Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “februar, 2016”

Snøplogbarm og vegbraut

Brøytekant

Vinterstemning, og vegen er fint brøytt. Men kva seier vi om denne snøkanten på sida av ein brøytt veg? La oss sjå litt på det no i vintersesongen. Ordforrådet for dette er nok best kartlagt i Trøndelag, der det har vore spurt spesielt etter det, og det vil nok dette innlegget bera ganske sterkt preg av. Nord-Norge er dårlegast dekt.

Det mest vanlege ordet er truleg brøytekant, men snøplogkant er også registrert frå fleire landsdelar. I Trøndelag (særleg austlege delar) og Nord-Østerdalen er det samansetningar med barm som rår grunnen, først og fremst snøbarm og snøplogbarm. Det første ordet har avstikkarar i Surnadal og Astafjord. Somme stader uttalar dei det ”bærm”. Og barm betyr rett og slett kant. Plogbarm er registrert frå Glåmos og Meråker, og brøytbarm frå Beitstad. Snøsparm (Malvik, Skatval) er uklart når det gjeld sisteleddet.

Ei ganske sjølgjeven samansetning er plogkant, men den er registrert berre frå tre plassar: Tingvoll, Øksendal og Røyrvik.

Austafjells finn vi noen samansetningar med braut: Snøbraut er notert mange stader på det sentrale Austlandet, med utlauparar i Valle og Sunnylven. Hans Ross fører opp snøplogbraut frå Follo i si ordbok frå 1895. I Nissedal i Telemark kan dei seie vegbraut.

I Innherredsbygdene er det eit par samansetningar med skavl: brøytskavl (Røra, Ogndal) og snøplogskavl (Frol).

Trom/trum betyr også kant, og i Hol i Hallingdal kan dette brukast spesifikt om brøytekant, også samansett snøplogtrom.

Til slutt eit par-tre enkeltbelegg: snøbraudd (-brodd) frå Hof i Solør, snøplogbradd frå Valdres, og veigkarm frå Overhalla.

Og så minner vi om historia om festen der folk hadde stukke det medbrakte flaskefôret sitt inn i brøytekanten, og lensmannsbetjenten som var så grei å rope varsku inn i lokalet om at brøytebilen var på veg. Slik fekk festdeltakarane sjansen til å ut og berge dei dyrebare varene …

 

Post Navigation