Moro med ord og uttrykk!

Snøplogbarm og vegbraut

Brøytekant

Vinterstemning, og vegen er fint brøytt. Men kva seier vi om denne snøkanten på sida av ein brøytt veg? La oss sjå litt på det no i vintersesongen. Ordforrådet for dette er nok best kartlagt i Trøndelag, der det har vore spurt spesielt etter det, og det vil nok dette innlegget bera ganske sterkt preg av. Nord-Norge er dårlegast dekt.

Det mest vanlege ordet er truleg brøytekant, men snøplogkant er også registrert frå fleire landsdelar. I Trøndelag (særleg austlege delar) og Nord-Østerdalen er det samansetningar med barm som rår grunnen, først og fremst snøbarm og snøplogbarm. Det første ordet har avstikkarar i Surnadal og Astafjord. Somme stader uttalar dei det ”bærm”. Og barm betyr rett og slett kant. Plogbarm er registrert frå Glåmos og Meråker, og brøytbarm frå Beitstad. Snøsparm (Malvik, Skatval) er uklart når det gjeld sisteleddet.

Ei ganske sjølgjeven samansetning er plogkant, men den er registrert berre frå tre plassar: Tingvoll, Øksendal og Røyrvik.

Austafjells finn vi noen samansetningar med braut: Snøbraut er notert mange stader på det sentrale Austlandet, med utlauparar i Valle og Sunnylven. Hans Ross fører opp snøplogbraut frå Follo i si ordbok frå 1895. I Nissedal i Telemark kan dei seie vegbraut.

I Innherredsbygdene er det eit par samansetningar med skavl: brøytskavl (Røra, Ogndal) og snøplogskavl (Frol).

Trom/trum betyr også kant, og i Hol i Hallingdal kan dette brukast spesifikt om brøytekant, også samansett snøplogtrom.

Til slutt eit par-tre enkeltbelegg: snøbraudd (-brodd) frå Hof i Solør, snøplogbradd frå Valdres, og veigkarm frå Overhalla.

Og så minner vi om historia om festen der folk hadde stukke det medbrakte flaskefôret sitt inn i brøytekanten, og lensmannsbetjenten som var så grei å rope varsku inn i lokalet om at brøytebilen var på veg. Slik fekk festdeltakarane sjansen til å ut og berge dei dyrebare varene …

 

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Snøplogbarm og vegbraut

  1. Sivert Fløttum on said:

    Noe heilt anna. Eg har notert at du 13.3.16 hadde eit ord ‘skjerpe’, men eg er itt i stand til å finne att det. No har det seg slik at eg åt for første gong i 1951 ‘skerpikjøt’ på Føroyum, altså usalta, tørka, litt surt saulår. No har eg vorten kjent att med ei dame som eg traff der i 1951, og interessa for det som har med Færøyane å gjera har teke meg. Har ditt ‘skjerpe’ noen samanheng med ‘skerpikjøt’?

    • tojk on said:

      Det er absolutt samanheng. Her er det eg skreiv om «skjerpe»: 13.3.16: Skjerpe

      Dette kan bety mange ting, men vi tenker no på den som Amund Spangen skildrar slik i boka «Øst på dalom» (s. 102): «Om høsten, når elgjakta er over og slaktinga er i gang, blir det alltid noen kjøttstykker som er for små til stek og for store til å males opp. Slike ‘skreer’ blir det lagd ‘skjerpe’ av. Kjøttet gnis inn med grovsalt på begge sider, og så lar en det ligge i et trau et par døgn. Så blir kjøttet tatt opp, saltet blir pusset av, og en henger det opp til tørk i romtemperatur». Tydinga ‘tørka kjøt’ av skjerpe er i Norsk Ordbok heimfesta til Ytre Rendal, Tynset, Kvikne og Rennebu. Med opplysningane frå Spangens bok kan vi legge til Os i denne heimfestinga. Arthur Klæboe skriv om skjerpekjøt, men det er vindørka, usalta sauekjøt.

  2. Sivert Fløttum on said:

    Tusen takk for svar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: