Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “august, 2020”

Vallsaks (rome)

Rome

Vallsaks er dialektnamn på denne planta i heile Møre og Romsdal og tilgrensande delar av Sør-Trøndelag. Likeeins i Nordfjord, og elles her og der nedover Vestlandet. Meldal har varianten -sjaks i sisteleddet. Første delen heng truleg saman med voll, og siste delen, saks, er nok på grunn av dei sverdforma blada. Norrønt sax kunne bety ‘kort sverd’. Eit tysk namn på denne veksten er visst Schusterknief ‘skomakarkniv’.

«Det anga sterkt av myr og mose, og valsaksgraset lyste gult i rastane» (Leif Halse: Sommardagar i Trollheimen, s. 38). Frå Tingvoll heiter det seg at dersom det er mykje vallsaks på ei myr, er ho trygg å gå på. Omvendt er det i ei opplysning frå Leksvik; der er det sagt at den veks på «råtamyr», så der måtte ein ikkje kjøre.

Andre namn av same slag er fjellsaks og myrsaks. Begge forekjem i Trøndelag; det siste også på Nordvestlandet og Helgeland.

Somme namn på rome er samansett med leddet brodd eller brydd, f eks bjønnabrydd i Oppdal, myrbraudd (Mosvik, Sparbu, Nordli) og libraudd på Namdalseidet. Fleire av desse kan også vera brukt om andre planter, slik som den som offisielt heiter bjørnebrodd (Tofielda pusilla). Av og til er planta kalla storrgras, fordi ho veks blant storrplanter på myr. I Suldal er det brotastorr, sjå om beinbrot litt lenger ned.

Planta kan heite ljågras i Telemark, somme plassar i Agder, pluss Suldal.

Det offisielle namnet er rome eller romegras. Dette skal henge saman med norrønt hrumr ‘veik, skrøpeleg’. Ein rekna med at krøttera kunne bli beinskjøre av å eta rome. Beinbrekk eller beinbrekkgras er namn som har vore brukt. Dette er nok direkte omsett frå tysk Beinbrech. Og vi finn det att i siste delen av det latinske namnet: Narthecium ossifragum.

Planta er jo giftig, og mest kjent i vår tid er vel romen for at han fører til sauesjukdommen alveld. Det er ein slags betennelse som gjer at huda på hovud og øre ser ut som ho er brent. Særleg på kvite lam.

 

Tepperot

Tepperot

Tepperot er det offisielle namnet på denne planta, som på latin heiter Potentilla erecta. Dette er ei av dei plantene som har vore mest bruka i folkemedisinen, og det er eit utal med dialektnamn på henne. Ho har vore bruka mot munnsår og andre sår, men først og fremst mot diaré. Det ligg også i sjølve namnet tepperot, for verbet å teppe betyr å stoppe, tette att. Ei fullstendig oversikt over alle namna finst i Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon.

Eit folkeleg utrykk for diaré er skite (i mange uttaleformer, som skjuttu, skjetta, skjøtu m m). Dermed blir skiterot eit høveleg namn på tepperota. Etter Norsk Ordbok har dette samanhengande utbreiing med Nordmøre, Trøndelag og Nordland, innslag sørover Vestlandet (Fræna, Volda, Odda) og eit strøbelegg frå Lier. Uttalen blir skjutturot, skjettarot m m, alt etter kor du er hen. Skitegras er eit anna adekvat namn. Her fører Norsk Ordbok opp Vestnes, Tresfjord, Ålen, Leksvik, Mosvik, Elsfjord og Sørreisa.

Så er det eit mylder av meir lokale variantar, her er nokre: Skjuttugull (Geitastranda, Hølonda, Leksvik), skjøttugull (Rindal), skjutturotgull (Mosvik), skjutturotblomster (Namdalseid, Snåsa), skjettarotgras (Helgeland), skjettsolei (Røyrvik) og skjuttumannblomster (Malm). Magarot i Trysil viser vel også til effekten mot laus mage. I svensk dialekt finst dritrot. Eit passande, men svakt dokumentert namn (truleg frå Hattfjelldal) er renneskitstilla.

Før Linné kom og skapte system i offisielle plantenemningar, var Tormentilla brukt på denne planta (latin tormentum ‘smerte’). Frå middelalderske urte- og legebøker har dette spreidd seg til dialektane i meir eller mindre forvanska former, som tormantille, tillimann, turmannsro o fl.

 

Post Navigation