Moro med ord og uttrykk!

Ingeniøren

Bevermerke

Ingen tvil om kven som har vore på ferde her! Beveren, den største gnagaren vår, kjent for dei imponerande demningane og hyttene sine. Ein gong i tida var beveren vanleg over store delar av landet, men ved århundreskiftet 1900 fanst han berre i nokre få vassdrag i Agder og Telemark. Han var utsett for hardt jakttrykk, kanskje først og fremst på grunn av pelsen. Seinare har beveren tatt seg opp att og er i ekspansjon.

Sjølve ordet bever er lån frå lågtysk, eventuelt nederlandsk. I norrønt heitte han bjórr, og det lever opp mot våre dagar i ein del målføre, somme stader også i forma bjør, og i Selbu med variantforma bør.  Bjor går att som ledd i mange stadnamn, som Bjordal, Bjoreio og Bjorli, og med forma Bjør- i mange namn, f eks Bjøråa både i Stor-Elvdal og Foldereid. Dette tyder bokstavleg talt ’beverelva’. Ei eldre form *Bifr finn vi i leddet Bøver-: Bøvra/Bøvre er dermed også ’beverelva’, og Bøverdalen har namn etter elva. Lydutviklinga blir det vel litt vidløftig å gå inn på, men i Bifr ser vi tydelegare samanhengen med det kontinentale bever. Jamfør også engelsk beaver og høgtysk Biber. Til same rota som adjektivet brun. Alle namna med bjor-/bjør- viser kor vidt beveren har vore utbreidd i eldre tid.

Ei austleg (svensk) form er bjur. Namn med denne forma finst også i Nore, f eks Bjurbekken i Hemnes. Slektsnamnet Bjurstrøm (som hos Atle i Dagsrevyen, og tidlegare statsråd og nyutnemnt likestillingsombod Hanne) kjem frå svensk.

Ivar Aasen noterte bjorgard om beverhytte i Telemark og bjørhus om det same i Østerdalen. Hans Ross fører opp bjorhus frå Vest-Agder (i nyare materiale har vi det også frå Vegårshei i Aust-Agder). Restar etter beverhytta var nemnt bjørtomt eller bjørtuft. Dammen var i Vest-Agder kalla bjorstem (Ross). I Østerdalsbygdene fanga dei beveren med eit slag spyd eller harpun kalla bjør-kvette.

I Ångermanland i Sverige kalla dei første frostnatta for «bävervila». Da trudde dei at beveren tok kvilepause i hytta si. Tabuforestillingar mot å nemne ordet frost direkte spela nok også inn. I svenske målføre finst også bjurtänd (bevertennt) – om hest som har glipe mellom tennene.

Katolikkane kunne rekne beveren som fisk på grunn av tilhaldet i vatn, og dermed var kjøtet akseptabel fastemat.

I nyare slang har vi bever og glefsebever som namn på det kvinnelege kjønnsorganet. Beverhale er eit slanguttrykk for kvinnebryst, og beverbleie for snus.

Til slutt må vi nemne stoffet bevergjel eller bøvergjel. Dette er eit sterkt luktande stoff frå kjertlane rundt kjønnsopninga til beveren, brukt i folkemedisin på ymse vis. Dette var nok vanskeleg å få tak i, for overført er det brukt om nettopp noko som er mangelvare, umogeleg å få tak i eller oppnå. «Ærleheit e no vel bøvergjell no for tida», lyder eit hjartesukk frå Orkdal.

 

 

 

 

 

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Ingeniøren

  1. Bjurstedt tiltrer denne! Beverpelsen til Mykle er jo også berømt. Særlig etter ar Dorenfeldt leste Beverp-elsen.
    A pro pos oppnavn på kvinnelig kjønnsorgan, motstykket har jo på våre kanter fått navnet fettoter… I naturen hender det visst den (oteren altså) trenger seg inn i hytta til beveren.
    Interessant også at den beveren som prøvde å slå seg til i Sunndal for noen år siden, satte i gang med å demme opp Bjørbekkjen… Regner i alle fall med den bekken har gitt navn til gården Bjørbekkje, selve bekken har ikke navn på kartet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: