Moro med ord og uttrykk!

Det muntre hjørnet

Interesse

– Det interesser meg ikkje, sa mannen.

– Det heter «det interesserer meg ikkje», sa vennen.

– Det interesser meg ikkje, det heller, sa mannen. (Gunnar Hagen Hratvedt (red.): – Ka sa eg! Muntre Bergens-historier, s. 65)

Konstruksjon

Dei skulle ansette ny bestyrar på pleieheimen, og saka kom opp i kommunestyret. Til sist var det ein som forlangte ordet, og sa: – Etter nøye gjennomgang av innkomne søknader, vil eg sette fram følgjande forslag: – Vi konstruerer kokka.

Skarpsindig ord

Ein fiskar frå Søre Helgeland skulle feire sølvbryllaup etter 25 år med vekslande kvalitet. Under middagen måtte han manne seg opp og halde tale. Han hakka og stamma og leita etter orda, og avslutta slik: – Og ein teng vil eg takk deg før, Marie, og det e at det aldri har falt eit skarpsindig ord mellom oss! (Bergesen/Kobbeltvedt: Saltsild og salmevers, s. 40).

Nomadisme

Geografitime, og Ole blir hørt i leksa om Arabia. – Veit du kva nomadar er for noko? sa læraren. – Det er folk som aldri plar vera lenge på et visst sted, sa Ole

Akustikk

I eit forsamlingshus på bygda hadde dei skaffa seg orgel , og så fekk dei organisten til å prøve det. Han spela ei stund, så stoppa han opp og sa: – Eg synest det er dårleg akustikk her. – Eg kan ikkje kjenne noko, eg, sa formannen i orgelkomiteen.

Litt meir akustikk: Det var ein som fortalte at han måtte kassere underbuksa si, fordi akustikken rauk….

Og her er enda ei akustikkhistorie, som eg tillet meg å sakse frå boka «Myter og humor i norsk jazz» (har humra godt over den boka i nyttårshelga 2016): «Trombonisten Ole Kristian Brose var på spillejobb på Storslett, i et lokale med en vanvittig etterklang. Vaktmesteren skjønte ikke at dette var noe problem, så Ole Kristian tok et par trombonetoner, som gjallet gjennom lokalet. – Høre’ du for en vanvittig dårlig akustikk de e her? – Vaktmesteren: – Dårleg akustikk her no? Du ska’ vit’ at vi ha’ lufta i heile dag!» (s. 110)

Kassering

To tidlegare skulekameratar møttest etter tredve år. – Kva driv du med, da? sa den eine. – Eg er bankkasserar. – Kor mange bankar har du kassert, da?

Pissmaur på kaka

Kolbjørn Almlid fortel i boka «Da Elvis kom til Bartnes» om ein gong foreldra hans drog på ferietur og nabokona Ingrid var leigd inn til å stelle heime og passe ungane. Vel heime lurte mora på om det hadde gått bra, og det meinte nabokona at det hadde. Men Torbjørn (bror til Kolbjørn A.) hadde ein merknad: «Men Torbjørn var ikke helt fornøyd. «Ingrid Ulven sa at vi skulle ha pessmaur på kaka, og det nektet vi!» sa han. Ingrid forsto ingenting av hva han sa, men snart gikk det opp for alle hva dette dreide seg om. Ingrid hadde laget et pålegg hun kalte «møsmør» som vi ikke hadde hørt om før, og ordet møsmør kan lett bli til pessmaur for et barn. Jeg husker i alle fall at vi ungene samlet oss i en boikott av dette pålegget» (s. 44-45).

Latin

Ein mann var hos legen fordi han kjente seg heilt elendig, og ville veta den heile og fulle sanninga. – Alkoholen har ødelagt deg fullstendig, sa legen. – Kunne eg ikkje få det på latin, for eg er nødd til å fortelje det til kona!

Liturgi og tverrsnitt

Vi gjengir denne historia om Einar Hepsø, mangeårig leiar i Norges Fiskarlag, frå boka «Saltsild og salmevers», av Finn Bergesen jr. og Olav Kobbeltvedt (s. 31-32): «Einar Hepsø var ikkje særleg fortruleg med framandord som ikkje hadde noko med fiske å gjera. Han var svært glad i bildande kunst av det naturalistiske slaget, men haddde vanskar med terminologien. Møtelyden hadde vanskar med å halda seg alvorleg då han på eit årsmøte i Sogn og Fjordane Fiskarlag skulle overlevera eit bilete – eit litograifsk trykk – til fylkeslaget, og malmfullt kunngjorde at han hadde gleda av å overlevera eit «liturgisk trykk».

Det gjekk ikkje noko betre då han ein annan gong skulle overrekkja eit tresnitt og det i hans munn vart til «eit tverrsnitt»».

Jordbær

«Ola Sjursmoa var slagferdig og sa mye morsomt som da han hadde fått tak i nye jordbærplanter: De kalles «senga divana»!» (årsskriftet Horgbyggen, 2015, s. 36)

Papirlaust

Stort folkemøte i bygda, ei viktig sak skulle avgjerast. Møteleiaren heldt appell: – I denne sak må både kvinne og mann være med og gjøre sitt beste! Så vart det delt ut stemmesedlar, og han Tobias fekk sin, men kjerringa ikkje. Da vart han Tobias harm, reiste seg og sa: – Formann! Hu Marte vil også gjøra sitt, men hu har itte fått pappir!

Utsjånaden

Gubben var ikkje bra, og måtte undersøkast av dokteren. Men dokteren kunne ikkje finne noko, og fortalte dette til kjerringa. – Men eg likar ikkje utsjånaden hans, nei, sa han. – Nei, det gjer itt e hell, det, men han e da så snill med ongan, sa kjerringa.

Ein varmare stad

No kjem trekkfuglane tilbake for fullt. Men det er nok dessverre ikkje alle som har overlevd vinteren. Det visste guten som skulle skrive stiloppgåve med vinteren som tema: ”Om vinteren dør mange fugler, og mange mennesker drar også til et varmere sted”.

Namngjeten

Koplinga mellom tysk grammatikk og namnet Lassen er eit poeng i fleire historier. Her er ei om ein Lassen frå Bergen, som var ein vidfarande mann etter som han sjøl sa: – Om eg e kjænt alle steder, ja, det kan dokker sætte dokker på. For en gang eg var i Hamburg, sa barbereren te meg: – Wollen Sie sich barbieren lassen?

Jammer og elendigheit

Dette skjedde den tida ungane oftast kom åt verda heime. Så var det ein gut som kom for seint på skulen, og lærarinna spurte om grunnen. – Jau, ho mor fekk tvellinga i dag ho sju! sa guten opprømt. – Nei, så morsomt. Hva skal de hete? spurte frøkna. – Vi veit itt rektig einda, men hainn far sa nå om jammer og elendighet!

Å bli tatt «oppetætt stuggubrun»

Denne historia er nedskriven av O. H. Berg i Nordli, og står i Bygdebok for Lierne bind 6, «Folk og historier» (2015, dessverre ikkje sidetal). Ho er på kav libygg: «De va en fotograf som reist runt i bygd’n ein vårn, å de va en del som vart fotografert, blant anna så va de en gubbe som villa hå eit fotografi tå kjærringa si. De gikk nå berre godt, å fotografen låvvå æt han skull sænn korte så fort han fikk e framkalla. Nå gjikk nå heile såmmårn å de kom itt nå kort, men om hausten så kom fotografen tebakert. Nå træft e så ætt de va præsthælg å de va mykkjy folk samla, da steig en der gubben lite breibeint framom fotografen å spord: «Vart itt e nåkkå tå de du tok a Matilde oppetætt stuggubrun i vår»?»

(presthelg: helg da presten preikar i ei sokn. Vi ser innverknad frå svensk ved at kort er brukt om bilde)

Djevlehuve

Såkalte djevlehuver var på moten ei tid – særleg til sportsbruk. Ein liten tass på fem år kom og sa til mor si: – No vil eg ha meg ein huvjævel eg og, mamma!

Pedagogisk kløft

På personalmøtet på ein skule dreiv rektor og la fram ei litt kinkig sak. Ved sida av han satt ei kvinne med djup utringing og rimeleg bra kløft, og så kom det frå rektor: – I denne saken gjelder det at vi bruker pedagogisk kløft! Latterbrølet fekk han på rett spor – det var sjølsagt ”kløkt” han skulle sagt.

Aleine om det

Ein gammal svenskevits går omtrent slik: – Var det Ni som fes? – Nei, det var bara jag! I ein variant skuldar svensken ein trønder for det same: – Var det Ni som skjet? – Nei, æ va da alein om det!

Legehjelp

Med vinteren i anmarsj tar vi med ei lita vandrehistorie, som spelar på at ord kan bety ganske forskjellige ting. Ein kar vart funnen i ei snøfonn, han hadde «gått åt» der i fylla.. – Treng du dokter, spurte dei. – Det må i tilfelle bli ein liten ein!

Et cetera

Ein kar i militære sendte telegram heim til kona og bad ho sende 500 kr til ”sigaretter et cetera”. Det kom svar: ”Sender kr 5 – et cetera får du når du kommer hjem!”

Fødd på ny

To kallar hadde vore i kyrkja ein søndag. Presten hadde preika om å bli ”fødd på ny”. – I dag tulla han fælt, den nye presten, sa den eine. – Ja, det er vel eitt feitt om vi er fødd på ny eller ne! sa den andre.

Bøssebering
Vi kan vel tillate oss denne vesle spøken på ein innsamlingsdag som denne (18. oktober 2015). Ein skule der det var elevar frå fleire kantar av landet, skulle delta i ei slik innsamling. Så var det ein oppdaling som forkynte: – E like itt å gang me bærsj! (bøsse) – Det gjør ikkje æ heller, kommenterte ein finnmarking

Løgn og lyng

I Rørosmålet er lyng uttala «løngn», og det fell såleis saman med «løgn». Inge Haanes har ei historie om dette, sendt på e-post 20.9.2015, og han har vel også brukt den i språkspalta si i Fjell-ljom. Dette skjedde den tida dei tok «måsså» i fjellet, og så var det ein som ikkje vart ferdig med dette arbeidet. Han bad ein kjenning om han kunne ta opp det han mangla. Denne svarte: «Ja, men det kan hende det fålgje med lite løngn med det her». Det gjorde ingen ting, svarte han som trengte hjelp. Da det lei utpå vinteren og mosen skulle hentast ned frå fjellet, fann han ingen ting. – Ke f… det vart tå ‘n der måssåa du skull ta opp åt mi? spurte han. – Je sa da at det kunn fålgje med lite løngn med det her! var svaret.

Svensk-norsk språkforvirring
I rallartida vart det mykje norsk-svensk til å misforstå. Ein dag reiste to svenske nykomlingar med jernbanen, og kom i prat med ein nordmann.
– Det er morsomt å reise om sommeren! sa nordmannen. – Vad säjer Ni? sa den eine svensken. – Det er morsomt å reise om sommeren, ikke sant? – Kan du hitta vad bagge säjer, Kalle? sa svensken til kameraten sin. – Jo, Nisse, han säjer at hans morsa reser om sommaren. Nisse snudde seg rasande mot nordmannen: – Vad i helsike raker det oss när ers morsa reser!

Øksen ku
I ei trønderbygd stoppa ein tøff osloenser og hoppa over eit gjerde og innpå der nokre kyr gjekk og beitte, for å klappe ei ku for første gong i sitt liv. Ei ku begynte å ri på dei andre kyrne, og osloenseren vart forfærd og kom seg i sikkerheit. – Kua e øksen, forklarte trønderen. – Øksen – er det et trøndersk uttrykk for gal? spurte ei av oslofruene.

Det rant meg i hu
Ein kåsør brukte uttrykket ”det rant meg i hu”. Ein eldre, tunghørt kar snudde seg til sidemannen og spurte kva det var som rann ifrå’n (Per Olav Langland, Ler, har sendt denne på e-post)

Nevrose
Kjell Aukrust og Dagfinn Grønoset tegna og skreiv i Dagbladet i høve 100-årsjubileet for selbuvotten. Blant anna om møtet med vottedronninga Kari Kallar. Intervjuaren spurte: – Du har ikke fått nevrose da, Kari? – Me bruka itj det mønsteret, me, svarte Kari. (gjengitt i Adressa 15.6.07)

Kattesamling
Feil oppfatning av vers frå Bibelen er eit tema som går igjen i folkehumoren. F. eks. denne versjonen av oppfordringa i Matteus 6,20: «Samle Eders katter i himmelen».

Skantil
Øyvind Anker skriv i ein artikkel i årboka for Den norske turistforening 1956 bl a om østerdalsbudeia Marit Nesset, som fortel om underlaget dei brukte i kubåsane: ””Vi høgg opp tørv og la inn i båsa”, det var særlig de gamle kyrne som likte å ligge bløtt og varmt. ”Nå bruker vi å tælne dem”, sier Marit, og en filolog kan ikke la være å bemerke ordet ”tile” eller ”tilje”, det samme som forekommer i ”skantil”, dvs. skarntile eller på godt norsk: møkkagangen – ”pall” heter det forresten her. Jeg husker en byfrøken som ble gardbrukerkone og uttalte ordet som om det hadde vært spansk: ”skan-till’en!” (s. 156).
Ho har vel uttalt det med same trykk som for eksempel Castilla. Det kan leggast til at å ”tælne” er å legge plankegolv, og slektskapen med ”tile” og ”tilje” er nok korrekt.

Takk for maten
Ei fransk dame i Norge punkterte, og fekk hjelp av to staute nordmenn til å skifte dekk. Lykkeleg over dette sa ho «Takk for maten!» Ho hadde hørt dette så ofte at ho trudde det var eit slags allment uttrykk for takk.

Utskifting
Drillo vart spurt i pausen i ein fotballkamp om han hadde planer om utskiftingar i andre omgang. – Nei, ikke i første omgang!

Berre apet
Ein kall på ytterste Trøndelagskyst ein stad satt i skjåporten og såg ein kar rodde i veg med jordmora i båten, i full fart. Men om ikkje så lenge kom dei att. – Ka vart det den her gongen? ropte kallen i skjåen. – Nei, det vart berre apet! svarte roaren tilbake. – Ka du sei, vart det ei ap’?

Kvitt og stivt
Det handlar om originalen Auden, som ofte vart beden om å handle med seg eitt eller anna for folk den tida han gjekk med posten. Denne vesle stubben står i Årbok for Gudbrandsdalen 1974 (s. 71) og er på målføre frå Gausdal: «In annen gong skulle’n kjøpe lite stivelse åt i i bygden. Min da ‘n Auden kom åt Vålebru’n, hadde’n glømt aldeles å’n skulle kjøpe. Auden sa da at’n skulle ha nåe kvitt og stift som kvinnfølka bruker. Å’n bar over fjelle att da, fortæl itte historia nåe om.»

Biltest
Ja, det var han som skulle på Reperbahn, så bilen hans fekk prøve kva han var god for, som han sa..

Rappeldall
Ei kjerring ville ringe til tannlegen, men fekk berre ein automatisk telefonsvarar. – Det va da en undele rappeldaill, sa ho, – han villa itt hør på ka e sa!

Oppgi posisjon
– Sø synnai synst søpå, sa budalingen, han skulle fortelje kvar han hadde jakta. Dette var før gps-en si tid.

Å snakke diktat
Det kan vera vanskeleg å halde styr på framandorda sjøl i fredelege tider, og ikkje å undrast på at det kan gå i surr i krigstid. To unge østfoldingar stod på vakt ved Rolvsøysundbrua på Greåker da det kom ein mann som snakka umiskjenneleg nordlending og bad om å få sleppe forbi. Ein av soldatane greip felttelefonen, ringte til fortet og sa: – Vi har en kar her, å ske vi gjøra med ham. Han snakkær diktat (etter Knut Roen: Østfoldhistorier, s. 13).

«Gropen»
I årsskriftet «Oppunder fjellbandet» (for Holtålen) for 2002 står eit par munnhell etter originalen «Gropen» : – Det låg to oppå ’nan ni Svøljen – to grani! Og: – det ligg en med tutrekt tonge ni Svøljen – en sko! (s. 14). «Svølja» – trongt parti mellom Ålen og Haltdalen, no er det tunnel der.

Handjagarar
Ein kvinneleg sommarvikar i Sunnmørsposten vart narra til å dra til flyplassen på Vigra (NB: ikkje Viagra) for å fotografere ein av Forsvarets nye handjagarar som nett skulle ha landa… (Kjetil Tandstad: Absolutt Sunnmøre, s. 88). Har også hørt snakk om at handjagarar skal vera dei raskaste jagarane på Ørland flystasjon.

Kaputt og ikkje botvon
Det er syttiårsjubileum for frigjeringa, og vi tar derfor med ein liten episode frå okkupasjonstida. Det skjedde i ei nordmørsbygd: Nokre tyskarar ville låne ein ball av ein kar, men han prøvde å fortelje dei at ballen dessverre var ”gått-synnj!” Men dette forstod ikkje tyskarane. ”-Sei at’n e kaputt, og så tala du slik så’n NN når’n e full!” var rådet han fekk av ein kompis (NN, som det var vist til, hadde ein tendens til å snakke i telegramstil når han var på ein snurr). ”-Ball kaputt synnda’n!” prøvde nordmøringen seg. ”-Aber wir können reparieren!” sa tyskaren. ”-Nei, det e-kje botvon ti-nå!”

Lettbeint tobakk
Ein kar skulle kjøpe tobakk, men bruka ikkje det sjøl, og var ikkje særleg bevandra ut i dei ulike tobakksmerka. Han hugsa ikkje kva sort han skulle kjøpe, så han forlangte ei eske masurka. – Nei, da må du snakk med ho Ynnjbør, sa ekspeditøren, fer ho he grammofon ho! (henta frå årsskriftet til Rindal heimbygdlag, 2012)

Sjølmelding
Det er 30. april og siste frist for å sende endringar i sjølmeldinga. Da høver det å minne om denne vesle historia:
Skattevesenet skreiv brev til ein kar om sjølmeldinga. Den var mangelfullt utfylt. ”Vi savner Deres frues formue”, stod det. Mannen svarte: ”Det gjør jeg også”.

Konduite
Doktorfrua var på bærsanking og var så uheldig å snåve i grøftekanten og hamna med føtene i veret. Akkurat da kom ein original forbi, og frua hadde litt lite klede på seg. Men ho kom lynfort på føtene att, og sa: – Så De min konduite? – Ja, eg såg nok, sa mannen, men her i bygda brukar vi no eit anna namn på det, da!

Karosseri
Påskelektyre 2015 er Magne Aasbrenns framifrå bok «250 slengerær», frå språkspalte i Fredrikstad Blad. Herifrå hentar vi denne (s. 90):
«Ja, det er et strev rett som det er med dissa fremmedorda. – Jæ greier ente å skrive sånn artikkel-stil, jeg, lærer, sa en skoleelev på Frederik II, en som var mer komfortabel med praktiske tingen enn med stilskriving. – Jeg greier bare å skrive sånn karosseri!
Det er klart at det var «kåseri» han mente, men hvis du først trur det er karosseri du skriver, så ER det jo det»

Kjeftbruk og bannskap
Autentisk dialog innrapportert frå Valentinlyst i Trondheim:
– Mamma, hainn Ole baintes te mæ!
– Å, ka ’n sa da?
– (på gråten) Hainn sa – holl kjæft’n din sjøl!

Spor etter toget
Denne historia frå Østerdalen blir påstått å vera sann: Ein mann kom springande inn på perrongen og spurte ein annan som stod og venta: – Har du sett noe til toget? Den andre svarte, og stirte ned i skinnegangen: – Jo, je ser no sporet etter det! (årsskriftet «Oppunder fjellbandet» 2002, s. 14)

Spesifisering
Humoristen Ola Bjørknes i Meråker kom med ei ny samling historier i fjor. Her er det frisk bygdehumor og fargerik dialekt. Som takk for boka, og som ei tilråding til andre, tar vi med denne smakebiten:
«Gammelungkarn Peder va en dag på 50-talet på handelsforeninga og handla kolonialvara over disken. A Ella notert summa nedover ettsom hu la varan på disken. Når ungkarn va ferdi, sei a Ella:
– Ska æ spesifiser henne åt dæ?
– Neida, du treng itj det, æ hi da ryggsekk».

Bortreist
Ekteparet på feriereise stoppa i ein stasjonsby og såg på ei minnestøtte over ein av bygdas store menn. Reist 1919, stod det. – Men det stod ikkje eit ord om kvar han reiste hen, sa kjerringa.

Språkvitenskap
Denne historia er i seg sjøl ei lita dialektprøve, henta frå skrøneboka «Jau, no ska du hør» av Finn Martin Dahl: «Han va på Snauskjær en sommar å fortælte det at han va videnskapsmainn, mæn ha’kje videnskabsmainnen nåkke ainna å reinne roint me einn så hainn. då e det kje rare greian, det vil æ seie. Men nok utta dæ, han gjekk no der på skjærre å smilte å så failt det sæ slik at’an træfte på’an Angel uttafør bua tel han Knussen å ga sæ tel å prate videnskab me’an. Å dokker førstår væl det at han Angel, det e just en høveli mainn te å prate videnskab me.
Jau, så førtællte videnskabsmainnen det at’an dreiv me nåkke så kailles før dialæktforsking å så sei’an te’an Angel:
Kollessen uttaler dokker ore «dø» her på Snauskjær. Seie dokker foræksæmpel «jeg er dau» eiller seie dokker «jeg er «.
Mæn då sei’an Angel:
Næ, sei’an, når vi e dau då heill vi kjæften vårres». (s. 65-66)

Offside
Ein av dei mest kjente fotballdommarane i Østfold fekk forespørsel om å dømme ein proffkamp i England. Men han sa tvert nei. Vennene hans kunne ikkje forstå det, å seie nei til eit så ærefullt oppdrag. Dei spurte han direkte: – Nei, åssen skulle jæ greie det, æ? Jæ kan jo ente engelskt. Jæ vet ente å ”offsaid” hetter engang.” (etter Knut Roen: Østfoldhistorier, s. 53-54)

Robåt
Eit drag i målføra på Agder er at «-er» gjerne blir uttalt med å-klang i vokalen. Stundom er r-n heilt borte også; han blir vokalisert, som det heiter. Arne Torp skriv i boka om Landvikmålet (s. 35): «Det er nettopp samspelet mellom desse to fenomena (å-farging føre r og vokalisering av r) som skaper poenget i denne søte historia om den lisle jenta som nettopp hadde flytta frå Austlandet til Arendalsdistriktet. Etter den første skoleagen kom ho heilt oppøst heim til mor si og ropte: – Mamma, vet du, det går en gutt i klassen minsom heter Robåt! – Nei, nå tøyser du vel fælt, vennen min! – Neida, mamma, han har sagt det mange ganger!»

Fora konvolutt
Kjerringa var på posten og skulle ha ein konvolutt. – Ja, skal den vera fôra? – Det er kanskje likast, for brevet skal til Svalbard!

Geografien
Det var ein som hadde vore mykje ute til sjøs, og som brukte å skryte av det. Ein gong han hadde ramsa opp alle plassane han hadde vore, kommenterte ein tilhørar: – Ja, du er vel kjent i geografien. – Ja, sa skrytepaven, der var vi innom og fylte vatn!

Skinnrygg
Det er enda ei historie om presten og klokkaren. Denne gongen frå den tida den nye salmeboka vart innført. Etter gudstenesta opplyste presten at det skulle vera barnedåp neste preikesøndag, og dei som hadde barn som skulle døpast, kunne få gjort det da. Den aldrande klokkaren hadde duppa av litt, men vakna no til og trudde det var tale om dei nye salmebøkene: – Og dei som enno ikkje har fått, kan få hos meg for kr. 2.50. Skal dei ha med skinnrygg, så kostar det kr. 3!

Meir om presten og klokkaren
Presten og klokkaren var på veg gjennom byen. Dei stoppa så klokkaren fekk inn på bokhandelen ein tur. Men han hadde det travelt, for dei skulle på eit møte: – Kan eg få to rullar med klosettpapir. Men det må gå fort, for presten sitt utafor og ventar!

Klokkaren forrettar
I ei lita landsens kyrkje fekk klokkaren i siste liten beskjed frå prestegarden om at presten hadde vorte sjuk brått og at klokkaren måtte forrette gudstenesta etter beste evne. Klokkaren trådde fram i koret: – Han far er sjuk i dag, så han kan ikkje gjera det frå stolen. Og så får menigheita ta til takke med at eg gjer det på golvet.

Brei dialekt
To karar satt i lag på ein benk i ein park. Dei kikka på to andre som satt og snakka på ein annan benk. Dei kunne ikkje høre kva som vart sagt, men såg at dei brukte begge hendene og gestikulerte. – Han som arbeider så fælt med hendene er sikkert trønder. – Koss da? – Du ser da vel kor breitt han snakkar!

Separasjonstid
Ein kar som ikkje akkurat var av dei gløggaste, brukte bortimot heile livet på å finne ut at han vantreivst så med kjerringa at han ville skille seg. Han var innom lensmannen i bygda for å spørre om råd. – Dette er inga enkel sak, sa lensmannen, all den stund de er usams om skilsmissa også, og i verste fall kan det bli tre års separasjonstid først. – No har eg drege separatoren for ho Berte i førti år snart, så den tida må da vera oppspart! sa karen.

Elementært
Dei hadde fysikk på skulen, om dei forskjellige elementa i naturen, og så vart guten spurt om han kunne nemne desse elementa. – Ja, det er eld og vatn og luft og øl, det! – Nei, seier du det, er øl eit element også? spurte læraren. – Jau, det er det, for når han far kjem att frå veganlegget på laurdag middag og får spekesild og eit krus heimebrygg, så seier ho mor: – No er han far i sitt rette element!

Sivilisert
– No har du forlatt det sivile og komme inn i det militære, sa sersjanten til rekrutten. Du veit vel kva det vil seie? – Ja, eg har forlatt sivilisasjonen, sa rekrutten.

Røntgen
Det er ikkje alltid så enkelt. Ein kar vart lagt inn på sjukehuset for vondt i ein fot. Legen undersøkte han, men kunne ikkje riktig finne kva som var i vegen. – Vi får nok sende dette benet til røntgenfotografering, sa han til sjukepleiaren. – Får je væra med, je au? undrast pasienten.

Litt metonymi
Metonymi har vi når vi bruker eit ord eller eit uttrykk om noko anna som hører til same forestillingsområde. For eksempel «å lesa Hamsun», når det vi faktisk les, er bøkene til Hamsun. Eller «Washington uttalar at..» når det er regjeringa i Mashington vi meiner. I restaurantnæringa er det visst vanleg internt å omtala gjestar på dette viset, t d «kjøttkaka vil betala», «blådressen skal ha dessert».
Så var det på ein bilverkstad, der dei kjente både kundane og bilane omtrent like godt. Der kunne dagens arbeidsprogram på oppslagstavla sjå slik ut: «Fru Karlsen er tung i starten». «Pedersen går ujamt». «Banksjefen skal smørast». «Vask ordføraren».

Meir gift
I sopptida kan det vel høve å ta med denne (20.8.14):
Veslejenta var med mor si i skogen og plukka sopp. Så fann ho ein riktig fin ein, med flotte fargar. – Nei, den må du passe deg for, sa mora, den er giftig. Litt etterpå fann jenta ein kantarell, og den visste ho var etande, for mora hadde fleire slike i korga si alt. – Her er i alle fall ein som er ugift! sa ho.

Gift blir ein uansett
Dette er ei gammal vandrehistorie. Vi saksar ein versjon frå boka «Grove kutt», historier frå og rundt ammunisjonsfabrikken på Raufoss:
«Karine var på apoteket og fikk se en plakat med et medikament med dødningehode og merket «GIFT». Karine ser på plakaten og sier til apotekeren: – Ja, såmmå åssen en ser ut, gift blir’n.»

Det velsigna vatnet
Gammelklokkaren snakka i høgtidelege vendingar når det baud seg eit høve. Men han var ikkje alltid like heldig. Slik som da den nye soknepresten hadde halde tiltredelsespreika si, og spurte klokkaren kva han tykte. – Herlig! Som vann for en druknende! sa han.

Om å legge seg borti
Ein psykolog for rundt på arbeidsplassane; skulle blant anna finne ut om folk treivst i yrket sitt. Ein som arbeidde på trevarefabrikken, fekk også det spørsmålet. – Nei, det visste han ikkje heilt, for folk la seg støtt borti det han gjorde. – Kva er det du gjer, da? spurte psykologen. – Eg snekrar senger!

Pesetasens stilling
Gammal historie, men ho toler vel å bli friska opp att: Ei kjerring hadde ei dotter som var reist til Spania, og tenkte å slå seg til der. Så ein dag kom mora i snakk med nabokjerringa. – Kolles står det te med dotter di i Spania, sa nabokjerringa. – Jau, eg hadde brev frå ho her om dagen, og der fortel ho at ho har no tenkt å gifte seg, men det er litt vanskeleg akkurat no, for det står ikkje så bra til med pesetasen. – Seier du det, jaså det er ein eldre mann ho skal gifte seg med da, sa nabokjerringa.

Det pekuniære
To gamle folk budde avsides. Så vart mannen sjuk, og da kona skjønte det gjekk mot slutten, tilkalla ho presten. Presten tenkte ikkje berre på det åndelege, men og på korleis det kunne vera med økonomien for desse to gamle. Derfor spurte han: – Hvordan er det med det pekuniære? – Å nei, fri og bevare meg, noko slikt har me ikkje boe te å fare med på mange år! sa kona.

Ugler i mosen
Det var ei nordmørskone som var så slem til å stokke orda. ”Det va de e skjønt, det va møggel på mus’n!” sa ho, og meinte ”ugler i mosen”. Same historia er hørt på Innherred, om ei som var til dokterundersøkelse. ”-Hmm – her er det nok ugler i mosen!” sa dokteren. ”-Kjere, e det møggel på mus’n!” ropa kjerringa.

Indre opplevelsar
Det var bønnemøte, og mange var frampå og vitna, men Peder satt roleg og var lite rørt. Men da stod predikanten over han og spurte: – Har du aldri hatt noen indre opplevelser, min venn? Peder dro på det, men så sa’n: – Jau, eg hadde vel det, da eg fekk operert vekk blindtarmen!

Ordkløyveri
– Far min begynte med to tomme lommer, og no har han ein million! – Kva skal han med så mange lommer, da?

Synd på kokken
Flykrasj, men ingen hadde komme alvorleg til skade. To kjerringar las om det i avisa. Den eine sa: -Det var godt ingen mista livet, da!” – Ja, det va det, men eg synest no synd på kokken likevel da! Kva var det med han da? – Jau, det står her at ”cockpiten ble revet av”!

Høgspent
Vonde tunger vil ha det til at setesdølane heller ville ha høgspent enn lågspent når det gjaldt elektrisiteten. Og grunnen? Jau, da slapp dei å snuble i ledningane…

Kva som rann?
Kåsøren brukte uttrykket «det rant meg i hu». Dette fekk ein eldre, tunghørt mann i salen til å snu seg til sidemannen og spørje kva det var som rann ifrå’n. Takk til Per Olav Langland, Ler, for denne vesle stubben.

Frauskruv
Ei byjente var oppi Hegra og fekk forklart kva ein frauskruv (gjødselskrue) var for noko. Helga etter hadde ho med ei venninne, som spurte om det same. – Det er en møkkapikk! fortalte byjenta.(for å få fullt utbytte av denne, må ein nok vera klar over at «skruv» også er eitt av dei mange namna på «litlkar’n».

Sukkersøtt
Ein kar var over i Sverige og skulle kjøpe sukker. Så langt heimafrå syntest han at han måtte seie farin, med det resultatet at ingen forstod han. Men sukker, det forstod svenskane, viste det seg.

Nymfoman
Ein innbarka ungkar vart omsider gift, men folk kviskra bak ryggen hans om dette. Han la merke til det etter kvart, og til slutt spurte han ein kompis kva det var dei gjekk og kviskra om. – Jau, det er kona di, sa kompisen, – ho er nymfoman og har stått i det med minst halve bygda. – Det er det same for meg, berre ho ikkje tenner på huset!

Barnsleg dans
Per, som var liten av vekst, var på dans på lokalet og baud opp ei sveisen jente. Men jenta rista på hovudet og svarte spisst: – Jeg danser ikke med barn! – Å unnskyld, æ vesst itj at veitja va i ein slik situasjon! sa’n Per.

Opphissande
På Nordmøre seier vi «å hess opp» om å heise, løfte opp noko. Innimellom må vi også «hess på oss brokja». Ei nordmørsjente var på dansegolvet i Studentersamfundet i Trondheim, og det gjekk livleg for seg. Kavaleren løfta ho til vers. Men han visste ikkje heilt kva han skulle tru når ho sa: ”-Du må-kje hess-me-opp!”

Kvalifikasjonar
Vi tillet oss å ta med ei historie frå Steinar Nymos ferske og interessante bok «Ikkje så galle» (alfabetisk og etymologisk ordliste for målet på Senja). Boka er spekka med artige anekdotar og digresjonar. Her gjeld det ein type ord dei har i Nord-Norge, samansetningar med -a(v): «heimana», utana», «synnana» etc. Dei betyr ‘heimafrå’, ‘utafrå’ m m, og tilvarar trøndersk heimant, utant osb.
Så var det ei jente som begynte med livgivande førstehjelp etter ei bilulykke med personskade. – Sei meg, er du utdanna lege? spurte ein tvilande tilskuar. – Eg e utana Senja! sa jenta.

Meir bedekning
Ei gammal kjerring hadde vore med på biltur med fleire kjerringar frå bygda. På turen var dei også innom Klones landbruksskule i Vågå og vart svært godt mottekne av læraren. Ho skulle skryte av dette, og sa: – Ja, detta va ein framifrå tur, og da oss kom åt Klones, da tok lærar’n imot oss og bedekte oss alle sammen!

Bytte ringar
Eit ektepar noko opp i åra kjørte biltur. – Kjenner du deg igjen? spurte ho. Det var her vi bytta ringar for snart 30 år sia! – Men vi har da aldri punktert på desse kantar? svarte han.

Søk bedekning
Vi hentar fram denne episoden frå aprildagane i 1940, i ei bygd der krigshandlingane var ganske nær. Ein kar hadde sagt til kona si at ho straks måtte søke dekning dersom det kom tyske fly. Og det gjorde det, men akkurat da var ikkje mannen til stades. Så kona sprang mellom husa og ropa: – Anders, Anders! No lyt du komma og bedekke meg!

Ingen trebein
Det ringte på, og husfrua bad tjenestejenta om å opne. Ho kom tilbake og sa: – Det er ein mann med trebein. – Berre sei at vi skal ikkje ha noe! sa frua.

Uttalevanskar
I polsk og andre austeuropeiske språk kan vi ha konsonantopphopingar som er vanskelege for oss med norsk morsmål. Vi slit litt med namn som Józef Przybyła (polsk skihoppar på 60-talet). Det var visst Nils Arne Eggen (eller kanskje sonen Knut Torbjørn) som var sidekommentator under ein fotballandskamp mot Polen. Fleire namn her var problematiske, og Eggen sa: – Det nøtte itj å uttal det der, sjø. Du må nys det!

Ymse utslag
«Det var et anonymt tips som gjorde at Mattilsynet avdekket store mengder rotteekskrementer hos et bakeri i Bærum. Bakeriet har inntil onsdag levert bakevarer til ti utslagssteder». (NRK Østlandssendingen 9.1.14)

Vantar på Våttån
Frå Anne Mari Svinsaas har vi fått denne historia: » – og så va det den forlengst utfløtta Løkken-byggen som ha bodd i Vestfold i mange tiår. Han sa at han skoill på Vantane når han tenkt sæ på Våttån… Sann historie».
Litt forklaring: Våttån er trøndersk for vete ‘varde, vardestad’.

Rekreasjon og luftforandring
Ei kone kom att frå sjukehuset og skulle rekreere seg, og spørsmålet var korleis dette skulle gå for seg. – Dokteren sa eg trengte luftforandring, sa kona. – Da var du jammen heldig, sa mannen, for no har han akkurat gitt seg, den nordavinden som har stått på heilt sia du for på sjukehuset!

Ikkje klar likevel
Ordet klar kan bety forskjellige ting, som ikkje alltid går like godt i hop. I ganske store delar av landet betyr det ‘utsliten’, ‘øydelagt’, ja til og med ‘død’. Dette skapar vanskar stundom, som i denne historia frå Sverre Hatle i Surnadal, innsendt som kommentar til eit innslag i Språkteigen der dette var oppe:
«Vi vart klar når vi arbeidde. Bilen kunne gå klar, så han ikkje kunne reparerast. Det kunne hende med folk au. Så var det historia:
Søster til venninna til kjerringa mi utdanna seg til dokter. Ho kom frå Kvamsøya på Sunnmøre. Så kom ho uti Frænen og skulle vera turnuskandidat. Ein gong ho hadde legevaktteneste, ringte det ei kjerring og bad ho rykkje ut med ein gong, for kallen hennar var fole dårleg.
– Er han klar då? ville turnuskandidaten veta.
– Nei, klar er han no ikkje! kvesste kjerringa i.»

Klisterball
Jula er tida for å lesa lokalhistoriske publikasjonar. Eitt av høgdepunkta er årsskriftet til Rindal Heimbygdslag. Der har dei blant mykje anna ei spalte med gode historier. Etter å ha sett føreforholda under starten på Tour de Ski 4. juledag 2013, saksar vi denne frå rindalingane: «Treski hadde dårleg gli, kanskje særleg på våtsnøføre. Ein gong skulle nokre gutar lage langrennskonkurranse og smøre ski på slikt føre, men hadde ikkje smurning. Det vart sagt at somme smurde med sildhau, men i dette tilfellet hadde dei fått eit stykke ister (nekkjfeitt) frå mora til gutane … der rennet skulle føregå. Gutane var ivrige og diskuterte både smurning og taktikk, så da faren spurde kva dei smurde med, fekk han greit svar av … ein av deltakarane: «I dag smør oss med klisterballj!»»
Ordforklaring: «Nekkjfeit» er feitt rundt innvolane på slakt.
Og klisterball er nok samanblanding av klister og isterball. Isterball var ein
klump av ister (feita rundt tarmane på slakt), som vart pakka inn i tynt ty og bruka til å smøre vaffeljarnet med. Ein plass skulle det forresten vera så god jord at når dei sette ned isterball, så kom det opp att purker!

Spill
«legge grunnlaget for at planen kunne settes ut i spill» (nettfunn jula 2013).

Skvettlærstøvler
«Han Hans kom att frå by’n mæ eit par spilder nya skvettlærstævle, sa ‘n Iva. Han me’nt feittlærstævle.» (Ola J. Rise: Oppdalsboka I, s. 322)

K-krangel mellom Rindal og Surnadal
Rindalinger og surnadalinger har i lang tid erta kvarandre omkring måten de snakka på. No, når denne vennskapelige disputten om dialekta i Rindal kontra Surnadal er komme «på nett» må e få lov til å gjengi ei historie som svigerfar fortalte om dette emnet. (Skal utelate namna): Det var en rindaling som besøkte slekt og kjenninger nedi Surndal’n. Da vart rindalingen konfrontert med at dæm koinn ittj å sei bokstaven K oppi Rindal’n. «Dåkk sie «kjaffe» og «kjak», hevda surndalingen. «Nei, det e ittj rett det», svara rindalingen. «Det e inni Surndala at dåkk ittj kainn å sei K. Når dåkk ska sei «bækken» og «sækken» så sie dåkk «bekkjen» og «sekkjen». Å så sie dåkk «stakkjen» og «knakkjen»… og «kakkjen»..! (Edgar Kattem på facebook 18.12.13)

Røytefrie kinesergutter til salgs
Menneskehandel? Trafficking?: http://www.fremover.no/lokale_nyheter/article6996450.ece (avisa Fremover, også det 21.1.13). Heldigvis går det jo fram av artikkelen at er snakk om kinesiske nakenhundar. «Tol salgs» er ein forståeleg tastefeil (som glir lett gjennom når alle korrekturlesarar er oppsagt).

Tegner og shark
«Tyver stjal tegner fra båt (overskrift). Litt før klokka 11.30 torsdag fikk politiet telefon fra en båteier på Herøya om at to personer stjal tegner fra hans båt og kjørte utover Frierfjorden med en sharklignende båt på ca. 24 fot» (Porsgrunn Dagblad 21.11.13). http://www.pd.no/lokale_nyheter/article6997244.ece Vi har forlengst slutta å bli sjokkert over språkblomster i avisene! «Tegner» skal nok vera «teiner» (slik kan det gå med talemålsgrunnlag der ein seier «reiner» både om reinsdyr og at det kjem ein bestemt type nedbør). Og å ta opp forfølging var neppe aktuelt med ein båt som likna ein hai («shark» på engelsk)!

Utnamn
Ja, det var han som var kronvitne i ei farskapssak – han hadde faktisk vore vitne til sjølve handlinga, og begynte å beskrive det han hadde observert, med veldig folkeleg ordbruk. Dommaren syntes dette vart for sterk kost i rettssalen, og instruerte han i å bruke latinske namn. Nytt forsøk: – Ja, han tok penisen sin og stakk inni … hmm . du dommar – ka for utnamn va det du ha på f..a?
Om dette gav meirsmak, så sjå sitatet om «fantastiske kallenavn» under «Det muntre hjørne», lagt ut 14.11.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/sagt-om-dialekt/

Nummer 1 og 2
Vi slår til med to historier om nummer. Først ei frå telefonens barndom: Gubben hadde fått lagt inn telefon, var på hestehandel i ei nabobygd og ville prøve å ringe heim til kjerringa. – Ja, je ville bære tala ved kjerringa, je, sa han til sentraldama. – Hvilket nummer? spurte ho. – Nummer, trur du je har harem?
Vi tek sjansen på ein til: Dei skulle forskrekke ein tørrpinn av ein revisor ved å legge ein kondom inn mellom bilaga. Men han rapporterte slik: – Mellom bilag 12 og 13 er det eit bilag som ikkje har fått seg eit nummer!

Problem med å finne wc
Ein reisande overnatta på Byneset. Om morgonen spurte han kona på garden kor wc var. – Vese? sa kona. – Ja, kor skal eg finne wc? – Nei, Vese e det da ingen som heite på Byneset, nei. Det må sekkert vårrå på Leinstrand’ ein stann, for der e det så mang rar namn, sa kona.

Arsenikk
Mary Lilleløkken, Rindal, siterer ei lita jente som har vore borte på besøk og blir spurt om trakteringa (avisa Driva 25.10.2013): – e å di ainder ongan fækk julebrus å potetgull. Å vaksnfålkje fækk arsenikk. Det var festdrikken sin det!

Akademisk
Her kjem enda ei historie om feil bruk av framandord: På ei seter var det ei kjerring som dreiv og rente fløyten av eit spann. Så hoppa det ei mus oppi spannet, men kjerringa tok musa i nakkeskinnet og reinska ho grundig for fløyte. Da kom mannen inn og spurte kva ho heldt på med. – Vi har da ikkje råd til å la musa dra i veg med beste fløyten, sa ho. – Nei, du har no alltid vore så akademisk, sa mannen.

Brystløysa
Ein kar som var litt slem til å snakke bakvendt, skulle fortelje om ein gong det hadde komme folk på besøk da kjerringa satt på verandaen utan bh. – Og kjerringa satt brøstlaus på verandaen! sa han.

Den velsigna mjølka
Ei kone hadde fått det med det at ho gjekk heilt nedi bygda tre-fire gonger i veka og kjøpte mjølka si frå prestgardsfjøset, enda det var gardar som selte mjølk mykje nærare der ho budde. Nabokjerringa lurte på dette, men da sa ho: – Eg har hørt at mjølka no for tida helst skal vera pastorisert. Så da er det vel tryggast med prestgardsmjølka!

Høg stilling
Og så var det han som reparerte kyrkjetårnet ein stad i Trøndelag, og som samtidig «averterte etter kvinnfolk». I annonsen skreiv han: «Høg stilling med fine utsikter».

Primitive midler
Apropos primitivt: Under kampanjen mot preventivar til Tysklandsbrigaden kom dei åt ei eldre dame i ei nordmørsbygd og skulle ha underskrift. Ho las at det dreia seg om ”preventive midler”. ”-Nei, ta he e ’kje nåkko med,” sa ho, ”vil dem bruk primitive midler, så fe dem gjærra-det fær me!»

Primitivt
Ragnhild Aune Sulusnes, Rindal, har lagt ut denne historia på facebook og gitt lov til å dele den her: «Når vi først er i Rindal, far min (som var fra Aune) fortalte om en handelsbestyrer som hadde besøk av en handelsreisende fra Trondheim,han snakka byspråk og hadde flunka ny bil. Bestyreren fulgte den handelsreisende ut og måtte kommentere den fine bilen, slo om til «fint språk» og sa:» Det er svært så primitiv bil De har». Takk til deg, Ragnhild!

Tørrgjester
Så var det før i tida på «Hotella» oppi Rindala. Dei dreiv både handel og gjestiveri. Ein dag kom prestefrua på butikken.» Dere har kanskje gjester også», sa ho. Da svara Ida, som berre var jentungen det leitet: » Her he oss bære tørgjester». Takk til Ragnhild Stavne Bolme, Rindal, som kom med historia på facebook og som gav meg lov til å gi ho igjen her. Den står også i heftet «Rindalshumor». «Gjester» eller «jester» = gjær, for dei uinnvidde.

Smått stell
Ungkaren måtte ha kvinnfolkhjelp etter at mora gjekk bort, men han hadde ikkje råd til så mykje, tykte han. Annonsen vart slik: Hushjelp søkes av ungkar med lite stell. (frå Leif Kåre Vongraven: Blind att augan!)

Synd på kokken
Det hadde vore flykrasj, men heldigvis kom ingen alvorleg til skade. To kjerringar las om det i avisa. Den eine sa: -Det var godt ingen mista livet, da! – Ja, det var det, men eg synest no synd på kokken likevel da! Kva var det med han da? – Jau, det står her at ”cockpiten ble revet av”!

Enda meir maroder
Den første historia vi la ut her, handla om ei mor som var stolt over at sønnen hadde fått så høg stilling. Ho hadde nemleg fått høre at han var maroder på eit sjukehus.
I ei litt anna retning går denne varianten: Da er det mora som skal skryte av at sønnen har gjort karriere i Forsvaret, og fortel at han er maroder i militære!

Tidspunkt for bryllaup
Sommaren er jo gjerne ei lagleg tid for slikt. Her er ein dialog mellom to som planla å gifte seg: – Når skal vi ha dette bryllaupet da? spurte guten. – Det er deg det står på, svarte jenta

Aperitiff
Tor Jacobsen gav i 1993 ut boka «Ke de skaft? Ranværingsord og historier». Her er det mange gullkorn, og eg tar sjansen på å sitere ei historie om ein gjeng jernverksarbeidarar, deriblant også trønderar, som var på kurs på Saltfjellet. Ingen av dei hadde vore på turisthotell før. Så var det like før middag, og dei fekk beskjed om å komma ned og få aperitiff. Eg siterer vidare: «Karan såg på kvarainner å ein a dæm spol: – Apperitiff, ke fan e det? Ingjen kuinn svara, å då sa ein innfløttar ifrå trøndelagen: – De e fa’n de samme, får æ ittj’ potett attåt, så et æ de ittj!»

Ralstund
Å ral betyr i innherredsmål å småprate, og ei ralstund (-stoinn) er ei slik stund med triveleg småprat mellom kjenningar. Eg tillet meg å sitere denne som Kjartan Ertsås, Steinkjer, la ut på facebook i dag: -Dehenn ral-stonnja gjekk fort, sa kjerringa, hu ha såmna onnj preka.
Dette minner meg forresten om ein av gammalstuppullane i heimbygda mi, som alltid sovna godt til radiogudstenesta. På slutten vakna han, og kommentaren var den same kvar gong: – ja, ta va osedvanle te prest!

Ral i enden
Vi tillet oss å ta med denne frå boka «Olav H. Hauge og «Gamalt frå Ulvik»» (2012), med stubbar og andre notat etter diktaren som ikkje har vore på prent før. Her fortel han om ein som hadde ein son som gjekk underoffiserskulen: – Ja, anten so æ da general han æ, elde so æ da korporal, – iadlefal ha han ral i enden.

Språkendring som bjeff
Ørlendingen irriterte seg over at ungane begynte å seie ”gjør” i presens (av å gjera) i staden for det tradisjonelle ”gjær”. ”Her utpå e det bærre hoinnan som gjør!” sa han.

Trøndersk historietime
Ein trøndergut skulle gjenfortelje historia om Håkon Jarl og Kark i historietimen. ”-Ja, han Håkon tok med sæ ein karsk og gjekk ni kjeillar’n”

Kongeleg føde
Frå Edgar Kattem i Rindal har vi fått denne historia: «Dette henda før fjernsynets tid, i radioens storhetstid. Det må ha vore i 1953, da prinsesse Ragnhild gifta seg med Erling Lorentzen. Det satt ei samling med kvinnfolk, på Kjerkholtgarden i Romundstadbygda, og haur på ein radioreportasjen frå det store, kongelege brullypet. Der fekk dei høre sagt at «som forrett fikk gjestene i det kongelige bryllupet servert skilpaddesuppe». Da var ho gamle Berntine halla på hauet, tenkte seg om ei stund og sa: «Nei, det koinn umule vårrå sildbaillsup’ dæm fækk»…
Sildbaillsuppe var suppe koka på «søet» som vart att i kjelen etter att baillfola var ferdig koka. Og det var visst nok ikkje kjent som første valget som selskapsmat.

Fuglesong
Ja, det er mykje av det om dagen (20.5.13). Kanskje grunn til å minne om dette munnhellet: – Kvar fugl syng med sitt nebb, sa belgtrøar’n, han viste fram støvlane sine.

Hengande reiskap
Som eit apropos til våronna tar vi inn denne: Ein skuleklasse hadde tentamen i stil, og ei oppgåve var ”En vårdag”. Da skreiv ein av elevane: ”-Om våren går bøndene ute på åkeren med redskapen hengende etter seg”

Impotens
Mannen min er blitt impotent! – Å gid, er det finare enn disponent?
Variant: To gamle enkjer hadde eit langt og familierikt liv bak seg. No satt dei på ein aldersheim og mintest og betrudde kvarandre erfaringane sine. – Mannen min var impotent dei siste åra, sa den eine. – Jasså du. Mannen min var disponent han. Og det vart han tidleg!

Eksekusjon
To kjerringar møttest i bygdesenteret. – Kor handlar du hen da? spurte den eine. – På Samvirkelaget, for der blir ein raskare eksekvert!

Fremmedord
Samtale mellom to femåringar: – I dag fann eg ein kondom på verandaen! – Jaså, kva er ein veranda for noko?

Tåvask
Ei tåvaskartuå er på nordmørsdialekt ei fille til å vaske av («tå») bord, hyller etc (det som er over golvet). Gerd Haugvik fortel i ei facebook-gruppe frå Tingvoll om ei barnepike/hushjelp dei hadde i huset da ungane var små. Svigermora var på besøk, og hadde spurt nettopp etter «tåvaskartuå». Jenta spør da mora i huset: «hun spør etter tåvaskartuå, skal hun vaske tærne sine?»

Litt målstrid
Ein bokmålsmann og ein nynorskmann «reiv kjeft». Bokmålsmannen: – Hva slags bu er det dere nynorskfolk har i det som dere kaller «føre-bu?» Nynorskmannen: – Å, det er vel same slags reir som de bokmålsfolk har i forbe-rede!

Korrespondanse
Ei byfrøken skulle vera på ein gard om sommaren. Der var det ein staut dreng, og ho la seg straks etter han. Men han var ikkje mottakeleg for noka form for kurtise, så da sommarferien var slutt, måtte frøkna berre innsjå at ho ikkje kom nokon veg med han.
Så skulle ho dra til byen att, og drengen skyssa ho på stasjonen med hest og vogn, som dei bruka den tida. Som ein siste utveg prøvde frøkna seg da dei nærma seg stasjonen, i resignasjon: – Vi kan vel i alle fall korrespondere? – Ja, ja, vi kan vel det da, sa drengen, men kor skal vi gjera av gampen?

God gadd
Ei kjerring hadde vore på busstur og skrytte av det, for det hadde vore så god ein gadd! (det var guide som kom ut slik i hennar munn)

Historisk
Kvar gong kjerringa og eg kranglar, blir ho historisk, klaga ein kar til kompisen sin. – Hysterisk, meiner du? sa kompisen. – Nei, ho grev fram eitt eller anna drit frå fortida!

Nestekjærleik
Det kan vel passe med ei lita herme om dette no i påskehøgtida (lagt inn påskedag 2013): Læraren spurte i klassen: – Er det nokon som veit kva nestekjærligheit er? Ei jente retta opp handa: – Det er ikkje den første kjærligheita!

Ikkje barnefødd
Ein kar på Ringsaker vart kalla Petter Finsk, det gjekk det ryktet at han skulle stamme frå Finland. Ein gong var det ein som spurte om han var barnefødd der. Da svara Petter irritert: -Nei, itte er je finsk, og itte er je barnefødd heller!

Å brenne for ei god sak
Denne vinteren har det nok gått med mykje ved for mange av oss. I ei bygd var det allment kjent at det gjekk for seg mykje heimbrenning, og lensmannen spurte like godt han Per rett ut: – Du driv vel og brenner, du og? – Ja da, det gjorde han. – Har du brent mykje i vinter da? – Å, det er vel borti tre famner eller der ikring!

Lauparhund
Det var i den tida Lorns Skjemstad frå Inderøya var i langrennseliten. Så hadde han fått startnummer 1 i eitt langrenn. Ein sambygding hadde lite tru på at dette kom til å gå særleg bra, for han hadde ingen til å dra: – Han skoill ha hatt ein lauparhoinn!

Bombardement
Ei fransk dame som hadde slege seg ned i Kristiansand, strødde om seg med franske gloser. Frukthandlaren i byen var svært høfleg av seg. Ein dag på torget kom den franske dama til å velte ei kasse tomatar, og sa: – Å, pardon, monsieur! Frukthandlaren letta galant på huva: – Bombardemang, madame!

Nærgåande
Det var ei som skulle fylle 60 år. Ho vart spurt om ho skulle ha stort selskap i den anledning. – Nei, berre dei mest nærgåande, sa ho.

Vavler
Anne Mari Svinsaas har bidratt i denne spalten med ei herme etter riksmålstalande folk på Løkken (sjå kommentar 1.2.). Ho har elles fleire sitat etter ein forlengst avdød original på Løkken som hadde det med å slå om til riksmål, særleg når han var litt på’n. Ei kjent historie om denne karen er da han kom til Berkåk og skulle kjøpe seg kaffe på «Turisten». Han spurte jenta bak disken: – Har de vavler, frøken? Lætt me få et par hjarto!

Piknik
Ei frue hadde fått hushjelp, og alt første laurdagskvelden bad jenta seg fri. Ho var beden ut på noko som kallast nikknikk, sa ho. ”-De mener vel picnic,” sa frua. – Å nei, eg trur eg ventar til ein annan kveld med det, eg kjenner han ikkje så godt enda, sa jenta.

Vass-seng
Ei rindalskjerring var skeptisk til desse nye vass-sengene: – E e redd e itt kjæm me(g) pi og tu! sa ho.

Tynne bein
Frodige karakteristikkar er noko tradisjonell dialekt er sterk på. Reidar Djupedal har notert ned denne skildringa frå Selje i Nordfjord: – Ho P. va so tynnokla og smalføtt’e at ho kunne bruke eit brillehus te sko – ja, so sanneleg!

Ikkje funne på det sjøl.
På ein gard i ei inntrønderbygd hadde dei besøk av ein Oslo-kar i ferien. Denne dreiv og «fann åt» ein liten gut på garden for at han sa kvaks. – Det heter jo veps! sa bymannen. Til slutt vart guten lei av denne ertinga: – Hen i bøgd’n sei vi kvaks, og det e itt æ som hi fynny på det!

To skildringar av stri vind
To krokrygga karar  møttest på vegen ein stormdag. -Det er da svinaktig som det blæs! seier den eine. -Ja, det er vinden det!
To kjerringar møttest i uver: -Du himmels, det er jo reine orkanen! -Ja, og slik som det blæs!

Bensinforbruk
Arnold Frønes, Åfjord, siterer ein original frå heimbygda si som hadde skaffa seg bil, og vart spurt om drivstofforbruk, noko han hadde lite greie på. – Han brukar ein tank på langkjøring! kunne han opplyse. Takk også for den historia!

Utlending
Frå Eva Ruuska har vi fått denne vesle stubben om ei lita jente på to år som hadde si sterkt dialekttalande bestemor frå ein heilt annan kant av landet på besøk. Jenta ville ikkje svare på noko av det bestemora spurte om, ho berre såg på henne. Så ringte det på døra, veslefrøkna sprang og opna og forkynte: – Dere må komme inn og se på bestemora mi, hun er utlending hun! Takk skal du ha, Eva!

De, dem og dere
Ståle Paulsen følgjer opp historia til Jarle Langfjæran om «Benklærnes i Lobenet» med ei anna hushjelp, som hadde fått streng beskjed om å snakke fint og seie «De, dem og dere». Så skal ho servere middag, går inn til husfolket og seier: «Skal de, dem eller dere ha middagen oppe eller nede?!» Takk for den, Ståle!

Kålhau
To trønderkailla sto utafor butikken og prata ein sprettkald dag. Den eine hadde eit kålhovud under armen, og så sa han: – Æ må vel gå heim så itt kålhaue mett frys! Da sa den andre: – Trækk ned ørlappan!

Benklær
Jarle Langfjæran minner oss om den klassiske herma etter ungjenta frå Buksnes i Lofoten som hadde fått seg jobb som hushjelp på finaste Øvre Singsaker. Ho hadde fått beskjed om å snakke fint, så når ho skulle fortelje kor ho kom i frå, vart det «Benklærnes i Lobenet»! Takk for den, Jarle!

Ingen alder
90 år e ittnån alder for den som e gammel! (overhørt på Melamartnan i Overhalla oktober 2012). Eller som innherredsbyggen sa: – Det e itt nå sak å bli netti år – når’n bærre får låvvå så læng’..

Trøbbel med både skjelett og anna
Vi tillet oss å sakse denne som rindalingen Mary Lilleløkken serverte i avisa Driva 22.2.2002, om ein person med skjelett-trøbbel som skulle forklare tilstanden sin for ein dokter frå Tyskland: — Ja, hainnbåggån å hainnalæggin e ster, å så e de så trele å baille atti åklakula. Færræst’n e kammar’n nålles viskvalinn å tur å!
Her måtte det visst tilkallast ein tolk med lokal språkkunnskap.

God råd
-Ho Marta i Nordigard har fått struma, hører eg. – Ja, ikkje forstår eg korleis folk får råd til alt no for tida!

Avhopp
På HV-øvelse i Haltdalen vart dei gamle HV-karane trakassert fælt av nokre ferske typar frå befalsskulen. Særleg var ein av dei ille. Han dreiv og drilla folk i å skifte spor når det var kryssande skispor, så ein ikkje skulle sjå at ein hadde skifta. Dette kallast avhopp. Da var det ein av HV-veteranane som mulla: – Han kunne ha lært seg avhopp far din òg, så hadde vi sloppe å hatt deg her!

Gartnerjobb
Ein kar frå bygda hadde seg ei fyllekule i Kristiansund, og under denne raptusen trefte det seg slik at han fekk høve til å spørje etter hyre på ein båt. Han ville mønstre på som gartner, sa han. – Nei, det var ikkje aktuelt. – Men he di ikkje hækk på båtå da? undrast han.

På dagen
Johs Brandtzæg, Steinkjer, fortalte ei herme som visstnok ikkje blir forstått heilt av austlendingar. Det var ein kar som hadde ein far som begynte å bli gammel, hjelpelaus og masete. – Hainn e så ainnfelåt, sa han, – når’n ska på potta, så ska det vårrå på da’n! («men kunne han ikke gå på potta om natta, da» spør austlendingane).

Definisjonsspørsmål
Lærarinna spurte ungane i småskuleklassen kva ein fot var, men fekk ikkje svar. – Men kva er det ei ku har fire av og eg berre to da? sa ho. – Spenar, sa ein gut.

Psykopat
Finnmarkskjerringa fortalte som sonen som ho var så stolt av: «-Ja, han studere på universitetet. Han ska bi sånn der psykopat!» Takk til Ståle Paulsen for historia!

Titulering
Lærarinna:   – Dei fjerne forfedrane våre sette ofte tittelen etter namnet, f eks Håkon jarl og Sigvat skald. Kan nokon av dokk nemne fleire eksempel på dette? Ja, Solveig? – Ruter konge!

Desse fremmedorda igjen –
Ein ungkar hadde omsider greidd å bli gift, men la merke til at folk kviskra bak ryggen hans om dette. Så spurte han ein kompis kva det var dei tiska om. – Jau, det er nok kona di, sa kompisen, ho er nymfoman og har stått i det med minst halve bygda! – Same for meg, sa den nygifte, berre ho ikkje tenner på huset!

Vårknipe
Vi har hatt innlegg både om snødjupn og truger. Her er eit sitat frå ein som kjente til begge delar, men som var lei til å snakke bakvendt: – Det var den våren eg hadde så lite geiter til fôret mitt. Eg gjekk på kvist og braut truger, medan snøen gol og gauken rakk meg heilt opp til ræva!

Rystande
Å «rysj i hold» er eit velkjent trønderuttrykk for å grøsse, ha kuldegysningar. Ei landsens dame som skulle forfine språket sitt, sa det på denne måten: «Jeg ryster i hullet!» Takk til Rita Hovde for historia!

Propaganda
Det var såkalla propagandastemne for brytesporten i ei Innherredsbygd. Ein kar vart slengt på ryggen i ei ”flygende mare”. Med det samme kom han til å sleppe ein. Da sa ein publikummer: – No bynne æ å forstå koffer det heite proppaganda!

Politisk asyl
Han Ola satt ved radioen og hørte på nyheitene, der det vart fortalt om ein som hadde fått politisk asyl i eit land. – Stakkars mann, at han skulle spekulere seg gær’n på slikt, kommenterte Ola.

«Trolaus»
Dette er ei klassisk historie om klokkardansk som blir misforstått. Etter dialektbruken må ho skrive seg frå indre bygder i Sør-Trøndelag. Her er folkeminnesamlaren Karl Brasets versjon, det er presten som spør, og guten som svarar etter beste evne:
«Føsst spord præsten: «-Hvad er troen?» Så svårrå guten: «-Oss ha inga tro, oss dæmle bøtta i høle!» Presten: «-Hvad er loven?» Guten: «-Oss ha ingen låve hell, oss trøska på ein punnfell inni stuggunn!»

Ein sperk til oberst
Ein sperk er eit nordmørsord som betyr nærmast ein pusling, spjæling. Hans Hyldbakk hadde ei historie om gamle Størkår på Garberget skysstasjon, og kva han sa i telefonen da han skulle varsle om hest og vogn til ein oberst Spørck. «-Det sitt en fyr her så vil ha skyss,» sa han. Obersten protesterte og sa at han var ingen fyr, men at han var oberst Spørck. Da sa Størkår i telefonen: «-Han sie det e kje nåkkån fyr. Han e ein sperk!»

«Tokåt» dialekt
Dem e helt tokåt, dem si huggue for höe, sa jenta frå Selbu som beskreiv dialekten i Tydalen.

Hektisk i vindkulene i Osen
Dagens ord «gainn-søa» 11.1.13 har avfødd denne (som også inneheld godt bakvendtsnakk) frå Osen, sendt inn av Nord-Fosen Dannede Sælskab:  Ein kar i frå Brattjerfjol’n va ut og sægla sammen med kona si da kaill’n fekk sjå ei krafti rokksøa itj så langt oinna båt’n. Hainn kauka åt kjerringa: Bæskede, Maren, ta ne’ søa før sægle kjæm!

Mørketid
Denne skulle vel passe no: – Koffor e det så mørkt no, bestefar? – Jau, for om vinteren bli det så tile seint!

Det var der det stakk
Det har jo handla litt om husdyrmiljø her, så vi dristar oss til å ta med ei velkjent gammal trønderhistorie frå fedrifta. Det er ein bonde som kjem inn på nabogarden leiande på ei ku. Ei byfrue som er der på ferie, spør nysgjerrig: – Skal de selge kua deres? – Nei, hu e bærre øksen, seier kallen. – Øksen, hva er det for noe? spør byfrua. – Nei, det kainn æ itt fortæl dåkker, men Di får sjå når oksen kjem, svarar kallen. Så kjem oksen ut, blæs i nasen, snøser litt her og der og bykser så på kua. Byfrua, som har gjømt seg bak ryggen på bonden under opptrinnet, kikar fram og seier blygt: – Jøss, er det deri det stikker? – Ja, det e der hainn stekk’en, ja! seier bonden tørt.

Grei forklaring
Vi tillet oss å sakse denne frå Runbjørg Bremset Hansens bygdebok Nærøyfolket (bind I, s. 477). Her er det ei fantastisk tolking av forklaringa til det fjerde bodet, pluss mange flotte dialektord: «Æ huske godt når vi skoill lær oss bibelhistoria og katekisma. Tredje året mått vi lær forklaringa, og dæm som ijtt koinn det, mått gå på gangen, der kleian hang. Der mått dæm stå og skjæmmes. Og æ huski ein troillbaili, hain (….), hain skoill læssa forklaring te det 4. bud. Så sei’n: «Ein dårlig sønn e ein skræmmels for sin far, og ein bætta grønsåp før ho som fødte hain!» Ja, hain va ein skikkelig tåi».

Tøft intervju
Vi held oss til husdyrstellet litt til, og her kjem også det med feil bruk av fremmedord inn igjen. Det var ei som hadde vorte stanga forderva av ei ku og skulle forklare kva som hadde skjedd. – Jau, eg vart intervjua av ei ku, og ho kontakta meg slik at eg er ikkje disponibel på aldri så lenge!

Kjønnstest
Er kalv hankjønn eller hokjønn? spurte læraren i grammatikktimen. – Æ må helst sjå kalven først for å svar på det! sa guten.

Travelt og mykje å gjera
Kanskje mange av oss har det slik på nyåret som dette hjartesukket frå Leinstrand skildrar: «Fjortendåggå foillt opp og trivukku alder det grann».
Frå Oppdal er denne, som beskriv arbeid som aldri synest å ta ende: «Yllöv (elleve) trivukku og fjortendåggå uti trei’ vokko» må ein halde på da.

Godkjøp og takksigelse
Når salget begynner etter jul kan det vel bli råd med godkjøp på både det eine og det andre. Vi tillet oss å sakse ei historie frå årsskriftet for Rindal Heimbygdlag 2012. Joralf Halgunset har her eit stykke med Rindalshumor, som eit supplement til boka Rindalshumor, som kom i 2008. Både artikkelen og boka er absolutt tilrådd!
Men det handlar altså om ein kar som vart sendt for å handle «kakmjøl» (mjøl til brødbaking), og vi siterer: «Men det varte og rakk, og ingen Ola kom att. Folket på garden lurte på kva som hefta han, og det var det første han vart spurd om da han endeleg kom heim. Det viste seg at den dagen hadde dei ein såkalla «godkjøpsdag», med tilbod på nokre varer. (I dag er dette eit vanleg fenomen, men det var sjeldan før). Mykje folk var møtt fram denne spesielle dagen slik at han Ola ikkje kom fram til disken før ei lang tid hadde gått. Da Ola skulle forklare dette for dei heime, sa han: «Dåkk skjønne e træft på ein slik takksigelsesdag på butekken, så defærr tok det så lang tid ferre e kom te attme diska»».

Vervarsel
Det finst enkelte hermer etter kvinner av den eldre garde som hadde fått det viktige oppdrag å høre på vermeldinga og referere innhaldet for kallen når han ein sjeldan gong ikkje hadde høve til å få det med seg. Ei fortalte at det kom nok til å bli eit forferdeleg vêr, for det skulle bli over 500 meter med snø! Ei anna kunne opplyse at det var ein høgfjellsrygg uti havet. Og ei tredje, denne frå den sørvestlege delen av landet, hadde merka seg at «det skulle bli någe Jyske Rev og slikt någe».

Trongt om plassen
Det var stappfullt på trikken i Trondheim. På ein holdeplass måtte ei kvinne gå ut for at ein fyr skulle komma seg av. Ho ville gå inn att, men føraren protesterte: – Det e’ foillt her! – Ja, æ gjekk ut berre for å slæpp ut ein, æ!

Ordkunnskap
Guten kjem heim og fortel mor si: – Mor, i dag kan du tru vi har lært mange nye ord på skulen! – Jamen så fint da! – Ja, læraren snubla i dørstokken!

Ein ditto
To karar frå bygda satt på restaurant i byen. Dei var ikkje særleg vant til dette, og lurte fælt på kva dei skulle bestille. Dei følgte med ein fin herre ved nabobordet. Denne ropte: «-Kelner, ketchup!» «-Hørt du ka’n sa! Det må vi prøv!» sa den eine bygdakaren til den andre. Som sagt, så gjort. Karane forlangte ei flaske ketchup og to glas. Særleg godt var dette neppe. Mannen ved nabobordet hadde drukke ein martini, og bestilte ein «ditto». Aha, tenkte karane, no skal det bli betre. Dei bestilte også ein ditto. Men da ein lettare forbausa kelner kom tilbake med enda ei flaske ketchup, gav dei opp!

Kuristar
To byjenter satt og skrangla i ein buss oppover bygda. Bussen for over ei ferist. -Hva var det? sa den eine byjenta. -Jeg tror det var en sånn kurister, sa den andre.

Kinna kusmør
Vi tek med ei gammal replikkveksling. Det er ein bonde som står på torget og sel smør. Så kjem det ei bydame:  – Er det bondesmør? spør ho. – Nei, det er kusmør, svarar bonden. – Jeg mener – er det trått? spør dama. – Nei, det er kinna!

Brente fyrstikker
Vi tar sjansen på ei herme som kanskje er litt dristig. Det var ei dame som skulle låne fyrstikker med ein kar. På mannfolkvis var det fullt av svartbrente fyrstikker i eska.  Ho kommenterte: – E lika ‘kje sa stekkåinn så karrainn har! (det hører med at denne dama var eit typisk peparmøyemne)

Litt bakvendtsnakk
Hermer med bakvendtsnakk er ein velbrukt sjanger i folkehumoren. Ei og anna av det slaget kan vi alltids ta med her også, slik som denne, etter ein som var på butikken og skulle handle. Han forlangte «anis for peppar og fem for sju!»

Invitt
Det går mange hermer om misbruk av framande og uvante ord. For eksempel denne frå Nordmøre: Det var ei som sa det, når det var noko som irriterte henne: – Uff, det e så inviterandes!

Trekjønnssystemet
Ein gut i sørvestre delen av landet hadde lært om dei ulike kjønn på substantiva i norsktimen. Denne kunnskapen refererte han slik: – Det var nokre hann-ord, og nokre ho-ord, og nokre inkjevetta!

Redd for å bli tatt av
Å ta av er eit gammalt uttrykk for å fotografere, ta bilde av. Professor Reidar Djupedal fortalte om mor si (fødd 1895), som vart redd og gret da dei sa ho skulle avtakast. Ho trudde ho skulle delast i to i apparatet!

Utspredelse
-Æ går på kino så oft æ kainn, sa trønderen, – for æ må no ha litte grainn utspredels, æ å!

Jungelordtak frå Øyer
Dæ minke alt ein tæ tå så ner som skigardshøle’.

Grammatisk analyse
Det var like etter krigen, og ikkje alle slags varer var å få enno. Så var det ein time på skulen; ein gut fekk i oppgåve å analysere setninga «mor kokar kaffe». Jau, sa han, mor er subjekt, kokar er predikat, og kaffe er surrogat!

Servelatservice
Det var ein kar på det indre Austlandet ein plass som hadde visse problem med fremmedorda. Han hadde kjørt seg av vegen ein gong, men fortalte at det hadde komme ein servelatbil og berga han opp att!

Kontant svar på engelsk
Kristen Løsetta (i Rindal) hadde vore i Amerika eit års tid og påsto at han omtrent hadde glømt tå å snakke norsk. Dette var ei ordveksleng myllå han og kjerringa. Ein gong han satt ved bordet heime og skulle få seg mat, mangla han tallerken, og han ropa til kjerringa: «Have you tretallek»? «Yes oppi rækkånnj», svara ho kontant.
Stor takk til Ragnhild Stavne Bolme for denne herlege historia! Den står visst også i boka «Humor i Rindal» (2009), som alle humorglade bør skaffe seg. Og så har Leif Halse visst ein variant i boka «Lite tå kvart (Nordmørshistorier)» frå 1968.

Pinnekjøtt
Innherredsbygg sitert  i kø på julekoldtbord på Kielferja: «Dæ du, pinnjkjøt like itj æ nei! Da går`n bærre å roppa skinnfeillj ræsten tå vækka!»

Gammalt trøndersk jungelordtak
Kjyss e som krut; når det smell, så e det slut.

Bakvendtsnakk
”-E såg æn fasttina isbil oppi Modalå!” sa den eine surnadalingen. ”-Ja, han frys vel snart læs (laus) att!” sa den andre.

Oksydert
Ei landsens jente hadde vore ute av bygda ein periode, og lært seg litt «finare» språkbruk. Men så var ho tilbake i heimemiljøet igjen, og for etter vegen med ei ku. Ho møtte ein som spurte kva ho skulle med kua. – Jau, ho skulle få ho oksydert!

Visdomsord frå Steinkjerkanten:
– Det e itt all som hi kvar sin smak!

«Seven Up» på surnadalsk
Hørt 1.12.12: Det blir påstått at surnadalingar skal ha kalla drikken «Seven Up» for «sju åt vera!»
Men surnadalingane skal visstnok også kalle overlegen for «evvedokter».

Å løyse broka
Dette betyr, som mange vel veit, å gjera sitt «fornødne». Men så var det det, at gammalt folk gjerne sa at dei «løyste» ein ting når dei var og betalte og henta ut noko. Dermed var det ein som kom til skreddaren etter ei brok (bukse), og sa: «-Eg kjem for å løys’ brokja!»

Onnearbeid som åndeleg arbeid?
Store, breie river til å laga høykjemmer med, er gjerne kalla kjemm(e)river. I Rindal finst også namnet læssarriv’. Dette døpte ein vittig hund om til relliøsriv’ – med ordspell på læssar (=lesar, personleg kristen).

Meir emigrant-språkforvirring
Gammeldansgruppa «Nord-Fosen Dannede Sælskab» følgjer opp på Facebook med denne historia om språkproblem for dei som drog til Amerika: «En snekker emigrerte til Amerika sist på 1800-tallet. Han etablerte seg, og var i ferd med å slipe opp verktøyet da han var uheldig og ødela sveiva til slipesteinen. Gode råd var dyre, og mannens engelskkunnskaper på et lavmål, men han gikk til naboen med følgende bønn: Ai hævv broken mai vaif, mei ai slip vitt jårs?»

Eit Amerikabrev til
Jarle Langfjæran, Mosvik, bidrar med denne:  «Amerikabrev: Ei kjærreng ha fått brev ifrå brora sin i Amereka å sa åt nabokjærrinjen: Trøste mæ, det sto i brevi at hannj skollj vårrå i saltlaka i fleir vækka!»

Fæl rundt tranten
Svein Guddingsmo, Verdal, skreiv inn om ordet trant. Tranten = truten, munnpartiet. Han hadde denne historia: «Eg kom på noko artig eg høyrde vart sagt. Det var for 50 år sea, eg hadde noko snekkararbeid hos ei aillervoli dame i nærleiken av Øra (d e Verdalsøra). Ho hadde sonesonen som var eit par år hos seg. Dama skulle innpå Øra på litt handel og guten skulle vera med på sykkelen. det var varmt ver og guten var ute på gårdsplassen og rota med sitt. Han var nok ikkje så heilt rein. Bestemora ropa på han: «Du må komm inn strek så æ får fli tå dæ litte. Du sjer da ut vær’ kring trant’n einn gris’n rundt rauva.»»

Vaskebrett?
No kan vi bringe enda ein uttalelse frå ein trøndersk sjåfør:  – E6 ‘n såg ut som ei tu-itti konfektæsk!

Stor fart
Travel trøndersk bilist: – Æ vesst itt kor fort æ kjørt, men løktstolpan kom buntvis!

Trebit merr
Historia om rotta som laga «kåra» av jarn og mask av stål, kan følgjast opp med denne: Det var ein som hadde så trebit ei merr (krubbebitar) at ho knaska totoms plank som det skulle vore kløverfor!

Mask
Helgas nøtt var ramask, som truleg er samansett med mask = rusk, smått avfall. Først ute med svar var Ragnhild Stavne Bolme, Rindal, som også har denne historia om mask:
«Det var ein eldre kar her i bygda som var kjent for å vera svær til å overdrive når han hadde noko å fortelja. Han var til sjøs i sine unge dagar og på den båten han var vart dei så opprådd tå ei stor fæl rotte. Til slutt sette dei opp eit øksblad framom rotteholet, men rotta gnog seg gjennom øksa. Ho gnog seg først gjennom jarnet, da vart det kåra (tennspon), men da ho kom innpå stålet vart det berre mask».

Dobbel fustasjeopphengsforkobling?
Ein kar i heimbygda mi brukte å vera med ein reineigar til by’n. Reineigaren hadde bra med pengar og handla mykje, medan den andre ikkje var så godt forspent med den sorten. Likevel hadde han lyst til å gå og sjå i forretningane, men hadde ikkje råd til å kjøpe noko. Men når ein ekspeditør kom og sa ”værsågod!” kom han seg ikkje til å seie nei heller; han måtte spørje etter eitkvart for å vera høfleg, syntest han. For å ikkje bli heilt opprådd, eller blakke seg heilt, begynte han etter kvart å forlange slikt som rivhaujar og krøtudåsa. Det hadde dei garantert ikkje!
Dette krev vel litt forklaring: Rivhaujar (rivehovudjar) er trevirke som var bruka til rivehovud. Dersom eit tre hadde vorte skadd, vart det som voks over der, gjerne ekstra hardt og høvde godt til rivehovud. Og krøtudåsa (fleirtal) er heimestøypte, simple lys av krøtu – botnfallet av den smelta talgen ved lysstøyping. Slike vart veikare og styggare enn vanlege lys.

Musikktypar
Ein østfolding som dirigerte arbeidarmusikken på Sunndalsøra, opererte med tre typar musikk: ”marsjær”, ”valsær” og ”støkkær”.

Nytt lyte hos hest?
Lystig medlemsmøte i Neadalslaget i Trondheim- med påsmurt julebrød med gomme og myssmørost. Praten gjekk om setermat m m. Det var da vår einaste austlending ved bordet greidde å tolke «blautmyssmær» som «blautmus-merr»! Kanskje eit nytt lyte hos hest?

Manglande tær
Fekk høre om han som hadde vore uheldig og skote seg sjøl i foten under jakt. Han hadde gått med ladd og usikra børse. Hos dokteren forklarte han seg: «Stortåa å i tå te e tå, men litjtåa å to te te e te!»

Synsbedrag
-Det va et synsbedrag, sa mann’, han messhørt sæ (Hitra).

Om å ha «løst»
Tydalingen delte lugar med ein annan kar, og så var dei enige om at han skulle stå opp først og gå og få seg mat mens den andre stelte seg. Slik vart det gjort, og tydalingen var på veg tilbake til rommet for å hente røyken sin. Han møtte romkameraten, og spurte: ”Ha du løst?” Romkameraten fòr til matsalen det fortaste han vann….! Forklaringa ligg i at løst her = ’låst’, fortid av å låse (læse), og ikkje løst (lyst).

Litt om lyte hos hest
Oppsummering av lyte hos hest, frå Hølonda: Sokkåt, dreplåt, kanøgd og bless, innfet og full tå fanskap, skåkvar og redd toget!
Det finst mange variantar av dette. Her er eit par: «Sokkåt og blessåt og kanøgd te kness» (Oppdal). «Sokket og blesset og kanøgd på sness» (Soknedal)

Maroder
Kjerringa hadde fått brev heim frå den utreiste sønnen, og konstaterte at han hadde fått ei høg stilling i Amerika. Han var nemleg maroder på eit sjukehus, stod det.

Advertisements

5 thoughts on “Det muntre hjørnet

  1. Anne Mari Svinsaas on said:

    På Løkken har vi helt opptil vår tid hatt et klart klasseskille, som på de fleste bergverkssteder. De fine «bortom bekken» (der det var kveldssol, må vite!) snakket bortimot riksmål, mens de andre snakket løkkenbygg eller me’daling.
    Noen av de riksmåls-snakkende var jenter fra dalføret som hadde gjort det godt i livet og blitt gift med en funksjonær på «Bolaget», altså på Orkla Grube-Aktiebolag, og det hendte det skar seg litt mellom riksmålet og den dialekten de var oppvokst med. Men det var forventet at de la om dialekten, og dette var sikkert ikke så enkelt.
    Slik var det også med damen som en gang på 50-tallet, da den kalde krigen var på sitt kaldeste, skulle gi uttrykk for sin redsel for atombomben. Hun hadde nok misforstått ordet atom en smule, for hun syntes ikke det var fint nok å si «attom». Atombomben ble derfor til bakenforbomben i hennes munn, til stor fornøyelse for folkevittigheten…
    Slik kan det gå når klassesnobberiet får bestemme.

  2. tojk on said:

    Det var litt Flettfrid over den!

  3. Anne Mari Svinsaas on said:

    Apropos bensinforbruk: Ei dame overhørte en diskusjon om bensinprisene – det var snakk om at nå var bensinen blitt så dyr at en bare kunne stalle opp bilen i garasjen. Da kommenterte dama: Nei, det merke itj æ nå te, æ. Æ fylle no for 200 krona som æ ha gjort bestandig…

  4. Hei! Eg kan føye til, frå «FB-bloggen» til Senjamållaget, ei lita utdjuping. Frå månadsskiftet november-desember har SML fleire gongar for veka presentert eit nytt «senjamålsord». Tilfanget er frå «Ikkje så galle?», men framstillinga er noko popularisert samanlikna med sakprosaen i ordboka. Kos dokker! Vel overstått jul og Godt Nytt År til alle i hop! Helsing SN

    Senjamållaget

    Published by Steinar Nymo · 7. desember kl. 19:19 ·
    .

    Nytt senjamålsord: ATTANA
    Å skrive er ein ting, å få aksept for det, er ein annan. Vi i Nord-Noreg er så heldige å ha ord som (offisielt) ikkje eksisterer på norsk. (Dei står ikkje i ordbøkene, altså finst dei ikkje.) Språkrådet har fått tilbod om å ta dei inn under sine vengar, men vil ikkje. Kva ord det gjeld? Eit kjent merke for SM-talande og mange andre håløygar er dei såkalla «–ana-preposisjonane.» Ei meir komplett lista ser slik ut: Ovana, oppana, nedana, unnana, vestana, nordana, austana, synnana, sørana, innana, utana, attana, framana, heimana – og kanskje fleire. Dei er framleis produktive.

    Det ser ut til at ‘–an’ føre -a er eit fugeelement, slik vi finn det i ‘uta(n)på’ (til skilnad frå ‘utpå’), men den avsluttande –a-en er eit meiningsberande element med tyding: –ifrå. Orda finst ikkje i NN-ordboka. Det ser ut til at dei har nordnorsk utbreiing, berre flekkevis sørom Trøndelag. Elles gjeld den kortforma vi kjenner frå GN: -an. Det blir då ‘ovan’ der i staden for nordnorsk ‘ovana’. Men – mens den tillatne kortforma er lite i bruk, så ser den «illegale» -ana ut til å leve sitt eige liv,»i synd og gaman», uforstyrra av Språkråd og skriftnormer.

    Når språkvitarane skal gje ord og former ordboksrang, så er det særlig 2 ting som har status, 1. kva ‘hevd’ ordet har i språket og 2. om det er levande i talemålet. Viss vi skal finne opphavet til –a-en, så må vi tilbake til den IE preposisjonen ‘au’ (bort, vekk, ifrå). Då er vi 3000 år før NT. Seinare finn vi han som –o (uttale: å) hengt på GE adverb (westano). På det vi har av GN skriftligheit finn vi berre kortforma, men på samtidige GE etterfølgjarspråk som gamalhøgtysk og angelsaksisk er han dokumentert. På gamalhøgtysk finn vi endåtil spørreordet: ‘Uuana pistdu?’ (Kor er du ifrå?)

    Viss hevd skal spele ei rolle, og det bør han vel, så er det vel liten tvil om at «ana-preposisjonane» har vore i bruk hos oss heile tida. Dei har m.a.o. mykje betre hevd enn GN si kortform, og det må vel vere litt spesielt? Frå dagens SM til GE er det 2000 år, til IE er det 5000. Når det gjeld om dei har utbreiing i språket, så er det 2 svar på det. Orda er høgfrekvente på nordnorske målføre, men finst berre flekkevis lengre sør. Det blir då ei prinsippavgjerd for Språkrådet om ‘halogismar’ (håløygske ord) høyrer heime i norske ordbøker.

    Heller ikkje i den nye 12-binds Norsk Ordbok, den «komplette» ordboka over det norske språket er –ana med. Einast kunstprodukt som ‘ovanav’ og ‘utanav’ har dei funne plass til. Dei referansane dei opererer med, skal ingen få meg til å tru er ekte. Eg kan ikkje fri meg for å meine at vi nordana må ta største skylda for at det er slik. Vi har vore for lite aktive i dei prosessane som har skapt NO. Men i tillegg må det skyldast ein god porsjon arroganse i det lauget som er sett til å vere språkvaktarar. Og ettergjevande haldningar frå heimelspersonane; dei har late seg pådytte ein –v som ikkje finst, i trua på at det «berre var ein a’glømt-v» det var snakk om. (Det var jo slike forklaringar vi fekk i skolen.) Slike «a’glømt-v-ar» finst det nøgda av. I «Vett og Uvett» som Språkrådet bruker som kjelda, finn vi den åtvaringa at det er hålt bortmed fjøsnova «ita nokke a’glømtmelk».
    Men det er ikkje a’glømtmelk det skal gråtast over hêr. Det seiest at arroganse og ignoranse er ein uslåelig kombinasjon. Men å «konstruere inn» bokstavar som ikkje har vore i det levande språket før, iallfall ikkje på tusenvis av år, det verkar å vere i drygaste laget, sjølv for eit ufeilbarlig statsorgan. Dei v-ane skulle dei heller ha prøvd å dytte på germanarar eller angelsaksarar. Eg tenker dei skulle ha fått svar.
    Ver ærlig, ville du ha hengt ein V på attana og meint at det var same ordet? I så fall er du trulig kvalifisert til å bli medlem av Språkrådet eller i det minste til ei høg stilling i redaksjonen for Norsk Ordbok.

    • tojk on said:

      Det er jo ikkje minste tvil om at vi har å gjera (som dine eigne døme viser)med «ovanav», «utanav» etc, med eit heilt normalt bortfall av v-en, og at normeringa såleis er rett. Det står eg på som fagperson og tidlegare medlem av redaksjonen i Norsk Ordbok. Det finst ikkje grunnlag for din sterke ordbruk her, Steinar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: