Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “desember, 2017”

Gjerde og jorde

 

Ein språkleg myte eg har støytt på fleire gonger i Trøndelag, og gjerne i samband med namnespørsmål. Det gjeld orda jorde og gjerde.

Forvirringa her botnar truleg i at austlandsordet jorde om eit stykke dyrkamark (innmark) har spreid seg og blir oppfatta som det ”normalnorske”. På våre kantar har vi eigentleg ordet gjerde (eit jære, jalejer’) om dette. Vi har samansetningar som heimgjerde og inngjerde, og ikkje minst temmeleg mange stadnamn på –gjerdet, både på gardsbruk og på enkelte jordstykke. Akkurat same ordet har dei i Trøndelag, men det kan vera uttala på fleire forskjellige måtar. Formene med a-vokal (jale, jare) viser ei velkjent lydutvikling i eit ganske stort område i Trøndelag. Jamfør at dei også kan seie vala om verda.

Ordet gjerde er avleidd av gard, og det blir da opphavleg eit jordstykke som er inngjerdt med gard. Verbet å gjerde hører sjølsagt til same slekta.

Dette blir eit anna system enn det vi har i norsk standardmål bygd på austlandsk. Der er jorde altså jordstykket, og gjerde er stengselet rundt. Dette stengselet heiter mange plassar utgard – vel eigentleg garden (gjerdet) mellom innmark og utmark. Gard i den gamle betydningen ’gjerde’ har vi i f. eks. gardvånd (gjerdefang) og adjektivet gardhard, bruka om krøtter som er slemme til å hoppe (ut)gardar.

Det ser ut til å vera ei vanleg og naturleg utvikling at ord går over frå å bety stengsel eller gjerde til det som er innafor stengselet. Det har skjedd med gard, og på våre kantar har det gått likeeins med gjerde. På same viset er det med hage. Dette var opphavleg stengselet rundt hagen, og er i slekt med ord som hegn og å hegne.

Men ein del trønderar ser altså ut til å meine at deira ord jære, jæle, jale o l er uttalevariantar av jorde. Kanskje trur somme nordmøringar det same om eit jer’. Men dette er å snu ting på hovudet. For jorde har truleg komme opp i austlandsk, helst ein gong i seinmiddelalderen, som ei samanblanding av gjerde og jord. Skrivemåtar som giorde i gamle dokument ser ut til å avspegle dette.

Reklamer

Post Navigation