Moro med ord og uttrykk!

Vallsaks (rome)

Rome

Vallsaks er dialektnamn på denne planta i heile Møre og Romsdal og tilgrensande delar av Sør-Trøndelag. Likeeins i Nordfjord, og elles her og der nedover Vestlandet. Meldal har varianten -sjaks i sisteleddet. Første delen heng truleg saman med voll, og siste delen, saks, er nok på grunn av dei sverdforma blada. Norrønt sax kunne bety ‘kort sverd’. Eit tysk namn på denne veksten er visst Schusterknief ‘skomakarkniv’.

«Det anga sterkt av myr og mose, og valsaksgraset lyste gult i rastane» (Leif Halse: Sommardagar i Trollheimen, s. 38). Frå Tingvoll heiter det seg at dersom det er mykje vallsaks på ei myr, er ho trygg å gå på. Omvendt er det i ei opplysning frå Leksvik; der er det sagt at den veks på «råtamyr», så der måtte ein ikkje kjøre.

Andre namn av same slag er fjellsaks og myrsaks. Begge forekjem i Trøndelag; det siste også på Nordvestlandet og Helgeland.

Somme namn på rome er samansett med leddet brodd eller brydd, f eks bjønnabrydd i Oppdal, myrbraudd (Mosvik, Sparbu, Nordli) og libraudd på Namdalseidet. Fleire av desse kan også vera brukt om andre planter, slik som den som offisielt heiter bjørnebrodd (Tofielda pusilla). Av og til er planta kalla storrgras, fordi ho veks blant storrplanter på myr. I Suldal er det brotastorr, sjå om beinbrot litt lenger ned.

Planta kan heite ljågras i Telemark, somme plassar i Agder, pluss Suldal.

Det offisielle namnet er rome eller romegras. Dette skal henge saman med norrønt hrumr ‘veik, skrøpeleg’. Ein rekna med at krøttera kunne bli beinskjøre av å eta rome. Beinbrekk eller beinbrekkgras er namn som har vore brukt. Dette er nok direkte omsett frå tysk Beinbrech. Og vi finn det att i siste delen av det latinske namnet: Narthecium ossifragum.

Planta er jo giftig, og mest kjent i vår tid er vel romen for at han fører til sauesjukdommen alveld. Det er ein slags betennelse som gjer at huda på hovud og øre ser ut som ho er brent. Særleg på kvite lam.

 

Reklame

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: