Lonke dalbotning
Dette velkjente omslagsbildet får illustrere fenomenet i overskrifta. Å «lonke dalbotning» er i ordsamlinga frå Sømna forklart som å gå etter kvarandre. Det er laga til området Dalbotnan. Akkurat dette var nytt for meg, men det er mange uttrykk for dette. Det mest «standardnorske» er kanskje å gå i gåsegang.
Elles er jo dette brukt i den språklege nabohetsen som ser ut til å ha vore litt av ein folkesport i landet vårt. Å gå etter kvarandre på ei rekkje slik som dette har vore rekna som eit primitivt og bondsk trekk, som folk frå mindre urbane strøk avslører seg med når dei skal ta seg fram i bygatene. Stundom blir slikt forklart med at dei er vant til lite armslag heimafrå, med smale stigar der ein er nødt til å gå etter kvarandre, og så greier dei ikkje å legge av seg denne vanen når dei kjem til større forhold. I Trøndelag kan slikt heite f eks å gå selbygg, eller å gå frøyværing. Meir lokalt kan det vera snakk om å gå sondaling (Stjørdalen), gå lensvikbygg (Stadsbygda), gå hortaværing (Leka) eller ræk jårsbygg (Rennebu). På Nordmøre er det gjerne å ga bøverdaling, men også «ga imarsynding» (Tustna, Aure) og «ga veiværing» (Aure, med peik til Veiholmen). I Romsdal har det vore snakk om f,eks. å gå bjørnsunding eller å rande frening. Det er også kjent frå andre landsdelar, som å gå lustring (Gudbrandsdalen), gå sygn (Lom, Vågå), rekkje døler (Nord-Østerdalen), gå vennis (Vang i Valdres), «gao suling» (Brekke i Sogn) og gå straumværing (Bodø).
Mykje om dette er å finne i Ola Stemshaugs bok «Norske innbyggjarnemningar i overført tyding» (2002).