Moro med ord og uttrykk!

Maurtuve

Vintertom maurtuve

Lite aktivitet i maurtuva om vinteren, men det går an å skrive om det for det. Språkleg er jo dette ganske gjennomsiktig, og det er lite dialektvariasjon. Einast at det finst former med bindevokal: mauretu(v)e sønnafjells fleire plassar, møratue i Østfold og mauratu(v)a på det sentrale Vestlandet.
Så blir det sjølsagt litt lengre samansetningar der ein presiserer maurslaget nærare: pissmaurtuve, migmaurtuve, eitermaurtuve, på Nordmøre også pissmigmaurtuve.
Tuvebyggande maur heiter i Eide på Nordmøre ”tuåmimær” (tuvemigemaur).

Interessant er det også at Jämtland har same ordet som i norsk – maurtuve, i motsetning til det rikssvenske myrstack.
På islandsk heiter det mauraþúfa. Dermed har vi vel hatt ordet i norrønt også, sjøl om det ikkje er direkte belagt.

Så finn vi ei samansetning maurtubbe i Hallingdal, med utlauparar til Nordre Land og Årdal i Sogn. Tubbe går vidare både i det austafjellske og på det sentrale Vestlandet. Avleidd av eller nylaging til tuve.

”Det åddå (kryr) som ti ei maurtuv” er ein gammal talemåte frå Stjørdalen.

Maurtuver har vore nytta i folkemedisinen. Mot gikt kunne ein koke maurtuver og dampe seg inn med det. Avkok av maurtuver, også kalla maurbad, kunne bli brukt bl a mot engelsk sjuke (rakitt). Denne sjukdommen var elles kalla maurvalk i Lom.

Frå Elverum heitte det at ein ikkje skulle runere (øydelegge) maurtuvene, for da ville ein bli husvill sjøl også.

Maursand eller maursandtuver er små haugar av sand eller tørr jord der det helt til ymse slag maur. I Suldal er desse kalla maurpligg. Ein type små svart maur som bygger slike tuver blir stundom nemnt sandmaur (Orkdal, Stjørdalsbygdene, Verdal). Dette var lite populært blant slåttekarar, for ljåen vart utskjemt av sanden når dei skar gjennom desse tuvene.

Vi avsluttar med ein påstand frå aviskåsøren Mary Lilleløkken i Rindal (avisa Driva): Før i tida såg ein på mymaurtuvån kva som var sør. No kan ein sjå på parabolantennene kvar sør er.

Sjå om maur også i hovudinnlegget 24.4.14: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/04/24/

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: