Rakkelspørsmål
Under denne overskrifta kjem vi til å legge ut nye nøtter etter kvart. Da er det flott om de sender svar på e-post (sjå kontaktinformasjon), så vi kan få gjort litt stas på den som kjem med rett svar!
RAKKELSPØRSMÅL 14.5.14: Å gjera heng(e)lås
Det er på tide med ei ny ordgåte. Kva tyder dette uttrykket (og vi ser da bort frå at det sjølsagt kan vera å produsere hengelås). Her er alternativa: 1. Henge med leppa; furte, surmule. 2. Drive dank; sitte med hendene i fanget. 3. Konsentrere seg sterkt og stenge alle inntrykk ute.
Her var det fleire som prøvde seg, men ingen gjetta rett. Å gjera henglås er eit uttrykk brukt fleire plassar i Trøndelag om å drive dank (og sitte med hendene i fanget, eller kanskje frå først av – å ha armane i kors over bringa).
RAKKELSPØRSMÅL 21.4.14:
Ekte rakkelspørsmål igjen denne gongen, ei gåte med andre ord. «Armlaus og tarmlaus kjem skrikandes til verda» – kva er det?
Dette var nok ikkje så enkelt, men folk peila seg inn etter kvart. Den som kom heilt i mål, var Randi Olise Hoel. For svaret er rett og slett fisen! Denne versjonen av gåta kjem frå Lista.
RAKKELSPØRSMÅL 28.3.14: Attrabau! er det: 1. Tilbakeslag 2. Avbod/avbud eller 3. Bremsekloss
Attrabau, attrabø, attrabo – uansett uttalevariant er det alternativ 2, avbod/avbud (tilbakekalling) som er rett. Det visste Nils Ulvund, Gudbjørg Høgstad, Ola Flå, Ingvild Valsø, Erling Flem, Oddbjørn Heggem, Unni Raphaug og Ragnhild Stavne Bolme. Ordet er (eller var) visst ganske vidt utbreidd. I Nynorskordboka finst det som atterbod.
RAKKELSPØRSMÅL 10.1.14: Årets første rakkelspørsmål (gåte) lyder slik, i versjon på tradisjonelt mål frå Beitstad i Nord-Trøndelag: «Keinn som e mæst klappa og minst kyssa?»
Her er det nok ingen riktige svar så langt. Frå somme er det komme forslag om at svaret er dei sjøl, men det får vi da ikkje tru! Nei: Svaret skal vera omnen og dørklinka!
RAKKELSPØRSMÅL 29.12.13: Denne gongen ei ekte gåte, i to variantar: Nattgammelt hau (hovud) på ein hundreårgammel kropp? Eventuelt: Nattgammel hatt på eit hundreårgammelt hau? Kva er det?
No ser eg at vi faktisk har spurt om akkurat det same den 8.2. i fjor! Svaret kjem i alle fall her, og Sigrun Helene Konstad hadde rett med sitt «indre bilde»:
RAKKELSPØRSMÅL 21.12.13: Julkubbe! Er det a) Stort julelys b) ein som går på utidig besøk julekvelden eller c) stor vedkubbe som brenn lenge på julekvelden?
Riktig svar her er c) -ein julkubbe eller julkveldskubbe er ein stor vedkubbe som brenn lenge utover julkvelden og – natta. Det visste Einar Sæterbø og Vigdis Wærum.
RAKKELSPØRSMÅL 14.12.13: Jultroll! Er det a) Slem unge som ikkje får julepresangar, b) fillete klede til å gå med i tida før jul, eller c) ein sort julekake?
Og svaret her er b – fillete klede til å gå med i tida før jul. Rett svar frå Bjørg Gravem, Arnold Grytbakk, Kirsten Nyvoll, Eva Strauman, Irene Løvseth, Eva Kjelstad, Bodil Margrete Rød, Jorid Elvine Myhre, Sverre Bjørkås, Rita-Elin Hovde og Solveig Foshaug. Ein skulle leva spartansk i tida før jul, som Sverre seier. Det er mange andre ord for dette, i svarinnlegga kom bl a «julraven» og «jultafså» fram. Ordet jultroll om dette finst bl a i Gudbrandsdalen og Oppdal. Det har nok også vore sagt om personen som gjekk i slke klede.
RAKKELSPØRSMÅL 29.11.13: Eit uttrykk denne gongen: «Han fekk anna rauv å tut ti», Vil det seie at han a) fekk hemoroidar, b) vart gift på nytt, eller c) fekk det verre enn før?
Og riktig svar her er c. Det visste Jostein Løkken, Harald Røstad, Jorunn Ertvåg, Pål Gjønnes og Anne Mari Svinsaas. Uttrykket kunne også bli brukt som trussel: – Du ska få anna ruav å tut ti (viss du ikkje oppfører deg e l).
RAKKELSPØRSMÅL 16.11.13: Det er ei stund sia vi har hatt eit reint ordspørsmål her, men no er vi på plass igjen. Og ordet er BRØDRUVE. Er det a) stor klump med avføring, b) lubben peron, eller c) brødstabel?
Og svaret her er c) – det handlar om flatbrødstabelen. Kontant og riktig frå Ansgar Sæther, Rita Hovde (fordi den «ruver» godt, plusspoeng for den, Rita 🙂 ) og Ann Grimsmo.
RAKKELSPØRSMÅL 1.11.13: I versjon frå Hitra: «E bærje e det roinne, e skogjen e det foinne, e fjøse ha det vårre, på ryggjen e det bårre, barka og beitt, innsmort med feitt, dainse på ein hårpong». Ja, no kan de gjette, no!
Her må vi godkjenne to svar: Ridesalen (hipp hurra for Kari Margrethe Okstad!), men også seletyet (greiet) til hest (slik Gunn Øien, Karl Fleming Bruun og Astrid Mortensvik har svart). Gåta finst i fleire variantar, her er ein frå Støren/Singsås: «I skoga e det runni, i skoga e det funni, i smien e det smidd (i barksåa e det barka), med rauven e det gnidd, det hoppa på en hårpong».
RAKKELSPØRSMÅL 18.10.13: Vi prøver oss på ei ordgåte igjen. Og ordet er VARSKÅK. Er det a) Hårsår person b) Tverrtre mellom skjæker (i draget mellom hestesele og vogn), eller c) Noko å ha i reserve, i bakhand?
Dette var visst ei skikkeleg nøtt! For det er ingen som har tippa alternativ c. Ei varskåk er opphavleg ei skåk å ha med i reserve, i tilfelle ei av skjækene skulle ryke. Så har det gått over på noko ein har i bakhand, i reserve, eller noko som rett og slett kan vise seg å vera «kjekt å ha» og som ein derfor ikkje bør kaste. Det er også brukt om ein person som er med og hjelper til, greier opp i ting, t.d. var det sagt om den som var med som talsmann for ein friar. Ordet hører heime i Oppdal, på Nordmøre og i Nord-Gudbrandsdalen.
RAKKELSPØRSMÅL 11.10.13: Idag kjem ei gåte: Raud stakk, svart hatt, står på trebein, full tå småstein! Kva skal vi fram til? Det var sjølsagt nypa! Det visste Torill Aasegg, Dagrun Gulstad, Gudbjørg Høgstad, Elllinor Larsdotter Svisdal, Bergit O. Mikkelsen, og Solfrid Helene Lien Langmo.
Sjå meir om nype i eige innlegg i dag 13.10.: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/10/13/nype/
RAKKELSPØRSMÅL 20.9.13: Ei ekte gåte denne gongen, i inntrøndersk versjon: «Det går emot bakka og oinna bakka og ber et mainnlår i kjæfta?» Kva i granskogen er det? Løysinga her er sjøstøvlane, iflg kjelda.
RAKKELSPØRSMÅL 13.9.13: LANGROMPSLAGET! (langrumpeslaget). Er det a) ein sort mus b) ein sort tussar (i folketrua) eller c) velståande folk, «fine» slekter? Rett svar her er c) Det visste Ann Grimsmo og Rita Hovde.
RAKKELSPØRSMÅL 6.9.13: Eit ord som truleg er ganske lokalt, men prøv likevel: Kremmill! Er det: a) Eit slags dessert b) Ein stakkar eller c) Kramsnø? Og rett svar er b, ein stakkar, ei pyse. Så Eva Kjelstad, du kunne nok ikkje servert dette som dessert til gjestene dine. Dessverre ingen riktige svar, og ordet er nok ganske lokalt for Gauldalen. Spesielt Midtre Gauldal, men også Ålen. Ordboksmannen Hans Ross registrerte det også frå Setesdal i si tid.
RAKKELSPØRSMÅL 30.8.13:
I dag blir det eit ord igjen: Regnkråke? Er det. a) Hakkespett b) Person som er ute i regnet og blir våt eller c) paraply? Riktig svar er a) Hakkespett. Berit Sandnes greidde den! Nærmare bestemt er det svartspett, for det blir påstått at den varslar regn. Ordet finst spreidd i Trøndelag og på Nordmøre. Regnkråke kan også vera namn på vanleg kråke, og på lavskrike.
RAKKELSPØRSMÅL 23.8.13: Rakkelspørsmål i eigentleg forstand også denne gongen, i versjon frå Helgeland: ”Rau i toppen, gjær godt i kroppen, går ut av boksæ og inn i folk”. Kva er det? Og nei, det er ikkje så gale som det ser ut til!
Ja, dette var nok ein liten luring! Ingen heilt rette svar denne gongen, men nærmast kom Britt Eli Døsvik, som foreslo tyttebær. Men det er molte, og buksa som ho går ut av, er vel hamsen.
RAKKELSPØRSMÅL 16.8.13: Denne gongen ei retteleg gåte, formulert etter mor mi på tradisjonell øksendalsdialekt, med dativformer intakt: «Raud i nakko, står i bakko, ti still den som veit det!» Svaret er sjølsagt tistel, på dialekt tistill. Dermed har ein eigentleg sagt svaret alt når ein har spurt gåta. Dette er ei undergruppe i sjangeren lurespørsmål. F.eks. kan det bli spurt: Tre mann gjekk over ei bru, og ingen gjekk i midten. Her er løysinga at mannen heitte Ingen. Men gåta om tistillen er nok velkjent mange plassar. Rett svar frå: Gudbjørg Høgstad, Per Odd Molberg, Solveig Foshaug, Anne Grete Fostervold Lie, Ragnhild Stavne Bolme, John Melkild og Frode Aksnes. Og her ser vi tistillen:
RAKKELSPØRSMÅL 9.8.13: Skinnfellbrun (adj)! Er det a) brun i baken b) umoden, om molte eller c) svært bleik? Og riktig svar er c. Det visste Britt Eli Døsvik, Anne Mari Svinsaas og Randi Olise Hoel. Eg fekk inn ordet frå Budalen som materiale til ein quiz, brukt i gebursdag 10.8. Sagt om f.eks. kjærestepar som tydeleg har gjort andre ting enn å vera ute på ski i påskhelga, som har tilbrakt mykje tid inne under Syden-tur etc. Da blir dei «skinnfellbron».
Må legge til at det også er komme inn riktig svar frå Gudbjørg Høgstad og Astrid Ingunn Sæther.
RAKKELSPØRSMÅL 2.8.13: Unnamonn! Er det a) forsprang b)nedoverbakke eller c) det at underkjolen stikk fram under kjolen, det same som «å selje flesk»?
Rett svar denne gongen er a). Unnamonn er forsprang, og det visste Stig Vognild, Ragnhild Stavne Bolme og Astrid Ingunn Sæther. Sistnemnte lurer på om det er eit nordmørsuttrykk, men det er nok vel så mykje trøndersk. Det er også kjent mange stader sønnafjells.
RAKKELSPØRSMÅL 26.7.13: Felose! Er det: a) krøttersjukdom b) ein raring, skrue eller c) ein dings, duppeditt? Og rett svar her er b, som både Ragnhild Stavne Bolme og Anne Mari Svinsaas sa. Truleg kjem det frå engelsk fellows, i fleirtal. Begge dei to nemnte damene koplar det til felure/filure, og det har nok vore kontakt mellom desse orda. Filur(e) kjem frå fransk filou ‘skøyar’, men tilknyting til ord på -lur(e) i norsk.
RAKKELSPØRSMÅL 12.7.13: Tufsfinger! Truleg ganske lokalt ord, så her blir nok somme område sterkt favorisert, men la gå: er det a) veik finger b) pysete person eller c) bandasjert finger?ger
Riktig svar er c) bandasjert finger. Det visste Ragnhild Stavne Bolme i Rindal. Ho har likevel eit anna ord for dette i Rindal; «lørvfenger». Tufsfinger er kjent frå Meldal og Rennebu, og Oddbjørn Nærvik kan supplere med Orkdal som heimfesting. Så får ein heller diskutere om uttalen er «-finger» eller «-fenger».
RAKKELSPØRSMÅL 5.7.13: Svane i parken St. Stephen’s Green i Dublin her. Men i dag kjem det eit retteleg rakkelspørsmål: Kva er forskjellen på ei svane og eit spebarn?
Da er det på tide å avsløre svaret: Forskjellen er at svana voggar på vatnet, men spebarnet vatnar i vogga!
RAKKELSPØRSMÅL 21.6.13: Melokko! Er det a) slå, stengsel midt på ei dør, b) fakter, grimasar, eller c) fantstreker? Svaret er b) fakter, grimasar. Gammalt trønderutttrykk som ser ut til å vera lite kjent i dag.
RAKKELSPØRSMÅL 14.6.13: Eit uttrykk denne gongen: å gjera si hand fri. Er det a) å gjera det ein har forplikta seg til, b) å skille seg (frå ektemake) eller c) å rømme frå arrest? Svaret er a) – å gjera det ein har forplikta seg til.
RAKKELSPØRSMÅL 31.5.13: Ufåttå er eit lokalt uttrykk frå Innherred. Men når det er ufåttå, er det da: a) uforståeleg b) at veden er rå, så han ikkje vil brenne, eller c) ulendt, uframkommeleg?
Og da kjem avsløringa: Ufåttå betyr ulendt. Ordet er registrert frå Skogn og Sparbu. Rett svar hadde Ninni Gunn Dørum og Ann Grimsmo! Takk for svar også til Bjarne Berg og Jorunn Munkedal, og til Randi Olise Hoel for kommentar. Ofått er nok eit anna ord, som vi kanskje kan kommentere ein annan gong!
RAKKELSPØRSMÅL 24.5.13: Trønderuttrykk denne gongen: å tørk(e) i kropp. er det a) å la våte klesplagg tørke på kroppen b) å bli tynn, magrast, eller c) å vera tørst, å tørste? Og riktig svar er a) – å la våte klesplagg tørke på kroppen. Nokon hadde tippa c) for det finst uttrykk som liknar, og betyr nettopp å tørste.
RAKKELSPØRSMÅL 18.5.13: Kvessingeld. er det a) eld i smia b) pinsebål eller c) illsinne?
Og rett svar her er b) pinsebål. Rindalingane slår til denne gongen, nærare bestemt Ragnhild Stavne Bolme og Ann Grimsmo. Kvessingeld er lokalt nettopp for Rindal og Surnadal. Men også Anna Harris har meldt inn riktig svar. Førsteleddet er kvitsunn, det gamle ordet for pinse. I Oppdal heiter det kvissinneld, i Sunndal tala dei om å brenn’ kvesinn.
RAKKELSPØRSMÅL 10.5.13: Knoppelfengra. Er det a) finhendt b) slepphendt, klønete eller c) klåfingra? Riktig svar her er b), eit godt, gammalt trønderord. Rita Hovde tippa rett også denne gongen!
RAKKELSPØRSMÅL 3.5.13: Jamkara. Er det a) karar som spelar jass? b) karar som er like sterke, eller c) fylt til kanten? Og her er det alternativ c) som er rett – fylt til kanten! Det visst Rita Hovde på Frøya, som opplyser om uttalevarianten «jamkala» derifrå.
RAKKELSPØRSMÅL 26.4.13: Ei verkul(e). Er det: a) ein meteor b) ein verkebyll eller c) ei kjuke på trestamme? Da er det på tide å avsløre svaret, og her var det nok somme som vart lurt. For ei verkule er ikkje ei kjuke (rirkule), men ein meteor. Det var to brør i Rindal som såg ei «verkul» på veg heim frå fest ein gong (veit ikkje om observasjonen var heilt påliteleg, men…!)
RAKKELSPØRSMÅL 19.4.13: Pressangter! Er det a) presentere b) å gjera honnør eller c) serveringsbrett? Riktig svar er c) serveringsbrett, og det visste Jarle Langfjæran i Mosvik.
RAKKELSPØRSMÅL 12.4.13: Eit uttrykk denne gongen: «Som turru ifrå graut». Vil det seie a) som fot i hose; utan problem; radig – b)fort, som ein vind, eller c) halvgjort, uferdig (og brått gått ifrå)? Rett svar denne gongen er c). Å gå som turru frå graut er å gå brått ifrå noko som er halvgjort eller uferdig.
RAKKELSPØRSMÅL 5.4.13: Ordet er kjonhus. Er det a) leikestue b) horehus eller c) forfalle hus (som krev masse oppussing)? Og rett svar er a), altså leikestue. Å kjon(e) kan bety mange ting. Fleire plassar i Trøndelag kan ungar kjone seg – altså leike seg, trøye seg, og kjonhus og kjonstu er brukt i Inner-Namdalen om leikestue. Her er forresten uttalen gjerne kjorn-.
RAKKELSPØRSMÅL 29.3.13: Ordet er grastasse. Er det a) markmus b) slåmaskin eller c) bjørn som held seg til planteføde? Svaret er c. Ragnhild Stavne Bolme slutta seg til det ut frå at ho kjenner nemninga grasbjørn for ein slik bjørn. Grastasse og grasbjørn blir da i motsetning til slagbjørn, som har fått smaken på anna enn planteføde.
RAKKELSPØRSMÅL 22.3.13: Kva er akkedas? Er det a) diskusjon b) sukking og jamring, eller c) akkordarbeid? Og svaret er sjølsagt a – diskusjon. Jamfør å akkedere, f.eks. om pris. Dette visste våre trufaste venner Ann Grimsmo, Rita Hovde og Ragnhild Stavne Bolme!
RAKKELSPØRSMÅL 15.3.13: Ei ekte gåte denne gongen – Kva er det for eit tre, rota opp og toppen ned, veks om vinteren og minkar om våren? Svaret er : istappen. Det visste Ann Grimsmo i Rindal, som fortel at dette var eit kjent rakkelspørsmål frå barndommen.
RAKKELSPØRSMÅL 8.3.13: Haugraka? Er det a) overfylt b) snauskalla eller c) snauhogge, om skog? Svaret er a) overfylt, og det visste Rita Hovde på Frøya!
RAKKELSPØRSMÅL 1.3.13: Ordet er asver. Er det a) ein ustyrleg ver (saubukk), b) uroleg, stridt vêr, eller c) stressa person? Rett svar gir heiderleg omtale! Og svaret er b) uroleg, stridt vêr, akkurat som vi har hatt det på våre kantar denne helga.
RAKKELSPØRSMÅL 21.2.13: Ordet er skresamt. Er det da: a) bakglatt b) bråkete, eller c) slik at det går mykje til spille av noko? Svaret er c) – noko er skresamt eller skræsamt når mykje av det går til spille. Dette visste Solveig Foshaug, Ninni Gunn Dørum, «Johan on» og Ann Grimsmo.
RAKKELSPØRSMÅL 15.2.13: Eit ord denne gongen: Tullsuppe/tullasuppe? Er det a) Tøv og tull (jamfør Supperådet) b) Tøvete kvinnfolk, eller c) Suppe eller velling der ein arbeider inn mjølet med tvare? Rett svar er c) og det visste Ragnhild Stavne Bolme, Rindal!
RAKKELSPØRSMÅL 8.2.13: «Nattgammal hatt på eit hundreårgammalt hau, evt nattgammalt hau på ein hundreårgammal kropp»?
Her kjem svaret, i form av eit bilde:
NYTT RAKKELSPØRSMÅL: Ti tittilonga dreg ein fispong over eit snauskalla berg! Kva i verda er det som går for seg da? Jau, da er det ein kar som dreg på seg broka, eller buksa. Mange utformingar av denne gåta; versjonen her er visst frå Aure. Ann Grimsmo visste løysinga og meiner å ha hørt noko liknande. Ragnhild Stavne Bolme har ein variant frå Rindal: «Ti klønarar dreg ein fispåsse oppover et taterberg!»
UTPREGA RAKKELSPØRSMÅL TIL DENNE HELGA OGSÅ: «Kall’n låg og angra, kjerringja låg og sangra. Så sto kall’n opp og sett’n ti. Å da fekk kjerringja såvvå e lita ri». Scene frå eit ektesskap på Innherred, men kva er det som skjer? Det er sjølsagt ikkje det som det ser ut for!
Anne Mari Svinsaas prøver seg med at faren står opp og stappar smokk i munnen på den skrikande ungen som han angrar på at han har gjort. Dette kan vera eit moderne svar. Men i den eldste versjonen er det ei uthusdør som ikkje er hatt skikkeleg igjen og som står og riksar. Så står kallen opp og stikk ein pinne i låsen…
DENNE GONGEN KJEM EIT RETTELEG RAKKELSPØRSMÅL, altså ei gåte: «Børsa e tå skjinn, kula e tå vinn, sekta på helan og træft nassinn». Utforminga er frå Stjørdalsbygdene, men kva er det fortalt om her? Ja, dette er sjølsagt fisen, og det ser ut til at gåta er spesielt godt kjent i Rindal av ein eller annan grunn. Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme hadde i alle fall ingen problem med dette!
NY NØTT: Koffertokse! Er det: a) inseminør b) avlsokse eller c) ein som «tenker koffert»? Og dette er sjølsagt alternativ a) – inseminøren! Det visste (eller gjetta?) Rita Hovde på Frøya.
NØTT PÅ NYÅRET: Sladderbleim! Er det: a) sladrehank b) blemme på tunga eller c) sladderhistorie? Her er rett svar alternativ b – blemme på tunga. Det skal vera teikn på at nokon har sladra om ein. Dette visste Kristoffer Nordvik og alltid trufaste Ragnhild Stavne Bolme. Lygarblemme er eit anna ord for det same.
NØTT I NYÅRSHELGA: Rånnåve! Er det a) skog tatt av ras b) tryneband til slaktegris, eller c) rastlaus person? Det er tryneband til slaktegris. Det visste Konrad Haugum fra Byneset, og rånnåve er ganske riktig eit godt gammalt Bynes-ord, også kjent frå stader som Melhus og Rissa. Det kunne kanskje verke forvirrande at vi har eit verb å rånnå som bl.a. betyr å husere, grassere, slik Ragnhild Stavne Bolme i Rindal er inne på. Ho kjem seg likevel inn på rett spor ved å kople til råttve, som er ordet for trynebandet der i bygda. Rånnå- i rånnåve er nok det gamle norrøne ordet rani ‘tryne, snute’. Det er truleg dette som går inn i namnet Ranheim (eldre uttale: «ranemmen»), da om noko som stikk fram i terrenget. Ranem i Overhalla er same namnet. Siste delen -ve i rånnåve (og råttve) er vel fordi trynebandet opphavleg var ei vidje.
NØTT: Eit verkeleg «rakkelspørsmål» denne gongen. Kva situasjon beskriv denne gåta: – Om jomfrua e aller så fager og fin, så tek a’n i nåvvån og toppe’n in? Versjon frå Verran, og det er ikkje det det hørest ut som! Denne var visst vanskeleg, eller så er folk for blyge til å prøve seg? Men det er altså ikkje verre enn at det skal forestille ei jomfru som sitt og spinn 😉
TIL Å SPEKULERE PÅ: Når ein trønder seier: – Det va itt nå kuval! Meiner han da: a) ingen nåde b) ingen stor skade, eller c) ingen suksess? Send gjerne svar på e-post, kommenter på facebook, bruk brevdue eller kva som helst! Dette var visst vanskeleg! Det er ingen rette svar så langt, så da må vi avslører: Rett alternativ er b, altså ingen stor skade. Kuval = kuverd; verdien av ei ku. – Det va ittnå ku, kan det også bli sagt når ein konstaterer at det er ikkje så gale; det kunne gått verre.
MAT FOR SPEKULATOR’N: På ein allikeis! Er det a) konkurs? b) som har det travelt; som har tett program? b) på ein snurr? Jauda, på ein allikeis betyr vanlegvis på ein snurr, med andre ord litt drukken. Nærast kom Erik T. Loe, som meiner at ein spelloppmakar er på ein allikeis. Det kan sikkert vera rett, for vi har belegg frå før på at «i sin allikeis» kan bety i godt humør, livleg. Tradisjonelt i Trondheim kunne det bli sagt «dem e alle(r)keis» om to som var venner, kameratar. Opphavet er uvisst; etter ein teori kan det vera frå engelsk «(in) all cases»
LITT Å SPEKULERE PÅ? Råsslåggå! Er det: a) ein råtass? b) nordlys? c) slaktavfall? Det er alternativ c som er riktig, altså slaktavfall. Også fiskavfall kan vi godta. Rett svar: Solveig Foshaug, Aud-Kirsti Pedersen og Ester Aalbu Eriksen. Vi må også absolutt godta fiskavfall, som Rita Hovde svarte, sjøl om ho kallar redaktøren for ein råsslaggadall! Råsslåggå, råsslagga eller råslag har eit sisteledd som tyder fuktigheit, jamfør å slagne om f eks flatbrød som bli mjukt, og å slå seg om å bli fuktig.
HELGAS GÅTE/QUIZ: Lemstøy’n! Er det: a) kakelinna? b) konkurranse i lefsebaking? eller c) bråk på låven? Svar: Lemstøy’n er mildvêrsperiode under bakinga før jul, og tilsvarer altså kakelinna. Ragnhild Stavne Bolme slår igjen til med rett svar, og får denne gong følge av Olve Utne. Gratulerer!
QUIZ! Ramask! Er det: a) eit slag stoff/tøy? b) skrot? eller c) meitemark? Ramask er eit trønderord for skrot; ting som ligg og sleng. Alternativ b er altså det rette! Siste delen -mask er greitt nok å forstå, men første delen er meir usikkert. Kanskje er det rat, slik at det altså er rat-mask eigentleg.
Rett svar: Ragnhild Stavne Bolme!
GÅTE! Det fins i kjerringa, men itt i kall’n; det fins i bure, men itt i stall’n – og all ongkarran har det i broka! Ka e det? Svar på gåta i spørsmålet er rett og slett bokstaven r!
LIKHET! Hva er likheten, og det spesielle med følgende ord: lime, flor, rep, Irak, alle, rot, amme, senga og mot? Det som er felles for orda, er at om du stavar dei baklengs, så får du eit personnamn.
Eg trur svaret er knype
Tverrtre mellom skjæker (i draget mellom hestesele og vogn)
Brødruve trur æ må værra ein Brødstabel
Tipper på brødstabel. Den skulle jo ruve godt.
Trur svaret er c) brødstabel
Jeg tipper at han ble gift på nytt.
Tror det er b)
Eg trur julkubbe er b) ein som går på utidig besøk
Røva?
Vekjent vise om å årn’ sæ sånnt såm mangle’
Min mainn’ hadde fota / arma – tok hainn sæ bjørkerota’ / tarma liksåvel som en ainnan mainn
«fyke i tottene på kvarandre» – Hvilke totter er dette og hvordan ser de ut?
Hei Finn, og takk for kommentar. Tott er vel her lang hårlugg, hårdusk (ein riv kvarandre i håret, rett og slett). Tott eller tått er også kvar enkelt tråd eller del i ei snor, eit tau e l.