Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “august, 2019”

Snipsild?

tangnål

Kanskje denne tangsnella (bilde frå artsdatabanken.no) er den opphavlege snipsilda?

Norsk Ordbok har ordet snipsild fått 3 tydingar: 1. «sild som er gana så mykje at det er berre att ein spiss av hovudet» (heimfesting Stjørdal); «garnsild som underkjevane er rivne av på» (Risa). 2. (liten, tunn) fisk av ymse slag, som tangnål, nebbesild, stingsild o fl. 3. «overført, nedsetjande, (serl om gjente el kvinne)  (lang, tunn), sær el ufordrageleg person. Heimfestinga her er Trøndelag, somme plassar på Nordmøre, her og der i Nor-Norge (Salten, Vesterålen, Astafjord, Alta), pluss Haram på Sunnmøre og heilt nede i Stavanger.

Eg trur nok at snilsild er opphavleg fisknamn. Men særleg tyding 3 synest eg blir noko mangelfull i det nokså tronge ordboksformatet. Her er det eg skreiv om snipsild i boka «Din hånstaur» frå 2012, i eit kapittel om fiskenemningar brukt i skjellsord:

«På tale om fisk er det uråd å komma unna ordet snipsild. Som skjellsord kan det slå temmeleg breitt, og geografisk går det langt utover dei områda som har direkte kontakt med sild og saltvatn. Uansett gjeld det kvinner som er usympatiske på ein eller annan måte, ofte kan snipsilda såleis vera prippen, nebbete eller tilgjort og jålete, fin på det. Men ho kan også vera kry og overlegen, vondskapsfull og slem, spydig og ekkel, innpåsliten, eller sur og nærtakande. Pluss mange fleire negative eigenskapar. Øystein Dolmen (her vel gjennom sitt alter ego FeskhandlerTorske) beskreiv i brev til meg i 1992 ei snipsild, eventuelt helsikes snipsild slik: «Brukes om knølate kunda som søle bort anna folks tid med mas om prisen og holdbarheten på fesken». Stundom går det på det reint fysiske, om magre og bleike kvinnemenneske. ”Di vinnsprokke snipsill” finn vi som utskjelling hos Esten Kromlær (Æ kose mæ læll, s. 32). Men er det også ein fisk? Fleire hevdar det: Det er ein simpel fiskesort som held seg i lag med silda (Rissa), garnsild som underkjevane er rivne av på (denne opplysninga også frå Rissa), lang, tynn sild (Stadsbygd) eller sild som er gana så mykje at det berre er ein spiss igjen av hovudet (Stjørdal). Ei slik sild er forøvrig også kalla tauskjerringsild (Orkdal). På tale om snipsild er den lokale dialekteksperten Arnfinn Aune (Sandstad) inne på at silda har komme til å stå for noe falskt og kanskje litt intrikat, og at bruken av sild som agnfisk kan ha verka inn på symbolikken. (Årbok for Fosen Historielag 1996, s. 120)»

Da er det berre å komma med dine meingar!

Post Navigation