Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “oktober, 2015”

Gåseplog

Gåseplog

Det er den tida trekkfuglane forlet oss, og mange av dei flyg i formasjon. Enten det er i plog, som her, eller i rad. Namna på dette er da også gjerne noko med plog eller reip. Er det gåsa som er på trekk, heiter det ofte gåseplog, men i Valdres gåsereip. Eg har hørt ymt om at det også kan kallast snøplog, men det er ikkje stadfesta.
Gaglereip er ei nemning som hører til austafjells (Oppland, Buskerud, Telemark). Gagl er eit gammalt ord for villgås. Det fanst alt i norrønt og er truleg lydhermande. «Gakkelrep» (Hølonda) må vera ei omforming av dette.
Lokalt på Innherred (Verdal, Sparbu) er skavl («skavvel»): Gåsskavvel og andskavvel.
Den fuglen som flyg i spissen i gåsetrekket, er gaglefuten («gøvvelfut» – Toten). I Tinn er dette også brukt om folk som har flytta nordover.
Karl Braset, Sparbu, noterer varfugl («varfauggel») om gåsa som flyg fremst i trekket. Han seier dette også er brukt om fugl som varslar andre om fare, f eks om rev og hare som nærmar seg. Varfuglen varslar også kattugla om dagen, når ho ser dårleg. Og endeleg er varfuglen sagt også om den ærfuglen som ligg fremst i flokken på sjøen.

Det går fleire vitsar om fuglar som flyg i formasjon under trekket. Eit individ som låg eit stykke bak i «plogen» skal ha sagt til «sidefuglen»: – Korfor er det alltid ho Anna som flyg fremst? På dette er det to svar: 1. Fordi ho har kartet. 2. Fordi ho har den lekraste stjerten…

Reklame

Innleggsnavigering