Moro med ord og uttrykk!

Nye ord

Etter kvart som utviklinga går sin gang, trengst det stadig nye ord – for nye ting vi tar i bruk, nye idear, og nye måtar å ordne livet sitt på. Vi lærer nok i stor grad nye ord gjennom media i dag, men kanskje foregår det stadig ein viss lokal eigenproduksjon? Her vil vi presentere slike nye ord, og likeeins etablerte ord som får nytt innhald. Send gjerne inn dine observasjonar til oss!

Ved Språksamlingane i Bergen er dei sjølvsagt interesserte i nye ord, sjå t.d. her: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi

Prosjektet NAOB (Det Norske Akademis Store Ordbok) registrerer og publiserer også nyord: http://www.naob.no/nyordene

2.12.22: Kvartis

Den mest vanlege tydinga i dag er truleg person som fyller 25 år, altså eit kvart hundreår.  Florerer i fødselsdagsgratulasjonar i avisene: «Grattis, kvartis!»

Men det finst andre tydingar også. I alle fall i Trondheim har kvartis vore slanguttrykk for ei kvartflaske brennevin. Også kalla kvartings.

Så kom eg over det på ei sportsside i avisa Vårt Land frå 1980. Det er vinter-OL i Lake Placid, og som vanleg på den tida hadde det ikkje gått særleg bra på 30 km langrenn. Men avisa sett sitt håp til den nye «kvartisen» (altså kvartetten) som skal prøve å reise kjerringa på femtenkilometeren. Og det er vel dei som hugsar at Thomas Wassberg vann med ein tiandedel på Juha Mieto i det løpet. Ove Aunli tok bronse.

I alle fall er kvartis ei typisk slang-laging, med same suffikset -is som vi har i kjendis, grovis, kondis og mange fleire.

17.9.21: Hamsterhjul

Hjulet eller sylinderen som ein hamster spring i, og som går rundt. Ikkje nytt ord i og for seg, men vi har fått ein overført bruk som er ut til å ha starta rundt 1990 (eldste sitatet som NAOB har). Ein kommentator i Adressa i dag skriv om arbeidsbelastninga i primærhelsetjenesta: «Overarbeidede fastleger og sykehusspesialister i hamsterhjul». Og her er Bergens Tidende 11.5. 2015: «Om bonden tek ein pause frå springmarsjen finn ho kanskje ut at den aldeles ikkje går føre seg langs ein veg, ikkje ein gong langs eit jorde, men i eit hamsterhjul – eit hamsterhjul med automatgir, som gjer at di fortare bonden spring, di fortare går det rundt». Godt bilde, det berre rasar i veg, og det hjelper ikkje å auke farten – da går hjulet bertre enda fortare.

25.8.21: Bambuspreik

I siste nummeret av magasinet Aftenposten Historie (nr. 8/2021) er det eit stykke om legendariske debattleiarar i TV opp gjennom åra, med sluggerar som Kjell Arnljot Wiig og Bjørn Hansen. I dag har vi Fredrik Solvang, og om han står dette: «Debattlederen er grundig forberedt. Han nyter rollen som folkets mann. Journalisten som skreller bambuspreik av byråkrater, politikere og næringslivstopper». Det er ikkje så mykje å finne om dette ordet, men litt er det i bloggar o.l., og her er ein innsendar i Rana Blad: «men yrkesskolene som utdanner lærere domineres mer pg mer av papegøyer, av utdanningspersonell, rett fra mellom- og/eller hovedfagsstudier, som uten praktiske relasjoner står og villede studentene med bambuspreik» (2.6.2003).

Bambus er slanguttrykk for tøys, vrøvl («berre bambus»). Det har kanskje oppstått fordi bambusen er ganske ugjennomtrengeleg?

16.12.20: Dunderkur

Kraftig kur, som verkar fort. «Det vert hevda at fast at ein ny vital filmskule kombinert med ein ambisiøs filmpolitikk har fungert som ein dunderkur for den norske filmen» (Dag og Tid 20.5.2006). Det ser ut til at ordet har komme i bruk sist på 1990-talet, som i dette sitatet:» Framfor alt må du lade opp med et ekstra tilskudd av C-vitaminer nå som dagene blir kortere og mørkere. Hvitløk, ginseng, en dunderkur med vitaminer eller fotmassasje er andre knep» (Dagbladet 22.9.1997). Og ein skadeplaga keeper fortel til Trønder-Avisa: «Nå går jeg på en skikkelig dunderkur, som både skal lindre, reparere og forebygge» (28.5.2011).

Det kan vera snakk om forkorting av vidunderkur, men dunder- som forsterking har nok også spela inn. Har f eks hørt «dundertreff» om drømmetreff i ballspel.

9.10.20: Blondineparkering

«I tillegg har vi det som populært kalles «blondineparkering», dvs. skjev parkering slik at en bil trenger to plasser» («Rede», medlemsblad for Trondheim og Omegn Boligbyggelag (TOBB), 5. oktober 2010, s. 27). Elles lite belegg å finne på norsk, og det kan sjå ut som det har oppstått i dansk. Kanskje berre bra, for det er jo urettferdig for blondiner, som sikkert er like glupe både til å kjøre og parkere som andre.

20.8.20: Alibipasning

Pasning i fotball som blir slått bakover eller til sida. Nærmast for å få frå seg ballen fort og enkelt før ein gjer noko dumt med han. Slikt kan øydelegge framdrifta i kontringar. Kan ligge nær støttepasning, men det siste slår du vel helst fordi du er pressa. Nils Arne Eggen har visst brukt ordet alibipasning, og kan hende er det han som har funne på det. Han er/var i alle fall ikkje særleg glad i slikt. Men også Egil Drillo Olsen kan ha vore truande til det. Eldste belegg eg kan finne (på Nasjonalbiblioteket) , er frå Halden Arbeiderblad 9.7.1990: «en hel kveld med løping, pesing og nervøse alibipasninger». Men det er også eit belegg i Arbeiderbladet frå 1989. Dette er frå eit blogginnlegg i 2018: «først mister han ball på ubrukelig vis tre ganger, så spiller han alibipasninger de neste tre mulighetene, på ubrukelig vis». Ordet finst også i dansk.

Så til eit anna ord som er nært knytt til det førre: Jim Martinsen kommenterer det russiske ishockelylandslaget i eit intervju frå 1992: «De sender ikke avgårde et alibiskudd bare for å komme med på skuddstatistikken. Disse gutta skyter for å score». Dette kan sjå ut som det er henta frå svensk alibiskott.

3.10.17: Mediedrev

Under Dusken 26.9.-10.10.2017 har intervju med artisten Rune Rudberg, og vi saksar: «I VG ble Rudberg-bildet førstesideoppslag med stort fotografi og overskriften «Het sex med hemmelig kjæreste». Det ble et mediedrev uten like» (s. 37).

Etter avistekstbasen Retriever er ordet ca 10 år gammalt i norsk. Eitt av dei første belegga er i Morgenbladet 2.2.2007, under stormløpet mot daverande LO-leiar GerdLiv Valla: «Mener juristene derimot at LO i sin saksbehandling har gjort noen feil, vil dette raskt bli tolket som en «drepende kritikk» og fulgt opp med et nytt mediedreev frem til teppefall».

Sisteleddet drev er henta frå jakt og betyr ‘det å jaga, drive vilt’. Mediedrev oppstod først i svensk, og det er forklart slik i svensk Wikipedia: «ett begrepp som beskriver hur medier, i likhet med ett drev, under en tid driver en informell gemensam bevakning och i praktiken samverkar i utvecklingen av främst politiska skandaler».

27.6.17: Bærumsgeit

Robotgrasklippar. Det er nokre treff både på Google og Retriever, dei eldste frå 2013, verkar det som. Det var også det året eg såg denne innretninga i sving for første gong. Ideen er vel at Bærum med sin påståtte velstand var tidleg ute med dette. Padde er eit anna namn som er brukt.

14.2.17: Fuskepels

Imitert pels, og plagg av det. Ordet dukkar opp i eit avisbelegg frå 1973, men ser ikkje ut til å ha vorte vanleg før fram mot 1990. Alternativ for den som ikkje vil bruke pels av pelsdyr. «Fuskepels kan være minst like varm som pels laget av dyreskinn» opplyser Dyrevernalliansen på sine nettsider. Ordet står ikkje verken i Bokmålsordboka, Nynorskordboka eller Norsk ordbok, men i Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB) blir det artikkel på det.

25.1.17: Revegetering

Tiltak for å få etablert ny vegetasjon når ein gjer inngrep i landskapet i samband med utbyggingar (vegskjeringar, fyllingar etc.). Mykje brukt i bygg- og anleggsbransjen, og no vil det få eigen artikkel i NAOB som første ordboksføring i norsk. «Naturlig revegetering fra stedlige toppmasser kan benyttes der uønskede arter ikke finnes for å nå målet om økologisk restaurering» står å lesa på nettsidene til Statens vegvesen. Eldste avisbelegg eg finn, er frå 1997 (Nordlys og Aftenposten). Også brukt på svensk.

10.11.16: Orgeltramp

F eks i skileik – kuleløype der kulande og dumpene kjem annakvar gong i høgre og venstre spor, slik at den som renner, vekselvis må strekkje og bøye foten, trampe omtrent på same måten som når ein trør belgen i eit orgel. Ikkje heilt nytt ord; det er avisbelegg tilbake til 1987, og første belegget i bokhylla.no er ei handbok i skiinstruksjon frå 1958. Her er eit ganske ferskt sitat frå sist vinter: «I fantastisk vintervær hadde alle elevene på Gjølme skole skileikdag siste dag før vinterferien. På jordet oppom skolen har 7. klasse laget et skileikområde med kuleløyper, orgeltramp, slalåmløype og hopp i ulike størrelser. En god nabo kjører jevnlig opp skispor til skolens disposisjon, til stor glede for elevene» (Avisa Sør-Trøndelag 23.3.2016).

22.10.16: Nisjevett

Så langt eg kan sjå, er det berre Per Fugelli som har brukt ordet: «Eksperter med nisjevett» i foredraget «Terror mot sjelen og kloden», på trykk i boka «Vaksinen» (2016, på s. 77). Dermed har vel han laga ordet sjøl. Men eit godt ord, som ikkje treng nærare kommentar!

20.10.16: Måkevingedører

Bildør som er hengsla i taket. Slike dører kan vel med litt godvilje minne om måsevenger når dei er oppslått. Masse google-treff, og eigen artikkel i Wikipedia. Eldste avisbelegg eg kan finne, er frå 2001 (Bergens Tidende). Ordet blir no redigert inn i NAOB.

14.9.16: Krasjkurs

Lynkurs, intensivkurs. Etter engelsk crash course. Det ser ut til å ha komme inn på 90-talet. Første bokbelegg eg kan finne, er frå Willie Knutsen: Mitt arktis (1992): «i løpet av tre måneder gikk tusener av menn gjennom noen dagers «krasj-kurs» om hvordan overleve en arktisk nødlanding» (s. 165). Hermeteikna indikerer at ordet enno ikkje var innarbeidd. I 1994 skreiv Dagens Næringsliv om «kræsjkurs i norsk økonomi». Etter 2000 blir avisbelegga tettare, med begge skrivemåtane.

31.8.16: Ølbriller

Sviktande gangsyn i alkoholrus, slik at potensielle partnarar ser finare ut enn dei eigentleg er, og den kritiske sansen blir svekka. Sjå f eks DetNye 7.9.2015:  http://www.klikk.no/mote/detnye/skjonnhet/article839839.ece og denne artikkelen frå forskning.no i 2005: http://forskning.no/alkohol-og-narkotika-psykologi-seksualitet-stub/2008/02/olbriller-uten-ol

Promillebriller er eit anna ord for det same. Stipendiat Ragnhild Bø ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, kallar logikken i å legge meir vekt på dei positive konsekvensane enn dei negative konsekvensane av å drikke seg full kvar helg, for «kroniske ølbriller».

31.8.16: Lykkepromille

«Lykkepromillen refererer til den innledende rusen der stimuleringen av lystsentrene overskygger den sløvende effekten» (Under Dusken 09/2016, s. 12). Prosjektet Lykkepromille starta i 2012 som eit alkoholforebyggande prosjekt med studentar som målgruppe: http://lykkepromille.no/. Har funne ordet på trykk i publikasjonar tilbake til 2004.

30.8.16: Pulesveis

Bustete, rufsete hår, særleg i bakhovudet, som ein vil ha det til skal vitne om overstått sengehygge. Som for eksempel i denne omtalen av teinkeseriefiguren Nemi: «Nemi finner for alvor formen som figur idet hun for første gang våkner bakfull med pulesveis» (Bergens Tidende 7.10.2004). Eldste belegg i Retriever er frå 1999, så det kan sjå ut som ordet dukka opp like før tusenårsskiftet. Typisk i knutereglane for russen, der eitt oppdrag er å kontakte ein frisør av motsett kjønn og be om assistanse til å laga pulesveis. Og så er det sjølsagt svar på gåta om kva du får dersom du bed ein dansk frisør om bolleklipp. På svensk heiter det knullrufs, og på engelsk har eg sett det omtalt som «post-sex hair». Eit meir akseptabelt ord i «dannede» kretsar er kanskje sovesveis.

25.7.16: Tekstilbadar

Ei(n) som badar med badetøy på, i motsetning til nakenbadar. Brukt i debattinnlegg om nudiststrand i Trondheim i Adressa 22.7.16, men elles belagt fleire år før (førstebelegget eg har funne i norske aviser, er frå 2002). Google-tilslaga kan tyde på at ordet er komme frå Danmark, det ser i alle fall ut til å vera vanlegare der. Eit verb å tekstilbade finst også i bruk.

28.6.16: Spaghettikryss

«Nå vikler et nett av snorrette åtte og 10 felts motorveier seg inn i hverandre i store spaghettikryss og omdanner karrig ørkensand til enorme urbane kvartaler» (avisa Nordlys Morgen 1993, s. 36). Eldste avisbelegg eg har funne, er frå 1986. Tilsvarar vel omtrent trafikkmaskin, stort vegkryss i fleire plan.

3.6.16: Roame

«Redd for å roame i utlandet?» (registrert i reklame på Flytoget nyleg). Vi snakkar om ny bruk av det engelske «roam» (‘streife om’). Det er når ein bruker eit anna mobilnett enn det ein har abonnement for. Ein kan «roame» heime i Norge, men det er nok mest aktuelt når ein er utanlands. Den ordinære teleleverandøren må gjera opp med det utanlandske teleselskapet, og det kan bli dyre rekningar ut av det. Men det går an å skru av dataroaminga. Første belegg eg finn på denne bruken i norske aviser (ATEKST) er frå 1997.

24.5.16: Vippse

Føre over små beløp frå mobil til mobil utan å gå om nettbanken, ved hjelp av ein ny app:

https://www.vipps.no/

12.5.16. Badwill

Det motsette av goodwill, altså dårleg omdømme, dårleg publisitet e.l. Eg såg ordet brukt heilt nyleg, men eldste belegget i ATEKST er frå 1987: «Bedriftene bør pålegge seg stor selvdisiplin.  Hvis de registerer og utnytter mer informasjon enn det kunden finner seg i, vil de oppnå « badwill» og miste kunder. Det vil måtte bli en vanskelig balansegang mellom effektiv markedsføring og hensynet til den personlige integritet.» (Aftenposten 23.6.1987). Ordet hadde en topp i 2009, men er altså stadig i bruk. Spørsmålet er om vi verkeleg treng det?

28.4.1: Vandreruss

Russ som ikkje har russebuss eller -bil: «De som ikke har buss kalles vandreruss, og blir sett litt ned på. Bussrussen er over vandrerussen» (Bydelsavisa Strinda 27.4.2016). Avis- og andre nettbelegg frå ca. 2010 og framover.

26.4.16: Røykekompis

I Adressa 23.4.16 les vi at Per Sandberg hadde Hallgeir Langeland (SV) som røykekompis på Stortinget. Dette vart sjølsagtaktuelt etter røykelova, der røykarane måtte ut for å ta seg ein blås. Dei går gjerne ut i lag, på arbeidsplassar o.l., og det blir vel ein slags solidaritet mellom dei, også på tvers av politisk usemje. Ordet røykekompis har berre eitt belegg til i basen ATekst, og ingenting i Afenpostens arkiv (ig ja; eg har søkt på «røkekompis» også).

13.4.16: Kabelpåvisar

I Adressa 2.4.16 søker Geomatikk AS etter inntil 4 «kabelpåvisere» som skal jobbe i dei (enn så lenge) to Trøndelagsfylka. Firma driv med gravemelding og kabelpåvising, og det er sjølsagt veldig viktig å påvise kabelnettet. For ein kabelpåvisar er det sjølsagt ønskeleg med kompetanse i dette, og det er også ein fordel med bakgrunn som montør og erfaring i landmåling iflg. annonsen. Eg har ikkje sett denne yrkestittelen før, men det viser seg at det er avisbelegg tilbake til tidleg 1980-tal (Aftenpostens arkiv).

4.3.16: Værvindu

Tidsrom med lagleg vêr for å få utført noko, t.d. ei reise: «På Orknøyene hvilte jeg meg og ventet på et godt værvindu før jeg tok «svippturen» hjem til Norge» (jordomseglar Stig Arne Ørsnes i RS-magasinet (Redningsselskapet) 4(2015, s. 82). Denne samansetninga gir ein del nettreff, og viser ein bruk av «vindu» som vel er ganske ny. Vi har tidsvindu, og mest kjent er kanskje overgangsvindu i idretten.

25.2.16: Tasteplass

Tilrettelagt rasteplass med gratis wi-fi, så ikkje sjåførane skal taste mens dei kjører. Første tasteplassen i landet vart opna i Steinkjer i førre veke, og denne veka kom Oppdal etter. Omtalt i NRK Midtnytt 24.2. og i Adressa dagen etter. Tiltaket er eit samarbeid mellom Trygg Trafikk, Vegvesenet og Gjensidige.

23.12.15: Agendasettar

«Agendasettere er folk som, ofte med store personlige omkostninger, hevder meninger i samfunnsdebatten» («Kulturarven» nr 74, desember 2015, s. 22). Den som sett agendaen, eller dagsordenen, altså. Vel etter engelsk «agenda setter». Ordet ser ut til å dukke opp i norske media rundt 2002, som i dette sitatet frå Dagbladet 31.12. dette året: «USA, agendasetter nummer én i internasjonal sikkerhetspolitikk»

22.12.15: Plansmie

«Demokratisk og folkelig medvirkning gjennom plansmier har vist seg å være en god løsning for å sikre stedskvaliteter. Hovedformålet er å samle alle aktører til en prosess der man i løpet av en uke gjennom felles innsats lager en plan som har bred tilslutning, og som kan vedtas som reguleringsplan. Plansmier er et konkret svar på de siste års kritikk mot en stedsutvikling der utbyggere har fått for stor makt, og de folkevalgte føler seg bundet av private planer og uformell kontakt mellom utbyggere og kommuneadministrasjonen. Klager, protestaksjoner og rettssaker er ofte utløst av en planlegging der man ikke i tide trekker inn alle som bør ha et ord med i laget når omgivelsene endres. Fornuftige utbyggere garderer seg mot forsinkelser, ekstrakostnader og negativ publisitet ved å lytte til nærmiljøet og finne frem til optimale løsninger som samler bred støtte. Plansmier organiserer denne prosessen på en effektiv måte» («Kulturarven» nr 74, desember 2015, s. 21).

Ordet er vel laga etter mønster av tankesmie. Wikipedia har dette å seie: https://no.wikipedia.org/wiki/Plansmie

22.11.15: Emokrati

«Eg er ikkje den første til å bruka ordet, men eg tar det gjerne vidare: emokratiet. Eller ein variant på nynorsk: kjensleriet. Kvifor held me kjensler for meir høgverdige enn tankar? Er eit engasjement basert på emosjonar meir ektefølt enn det som spring frå tanken?» (Esther Moe i Syn og Segn 4/2015, s. 59).

Skribenten har rett i at ho ikkje er den første til å bruke ordet. Dette sitatet er frå ein kronikk av Bjørn Vassnes i Aftenposten 9.2.2012: «I emokratiet er det øyeblikket som rår, hva vi liker eller ikke liker. Sladder fremfor saklighet. Hvem som sier hva, ikke hva som sies.»

Sjølsagt laga av emosjon(ell) og demokrati.

16.11.15: Drop-in-dåp

No kan ein droppe innom kyrkja og bli døpt. Lademoen kirke i Trondheim var først ute: https://kirken.no/nb-NO/bispedommer/nidaros/nyheter/drop-in-dap/

15.11.15: Drømmelinse
Fotografar har sikkert sine drømmelinser. Men det vi tenker på her, er kontaktlinser som ein søv med om natta (også kalla nattlinser, naturleg nok). Dei formar hornhinna slik at synsfeil kan bli korrigert. Ein tar dei av om morgonen og ser godt heile dagen. (Omtalt f eks i Interoptik sitt magasin for 2015-16, s. 6-7)

10.11.15: Sjukenærvær
«Du er syk, og burde kanskje vært hjemme. Likevel går du på jobb. Du velger med andre ord sykenærvær framfor sykefravær«. (Forskerforum 9/2015, s. 29). Artikkelen handlar om eit forskingsprosjekt der dei har funne ut at nordmenn vel sjukenærvær fordi dei trivst på jobben og vil halde kontakt med kollegaene, medan svenskane i større grad møter sjuke på jobb fordi dei synest dei ikkje har råd til anna. Gunnar Aronssson ved Stockholm Universitet var ein av dei første til å ta i bruk begrepet «sjuknärvaro», rundt år 2000.

10.11.15: Paraverk
«En utstilling består nemlig ikkje bare av kunstverk, men også av «et system av pekere som sier at «dette er kunst»». Og da er det snakk om alt fra etiketten som henger på veggen, rammen, sokkelen, belysningen, vaktene som går rundt til selve det hvite, nakne rommet. Paraverk kalles alt dette, og paraverket bygger opp en retorikk som forteller oss at nå er vi et sted hvor det vises kunst, gjerne også god kunst». (bokmelding i Forskerforum 9/2015, s. 34-45).
Prefikset para- kjem frå gresk og betyr ‘ved sida av, attåt, utafor’ e l. Vi kjenner det bl a frå paramilitær og parapsykologi.

9.10.15: Søknadsdoping

Eit nyord frå forskarverda: «I en kronikk i Aftenposten i september problematiserte Malt 8d.e. Ulrik Fredrik Malt, professor i medisin ved Universitetet i Oslo) det han kaller «søknadsdoping» – at forskere fremstiller seg selv og sine forskningsmeritter i et mer flatterende lys enn hva som sant er. Årsaken mener han er den harde kampen om forskningsmidler, som gjør at forskere lar seg friste til å smøre litt tykt på for å fremstå bedre i søknadene». (Forskerforum 8/2015, s. 8)

6.10.15: Hemnporno
Jan Inge Sørbø forklarer det slik i Dag og Tid 2.10.15: «Det finst i dag eit fenomen som blir kalla «hemnporno», som sinte folk kan bruka mot motstandarane sine, til dømes etter samlivsbrot eller i politiske saker. Då kan dei montera bilete av hatobjekta sine på kroppar i pornofilmar. Dette rammar ofte debattantar i USA».
Eit ord vi neppe er særleg glade for, men talet på google-treff fortel at denomenet dessverre er høgst reelt.

29.9.15: Ilandsproblem

«Ilandsproblemer er gjerne den resignerte betegnelsen på små bagateller som kan ergre en vanlig nordmann til vanvidd, men som høyst sannsynlig ikke ville forårsake mer enn et skuldertrekk et annet sted eller i en annen tid» (Samtiden 3/2015, s. 4).

25.9.15: Spontanfylla

Spontan, uplanlagt fyll: «Man vil ikke si nei når en kompis inviterer med på en øl samme kveld, og kanskje blir det både to og tre og fire før man finner ut at man bør komme seg hjem. Er det en menneskerett å få dra på spontanfylla? Langt ifra.» (Under dusken 12/2015, s. 3). Bra med nettbelegg; eldste avisbelegg eg har funne, er frå 1995. Kanskje er det komme frå svensk, der dei også har ordet.

20.9.15: Dumtelefon
«Dagen etter gikk jeg til butikken og kjøpte en dumtelefon i stedet, en telefon der jeg ikke kunne gjøre noe annet enn å ringe og svare på meldinger» (Thomas Moen i Moen og Brattsberg: Logg av! (2015), s. 13).
Det måtte sjølsagt komma smarttelefonar før vi kunne få eit ord som dumtelefon. Meir om livet med dumtelefon kan du lesa her: http://www.magasinett.no/artiklar/1117-livet-med-dumtelefon

19.9.15: Filterboble
«Selv hvis jeg aldri trykker «skjul», kan jeg ende opp i et ekkokammer skapt av de sosiale mediene og deres algoritmer – en såkalt filterboble. De sosiale mediene blir stadig mer personlilg tilpasset. Dataene om hva vi klikker på, hva vi bruker tid på, hvor vi befinner oss, hva slags datamaskin vi bruker, og lignende brukes for å tilpasse hvilket innhold som vises… Klikker du aldri på lenkene til den irriterende dusten du gikk på ungdommskole med, så lærer Facebook av dette, og du får se stadig mindre til ham, uansett hvor mange ganger du ville sagt høyt at du satte pris på å få «andre perspektiver»» (Ida Aalen: Sosiale medier (2015), s. 224).
Slik er filterboble definert i Wikipedia: «en effekt som kan oppstå ved at personer får filtrert og sortert bort informasjon på internett fordi de bruker nettsteder som tilbyr individuelt tilpasset innhold». Sjå også ekkokammer (Nye ord 22.3.14).

6.9.15: Divestere
Selje seg ut av (eit selskap) – det motsette av å investere. Særleg brukt om å selje seg ut av fossil energi. Etter engelsk divest. Omtalt på NAOBs nyordside: http://www.naob.no/tagsearch/search?page=3&tag=GUINI

21.8.15: Eseløremerke (verb)
«jeg eseløremerket boken jeg leste» (Ole Robert Sunde i Ny Tid august 2015, s. 12).
Eseløre i bøker er godt kjent, men å eseløremerke som verb har eg ikkje vore borti. Kanskje har forfattar Sunde laga denne samansettinga sjøl?

27.7.15: Villcamping
Overnatting på andre stader enn tilrettelagte campingplassar (Wikipedia). Nyleg aktualisert på grunn av telting nær gravene på kyrkjegarden på Reine i Lofoten. Her hadde turistane dessutan vore ekstra respektlause – dei hadde dusja i vasskrana på kyrkjegarden.
Dette dukka vel opp på 90-talet, da utanlandske bobilar slo seg ned på rasteplassar og ved naturperler. Oppland fylke var det første som innførte restriksjonar på villcamping. Samtidig vart det eit diskusjonstema om desse restriksjonane undergrov allemannsretten.
Villcamping representerer både eit miljøproblem og tapte inntekter.
Norsk Caravan Club skil mellom villcamping (det å slå leir og overnatte der det er forbode) og fricamping (det å slå leir og overnatte der det ikkje er uttrykkeleg forbode).

27.7.15: Kjøkkenøy
Frittståande kjøkkeninnreiing, som altså står ute i rommet, og ikkje mot ein vegg. Det er tilgang frå alle sider, og derfor jamføring med ei øy. Vanleg i interiørkatalogar o l. «Kitchen island» finst på engelsk, og «kjøkkenøy» er kanskje etter mønster derifrå. Avisbelegg så tidleg som 1991. Her er eit sitateksempel: «Foretrekker du og dine en kjøkkenøy med avtrekksvifte, sprakende peis i det ene hjørnet, reise-TV på kjøkkenbenken og «tenkende» komfyr med innebygget mikrobølgeovn, da satser du selvsagt på det» (Yngvar Holm: Den norske interiørboken (1998), s. 50).

7.7.15: Kalkunhals
Markerte rukker på halsen, som gjerne kjem med åra: «aldringstegn som kalkunhals, hårløse ben og stor mage» (Aftenposten 11.2.2003). Ansiktsløfting og botox er vel boteråder, i alle fall for somme. Ordet fekk ein god del merksemd da forfattaren Marta Breen i fjor (2014) skreiv ein kronikk om det nedsettande språket kvinnekroppen blir bombardert med. Her var nettopp kalkunhals teke opp, i lag med ord som muffinmage og grevinneheng.
Men når kom det inn i norsk? Det er nemnt i ei bok om plastiske operasjonar frå 1988. Det første reine norskspråklege belegget eg har funne, er frå Ebba Haslund, som brukte det i eit etterord ho skreiv til Odd Eidems bok «Cruise» frå 1982. Men i omsette bøker forekjem det ei god stund før. Det eldste eg finn på bokhylla.no er Monica Dickens: «Torsdag ettermiddag» frå 1949, omsett av Cato Hambro. Her står det om «morens kalkunhals» på s. 73.
Dette gjer det sannsynleg at vi har eit omsettingslån frå engelsk slang turkey neck.
Tone Tryti fører opp kalkunhake og kalkunkjake i Norsk Slangordbok. I dansk skuleslang er kalkunen utnamn på lærar med hengande dobbelthake.

29.6.15: Fokusområde

Dette moteordet harselerer Kjetil Bragli Alstadheim med i boka «Republikken Norge» (2014), s. 130: «På kongehusets nettsider flagges parets engasjement. Under «offisiell virksomhet» er det egne menyvalg for å lese mer om «H.K.H. Kronprinsens fokusområder» og «H.K.H. Kronprinsessens fokusområder».

De er ikke alene om å ha «fokusområder». Du finner «fokusmråder» hos alle fra Norges rederiforbund, Amnesty International Norge og Aleris Omsorg til Lions Norge, oljeselskapet Lundin Norway, Sørum kommuneog Oslo bispedømmeråd. Det er en del av vår tids konsulentspråk der ord som «fokusområder» siver inn i språket fra strategiplaner, analysedokumenter og evalueringer og erstatter normale og enklere ord som hovedinteresser og hjertesaker»

Ein ordboksdefinisjon for fokusområde lyder «område som prioriteres eller får spesiell oppmerksomhet» (NAOB). Første belegg i arkivet til Aftenposten er frå 1988. I bøker kjem det også inn rundt 1990, men verkeleg moteod blir det neppe før frå ca. 1995 og utover.

11.6.15: Møtegris
«Han var ingen møtegris, så han deltok ikkje i møtene til Nei-rørsla i Namsos. Nei, KK var ein ekte grasrotaktivist. Det var i diskusjon på tomannshand eller på stand i gata at han hadde sin styrke» (Åke Jünge i boka «Med røtter på Vikna» (1992), s. 104). Sitatet handlar om Knut K. Kvaale, bror til forfattaren Magnhild Haalke.
Møtegris er nok ikkje synonymt med møteplagar. Ut frå samanhengen ser det heller ut til å tyde ein som gjerne går på møte. Ordet er ikkje funne elles, så her har vi kanskje ei individuell nylaging.

29.5.15: Nullåring
Unge som er i sitt første leveår, og som altså enno ikkje har fylt eitt år og vorte eittåring. Aktuelt blant anna i samband med opptak til barnehagane. I Adressa i dag 29.5. får vi vita at «i alt har 560 nullåringer søkt om barnehageplass» (i Trondheim). Ordet er sjølsagt laga etter mønster av eittåring, toåring m.m., og det kan i alle fall sporast tilbake til 1990-talet (har funne eitt avisbelegg så tidleg som 1987). Det er også til ein viss grad brukt om dyreungar (også fiskeyngel) i same alderen.
.
25.5.15: Lammetåke
Tilstand som kan inntre hos sauebønder under den hektiske lamminga, som pågår døgnet rundt i ein lang periode på våren. I eit lag eg var i nyleg, var det fleire opplagte gjester som mangla. Dette vart forklart nettopp med at dei var i lammetåke. Ordet er nok temmeleg nytt, og sjølsagt kalkert over «ammetåke». Om du prøver å google på «lammetåke», blir du på første forsøk geleida over til nettopp «ammetåke». Men du må ikkje gje opp, for det finst på nettet lell, som her: http://www.ta.no/nyheter/midt-telemark/article7325772.ece

21.5.15: Gardsråd
Det er spennande og usikre tider for dei bøndene som ligg nærast den kommande kampflybasen på Ørlandet. Dei kan nok trenge gode råd. Her er Adressa 21.5.15: «Nå blir familien på Hoøen en av de første i området som holder «gårdsråd». Der skal de sammen med eksterne rådgivere diskutere og få råd om muligheter som finnes på og rundt gården». Ordet var nytt for meg, men det viser seg at det til og med finst ei eiga nettside for slikt: http://www.gardsrad.no/

5.4.15: Minglebinge
«St. Georges Hotel (i Beirut, min merknad) ble både ryktebørs og minglebinge for nyrike arabiske oljesjeiker og det vestlige jetset, presidenter, diplomater og journalister» (Aftenposten Historie 3/2015, s. 151).
Ordet er truleg temmeleg nytt, for det er lite google-treff å få på det.

31.3.15: Jojoslanking
Slanking der kiloa renn på igjen like fort som dei forsvann, og kanskje endar ein opp tyngre enn før ein begynte å slanke seg. Brukt i eit oppslag i Adressa i dag, men langt frå heilt nytt. Bildet er sjølsagt jojoen som fer opp og ned. Slik slanking kan vera skadeleg, jamfør t.d. denne artikkelen frå 2004 i forskning.no: http://forskning.no/forebyggende-helse-slanking-immunforsvaret-stub/2008/02/jo-jo-slanking-kan-gjore-deg-syk

29.3.15: Klikkhore
«Vi er blitt klikkhorer alle sammen» (Åsa Linderborg, kulturredaktør i det svenske Aftonbladet, sitert i tidsskriftet Prosa 1/2015, s. 26). Ho og mange andre er uroa for nivået på kultursidene i avisene.
Jo Bech-Karlsen forklarer ordet klikkhore slik: «I nettavisenes barne- og ungdomsår fikk vi et skille mellom papirjournalister og nettjournalister, som ikke alltid viste like stor respekt for hverandre. Nettjournalistene fikk raskt den odiøse merkelappen «klikkhore». Begrepet baserer seg på en oppfatning av at nettjornalisten klippet, limte og fant på friske, tabloide titler som skulle få flest mulig til å klikke seg inn til nettartikkelen.» https://www.bi.no/forskning/News/Nyheter-2010/Journalist-i-alle-kanaler-/
«Natt og dag» har ein tøyse-etymologi til ordet: «Ordet «Klikkhore» stammer fra gammel gresk: Prefikset «klikho-», som betyr ellevilt innhold i eller på tavle, og suffikset -re, som står for skamløs resirkulering. Internasjonale og norske mediehus har tatt det gamle verdensspråket på alvor, og har på sine viralsiter flere publiseringer som leker med god presseskikk.» http://www.nattogdag.no/2015/02/verdens-yngste-yrke-klikkhore/

28.3.15: Ølsommelier
Kan oversettast med ‘ølkelner’. Eg såg ordet for første gong i «Bydelsavisa Stirnda» 25.3. i år. Men Norges første ølsommelier vart utdanna i 2011: http://www.dn.no/d2/2013/04/05/norges-forste-olsommelier
Sommelier = vinkelner. Ordet kjem frå fransk, og er ein sakkyndig kelner som har ansvar for å finne fram til o servere rett vin, særleg på betre restaurantar. Opphavleg tyding i fransk er ein person som hadde ansvar for å skaffe forsyningar.

25.2.15: Sakteburger
«Om hurtigburgerkjeder ikke er på vei ut, så er sakteburgerrestauranter uansett på vei inn. De som vil lage burger ordentlig. Restauranter som estetisk kanskje heller klassifiseres som «joint», «sjappe» eller «parlour» lager kvalitetsburger som koster like mye som en Quarter Pounder-meny»(Under Dusken 3 2015, s. 33)

29.11.14: Kamikaze-lingvist
Dette innlegget la eg ut på facebook-gruppa Språkspalta denne dagen: «Torgrim Eggen tek for seg den «alternative» rørsla «suverene borgere», (er på foredragskveld med bl a ein engleskolegründer frå Skien)i siste nummer av tidsskriftet Humanist: «Suvereningene (for å foreslå et nyord) er selvlærte både som samfunnsøkonomer, jurister og historikere. Følgelig dukker det opp svært mye underlig lærdom. Fakta og begreper som tydeligvis ikke engang delvis er forstått, «sentrale» årstall som bommer med mannsaldre og mer. Den engelske oversettelsen av Sancta Sedes, Holy See, føres for eksempel som bevis for at Vatikanets herredømme er basert på sjørett (sea). På samme måte avslører det engelske ordet citizenship at individer betraktes som på linje med handelsskip under maritim lov.
Kveldens publikum virker i det store og hele forsvarsløse mot stunt-historikere og kamikaze-lingvister»
Kamikaze-lingvist! Jo da, har vore borti sorten…

23.11.14: Prekariat
«et såkalt prekariat – folk som er henvist til å jobbe i forhold som er usikre, kortvarige og dårlig betalte» (Ingeborg Eliassen: Harde tider. Det nye arbeidslivet i Europa», s. 85).
I følge Wikipedia vart dette først brukt av franske sosiologar på 1980-talet, som eit nyord samansett av orda prekær og proletariat. Det viser til folk utan fast og trygg jobb, på korttidskontraktar, som frilansarar etc, som det blir fleire og fleire av: http://no.wikipedia.org/wiki/Prekariat

23.11.14: Bokstavsuppe
«Bokstavsuppen (GSEVEE) er en forkortelse for Den greske sammenslutningen av selvstendig næringsdrivende, håndverkere og kjøpmenn» (Ingeborg Eliassen: Harde tider. Det nye arbeidslivet i Europa», s. 29).
Dette er vel etter mønster av engelsk alphabet soup, forklart slik på «The Free Dictionary»: «1. a soup containing small noodles in the shapes of letters of the alphabet. 2. a jumble of abbreviations, as of names of government agencies.» http://www.thefreedictionary.com/alphabet+soup.

2.11.14: Restarbeidsevne
Eigentleg eit ganske fælt ord, men myje brukt i vår tid. Definert slik i Store norske leksikon: «gjenværende funksjon hos person som har nedsatt arbeidsevne på grunn av sykdom eller skade».
Her har vi det i ein Dagblad-tittel frå 2012: http://www.dagbladet.no/2012/10/14/kultur/debatt/kronikk/nav/arbeidslinja/23867659/

30.10.14: Pinglepapir
Overskrift i Adressa 3.3.2004: «Pinglepapir gir bomtrøbbel». Nærare forklaring i ingressen: «Trøndelag Veifinans bruker for tynt papir til bombiletten. Dermed registrerer ikke kortleseren kortet».
Vi får ru problemet vart løyst. I alle fall har vi her ei av fleire samansetningar med nyordet pingle ‘pyse, svekling’ e l, som dukka opp på 80-talet. Det er mange moglege opphav, men språkforskar Endre Brunstad, som har granska dette ordet særskilt, meiner det mest sannsynlege er at det er ei genuin nylaging, med tydeleg lydsymbolikk. Ein forstår kva pingle tyder om ein ikkje har hørt det før.

27.10.14: Svingdørpolitikk
Det at politikarar (og byråkratar) vekslar mellom rollar i industrien og rollar i Staten som påverkar den same industrien. Som vist i dette sitatet: «Det er snakk om «svingdørpolitikk» hvor en politiker som har forlatt politikken blir rådgiver for et stort byggselskap som senere får oppdrag fra staten fordi de har nære relasjoner til politikeren» (Appell (bladet til Norsk Folkehjelp) 3/2014, s. 35). Vel frå engelsk «revolving door politics».

19.10.14: Lurium
Dette har vi fått med i Norsk Ordbok band 7, definert som «svært verknadsfull (og hemmeleg) ingrediens, vedundermiddel». Bruksmarkering «skjemt.» = skjemtande. I eit bilag til Adressa 18.9.2003 (om Forksningsdagane 2003) står eit eksempel: «Tryllekunstnerne bruker antakelig kognitiv psykologi når de sager over damen, og reklamemakerne som vil selge den nye hårshampoen med lurium, har helt sikkert luktet på faget». Eit anna eksempel finn vi hos Ingebrigt Steen Jensen, i boka «Ona fyr» (s. 59): «L’Oreal selger ikke krem. De selger ungdom. Det er derfor de kan ta 200 kroner for en krukke med lurium».
Ordlaginga i dette tilfellet har sjølsagt mønster i stoffnamn på -ium. Kanskje har reklamen for ein viss tannkrem med den gåtefulle ingrediensen «Irium» spøkt i bakhovudet på den/dei som fann på ordet.

9.10.14: Fjøskatte
Strengt tatt er vel dette ei ny tyding av eit sjølsagt og etablert ord. Men interessant i alle fall, slik det står i Adressa 13.4.2010: «Denne uka gjennomgår boligområdene i Ila, Bakklandet, Møllenberg, Lade, Charlottenlund og Jakobsli vårmanikyr. To traktorer og «fjøskatta», minilasteren som åler seg frem mellom parkerte biler og trange fortau, kostet sammen sand og rask i store mengder, som de samlet sammen i en tilhenger». Og så er det eit flott bilde av fjøskatta og mannskapet i aksjon, som vi dessverre ikkje får med her.

8.10.14: Ballerock
«Gode popplater er en sjeldenhet i ballerockens hovedstad» (dvs Trondheim; Adressa 29.10.2009). Min rockekontakt, Kim feuerherm, definerer det slik på forespørsel: «God trøkk i sangene som «røske» til i ballene; eventuelt, kastrasang i heavy musikk». Rockemusikk «med ballar» altså. Bra med nett-tilslag; sjå f.eks. dette oppslaget nettopp i Adressa: http://www.adressa.no/kultur/musikk/article1283588.ece

7.10.14: Karøl
Omtalt i artikkel i Adressa 6.10.2009, som eit fenomen der menn i eit styre o l kjem saman uformelt og diskuterer saker over ein øl, utan at kvinnene er med. Dette kan verke ekskluderande og føre til at ting blir bestemt utanfor ordinære møte. Artikkelen handla om forsking på styrearbeid generelt og kvinner i styre, og det er nokre av dei mannlege informantane som har fortalt om det dei kalla «karøl».

2.10.14: Bonusbarn
Barn som ein får gjennom ein ny partner, som denne har med seg frå tidlegare forhold. På tilsvarande måte snakkar ein også no om bonusforeldre, bonustanter og bonusonklar. Bonus- gir nok ein meir positiv nyanse enn skilsmissebarn, kanskje også stebarn. Det er også grunn til å minne om tradisjonsordet andstøypingar, det som i eldre tid var kalla «sammenbrakte barn»
Ein diskusjon om desse orda finn du t.d. på denne lenka: http://vgd.no/samfunn/spraak/tema/1798677/tittel/bonusbarn

1.10.14: Genserprest
Finn-Erik Vinje skriv dette i den nye boka «Med ørene på stilk» (s. 85): «En ny likhetsideologi har kommet til å gejnnomsyre det menneskelige samkvem på alle felter – inklusive de språklige samværsformer. I mange kretser – og ikke bare i de ungdommelige – ser man det som et poeng å løsne på snippen. «Genserprester» er blitt et begrep». Dette har foresten også stått på trykk i ein artikkel Vinje hadde i Tidsskrift for Den Norske Lægeforening 1, 2006. Lite å finne om genserprestar på nettet, men Hanne Sigrun Byhring skriv dette på Twitter 22.9. i år: «Hmf..en genserprest på TV. de kommer i koseligere og koseligere innpakning» (https://twitter.com/hsbyhring)

30.9.14: Sædvask
Metode for fjerning av virus frå sæden til menn som er smitta av hiv, hepatitt B og hepatitt C, ved assistert befruktning. Det er ein notis i Adresa 30.9.14 om at norske sjukehus no skal tilby dette. Ved Rigshospitalet i København har dette vore gjort i fleire tiår allereie. Fleire nyheitsoppslag om denne saka, t.d. dette frå i sommar: http://www.dagbladet.no/2014/06/24/nyheter/politikk/sykdom/sedvask/hiv/34013856/

16.9.14: Jobbskyggevert
Dette ordet er visst såpass nytt at det har berre eitt google-treff så langt. NTNU har eit såkalla «jobbskyggeprogram», der ein student får lov til å følgje med ein tidlegare student (eller «alumnus») på jobben ein dag. Og det er når du tar imot ein slik ein at du blir «jobbskyggevert». Les meir her: https://alumni.ntnu.no/pages/open/tilbud/tilbud_til_alumner/doc728013.xml

16.9.14: Prisjeger
Ganske ny type jobb – ein prisjeger er ein person som går rundt i hyllene til konkurrerande butikkar og butikkjedar og sjekkar prisen. Om det da blir oppdaga lågare pris hos koknurrentar i lokalmarkedet, kan prisen bli sett ned med ein gong. Dermed kan ein kunde faktisk oppleva at prisen har vorte lågare i kassa enn den som stod på hylla da han begynte handlerunden. Det blir avertert etter prisjegerar. Her er ein artikkel om dette, frå Adressa 13.9.14: http://www.adressa.no/pluss/okonomi/article10119823.ece

28.8.14: Gribbefond
Fond som spesialiserer seg på å kjøpe gjeld til sterkt redusert pris, for så å krevje tilbakebetaling (med renter) basert på det opphavlege gjeldsbrevet. Dei innrettar seg ofte på u-land som ein reknar med kjem til å få gjeldslette. Fenomenet er skildra greitt t.d. på denne lenka frå 2007: http://www.dagbladet.no/kultur/2007/07/30/507445.html.

23.8.14: Nettnaut
Ordet forklarer seg sjøl i dette sitatet: «Grenwald og MacAskill var begge nettnaut som ikke visste stort om hvordan internett faktisk fungerer» (Luke Harding: Snowdenfilene (2014), omsett av John Grande, s. 99). Eller i eit blogginnlegg: «det er bare for slitsomt å legge ut innlegg to steder for et nettnaut som meg» (http://vampus.weblogg.no/m_052005.html)

22.8.14: Megareksi
Vi har lenge hørt om både anoreksi og bulimi, etter kvart også ortoreksi, om overdrive fokus på å eta sunn mat. Så har vi også megareksi, som er faguttrykket for ekstrem kroppsbygging eller kroppsbildeforstyrrelse». «Sykelig opptatthet av å bygge muskler» er forklaringa i artikkelen «Kroppsbygging som samfunnsmoral» av Kaja Melsom i tidsskriftet Humanist nr 2 2014. Her er det riktignok stava «megarepsi», men Wikipedia har det med k. Naturleg nok er det særleg kjent i kroppsbyggarmiljø.

13.8.14: Spelskjegg
Skjegg som ein lar vekse for å passe inn i rolle i historisk spel. «i år har jeg brukt hele sommeren til å spare til et spelskjegg, og det ser ganske likt ut. Min dårlige skjeggvekst kler nok råneskjegget bedre enn spelskjegget» (Mads Bones, Trøndelag Teater, Adressa 12.8.2014)

1.7.14: Permabed
«Stephen Barstow er en guru av internasjonalt kaliber når det kommer til spiselige planter og har hatt en finger med i spillet også i permabedet på Svartlamon» (Uke-Adressa 28.6.2014).
Eg får ikkje google-treff på «permabed». Men det heng vel i hop med permakultur (av engelsk «permanent agriculture»), ei rørsle som i følgje Wikipedia arbeider for å fremje meir berekraftig og langsiktig busetnad. Eit berekraftig økologisk system i praksis, de ein jobbar med naturen.

24.5.14: Trekkspellbuss
Skjemteord for leddbuss, buss som er samansett av fleire ledd. Ordet er nok ikkje heilt nytt, for et er mange google-treff. Men vi tar det med likevel. Her kan du sjå ein «ekte» trekkspellbuss: https://www.facebook.com/musicempowers/photos/a.149801911700146.29463.126915113988826/842095802470750/?type=1&theater

22.5.14: Grunnfagshovmod
Bår Stenvik skriv om reaksjonar på visse tekniske triks i filmen Star Trek: «Indignasjonen og de estetiske argumentene var sikkert ekte for mange fans, men like viktig var det nok å vise fram sin egen filmproduksjonskompetanse – med klassisk grunnfagshovmod kritiserte de hissig et fenomen de nylig hadde lært navnet på» (boka «Bløff», 2014, s. 290, litt omformulert frå ein kronikk i Dagbladet 22.5.2013). Det er ikkje fleire treff å få på dette ordet, så det er truleg Stenvik som har laga denne samansetninga sjøl. Men den er slåande, og treffer spirrevippar som pralar med nyvunnen kunnskap. Når ein har lært meir enn grunnfagsnivå om eit emne, blir ein meir audmjuk og innser kor lite ein eigentleg kan. Vi får sjå om ordet slår an.

12.5.14: Vindklokke
Ei ny form for «uro», forklart slik i avisa Firda i 2000: «Det ringjer igjen i klokka over døra , ei såkalla vindklokke som Nenita har med seg frå Fillipinene . Det er eigentleg ein uro med dekorative sølvstengar og fiskefigurar , som lagar ein glitrande glad lyd når dei klimprar mot kvarandre».

13.4.14: Åreknutepunkt
Dette står å lesa i boka «Bykamp» av Nicolai Strøm-Olsen og Ståle Økland (s. 52):
«I Aftenposten 17. juli 2013 kunne man lese følgende: «De eldre vil bo i nye blokker ved kollektivknutepunktene og danker ut alle i budrunden når de selger nedbetalte eneboliger i nabolaget», uttalte Gaute Brochmann, arkitekt og skribent, som mente å se eldreghettoer langs hele T-banenettet. Brochmann brukte et semester som akritektstudent på å studere fortettingen av Kolbotn sentrum. Ordet «åreknutepunkt» var et ord han tok i bruk da»
Brochmann ser ut til å ha lansert ordet i 2010, og så langt ser det ikkje ut til at andre har begynt
å bruke det anna enn i kommentarar til han.

13.4.14: Floskuløs
Prega av flosklar. Eit avisinnlegg vart karakterisert slik i 1998: «fullt av skråsikre,
«selvinnlysende» og platte generaliseringer i ytterst abstrakt og floskuløs
form». Ikkje mykje brukt i norsk, ser det ut til, men ein del i dansk. Laga etter mønster av muskuløs.

12.4.14: Reisefri(tt)
Som ikkje medfører reising, t.d. reisefrie møte. Også i svensk: «resfria möten». Om reisefritt arbeidsliv, sjå t.d. her: http://teknologiskfremsyn.wikispaces.com/Reisefritt+arbeidsliv

12.4.14: Økokjøring
Miljøvennleg kjørestil, der ein brukar lite drivstoff. Eit av dei mange orda med førsteledd øko- som vi har fått den siste mannsalderen. Dette er vel frå engelsk ecodriving. http://www.energirad-innlandet.no/husholdninger/okokjoring

22.3.14: Ekkokammer
Brukt mykje i seinare tid i samband med politisk debatt, om nettsider, bloggar m.m. der ein berre får stadfesta eigne (gjerne ytterleggåande) synspunkt og der desse blir forsterka. Eit par ferske skempel, først dette: «Mer spesielt avvises påstandene om at sosiale medier fungerer som «ekkokamre». Det er i følge undersøkelsen ikke slik at bloggene er en arena der folk bare forholder seg til sine meningsfellers synspunkter» (Finn Ostad i boka «Det farlige demokratiet», s. 251-252). Og så Svein Egil Omdal i Adressa 22.3.14: «Lenge har det vært advart mot ekstremistenes ekkokamre, hvor de bare hisser hverandre opp».
Frå engelsk «echo chamber», og det skriv seg vel opphavleg frå den tekniske innretninga i lydstudio o.l.?

21.1.14: Kjøttklister
Ordet dukka opp i offentlegheita rundt 2010, da EU i første omgang godkjente stoffet, eit vedtak som vart stoppa i Europaaparlamentet med to stemmers overvekt. Det dreier seg om enzymet trombin, som får blod til å storkne. I næringsmiddelindustrien er det brukt i lag med fibrinogen til å lime saman mindre kjøttbitar til større skiver. Det er også kalla kjøttlim.

19.1.14: Sofapotet
Person som sit passivt i sofaen på fritida si og ser på tv, video e l. Agnes Ravatn fortel i Dag og Tid 17.1.14 om ein gjeng sofapoteter som vart sett til å trene på helsestudio. Frå engelsk «couch potato». Dette ordet ville forøvrig britiske bønder ha ut av ordlistene. Dei oppfatta det som fornærmande mot heiderlege matvarer: http://www.vg.no/nyheter/utrolige-historier/artikkel.php?artid=281330. På norsk har vi alternative ord som sofadyr og sofagris.

17.1.14: Landran
«Kappløpet om jord («landran»)» står det i ei bokmelding i Ny Tid nr 2/2014. Forklart slik på nettsidene til «Spire» (Utviklingsfondets ungdom): «Landran er et fenomen som har vokst frem i løpet av de siste årene. Begrepet innebærer at utenlandske investorer tar over landområder og naturressursene som hører til i utviklingsland ved å overta eierskap eller bruksrett til jorda». Frå engelsk land grab.

17.1.14: Lollete
«P3morgen runder av uka på en rørende og lollete måte» (også brukt muntleg i programmet Prosjekt Perfekt NRK1). Sjå òg P3s nettsider 18.10.13: http://p3.no/p3morgen/p3morgen-oppsummerer-uka-pa-lollete-vis/. At LOL er nett- og sms- sjargong og akronym for «laugh(ing) out loud» (norsk: «ler og ler»), visste vi, men no er det i ferd med å få eit adjektiv også! Lite belegg så langt, så vi får sjå om det får innpass.

16.1.14: Dagseng
Forklart slik på TV2s nettsider: «En dagseng er et flerfunksjonelt møbel som kan brukes både som sittebenk, solseng og oppbevaringsplass». Kan nok vera omsett frå engelsk daybed.

7.1.14: Snøtørke:
Svært aktuelt no med den snølause vinteren vi har mange stader. Adressa skriv i dag 7.1. om snøtørken som vil vedvare i Trøndelag: http://www.adressa.no/vaeret/article8911495.ece. Men alt 1.12.12 klaga avisa på snøtørke, den gongen på Oppdal. Ordet er brukt ein del i media, bloggar m m, så det ser ut til at det er behov for det. Kanskje ein føler det uttrykker ein annan nyanse enn snømangel?
Mange plussgrader har gjort at det heller ikkje er så mykje berrfrost. For den som vil sjekke ord for dette, går det an å gå til arkivet 26.11.12: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/26/.
Vi minner også om «slovinter», som var «Dagens ord» 15.12.13.

5.1.14: Selfie:
Veldig aktuelt ord, spesielt etter at Oxford Dictionaries kåra det til det viktigaste året i 2013. Engelsk ordlaging sjølsagt, men på full fart inn i norsk. Og det betyr som kjent bilde ein tar av seg sjøl og legg ut på eit sosialt medium. Språkrådet foreslår sjølvbilde/selvbilde som muleg norsk avløysar – vi får sjå om det slår an. Sjå om selfie f eks her: http://www.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=10137009

18.12.13: Vervhore
«Hun føler seg som en verv-hore, men har funnet nøkkelen til å sjonglere det hele: Hun har lært seg å prioritere» (Universitas 27.11.2013). Få nettbelegg på dette. Jamfør «styregrossist» 1.12.13.

2.12.13: Villfylling:
Søppelfylling utanom godkjent plass: «Det er sjeldan me får melding om det me kallar » villfyllingar » no . Årdølene har høve til å levera på godkjende plassar fem dagar i veka , og det har hjelpt godt , seier Kjos , som likevel kunne tenkja seg at folk var flinkare til å sortera avfallet» (Sogns Avis 2008).

1.12.13: Festtalemoms:
«Selv fratrukket festtalemoms var det ord som gjorde godt å høre» (Ole-Einar Andersen refererer frå ein festtale til Arve Tellefsen i boka «Æ må jo spæll?», s. 318). Ingen treff på ordet på Google, så er er det kanskje ei nyskaping frå Andersen si side.

1.12.13: Pøbelgran
Miljørørsla har lagt på sitkagrana dette ordet, fordi ho dominerer og spreier seg kraftig og tyner den naturlege vegetasjonen. I perioden 1960-75 var utplantinga av sitkagran på sitt høgste her i landet. Den nye regjeringa vil ikkje gi tilskot til meir planting av sitkagran: «Storstilt nyplanting av sitkagran – nå kjent som pøbelgran – blir ikke noe av. Også miljøvernminister Tine Sundtoft ønsker treet dit pepper’n gror» (Aftenposten 7.11.13). http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Regjeringen-gir-rodt-kort-til-pobelgrana-7366015.html

1.12.13: Styregrossist:
Person som har mange styreverv. Vi har ikkje fått med ordet i Norsk Ordbok 2014, i ein bolk som eg redigerte. Men det er så mange nettbelegg at det kanskje burde vore med. Her er ein som ønsker å bli styregrossist: http://e24.no/makro-og-politikk/enger-jeg-vil-bli-styregrossist/2512887

28.10.13: Sidevender
«Boka er en sidevender av de sjeldne, en klassiker» (Adressa 28.10.13). Frå engelsk page turner.

6.10.13: Rutineblind
«Rutiner har mye for seg, det er mye godt å si om å etablere en felles praksis – men når denne praksisen utelukkende blir begrunnet med at det er en rutine, er man i ferd med å bli rutineblind» (Einar Øverenget: Helstøpt – lær å håndtere etiske dilemmaer, s. 73-74). Dei som seier «oss ha gjort det i æille år», er vel rutineblinde. Ordet har berre nokre få treff på Google, men kansje det fyller eit hol og fortjener ein plass i språket?

30.7.13: Lakenskrekk
Spøkefullt/ironisk uttrykk for det å ikkje ha lyst til å legge seg. Tone Tryti har belegg frå 2001 i Norsk Slangordbok, og det er mange tilslag på nettet. «Ikkepedia» har si alternative forklaring: http://ikkepedia.org/wiki/Lakenskrekk

5.4.13: Involusjon
Dette ordet hadde eg knapt nok vore borti før eg kom over det i Dag Jørund Lønning si ferske bok «Liv i fjøsan» (om eit prosjekt i Nordland der det gjaldt å få ny aktivitet i tomme fjøs). Her les vi (s. 41) om «generasjonsfjøs som potensielt kan formidle em historie om involusjon og kontinuitet» og «Det tilsynelatende mest attraktive «kulturlandskapet» i dag er det tradisjonelle involusjonslandskapet, det som har vokst fram gjennom prøving og feiling gjennom hundrevis av år» (begge på s. 41). Samansetninga involusjonsfjøs er også brukt i boka.
I nynorsk Wikipedia står dette: «Involusjon skjer når noko vender seg attende mot seg sjølv». Det er brukt på fagområde som matematikk og medisin, i siste tilfelle om tilbakedanning av organ. Det ser ut til at Lønning her har ført ordet involusjon over på eit nytt område.

17.4.13: Arborist
Ord kan også vera «nye» på den måten at dei får allmenn interese på grunn av eitt elleer anna som hender. Faguttrykket «becquerel» kom såleis på alles lepper etter tsjernobyl-ulykka i 1986. No er det, i alle fall i Trondheim, plutseleg mykje snakk om arborist, også i avisoverskrifter. Ein arborist er ein som har trebehandling som yrke (latin arbor = tre). Det er henta ein slik ein til Trondheim for å vurdere ei gammal eik i Ila som det er snakk om å felle.

7.4.13: Rammelsnø
Hørt på skitur ved Trondheim, om mjuk nysnø som gjer at ein ikkje slår seg veldig om ein ramlar på ski. Kan hende var det spontant laga der og da, men kanskje vi skal la det få ein sjanse?

22.3.13: Kalenderhjerte
«Når julen er omme, står de ensomme tilbake. Jeg er lei av at folk skaffer seg sosialt alibi. Folk har kalenderhjerte, de skrur på følelsene kun i desember» (Bjørn Eklo i Adresseavisa 22.3.13, i oppslag om at påska er verste tida for dei som er einsame)

2.2.13: Optimismebias
«Optimismebias er namnet psykologien har gitt på den tendensen folk har til å vere overoptimistiske på vegner av si eiga framtid. Det å tenkje at ein sjølv har mindre sjanse enn andre til å bli sjuke, hamne i ulykker og ikkje minst skilje seg» (Agnes Ravatn i Dag og Tid 1.2.13). Engelsk bias = fordom, «slagside» m m.

1.2.13: Overdiagnostikk
Steinar Westin skriv i Adresseavisa 31.1.13: » .. vi i helsetjenesten også kan bidra til å gjøre skade ved å gjøre for mye. Ved å sette sykdomsmerkelapper på en økende andel friske, ved å sende stadig flere til ulike slags undersøkelser, som kan ende i uendelig lange reiser i helsevesenet, og av og til medføre unødvendige behandlinger. «Overdiagnostikk» og «overbehandling» er nyord som vi stadog oftere må forholde oss til, enten det dreier seg om mammografi- eller prostatascreening, grenser for høyt blodtrykk, høyt kolesterol eller lav beintetthet, eller nye diagnoser for avvikende adferd hos voksne og barn».

10.1.2013: Kvartlivskrise
Vi startar med eitt som truleg er ganske ferskt. I nr. 1 2013 av studentavisa Under Dusken i Trondheim kan vi lesa om kvartlivskrise. Denne melder seg når ein er 25-30 år, «kvartvegs» i livet,  og finn ut at ein kanskje ikkje passar så godt til den utdanninga ein har slått inn på. Ein lurer på kva ein eigentleg vil bruke livet til. Det er alt temmeleg mange Google-treff på ordet. Sjølsagt er det modellert over midtlivskrise.

Reklame

3 thoughts on “Nye ord

  1. Rita Hovde on said:

    Dette var interessant! Jeg sikter til ordet «saur» som jeg bare har sett en gang før, nemlig i (for meg) verdens vakreste dikt, «Ta mi hand» av Tarjei Vesaas. Der skriver han i tredje verset: » Er redd å bli liggande med andletet nedi, fem steg frå streken, andletet i saur og søppel, det er difor.» Jeg tok meg den frihet å skrive til Halldis Moren Vesaas i 1993 og nevnte bl.a. hvor glad jeg var i det nevnte diktet. Fikk et nydelig, håndskrevet brev tilbake der hun forklarte uoppfordret hvordan hun oppfattet dette diktet. Hun var selv veldig opptatt av det.
    Nå sporer jeg vel av fra dialekttemaet i denne settingen, men ble så glad for å se igjen ordet «saur» og få en forklaring på det.
    beste hilsen fra Rita Hovde

  2. John Erling Moen on said:

    «Sukkertaske» er et morsomt ord som har blitt flittig brukt bl.a. i vårt jaktlag, usikker på opphavet og om det egentlig er et ord. Men min forståelse av ordet er slik: for eksempel en jeger eller en fisker med alt det siste av klær og utstyr, uten at dette gjør seg utslag i fangst, er en klassisk sukkertaske. Kanskje kan forståelsen ligne på ordet jålebukk? Ikke sikkert dette kan klassifiseres som et eget ord, men morsomt er det 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: