Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “januar, 2016”

Surbjørk eller rupp?

Hol bjørkestubbe

Bjørk i bortimot siste stadium her. Bildet brukt for å illustrere ordet surbjørk, som vil seie gammal, roten bjørk (på rot). Ordet er innsendt frå Glåmos, Brekken og Nesna, men kan sikkert brukast fleire plassar. Sur betyr altså litt anna enn i «sur ved», som helst er gjennområ, tung ved.

Ein litt annan vri har Ola Ljødal i si fine ordsamling frå Eidsvoll. Der forklarer han «sur bjørk» som «bjørke-emne som har ligget ute og blitt halvmorken og slik at virket har fått et mønster av tynne, svarte gårer – mye brukt til tredreiing».

Det er neppe håp om slik bruk for den vi ser på bildet! Den må helst karakteriserast som ein retteleg rupp (ropp). Og det er vel denne vi finn att i skjellsord som latropp og tverr-ropp.

 

 

 

Post Navigation