Moro med ord og uttrykk!

Langfotakongle

 

LangotakongleEster

Ja, det er det namnet eg helst ville bruke på denne skapningen. Det er avgrensa til Nordmøre og Romsdal, og det kan også bli bruka om ei stor kongro, eller kongle, som det heiter i dette området. Og den vi ser på bildet, er vel ei kongle (kongro) eller ein edderkopp. I Leksvik og Frol vil dette vera ei langskankkongro.

Vi ser altså at slike kan bli blanda i hop med myhanken, den store myggen med svært lange føter. Også kjent som stankelbein, langbein og eit utal forskjellige namn. Det gamle namnet på den i Sunndal var nok myhenkje. Austafjells mange plassar har dei mehenkje, også mehenkjekrakk og mehenkjekraka. I Inntrøndelag og oppover i Nord-Norge finst nemningar som langskankmy eller berre langskank. Skjengelmy har vi også innafor same området. I Sørli, Nordli og Røyrvik er det langskjengelmy, og i Leirfjord og Astafjord skjengelmyskank.

At namna på forskjellige insekt kan gå litt om kvarandre og «hoppe» mellom artar, ser vi ved at den vanlege stikkemyggen heiter langskankanders i Bolsøy. I Dalane i Rogaland har myhanken vore omtala og tiltala som loje langbein, langbein loge eller langbeinloge, og i Drangedal i Telemark som hølje langbein.

Den som først og fremst har kartlagt ordgeografien for myhanken og fleire andre insekt, er Arnold Dalen, og det kan ein lesa om i festskriftet til han, s. 57-74.

Da står det att å takke Ester Kjellaug Sveen for at eg fekk bruke bildet!

Reklame

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: