Moro med ord og uttrykk!

Som fluggu svart

Flue

Fluga, eller flua, er ein grei skapning etymologisk sett. Flugene flyg og svirrar, og ordet er avleidd av nettopp verbet å flyge. Fluga er altså den som flyg. Dei to rettskrivingsformene i norsk er alt nemnt, og vi kan jamføre dei med svensk (og norrønt) fluga og dansk flue. Engelsk fly og tysk Fliege står i avlydsforhold til vårt fluge, men er jo nær i slekt.

I eit slikt ord, med opphavleg kort rotstaving, blir det mange dialektformer etter kor vokalane har utjamna seg. Såleis finn vi flu, flua, på ytre Nordmøre fluå, i Hemnebygdene fluo, og elles t.d. floge, flogå, flåggå, i Inner-Namdalen floggo, og på indre Nordmøre fløg(g)u. Imange stader i austlege strøk både sønnafjells og i Trøndelag rår den velkjente forma fluggu grunnen.

Det vil føre for langt i denne omgangen å komma inn på alle dialektnamna for forskjellige flugesortar. Men ein del talemåtar kan vi ta med oss. Vi kan slå to fluger i ein smekk, medan somme ikkje gjer ei fluge fortred. Det går også an å få ei fluge inni hovudet – ein fiks idé. Her er eit par visomsord frå Ivar Aasens ”Norske Ordsprog”: ”svoltna flugor stinga sårt”, og ”fluga flyg so lenge om ljoset, at ho brenner vengjerne av seg”. ”Som fluggu svart” er eit gammalt uttrykk frå Tydal om tett med folk – ”stinn brakke” vil det vel heite i dag. Det er vel samanlikna med ein fluastabbe – ein stor sverm fluger, t.d. på eit kadaver (Hitra).

Å flå flugefoten vil oftast seie å vera særs småleg, gniaraktig. Men i Vikna er å flå fluaføter å drive på med smått, pirkete arbeid. ”Fluggu fes” (Rennebu) er brukt for å sette på plass nokon som yppar seg utan å ha særleg grunnlag for det.

Det er jo vår, men innimellom slår vinteren tilbake, og da kan kvitfluga melde seg igjen. Ein metafor for snø, eller snøfiller, som etter materialet å dømme hører heime først og fremst på Vestlandet. ”Kvitfluå dansa”, sa dei i Halsa om tett snøfokk. På Hitra har eg hørt det uttrykt slik: ”Det for nå kvit flua og flaug”. Og ”ei fluggu gjer ingen såmmår”, veit trønderane.

Eit par varsel knytt til fluga kan vi ta med: Når fluga er amper og vil inn i ansiktet på folk, blir det regn (Hemne), er ho svart og blank, blir det regn neste dag (Meldal), og dersom det er mykje fluge som sommaren, blir vinteren kald (Elverum).

Vi avsluttar i det muntre lunet med ei flugehistorie (som rett nok endte tragisk for fluga): Tre fektarar satt og skrytte etter OL og prøvde å overgå kvarandre. Ein amerikaner, ein russer og ein franskmann. Russeren kasta eit eple opp i lufta, drog sabelen, reinska eplet, skar kjernehuset frå  og delte eplet i fleire store delar som datt på golvet. Amerikanaren kasta ei fyrstikkeske over hovudet, drog sabelen og skar av svovelet på alle stikkene, som la seg i eit fint mønster på golvet ved sida av eska, som også var delt sund på ein flott måte.

No såg begge triumferande på franskmannen, som hadde vore roleg. Men no tok han til å sjå etter ei fluge som svirra rundt i rommet. Med ei lynsnar rørsle snappa han fluga og såg på dei andre. Så sleppte han fluga laus att, drog sabelen og fekta voldsomt i lufta etter henne. Så stakk han sabelen roleg tilbake i hylsteret og såg smilande på dei to andre.

– Men det er da ingen ting. Fluga er da stadig der. – Ja, sa franskmannen overlegent. Det er ho. Men ”det”  kan ho ikkje meir!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: