Moro med ord og uttrykk!

Åt ryphø’n

Rype

Vi resirkulerer eit bilde frå hovudinnlegget 17.1.2014 for å markere at det snart er tid for rypejakt, men samtidig at mange fjellstyre har bestemt seg for å kutte denne jakta i år på grunn av låge bestandar.
Dermed blir det vel mange som ikkje kjem seg «åt ryphø’n», slik dei hadde tenkt. Og her kjem hovudformålet med dette innlegget: å dra fram ein lokal talemåte frå Sunndal. Eg skriv bevisst «åt ryphø’n» (dativ) med liten r, for det er ikkje noko bestemt fjell som heiter Ryphøa. Uttrykket betyr rypefjellet, rypeterrenget heilt allment.Når ein skal ”åt ryphø’n”, skal ein altså rett og slett til fjells på rypejakt.

Det finst eit par andre slike «høer». Oppdalsforfattaren Ola Setrom ordlegg seg slik ein stad: ”Det er ofte hardt for meg å få sova natta før eg skal i reinshøa første dagen om hausten” (opphavleg i avisa ”Nordmøringen” 6.3.1941). Vi har ikkje å gjera med eit fjellnamn Reinshøa, det er derimot lendet der reinsjakta går for seg. Setrom er medviten om dette og nyttar liten bokstav, som vi ser. Uttrykket er elles ikkje registrert i det elles så godt leksikalsk dokumenterte oppdalsmålet, og heller ikkje i andre kjelder. Men det er heilt parallelt til dømet frå Sunndal

Og i Nord-Gudbrandsdalen og Folldalen var det ei fast, årviss onn å fara «åt måsåhø’n» eller «åt måsåhøom» til fjells for å sanke reinsmose, eller reinlav som det offisielt heiter, til fôr. Og igjen – dette er ingen bestemt stad som heiter Måsåhøa, men mosefjellet, området der ein sankar mose, reint allment.

Parallellar finst bl.a. i dei trønderske uttrykka med -haugen eller -haugan, sjå t.d. bærhaugen som «Dagens ord» 9.8.13 og langhaugan i same spalte 24.8. i år.

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Åt ryphø’n

  1. Oddvar Romundset on said:

    I Lesja blir høe brukt generelt om høgfjellet og treng ikkje vera samansett med måsså, rype eller rein. » I ha vorre i hø`n i heile dag.» er vanleg seiemåte når ein har gått i fjellet ein dag på saueleiting, jakt eller berre på tur.

  2. tojk on said:

    Takk for den! interessant!

  3. tojk on said:

    I Sunndalen kan det bli sagt t.d. «sjå kor det driv oppi høo». Slik bruk av «hø» allment om fjell, samansett eller usamansett, ser særleg ut til å høyre heime i eit samanhengande kulturområde kring Dovrefjellet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: