helsing

    Arne Johannes Tronstad

    PS Vi sa sullu’

  3. tojk on said:

    Takk for kommentarar! No er det slik at eg har kopi av Karl Brasets originalmanus, og han skriv faktisk «lavi». Som f.eks. her: «lavinn der vi trøske aa hi kaann aa hælm: øver-lavinn aa ner-lavinn hell aassaa onnrlavinn kann e no bli mæsst sagt aa hagerstaale aa byggstaale, frøbua aa ennda i rom aaver lavinn – aa ponnilava. Paa lava – karan dæm e paa lava»
    Etymologien ‘den flagrande’ er gjengs hos etymologar av fag. Forma «sulu» har utvikla seg av «svulu». V-en er opphavleg, det viser den norøne forma «svala». Det er derfor anna ordstoff enn i «sule» ‘løøft’.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: