Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “november, 2016”

Åfyllfat

storetar

Ja, det er spalteredaktøren når han får is. I Norsk Ordbok definert som «umetteleg slukhals; glupsk person». Og det stemmer bra, for vi har å gjera med eit menneske som er heilt utan magemål. I same ordboka finn vi det forresten under to oppslag, både ovfyllfat og ufyllefat. Eg trur det er vanskeleg å skilje desse frå kvarandre, for første stavinga (prefikset) kan ha hoppa litt rundt og vorte omtolka. Om vi slår desse saman, får vi ei utbreiing med Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms. Eldste belegga er frå 1700-talet; ei ordsamling frå Hedmarka 1743 og Edvard Storms samling frå Gudbrandsdalen 1769.

Her er først eit par eksempel på bruken: «På kjøkenet var det to andblesne kjellå som hadde det annsamt der dei etla-til dure åt mangt eit åfyllfat» (avisa Driva 3.8.2001, med målføregrunnlag frå Åsskard på Nordmøre) – her skal det altså stellast mat til forventa storetarar. Og dette: «de før opp alle ungene sine til ufyllfat» (Magnhild Haalke: kaja Augusta, s. 124).

Ordet/orda har nokre andre tydingar som rimeleg greitt lar seg forklare ut frå den opphavlege. Det kan bli brukt om ein person som drikk mykje, om ein stor, kraftig person (det blir jo ein storetar gjerne), om ein urimeleg, utakknemleg person, og ein person som ødslar.

Med normeringa ov- tenkjer ein seg at første delen er det forsterkande ov- som i ovgild, ovstor etc. Ganske mange plassar er første stavinga uttalt o- eller u-, med (tilsynelatande) nektingsprefiks, som i ufin, utett etc. Og dei gamle ordboksskrivarane Ivar Aasen og Hans Ross fann det begge to brukt om eit umåteleg stort fat eller kjerald. Det ser vi også frå somme plassar i nyare materiale, f eks Oppdal, der «ofyllfat» kan bety ein unødig stor ting, for eksempel eit skåp eller ei kiste. Ottar Aas frå Inderøya, som har «ufyllfat» om ei ødsel kone, tolkar det som eit fat som ikkje lar seg fylle.

På Nordmøre blir ordet gjerne uttala åfyllfat. Her har Hans Hyldbakk ein teori om at åfyllfatet var ein mjølkestamp med surmjølk, som dei fylte på att med ferskare mjølk etter kvart som det minka. Slik heldt dei surmjølka levande i lang tid. Det skal etter han altså eigentleg vera «påfyll-fat», med den gamle preposisjonen å istf. på. Han brukar det også slik i dette sitatet: «så laga dei tettskjør og slo mjølk i åfyllfat» (avisa Driva 12.5.1974). Og i Jul på Nordmøre 1976 (s. 19) ordlegg han seg slik: «For meg høyrer holmane og røslyngheiane ungdomstida til, og det er noko heilt anna enn det tunge trasket som du må trø mellom trygdekassa og åfyllfatet i ditt alderdoms fengsel». Det ser ikkje ut til at Hyldbakk har fått særleg støtte i dette, og han kan kanskje ha blanda saman med åfall ‘fløyte, rømme på eit mjølkkjerald’ og åfallringje ‘ringje, kolle med åfall’. Men eg har ei svak formeining om at eg i mine gutedagar på Nordmøre kan ha hørt ordet åfyll om det ein fyller oppi eit kar, ein kumme eller liknande.

Uttalen er av og til med -full- inni (ofullfat, åfullfat). Andre uttalevariantar å merke seg er åfyllsfat (Halsa), åfillsfat (Eide) og ofyssfat (Hemne).

Advertisements

Post Navigation