Moro med ord og uttrykk!

Fynn og finsk

finske

Her ser vi gammalt, visna gras som står att frå året før. Ein aktivitet som hørte våren til, var å brenne dette graset («brenn’ fynn, eld’ finsk). Det har også spela ei viss rolle som fôr når krøttera vart sleppte ut om våren, og det enno var lite mat å finne i marka. Vi har såleis fått ganske mange forskjellige nemningar på dette, og det er heller inga standardnemning som har peika seg ut, sjølv om fjorgras, tørrgras og gammelgras m m nok vil falle lett i munnen for mange. Vi skal sjå på nokre av orda for dette graset.

Fynn eller fynne er det vanlege ordet for dette graset på Nordmøre, mange plassar i Sør-Trøndelag, i Stjørdalen og somme plassar i Inner-Namdalen. Vidare har vi det i Østerdalen, og i Østfold som fyne. Når det så dukkar opp att i Troms (Bardu, Nordreisa), må det nok reknast som innflyttarmål sørfrå. Ofte går det inn i samansetningar som daudfynn, fjordynn og gammelfynn/gamfynn.

Fynn(e) heng nok saman med forn ‘gammal’ (jf fornminne). Gammalgraset heiter da også nettopp forne, i uttalevariantar som fonne, fodne, fønne, funne m m, først og fremst i det som gjerne blir kalla midlandsmåla. Så finn vi det att i Vossebygdene og her og der i Sogn. Forne er beint fram avleidd av forn ‘gammal’.

I det meste av Nord-Trøndelag (frårekna Stjørdalen) finn vi ordet finske, også sammansett «gammelfinsk». Det går også så vidt inn i Sør-Trøndelag (Rissa) og Nordland (Bindalen). Dette har nok ingenting med svedjebruk innført av finar å gjera, men kjem truleg av ei tenkt form *firnske, som heng saman med forn og fyrne.

Litt dystre vitnemål om det forgjengelege i naturen er nemningane daude og dauding, som er lokale for Gudbrandsdalen. Samansetninga daudelje er derimot eit typisk vestlandsord. Daudsen(n)e finst i to avgrensa område: På eine sida Sunnmøre og Romsdal, og på andre sida ganske vidt ikring i Nord-Norge. Sisteleddet meiner dei heng i hop med sine , v ‘tørke inn’.

 

 

Reklame

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: