Moro med ord og uttrykk!

Kjuke, kokkelur og barhane

Grankongle

Denne «gjenstanden» er vel kjent for dei fleste. Ei grankongle, greitt nok, men denne har mange dialektnamn. For å halde oss til standardspråk først, så er det gjerne grankongle og furukongle, men med barkongle som overbegrepet.

Så til dialektane: Vi kan starte i Trøndelag, der det svært ofte er tale om barkjuke, og da gjerne, men ikkje alltid, om grankongle. Ordet barkjuke går inn på nordmørsk territorium i Rindal. Ein variant barkjugle møter vi i Namdalen og på Helgeland. Usamansett kjuke hører til på Nordvestlandet i denne tydinga, ser det ut til (Fjordane, Sunnmøre og inn i Romsdal).

Mange av namna skriv seg truleg frå barns leik med kongler. Ungane har stukke inn små pinnar eller fyrstikker i konglene og hatt dei til buskap. Dette er nok bakgrunnen for barsau (Gudbrandsdalen, Nord-Østerdalen, Nordmøre, Sør-Trøndelag), tallsau (Rørosdistriktet og Ålen), gransau (Røros) og konglesau (Fron, Øyer). Det same gjeld vel tuppe og bartuppe fleire stader i Austlandsdalane, og (bar)tippe i Selbu. Tuppul i Tolga og Os er å rekne for ei utviding av tuppe.

På Nordmøre og i Meldal finst barhane, somme plassar også barhøne, og i Leirfjord på Helgeland granhøne.

I sørlege strøk (som Agder og Telemark) heiter barkongla gjerne kokul, kokle o.l., i ymse variantar.

Kokkelur eller kukkelur er namn på barkongle fleire stader på Vestlandet og i Nordland. Ute på kysten var kokkelur også utnamn på folk frå Rana (grankokkelur, ranværingskokkelur, også ranværingsbarhane). Noko tilsvarande har ein på Nordmøre, der ein hadde «barhurra» som utnamn på dei som kom innafrå fjordane for å delta i torskefisket. Desse svara med å kalle motparten for «skjærapå». Barhurre har truleg vore eit namn på barkongle.

Etter alt dette seriøse får vi runde av med eit par artigstubbar. Først om ein som hadde med seg ei kjempestor grankongle frå Amerika heim til Hegra. Ein hegrasbygg vart storleg imonert, men samtidig litt betenkt: – Koss kan ikongen vårrå da, tru?

Ein musikkinstruktør i Østfold hadde tendens til å snakke i bilde for å få fram det han ville. Ein kveld var dei komme til eit parti der musikarane omtrent ikkje skulle vera nær instrumenta – det skulle lyde så mjukt, så mjukt. – Tenk dår atte de er utte i skauen, guttær, sa han, – tenk dår suset gjennom grantoppæne – sånn ske de låte. Dei prøvde, men dirigenten braut brått av og sa: – Åsdan ere de spellær, æ guttær. De river jo ner konglæne, de jo. (Knut Roen: Østfoldhistorier, s. 57)

 

 

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: