Moro med ord og uttrykk!

Kor er dette? Geografi og stadnamn

Under denne overskrifta legg vi med jamne mellomrom ut bilde frå forskjellige stader i landet. Finn ut kvar det er, og send inn svar, enten som i kommentar her, på facebook eller på e-post. Vi avslører svaret etter kvart og presenterer eventuelle tolkingar av namnet. Det er sjølsagt mange måtar å finne fram til svaret ved å bruke nettet, bildeinformasjon m m utan at ein nødvendigvis treng å ha dei store geografiske kunnskapane. Dette er ingen konkurranse, men eit uhøgtideleg forum for informasjon om stader og namn. Derfor blir dei som har gitt rett svar, nemnt i alfabetisk rekkefølge når vi presenterer løysinga. Unni Ulltveit er bilderedaktør og tar dei fleste bilda. Andre fotografar blir (frå og med februar 2016) nemnt i lag med løysinga. Send gjerne inn bilde, til unul@online.no eller tor.erik.jenstad@gmail.com.

30.6.17: Stor fjøre (fjære, fjurru) – men kor?

Blogg30.6.17

Ingen tvil hos folket – vi er i Buvika, og ser Buvikfjæra/Buvikfjurru med Brekka og Øyberget i bakgrunnen. Rett svar frå Lars Steinar Ansnes, Gunnvald Bøe, Hanne Marit Dyrnes, Pål Gjønnes, Irene Hellem, Hroar W. Kvande, Ingunn Løberg, Agnar Melby, Frode Myklebust, Oddbjørn Nærvik, Bjørn Åge Oldervik, Johan Olsen, Astrid Hoel Riise, Olve Røstum, Gunhild Saltnes (og nei, Gunhild, det er dessverre ikkje premie!), Anders Stolsmo, Brit Signe Sæter, Nils A. Tøndel,  Olve Utne, Berit Vikvald og Bjarte Øye. Når det gjeld E39, er nok løpet kjørt, men eg konstaterer at fleire meiner vegen eigentleg burde gått her.

Buvika er som kjent tettstad/grend i Skaun kommune. Buvik var tidlegare eigen kommune.

Dei eldste belegga viser at den norrøne forma må ha vore Boðvik. Førsteleddet kan ha vore namn på nettopp den langgrunne fjordarmen på bildet, og ha samanheng med båe ‘blindskjer’.  Namnet er behandla i Norsk Stadnamnleksikon: ttp://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=f99b4a7393044ecd96eaa3b13e7cfa4c

 

23.6.17: Kanskje ei nøtt?

Blogg23.6.17

Dette viste seg aboslutt å vera ei nøtt, og ingen klarte å komma heilt fram, sjøl om Sivert Gravem med Østerdalsbygdene heilt klart var inne på det rette. Bildet er frå Finstad i Øvre Rendalen.

Namnet Finstad finst mange stader. I dette tilfellet reknar Oluf Rygh i Norske Gaardnavne med mannsnamnet Finn (norrønt Finnr) i førsteleddet. Det har vore gjengs lære at gardsnamna på -stad ofte er samansett med eit personnamn. Kanskje har ein gått litt for langt i den leia, og det har komme kritikk mot det. Fleire namn enn ein har tenkt seg, kan ha ei naturnemning i førsteleddett. Etter ei gammal segn skal Finstad vera folkesett frå Brydalen etter Svartedauden, av ein som fann denne staden. Det kan vi nok trygt avfeie som folkeetymologi. Jacob Breda Bull meiner i bygdeboka for Rendalen at førsteleddet kan vera fen ‘myr’.

16.6.17: Ferje:

Blogg16.6.17

Etter litt famling i starten greidde vi å peile oss inn på riktig svar: Storfosna. Rett svar frå Britt Eli Døsvik, Gunnar Eikrem, Bjørn Garberg og Egil Aarstein (sistnemnte var først ute). Gunnar Eikrem kan opplyse at ferja heiter Nidaros II (ex Glutra).

Storfosna er gammal herregard («Storfosen gods»), kjent frå 1300-talet av.  Storfosna var administrasjonssentrum og gav namn til heile lenet (fogderiet) da det vart skilt ut frå det gamle Nordmørefylket på 1500-talet. Øya Storfosna ligg i Ørland kommune og har brusamband til Kråkvåg og ferje til Garten.

Namnet viser til dei gode hamneforholda. Storfosna er for å skilje det frå «Lille Fosen» (Kristiansund). Les meir i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=6fd8d99332d44577aecd5b8dafc62a97

Søk gjerne opp namnet Fosen og les om det også. Til slutt: Takk til Olve Utne for bildet!

9.6.17: Norsk fjordlandskap:

Blogg9.6.17

Greitt å finne fram her. Vi er i den grenda som heiter Bøverfjorden etter Kartverkets vedtatte skrivemåte, men som mange helst vil skrive Bæverfjord, som slektsnamnet. Rett svar frå Mali Torunn Bæverfjord Anda, Lars Steinar Ansnes, Randi Blekken, John Dagfinn Bæverfjord, Bernt Idar Bøe, Gunnvald Bøe, Kirsten Snekvik Bøe, Ingrid Kjønnøy, Einar Sæterbø, Olve Utne og Erling Aasgard. Om nokon skulle vera i tvil om det, så er vi i Surnadal kommune, inst i Hamnesfjorden. Kanskje er det somme som har overnatta på Småøyan Camping.

Som fleire har peikt på, er den trtadisjonelle uttalen «bøf`fjor’n» (med tostavings tonelag), til forskjell frå «bø’fjor’n» (med einstavings tonelag), som er Bøfjorden. Den eldste skrivemåten «af Bifrafyrde» viser at namnet heng saman med elvenamnet Bøvra ‘beverelva’. Sjekk Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3786e7e1004b423b825c1c6c66cee981

2.6.17: Så har vi enda ei norsk bygd:

Blogg2.6.17

Greitt å finne fram hit. Folk var sikre i si sak – det er Soknedalen. Rett til alle desse: Ingerid Marie Bjørkås, Britt Eli Døsvk, Karin Eithun, Chris Folde, Arnhild Fossum, Irene Hellem, Anne Lise Trøen Karlsen, Tore Myrseth, Egil Nisja, Oddbjørn Nærvik, Jorunn Øyås Rise, Anders Schjølberg, Solveig Marie Solberg, Turid Paulsrud Solberg, Arne Stenberg, Ingrid Storrø, Olve Utne og  Ragnhild Økdal. Dei mest lokalkjente kan fortelje at vi ser Hanshus Bil i forgrunnen. Soknedal var eigen kommune frå 1841 og gjekk inn i Midtre Gauldal kommune frå 1964.

Soknedal har namn etter elva Sokna. Sokna som elvenamn finst fleire stader, og det blir sett i samband med verbet å søk(j)e. Det kan da bety noko slikt som ‘elva som fer hardt fram’. Du kan lesa om namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=9130974b7bb04d21bed1aa4978a1a1bb

26.5.17: Her bør ein truleg vera lokalkjent. Vi er ute etter namn på grend/område:

Blogg26.5.17

Folk er neimen ikkje lette å sette fast! Men her var det nok absolutt ein fordel å vera lokalkjent. Erik Klomsten, Olve Røstum og Brit Signe Sæter stilte med nettopp dette. For vi er på Rye på Byneset, men i ein litt uvant vinkel. Bildet er tatt frå båt.

Rye er i dag eit bygdesenter med skule, samfunnshus og kapell. Det er opphavleg gardsnamn, samansett med leddet vin ‘naturleg eng, beite’. Førsteleddet er uvisst. I Aslak Bolts jordebok frå 1400-talet er namnet skrive «af Rygine», og i Norske Gaardnavne blir det foreslått å føre første delen til eit ord ruga, f ‘dunge’.

19.5.17: Kjent turiststasjon:

Blogg19.5.17

Kjent og enkelt for den som har kjørt Sognefjellet. Vi ser Krossbu, og det svarte Ingerid Marie Bjørkås, Ninni Gunn Dørum, Ester Aaalbu Eriksen, Evy Forseth, Irene Hellem, Marit Hjellmo, Bjørn Hval, Eva Kjelstad, Anders Schjølberg, Eldbjørg Seim, Turid Paulsrud Solberg, Tarjei Øverbø, Mathias Øvsteng og Bjarte Øye. Krossbu ligg øvst i Bøverdalen, i Lom kommune.

Krossbu vart bygd som skysstasjon i år 1900.

Namnet er samansett av kross ‘kors’ og bu ‘hytte’.  Krossbu er omtalt i Norsk stadnamnleksikon (sjå spesielt om tydinga av kross her) : http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a92578ce3034413f8107566a1c56f0fc

Første leddet viser til at det har vore ein gammal offerplass her, der dei ofra for å komma seg trygt gjennom den farefulle reisa over til Vestlandet.

12.5.17: Fjordlandskap:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mistfjorden var riktig svar. Det såg Bjørn Åge Oldervik og Bjarte Øye, som var førstemann. Vi er i Bodø kommune, og ser ferjesambandet mellom Festvåg og Misten.

Det er to teoriar om opphavet til namnet: Enten samanheng med mist ‘yr’ eller ei avleiing til munn ‘gap, opning’. Les meir i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=e61f67276a464645a5c6a63bb12d7ec3

Takk til Olve Utne for vakkert bilde!

5.5.17: Her må vi nesten ha namn på bydel:

Blogg5.5.17

Namn på bydel fekk vi, utan problem. Det er Trolla, som ligg i Trondheim, på vegen mellom Ila og ferjeleiet på Flakk. Riktig svar frå Ingunn Løberg, Irene Løvseth, Bjørn Åge Oldervik, Olve Røstum, Brit Signe Sæter, Silje Sølvberg Bardal, Olve Utne og Bjarte Øye. Som fleire peiker på, ser vi Trolla Brug i front, med ymse industriproduksjon gjennom tidene, bl.a. omnar, nedlagt 1988.

Etter vanleg oppfatning er Trolla opphavleg elvenamn. Det må vel da ha vore på den som no heiter Trollabekken. Slike namn meiner ein heng i hop med troll og skal vise til strie og farlege elvar. Les om det i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=ba6cdea7479c49169b462bb22d503d9c

28.4.17: Og kor finn vi denne konstellasjonen?

Blogg28.4.17.jpg

Koppang var riktig svar. Godt orientert var Ingelin Gravem, Bjørn Hval og Oddbjørn Nærvik. Vi er i Stor-Elvdal kommune, på Koppangtunet, og ser ei freda såkalt «barfrøstue». Påbygg  av dette slaget er særeige for Østerdalen. Denne er opphavleg frå garden Trønnes. Nemninga barfrø har ei interessant historie: Det er same ordet som tysk Bergfried, engelsk belfry, fransk beffroi – hovudtårn på middelalderbrog

Opphavet til namnet Koppang må vera kaupang ‘kjøpstad, markedsplass’, sjøl om det ikkje er historiske opplysningar om dette her. Les i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a744dfd7e5364f84bd5f8e4f54524913

21.4.17: Utkikkspunkt – i kva for fjellområde?

Blogg21.4.17

Her er vi på utkikkspunktet ved Jotunheimen Fjellstue på Sognefjellet. Det var nok ein fordel å vera lokalkjent, men det er nok mange som har stoppa her på vegen over fjellet. Rett svar frå Nils Magne Brandsar, Anders Schjølberg, Gudrun A, Vollan og Tarjei Øverbø.

Vi var ikkje ute etter anna enn namnet Jotunheimen her. Som mange veit, er dette eit namn som er laga og påsett av diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Mønster tok han frå  eit eldre forslag «Jotunfjeldene» og det tyske Riesengebirge. Namnet er omtalt i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=f77149befdf5406f9ce73ed35e70729a

14.4.17: Kjent kyrkje bør vel dette vera?

Blogg14.4.17

Å ja da, her var det mange rette svar. Det er kjerka på Stiklestad, eller «Stekksta», som er den lokale uttalen (stadig i fullt levande bruk!). Vi nemner i fleng, alfabetisk: Alf Andersson, Bernt Idar Bøe (gift her), Kirsti Dalsaunet (sønnen døpt her), Bjørn Martin Eklo, Lidvard Arnstein Eklo (som er både døpt og konfirmert her), Chris Folde, Gisle A. Green, Dagrun Gulstad, Irene Hellem, Svein Olav Letnes, Bergit O. Mikkelsen, Jon Anders Myrvang (døpt her),  Snorre Ness (døpt og konfirmert her), Svein Nic. Norberg, Bjørn Åge Oldervik, Tove Thoresen Saur, Turid Paulsrud Solberg, Kurt Evert Odin Stenbakk (også døpt og konfirmert her!), Frøydis Sund, Brit Signe Sæter, Einar Sæterbø, Roald Veimo, Merete Verstad og Jorunn Raadal Østborg.

Stiklestad treng vel ingen nærmare presentasjon. Men det er fleire som lurer på kva namnet betyr. Det er jo eit gardsnamn, og i Norske Gaardnavne blir det rekna med eit elvenamn *Stikl, som kan ha å gjera med å stikle ‘hoppe’. Men her har namnegranskaren Margit Harsson lansert ei ny tolking, ut frå at det her må ha vore ei gjengroingsmyr med utstikkande viker. Norsk stadnamnleksikon på nett har fått med seg dettte: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3c70f56ef35c465a9b6f28087e46aac9

Til slutt: Takk til Berit Sandnes som tok bildet.

7.4.17: Denne staden er vel kjent for mange?

Blogg7.4.17

Her kjente folk seg igjen ja! Vi er på Kårvatn øvst i Todalen (Surnadal kommune, tidlegare Stangvik). Det visste John Dagfinn Bæverfjord, Kirsten Snekvik Bøe, Sivert Gravem, Dordi Jorunn Halle, Svein Olav Letnes, Frode Myklebust, Marie Ness, Bjørn Åge Oldervik, Willy Sandvik, Einar Sæterbø, Olve Utne og Erik Sverre Viken. På Kårvatn, i daglegtale kalla Dalen, er det turisthytte og forretning for fjellutstyr.

Namnet Kårvatn har tidlegare vore sett til kår ‘føderård’, men siktar heller til kårar i elva, eit ord i slekt med kåre ‘tennspon’. Sjekk Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=ff8c5e4cf86b437191c4a733a05ad13a

Takk til Oddbjørn Nærvik for bildet! Han peiker elles på at trass i at bildet er tatt noko utpå hausten, er torvtaka er fine og grøne.

31.3.17: Innsendt bilde med fugleperspektiv. Nokon som kjenner seg igjen?

Blogg31.3.17

Etter litt famling kom vi fram til Rekdal i Vestnes kommune. Rett svar frå Sivert Gravem, Bjørn Åge Oldervik, Magnar Oldervik, Arne Søholt og Bjarte Øye. Bygda ligg nær grensa til Sunnmøre, og fleire har gjort god greie for det vi sere på bildet. Og Kjetil Rekdal har sjølsagt namnet sitt herifrå.

Rekdal har eit elvenamn Reka i førsteleddet. Les om dette i Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=98c036d721d84290974b23e0461ee802

Til slutt: Takk til Odd Søraas for bildet!

24.3.17: Enn dette da?

Blogg24.3.17

Mange følte seg heime her. Vi er sjølsagt i Namsos, og ser den karakteristiske Bjørumsklompen i bakgrunnen. I fleng riktig svar frå Lars Steinar Ansnes, Kjellaug Bjerke, John Dagfinn Bæverfjord, Sivert Gravem, Knut Johansson, Marit Julien, Terje Kilen, Gudrun Lise Larsen, Jostein Mediaa, Kjell Moen, Frode Myklebust, Geir Nordbøe, Steinar Nyland, Astri Marie Røed, Tove Thoresen Saur, Rolf Skogstad, Arild Stjern, Frøydis Sund, Brit Signe Sæter, Roald Veimo og Bjarte Øye.

Namsos betyr rett og slett osen til elva Namsen, og er nylaga frå 1854: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=156256fefde340e0a3ef55975c9b3e69

Elvenamnet Namsen er ei litt meir vidløftig historie. Det er samansett med -sær ‘sjø’, og første delen finn vi att som ledd i namnet Numedal. Når det gjeld gardsnamnet Bjørum, viser eldre skrivemåtar at det er samansett med -hammar. Førsteleddet kan vera eit elvenamn Bjora eller Bjøra.

Takk til Berit Sandnes for bildet.

17.3.17: Ei kyrkje att denne gongen:

Blogg17.3.17

Mange var godt kjent her, dels med personlege erfaringar. Vi ser «Otneskjerkjå», som det heiter på folkemunne på Nordmøre. Offisielt Valsøyfjord kirke. Riktig svar frå Peder Botten, Gunnvald Bøe, Kirsten Badnes Bøe, Unni Dahl, Hanne Marit Dyrnes, Per Dagfinn Fjærli, Liv Gjersvoll Jenssen, Bjørn Gåsvik, Reidun Hvitsand, Ingebjørg Holten, Liv Karlsvik, Svein Olav Letnes, Frode Myklebust, Borghild Neergård Betten, Turid Paulsrud Solberg, Jorunn Seter, Kirsten Snekvik Bøe, Solveig Stenstvedt, Anne Berit Sødahl, Aud Pauline Todal, Olve Utne og Ingvild Valsø.

Fleire spør om når kyrkja skifta namn til Valsøyfjord kirke. Det har eg ikkje funne ut i farten, men ho er i alle fall bygd i 1864 og ligg på Otnes. Derfor er det namnet Otnes vi seier noko om her. Det finst også andre plassar (i Selje og Rendalen), og blir helst sett til eit elvenamn Otta. I dette tilfellet må det vera eit tapt elvenamn. Typisk for Oluf Rygh: Norske Gaardnavne: «Der falder en Aa ud nær Gaarden».

10.3.17: Ny plass – og ny gåte!

Blogg9.3.17

Etter ein smule famling kom vi greitt fram til Berkåk. Rett svar frå Ingunn Løberg, Kjetil Mæhle, Egil Nisja, Oddbjørn Nærvik,  Astri Marie Røed og Brit Signe Sæter, med tilslutning frå Eva Kjelstad. Bildet er frå ein litt uvant vinkel.

Berkåk er sentrum i Rennebu kommune. Namnet er opphavleg gardsnamn, og er samansett av birki ‘bjørkeskog’ og åker. Det finst som gardsnamn også i Oppdal. Her er Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3ba467a2f36f41fd91153162991db630

3.3.17: Men kor er vi her da?

blogg3-3-17

Masse lokalkunnskap i denne runden. Vi er i Lurvika i Aure kommune. Gammal handelsstad, og fullt liv her om sommaren også i dag. Tusenårsstad i Aure kommune. Riktig svar frå Lars Steinar Ansnes, Norunn Augdal, Oddrun Aukan, Bjørn Bergfall, Gerd Eva Davidsen, Jorunn Ertvåg, Anne Grete Fostervoll Lie, Tove Johannesen, Jorun Marie Jonassen, Linn Kjøl Oldervik, Ole Ledahl, Ingunn Løberg, Jorunn Munkedal, Frode Myklebust, Oddbjørn Nærvik, Bjørn Åge Oldervik, Erling Rørhus, Anne Alvhild Winum og Gunnhild M. Aal.

Namnetolkinga overlet vi til Oluf Rygh: Norske gaardnavne: «1ste Led kan være lúðr m., i Oldn. brugt om en Stok, særlig om en,
som var udhulet til forskjelligt Brug. Findes ofte i Stednavne, saaledes om
Fjeldtoppe. Til en saadan sigter det maaske ogsaa her».

23.2.17: Oversiktsbilde over vid norsk dal. Men kva for ein?

blogg23-2-17

Her skulle vi fram til Verdalen. Greitt og riktig svar frå Gisle A. Green, Svein Guddingsmo, Vidar Molden, Bjørn Åge Oldervik og Bjarte Øye. Vi ser utover nedre del av dalen, og bildet er vel tatt frå Steinsvåttån eller Steinsberget (326 moh) , med gammal bygdeborg, slik fleire skriv. Meir om denne plassen kan du lesa her: http://www.verdal-historielag.no/nyheter/historisk_kinder-egg.htm

Førsteleddet i namnet Verdal er eit gammalt namn på Verdalselva, utan heilt sikker tolking. Sjå om det i Norsk stadnamnleksikon: ttp://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=1fd2b216b05c4a6f87573fffba828aef

Til slutt: Takk til Roald Veimo, som let oss få bruke det fine bildet!

17.2.17: Nok ein norsk dal:

blogg17-2-17

Vi skulle nok ikkje til redaktørens heimtrakter Sunndalsfjella denne gongen, som enkelte prøvde seg med. Nei, Leirdalen i Lom kommune er riktig svar. Og det visste, i alfabetisk rekkefølge Petter Henriksen, Bjørn Hval, Bjørn Åge Oldervik, Anders Schjølberg, Tarjei Øverbø, Mathias Øvsteng og Torill Aasegg. Fleire med imponerande detaljkunnskap.

Leirdalen er ein sidedal til Bøverdalen og har namn etter elva Leira. Namnet tyder enten ‘elva med leirbotn’ eller ‘elva som fører leirvatn’.

10.2.17: Innsjø med demning. Namnet kan ein seie er litt aktuelt:

blogg10-2-17

Jammen greidde folket denne nøtta også! Sjøen vi ser bak demninga, er Finnkoisjøen. Rett svar frå Anders Schjølberg, jmed tilslutning frå Egil Nisja, Oddbjørn Nærvik og Bjørn Åge Oldervik. Det er altså ikkje Aursjøen, slik somme var inne på.

Finnkoisjøen er delt mellom Tydal og Meråker kommunar, med avløp til Lødølja, ei sideelv til Nea. Sjøen er regulert, som vi ser, han er magasin for Tya kraftverk.

Grunnen til at vi tok med denne i veka for Tråante 2017, er at førsteleddet inneheld nemninga finn ‘same’. Ei finnkoie er altså ei samekoie – vitnemål om samisk buplass.

3.2.17: Denne er kanskje ikkje så lett?

blogg3-2-17

Jammen fann folk fram hit også! Vi er på Rognes stasjon. Rett svar frå Chris Folde, Thomas Lomundal (som har tatt bandbilde på jernbanelinja her, og derfor er lokalkjent!), Oddbjørn Nærvik, Turid Paulsrud Solberg, Bjarte Øye og Torill Aasegg. Rognes ligg i midtre Gauldal kommune, om lag ei mil søraust for Støren, i retning mot Røros. Mest kjent er nok staden fordi dette er heimbygda til skidronninga Marit Bjørgen.

Rognes er eit opphavleg gardsnamn. Eldre belegg viser at førsteleddet er det utolka elvenamnet Rogga. Sjå meir i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=650f8a813a8f4762aed17ab1d3d20e9c

26.1.17: Triveleg plass langt av lei:

blogg26-1-17

Eva Laukøy og Turid Paulsrud Solberg var dei som kom fram til at dette er Langen Gjestegård, i Røros kommune, ved inngangen til Femundsmarka. Her hadde vi den gleda å spela i ein 60-årsdag sist sommar. Vertskapet driv turisme med bl a restaurant og kanoutleige.

Langen finst fleire plassar i landet. Her er det gardsnamn, men det igjen  er etter innsjøen Langen. Namet betyr beint fram ‘den lange, langstrekte’. Her er Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=c069a7d7541c4e21bdb6a18de714b21e

20.1.17: Nok ei fager norsk bygd:

blogg20-1-17

Og her er vi ganske riktig i Gudbrandsdalen, slik enkelte garderte med. Men mange kom også fram til at det er Dovrebygda vi ser: Rannveig Bøe Bakken, Chris Folde, Sivert Gravem, Svein Olav Letnes, Aud Marie Mollan, Oddbjørn Nærvik, Anders Schjølberg, Leif Martin Svisdal, Olve Utne, Mathias Øvsteng og Bjarte Øye.

Dovre er som kjent kommunenamn, men opphavleg kommunenamn. Det blir også brukt ein del (men feilaktig) om Dovrefjellet. Namnet er styggeleg gammalt, og ikkje sikkert tolka. Sjå forslag og diskusjon i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=de64143fc5b542a9be71b39a0e5baa27

Fjellnamnet Jetta har truleg å gjera med jette ‘jotun’, men samanhengen er ikkje klår: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=d2c60a2872e74a83aefe1089107eeb4f

13.1.17: Vi prøver oss med enda ei kjerke:

blogg13-1-17

Mostadmarka kapell var riktig svar! Det visste Chris Folde, Sivert Gravem, Svein Olav Letnes og Bjørn Åge Oldervik.

Mostadmarka ligg i Malvik kommune, på vegen mellom Hommelvika og Selbustranda. Kjent blant anna for jernverk i eldre tid (1653-1880). Kapellet er frå 1986.

Namnet inneheld eit bortkomme gardsnamn Mostad, som du kan lesa meir om i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=491142de1d73491f8f4efd6f32ad0c9e

6.1.17: Første geografigåte i det nye året:

blogg6-1-17

Vi er på Ansnes på Hitra, og det er Ansnes brygger vi ser, med restaurant, overnatting og mulegheiter for fiske. Korrekt observert av Audhild Berg, Irene Hellem, Bjørn Åge Oldervik, Turid Paulsrud Solberg og Bjarte Øye.

Førsteleddet i namnet har usikkert opphav, men kan vera eit personnamn på Arn-. Namnet finst også i Todalen på Nordmøre, og i Malangen. Sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=8069cbe5f6dc42059acc2a007eb35a14

Dagens foto er ved TEJ

30.12.16: Årets siste geografigåte:

blogg30-12-16

Her var det mange som kjente seg heime! Vi ser det gamle kommunehuset i Rindal sentrum, med statue av skiløparen Sigurd Røen, verdsmeister i kombinert og stafett i 1937. Rett svar frå (i alfabetisk rekkefølge) Lars Steinar Ansnes, John Dagfinn Bæverfjord, Gunnvald Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe, Kirsten Snekvik Bøe, Chris Folde, Ann Grimsmo, Kari Sollid Heitmann, Irene Hellem, Kjell Håve, Ingunn Karijord, Unni Karlsvik, Ingrid Kjønnøy, Irene Løvseth, Oddbjørn Nærvik, Britt Solveig Sjømæling, Jon Solem, Anne Mari Svinsaas, Olve Utne, Gudrun A. Vollan, Mary K. Wulllum og Bjarte Øye.

Rindalen er kjent bl.a. for gode skirennarar, skifabrikasjon og god humor. Kanskje rindalingane no står på spranget til å bli trønderar for godt. Første leddet i namnet er elvenamnet Rinna, som helst heng saman med verbet rinna ‘renne’. Ei anna tolking er til rind(e) ‘jordrygg’. Sjå stadnamnleksikonet: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b0da052601004a51b6c9b78fa4214258

23.12.16: Vi prøver oss med ei ny kjerke i anledning høgtida. Og god jul til alle som er innom nettkråa!

blogg23-12-16

Litt att og fram her, men vi ser altså Veøy kirke på Sølsnes, i karakteristisk dragestil.. Kyrkja ligg altså ikkje på sjølve Veøya, men vart bygd i 1907 som erstatning for den tidlegare fylkeskyrkja på Veøya («Veøy gamle kirke»). Som det blir peika på, har denne ei søsterkyrkje i Holm kirke i Rauma kommune. Den vart bygd samtidig. Arkitekt er Karl Norum, og det er han som også står bak kapellet i Neiden, som noen er inne på. Takk til Bjørn Rosbach for grei oppklaring! Rett svar frå Elin J. Gravem, Sivert Gravem, Ann Grimsmo, Bjørnhild Grødal, Eva Kjelstad, Jostein Løkken, Bjørn Åge Oldervik, Bjørn Rosbach og Olve Utne (somme av desse måtte riktignok gå ein ekstra runde med seg sjøl).

Namnet Veøy har ve – heilagdom i førsteleddet. Andre stader kan likelydande namn innehalde norrønt viðr skog’. Sjå  Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=1ec16b2ebdba43a8996e684aa50f1e0b

Sølsnes ligg jo i det som var Veøy herad, men alt dette er sidan 1964  gått inn i Molde kommune. Førsteleddet er litt usikkert, men kan innehalde eit ord seli ‘slejekrull’. Men sjå Norske Gaardnavne: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS211250%4047016=on

Til slutt ein takk til Bjarte Øye for fint bilde!

16.12.16: Karakteristisk kjerke. Kor ligg denne, tru?

blogg16-12-16

Som desse svarte riktig på, det er Hitra kirke på Melandsjøen vi ser: Gunnar Foss, Liv Gjersvoll Jenssen, Borgny Myrseth, Tore Myrseth, Bjørn Åge Oldervik, Brit Signe Sæter, Anne-Brit Østbø og Bjarte Øye.

Hitterbulgarsk stil, seiere Gunnar Foss. Kjerka er i alle fall bygd i 1927, med karakteristisk kuppel som vi ser. Den kom som erstatning for gamle Dolm kirke som brann i 1920. Denne har vi hatt før i spalten.

Namnet Melandsjøen inneheld gardsnamnet Meland, som finst fleire plassar og som ser ut til å bety den midterste av fleire gardar som har vorte etablert ved oppdeling. Og for sisteleddet gir vi ordet til Oluf Rygh: «Sø, her som saa ofte brugt i Smstn. med en
Gaards Navn til at betegne dennes Landingsplads nede ved Søen».

9.12.16: Litt lenger inni landet i denne geografigåta:

blogg9-12-16

Litt uklart kven som faktisk svarte rett og kven som berre uttalte seg om preposisjonsbruken. Men vi er i alle fall i fjellbygda Brekken, inn mot svenskegrensa i Røros kommune. Vi ser minnesmerket over forbonden. Riktig svar i alle fall frå desse: Anders Bjernulf, Chris Folde, Turid Paulsrud Solberg og Olve Utne. Resten tolkar eg som kommentarar til preposisjonsbruken. Og det skal heite i Brekken. Ein.n annan ting er at «Brekken» opphavleg er ei dativform. Tradisjonelt heiter det at ein skal oppi Brekka, men er oppi Brekken.

Brekken var tidlegare eigen kommune, og er kjent bl a for hiva spellmenn, spesielt på pols. Sølendet naturreservat er også verdt å nemne, eit slåttemyrområde med sjeldne planteartar.

Namnet inneheld ordet brekke ‘bakke’: Sjekk Norsk stadnamnleksikon, som også har sikre opplysningar om den tradisjonelle uttalen: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a801110fa7fc4711aa737c277b331f3d

2.12.16: Triveleg fjordlandskap. Men kor er vi?

blogg2-12-16

Bøfjorden var riktig svar! Fleire er så lokalkjente at dei er nesten inhabile, men her er i alle fall dei som kom fram til målet: Lars Steinar Ansnes, Audhild Berg, Gunnvald Bøe, Kirsten Baadnes Bøe, Kari Sollid Heitmann, Hroar W. Kvande, Jarl Eivind Løvik, Frode Myklebust, Oddbjørn Nærvik, Erling Rørhus, Marianne Solli, Einar Sæterbø, Aud Pauline Todal, Olve Utne og Bjarte Øye.

Bøfjorden ligg i Surnadal (tidlegare Åsskard) kommune. I bakgrunnen ser vi det karakteristiske fjellet Hjelmen, som fleire påpeikar. Ta gjerne ein tur til Bøfjorden og sjå på sjøbruksmuseet!

Førsteleddet i namnet Bøfjorden er gardsnamnet Bø, som rett og slett betyr ‘gard’. Eit kjent ord og namneledd, sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=d62f628120f14ae19bf13990c413e27c

25.11.16: Tid for ei kjerke igjen, no når vi går inn i adventa. Kor står denne?

blogg25-11-16

Her var vi visst utafor kjerneområdet (eller komfortsona?) til dei som er med på dette, for ingen kom fram til rett svar. Vi ser nemleg Jostedal kyrkje, ei langkyrkje som stod ferdig i 1963. Dermed er vi altså i Luster kommune. Jostedal, Luster og Hafslo vart i 1963 slått saman til ein kommune, som fekk namnet Luster. Jostedalen går frå Gaupne og innover mot Jostedalsbreen. Breheimsenteret ved Nigardsbreen er interessant å besøke.

Førsteleddet i Jostedal inneheld eit tapt elvenamn på det som no heiter Jostedøla. Les om moglege tolkingar i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=8fa7e6eb930d4eb5856eec779ef31f0e

18.11.16: Norsk tettstad, kanskje litt anonymt, men prøv lell!

blogg18-11-16

Krokstadøra i Snillfjord var riktig svar! Det visste Per Åge Asbjørnslett, Oddbjørn Nærvik og Willy Sandvik.

Krokstadøra er (enn så lenge) kommunesenter i Snillfjord kommune. Førsteleddet er gardsnamnet Krokstad, som finst mange stader. Dette meiner ein er samansett med mannsnamnet Krókr. Litt om dette står også i Norsk stadnamnleksikon under drøftinga av namnet Kroken: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=67e85765e653485d969d09059df54827

Sisteleddet -øra er øyr ‘grusflate’, som vi kjenner frå Kyrksæterøra, Sunndalsøra, Vinjeøra m fl. Foto ved TEJ også denne gongen.

11.11.16: Kystnært:

blogg11-11-16

Ikkje mykje tvil: Hopsjøbrygga i Dolmsundet på Hitra er rett svar. Dei observante, fleire med imponerande lokalkunnskap om plass og folk, er: Per Åge Asbjørnslett, Audhild Berg, Einar Brendboe, Elna Elvemo, Dag Thomas Hansen, Jorid Elvine Myhre, Eva Utsetø og Bjarte Øye.

Gammal handelsstad med bl a landets eldste krambu. Pakkhusbrygga er gjort om til restaurant. Her regjerte familien Parelius i over 250 år som handelsmenn og proprietærar.

Namnet knyter seg til garden Hopen. Sisteleddet -sjøen er i tilfelle som dette forklart slik av Oluf Rygh: «ofte brugt i Smstn. med en Gaards Navn til at betegne dennes Landingsplads nede ved Søen». Ein hop er ei lita vik. Les om namneleddet hop og kjente namn med dette leddet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=227bc5cc8ecd4b82a5d7a593299c3b3c

Foto: TEJ

4.11.16: Turisthytte. Nokon som kjenner seg att?

blogg4-11-16

Her var det mange som kjente seg igjen. Det er sjølsagt Grimsdalshytta. Rett svar frå Rannveig Bøe Bakken, AudhildBerg, Ingerid Marie Bjørkås, Hilde Daaland, Chris Folde, Arne Kjell Foldvik, Britt Gravem, Sivert Gravem, Magni Bruset Hagen, Kirsti Holm, Mary Synnøve Loe, Irene Løvseth, Bjørn Åge Oldervik, Harald Velsand og Marlaug Metliaas Wikan.

Grimsdalshytta ligg 1000 meter over havet i Dovre kommune, i Rondane, i seterdalen Grimsdalen.

Førsteleddet i Grimsdalen er elvenamnet Grimse. Ei mogleg tolking av dette står i Norsk stadnamnleksikon. Les og bli vis: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=44d470b7c67b489884dfbc12aa07af31

28.10.16: Ny fager bygd. Men kor?

blogg28-10-16

At vi skulle til Selbu, var fleire inne på. Meir presist til Flora, det var det også fleire som klarte. Somme kom endatil heilt til Nea Camping. Heiderleg omtale til Guri Almli, Harald Kristian Jære Bjørn Åge Oldervik, Johan Olsen, Anders Schjølberg og Bjarte Øye. Og til Chris Folde som kjente seg igjen, men som ikkje ville ta bort spenninga ved å røpe det.

Flor-namnet finst også i Stjørdalen. Namnet er utolka, men ser ut til å ha vore Frol opphavleg, som Frol i Levanger kommune. Sjå drøftinga i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3c70f56ef35c465a9b6f28087e46aac9

Meir om grenda Flora kan du lesa her: http://florboka.no/joomla/

21.10.16: Kjent norsk innsjø med namn som viser til fasongen:

blogg21-10-16

Vi er på båten på veg langs Bygdin. Blink frå  Arne Søholt og Harald Kristian Jære. Som sistnemnte seier, betyr namnet ‘den bøygde’. Les meir om namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=fda1732873a84bccb1903b2edde0e28d

Foto er ved TEJ

14.10.16: Kor står desse hen?

blogg14-10-16

Riktig svar er Fokstua, eller Fokkstuggu i meir lokal språkdrakt. Desse fann fram: Peder Fahle, Gisle A. Green, Harald Kristian Jære og Turid Paulsrud Solberg.

Vi er altså på vegen mellom Dombås og Hjerkinn, i Dovre kommune. Fokstua er kjent som fjellstue sidan middelalderen, seinare skysstasjon. Like ved ligg det kjente Fokstumyra naturreservat. Fjellstua er open for pilegrimar og vandrarar.

Førsteleddet i namnet er elvenamnet Foksa. Om dette er det fleire teoriar, sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=cc46390933cb453c8c1c99d047a8cb07

7.10.16: Kjerker er gode landemerke, og det er tid for ei igjen. Kor står denne?

blogg7-10-16

Vi ser Garmo kyrkje i Lom. Det visste Chris Folde, Olav Haugen, Eva Kjelstad, Turid Paulsrud Solberg og Arne Søholt. Som Turid seier, står den gamle Garmokyrkja på Maihaugen. Eg sa på fredag at dette er ei bygd som er kulturelt kjent, og det er av fleire grunnar. Mange kjente spelmenn er herifrå; den aller mest kjente er vel Hans W. Brimi. Og som Arne seier, ein viss Knud Pedersen (seinare Hamsun) har røtene sine her. Han var døpt i Garmokyrkja og flytta herifrå og til Hamarøy tre år gammal.

Namnet Garmo har det velkjente ordet mo som sisteledd. Førsteleddet er meir omdiskutert. Det kunne vera gard ‘gjerde’, men mot dette talar eldste skrivemåten. Sjå drøftinga i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=550d0bb817004c978181658525ec3fe1

30.9.16: Kjenner nokon igjen denne innsjøen?

blogg30-9-16

Jauda, her ser vi Esandsjøen (tidlegare skrive Essandsjøen), som etter reguleringa i 1971 er gått inn i den store Nesjøen. Vi er i Tydal kommune. Rett svar frå Arne Kjell Foldvik, Ingunn Løberg, Oddbjørn Nærvik, Bjørn Åge Oldervik og Anders Schjølberg. Jo Vegard Hilmo visste det også, men som tydaling erklærte han seg inhabil.

Uttalen er «esann», med lang e, og det er grunnen til at den eine s-en vart stroke på 90-talet. Må innrømme at eg var med på å tilrå det. Når det gjeld namnet, må det ha samanheng med elva Esna, som renn ut frå sjøen. Men opphavet er det fleire teoriar om. Sjå drøfting i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b7138c6793334289bbc1e2983dd7a785

23.9.16: Majestetisk fjell med plass i norsk litteraturhistorie. Men namnet?

blogg23-9-16

Fleire gode forslag, bl.a. Gjuratind og Slogen. Men det rette er altså Falketind, i Jotunheimen. Det visste Arne Kjell Foldvik, og han fekk tilslutning frå Sivert Gravem. Bildet er ved T.E.J.

Falketind har sin plass i norsk litteraturhistorie på grunn av Aasmund Olavsson Vinje. Han sa at etter han var død, ville sjela hans sitje på Falketind. Det var visst også han som gav tinden namnet. Derfor er Vinjehovudet ved Eidsbugarden vendt hit. Vinje er elles også den som står bak namnet Jotunheimen.

Namnet har jo opplagt med fuglen falk å gjera, men på kva måte? Les drøftinga i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=8f439f41fa87449381fdde06a09cc24e

16.9.16: Landsdelen er vel grei. men er det nokon som kjenner seg att?

blogg16-9-16

Mange gode forslag her, og vi kom fram til rette fylke, men ikkje heilt fram. Bildet er nemleg frå Gaupne. Gaupne er senter i Luster kommune i Sogn og Fjordane, med overkommeleg avstand både til Jostedalsbreen, Urnes stavkyrkje og Sognefjellet/Jotunheimen. I sommar gjekk Landsfestivalen i gammaldansmusikk av stabelen her.

Namnet Gaupne, lokalt uttalt «gåp’m», heng saman med ordet gaupn ‘hol hand, neve’, men det er uvisst om det opphavleg har vore brukt om Gaupnefjorden eller sjølve bygda. Les meir i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=1b53a0d8a24649adb945b1fe27646ad3

9.9.16: Karakteristisk kjerke på ei øy:

blogg-9-9-16

Vi ser Dolm kirke (Dolmkjerka) på Hitra. Det visste (i alfabetisk rekkefølge) Einar Brendbo, Svein Guddingsmo, Bjørn Åge Oldervik, Olve Utne og Gunnhild M. Aal.

Denne spesielle steinkjerka er etter alt å dømme bygd i seinmiddelalderen, nærare bestemt av irske munkar i 1188.  Etter sagnet skal det spøke der, og kjerka skal brenne kvart 100 år.

Dolm er gardsnamn, og Dolmi er truleg eit eldre namn på Dolmøya. Namnet viser truleg til dei gode hamneforholda i Dolmsundet. Sjå meir i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=92b33dede4d248628968d4db3c513cde

Foto ved TEJ denne gongen.

2.9.16: Fager bygd, men kor?

Blogg2.9.16

Ingen tvil her – vi er i «lykkelandet» Selbu og ser over elva Nea mot Selbu kirke. Det visste Audhild Berg, Britt Kjøsen Engan, Jo Vegard Hilmo, Ingunn Løberg, Steinar Solem og Bjarte Øye.

Namnet Selbu inneheld eit gammalt namn på Selbusjøen i førsteleddet. Sjå Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=9f8c4dfb80a84ca39a36d05439076019

26.8.16: Kor har vi dette staselege tunet?

Blogg26.8.16

Ein person med rett svar denne gongen. Det er Mathias Øvsteng, som såg at dette var Abelvær gård.

Abelvær er ein gammal handelsstad i Nærøy kommune, med ei interessant historie. Abelvær gård vart tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa av stiftinga Norsk Kulturarv i 2009.

Om førsteleddet i namnet er det to forslag: Enten kvinnenamnet Abel, eller presten og forretningsmannen Christopheer von Aphelen, som var aktiv i dette området. Sjå Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=5bd7c7af75154ca7bb8f0b65012ae62d

Takk til Berit Sandnes som leverte bildet!

19.8.16: Ny bygd og nytt dalføre. Kjent?

Blogg19.8.16

Her var det mange som kjente seg igjen! Vi er nemleg i Folldal, i Hedmark fylke. Det visste, i alfabetisk rekkefølge: Ingerid Marie Bjørkås, Rannveig Bøe Bakken, Magnhild Brandsnes (som er oppvaksen på garden Tangen, 200 m frå der bildet er tatt, fortel ho), Chris Folde, Inger Kjølaas, Brit Kjøsen Engan, Olav Langeng, Thomas Lomundal, Jarl Eivind Løvik, Frode Myklebust, Bjørn Rosbach, Turid Paulsrud Solberg, Brit Signe Sæter, Roald Veimo, Marie Vollan, Bjarte Øye, Gunnhild M. Aal og Gunn Signe Aarnes.

På bildet ser vi Folldal gruver, som var i drift frå 1748 til 1993. No fungerer gruva som museum, og her er det også bl a nasjonalparksenter.

Folldal har namn etter elva Folla. Dette elvenamnet finst fleire stader, og er gjerne tolka som ‘den breie’. Sjekk Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=5e4780c676f24c12b3330f27e412eaab

12.8.16: Norsk tettstad, kanskje med lite å feste seg ved. Men greier du det likevel?

Blogg12.8.16

Her var det nok litt for lite særpreg til at folk kunne kjenne seg greitt igjen. Ein av dei få gongene det ikkje er komme inn rette svar. Dermed må vi avsløre at vi er i Vestfold, i Sem i Tønsberg kommune.

Tettstaden Sem blir kalla Semsbyen. Sem var eigen kommune før samanslåing med Tønsberg i 1988. Opphavleg er det gardsnamn, eit namn som finst mange stader i landet og tyder «garden ved sjøen». Les meir i norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3c70f56ef35c465a9b6f28087e46aac9

29.7.16: Ved olsoktid kan det vel passe med ei kjerke igjen. Kjenner du denne?

Blogg29.7.16

To stk hadde rett svar i helga: Bjørn Åge Oldervik og Turid Paulsrud Solberg. Vi ser Hitterdal kapell i Røros kommune, om lag midt mellom Røros og Brekken. Kapellet er frå 1959 og har 130 plassar.

Førsteleddet i Hitterdalen, Hitteråa og Hittersjøen er ikkje sikkert tolka, men det finst forslag. Sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b82b950f53514e1b92a3d7b5e2fc601e

15.7.16: Da er vi på ei båthamn igjen. Men kor?

Blogg15.7.16

Dette vart nok for vanskeleg, for ingen hadde riktig svar. Og Bjarte Øye hadde startforbod (sjå nedafor). Staden er Hardbakke, kommunesenter i Solund kommune. Kyrkje, barne- og ungdomsskule og arboret. God hamn, kåra som nummer to i ei kåring av beste gjestenamnene i Norge i 2005. Norske Gaardnavne har dette å seie om namnet: ”Folkesprogets Hardbakke m. betyder: tør og stenig Bakke”.

Om namnet Solund og samanhengen med øynamnet Sula sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=da9167796960446b8e5e9f4837b78203

Og takk til Bjarte Øye for bildet!

8.7.16: Jernbanestasjon no. Kjenner folk seg igjen?

Blogg8.7.16

Glåmos stasjon er riktig svar! I alfabetisk rekkefølge: Olav Langeng, Ingunn Løberg, Frode Myklebust, Turid Paulsrud Solberg, Mary K. Wullum og Torill Aasegg.

Glåmos var eigen kommune frå 1926 til 1964, da det vart samanslåing med Brekken, Røros og Røros landsogn til det som no er Røros kommune. Glåmos Spellmannslag har i mange år ivaretatt folkemusikktradisjonane i området. Laget vart starta så tidleg som 1950.

Namnet Glåmos har sjølsagt å gjera med utløpet av Aursunden, men det er faktisk ganske nylaga. Les Norsk stadnamnleksikon på nett: ttp://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=abfdc9a68a1f458eac7592e5a159fb5e

1.7.: Foss m m. Kva for ein?

Blogg1.7.16

Ikkje heilt enkelt om ein ikkje har sett Hønefossen tørrlagt. Men det var altså dit vi skulle. Det visste Bergit O. Mikkelsen og Bjørn Rossbach. Takk til Berit Sandnes for bildet!

Byen Hønefoss har namn etter Hønefossen. Førsteleddet er eit gardsnamn. Les meir i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=8e1603d70ade403eadbecd59b5dfda0d

23.6.16: Ein idrettsarena, men korBlogg23.6.16

Vi må nok slå fast at ingen kom heilt fram til rett stad denne gongen. Likevel ros til Bjørn Åge Oldervik og Bjarte Øy e, som begge såg at dette var ein travbane. Det er nemleg ein av landets mest kjente (og den nest største), Jarlsberg Travbane i Vestfold. Banen ligg ved Tønsberg, og enda nærare Jarlsberg hovedgård. Her har det vore arrangert travløp sidan 1935.

Om namnet Jarlsberg, bakgrunnen, grevskapet og Jarlsberg og Larvik amt sjå Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=6c4f7cbed33b47a383fe129d1198b998

17.6.16: Her trengst vel ingen fleire kommentarar så langt?

Blogg17.6.16

Her var det så mange med rett svar at det vil føre for langt å ramse opp alle namna. Eg har rekna i alt 27 stk. Alle kjente til Steinvikholmen, og mange har eit forhold til denne kjente staden med slottsfestninga. Dette var siste skanse for den katolske kyrkja i Norge og for erkebiskop Olav Engelbrektsson før han måtte flykte frå Norge etter reformasjonen, i 1537. Dramaet er levandegjort i operaen Olav Engelbrektsson, med libretto av Edvard Hoem og musikk av Henning Sommerro. Den blir oppført her i borga.

Steinvikholmen (Skatval, i Stjørdal kommune) har namn etter garden Steinvika, men det kan godt vera at garden frå først av kan ha hatt namn etter holmen, som da kan ha heitt usamansett Steinn.

10.6.16: Endestasjon for trikk. Vi vil gjerne ha namn på bydel

Blogg10.6.16

Fleire kom fram til at vi er i Oslo, og det er forslag om Ullevål Hageby, Rikshospitalet, Kjelsås og Frogner. Desse landa trygt i Tigerstaden: Kirsti Holm, Oddbjørn Nærvik, Bjørn Åge Oldervik, Bjørn Rosbach og Bjarte Øye.

I følge fotograf Unni er vi på Disen holdeplass. Eit særprega namn (opphavleg namn på ein gammal storgard) som inneheld det gamle ordet dis ‘kvinneleg guddom’. Sjekk kva Norsk stadnamnleksikon har å fortelje: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=dfd1d8357be147bf81ae077e1fc2c982

3.6.16: Her bør vi ha namn på eit par fjell

Blogg3.6.16

Denne kvelds- eller nattstemninga er tatt frå Nordlandet i Kristiansund. Vi ser den karakteristiske Bremsneshatten på Averøya til høgre, og lenger mot venstre har vi fjella Stemshesten, Sjurvarden og Melen, ved Farstad i Fræna kommune. Dette visste Annbjørg Grevskott, Steinar Hoftaniska Høgsve, Frode Myklebust, Bjørn Åge Oldervik og Arne Søholt.

Bremsneshatten har namn etter Bremsnes, tettstad og tidlegare kommunenamn. Førsteleddet inneheld ordet brim ‘bårebrot’. Sjekk Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=5268d917a29e48ee9490f27a23039f24

Førsteleddet i Stemshesten er det same som i Stemshaug. Stadnamnleksikonet har informasjon også om dette: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=7450c11785d94385b96bbd95593b7408

Takk til Gunnhild M. Aal for det fine bildet!

27.5.16: Ferjekaier er det mange av i Norge. Kor finn vi denne?

Blogg27.5.16

Sanneleg greidde noen å finne fram til denne staden også! Ferjestaden er Magerholm, og det såg Jostein Dønnem, med tilslutning frå Frode Myklebust, Bjørn Åge Oldervik og Arne Søholt.

Magerholm ligg i Ålesund kommune, og ferjesambandet (oppretta 1937) går til Aursnes i Sykkylven. Det er opphavleg gardsnamn, og i Norske Gaardnavne er det rekna med at førsteleddet er det same som i Magerøya, som finst fleire stader. Det kan da vera adjektivet mager og vise til skrinn jord, men det er også ein teori om at vi kan ha ei gammal sideform til norrønt már ‘måse’.

20.5.16:Litt ubestemmeleg bygdesenter kanskje. Men er det nokon som kjenner seg igjen?

Blogg20.5.16

Og svaret var Andebu! Den uforliknelege Bjarte Øye er den einaste med rett svar, og fuglane veit korleis han kom fram til det.

Andebu ligg i Vestfold, og er både kommune- og soknenamn. Pluss namn på bygdesenteret, som vi ser her. Fotballspelaren Morten Fevang er herifrå.

Førsteleddet er utolka, medan andreleddet -bu går att i mange bygdenamn. Les i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a1dfdc9ce06e4a148978b23514d95cbc

13.5.16: Flott norsk fjordlandskap, men kor?

Blogg13.5.16

Holme i Hyen, i Gloppen kommune. Arne Søholt er heimekjent her, og den einaste som kom fram til rett svar. Som Arne seier: «Hyen er elles kjent for: grensesprengande båtbyggarteknologi, skuleflinke elevar, og for å vere fødestaden til Kristoffer Columbus». Akkurat det siste er vel noko omdiskutert!

Fleire har skrytt avdet flotte bildet, så stor takk til Bjarte Øye som sendte det.

Hyen er fjordnamn, blant anna tolka som ‘den lyse’. Les meir i Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b53ca0be126045168375da17e67c8fa8

6.5.16. Kyst eller innland dette da, tru?

Blogg6.5.16

Vi skulle nok til innlandet. Rett svar er Åkrestrømmen i Rendalen kommune. Det greidde Dag Eithun, Bjørn Hval og Bjarte Øye. Åkrestrømmen ligg i nordenden av Storsjøen, der elvane Mistra og Rena møtest. Her er det ein ganske fersk ishall, og kvart år i juli går Åkrestrømmen grendefestival av stabelen.

Førsteleddet er gardsnamnet Åkre. Den kjente trekkspelaren Ottar E. Akre (1896-1992) har namnet sitt herifrå. Les i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=3ed245cbc4954759bfa4be3e90b15bd1

29.4.16: Kystmiljø, men kor?

Blogg29.4.16

Det var forslag om både Mausund, Sula og Grip, men det riktige er altså Veiholmen, i Smøla kommune. Mange kom fram til rett svar: Audhild Berg, Liv Berit Gikling, Agnes Gjersvoll, Jorun Marie Jonassen, Astrid Kolberg, Solveig Krigsvoll, Frode Myklebust, Kari Sollid Heitmann, Kjellaug Hoås Samland, Randi Slatlem, Brit Signe Sæter og Johanne Aaram. Takk til Berit Sandnes for det fine bildet.

Veiholmen er eit gammalt, velkjent fiskevær, ei tid Norges største sør for Lofoten. I dag er turistnæringa viktig.

Så til namnet: Det har også vore skrive Veidholmen, men det inneheld truleg heller det gamle ordet veig ‘væske. Les om namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=0750ab86686b4547aef5bacf04a588c5

22.4.16: Kor står denne staute arbeidsmannen hen?

Blogg22.4.16

Mange kjente igjen «Tillitsmannen» på Løkken. Rett svar Løkken, eller Løkken verk, frå Audhild Berg, Tore Digre, Lars Dørum, Britt Eli Døsvik, Aasta Erlandsen, Chris Folde, Berit Gjølmesli, Richard Grefstad, Jostein Løkken (!), Jorid Elvine Myhre og Oddbjørn Nærik. Fleire er klar over at modellen heiter Ole Bergsrønning.

Gruvedrifta i området varte i mykje over 300 år, fram til 1987. Først koppar, deretter kis. Thamshamnbanen, som frakta kopparkis ned til fjorden, fungerer no som museumsjernbane.

Løkken har namnet etter ein eldre gard Lykkja. Sjå om namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=12aadae761b34747b368a73c5f5ef9eb

Løkken ligg som kjent i Meldal kommune, «meddal’n» i lokal uttale. Namnet betyr ‘midtdalen’, som du også kan lesa i stadnamnleksikonet: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b4fe00041b8b4ff492e15115e2e49b02

15.4.16: Her er vi fornøgd om vi får rett by

Blogg15.4.16

Vi skulle til Arendal, fylkeshovudstaden i Aust-Agder. Mange rette: Åsta Andreassen, Ola Dimmen, Ninni Gunn Dørum, Chris Folde, Bergit O. Mikkelsen, Bjørn Rosbach, Astri Marie Rød, Brit Signe Sæter, Einar Sæterbø, Arne Søholt, Harald Velsand og Laila Karlsen Yrvum. Dei fleste var også klar over at vi ser den den idylliske Pollen, som vart kåra til ”Det beste med Arendal” i ei avstemming i avisa Agderposten.  Ein poll er etter Norsk Ordbok ”liten fjordarm oftast med trongt innlaup; (òg:) det inste av ein fjord eller ei stor bukt”.

Takk til Olav Granlund Haugan for bildet!

Arendal er nemnt første gong i 1528. Førsteleddet kan vera eit bortkomme elvenamn. Sjå meir om namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a6b6f89eb30548feb170d9dc36b81e67

8.4.16: Kjenner vi oss igjen her da tru?

Blogg8.4.16

Dette var visst vanskeleg. Nærmast kom Bjarte Øye, som såg at vi skulle langt ned i Glommavassdraget. Og det er heilt rett, for vi ser Fetsund lenser, der Glomma renn ut i Øyeren. Nasjonalt kulturminne, fløtingsmuseum og våtmarkssenter. Takk til Marit Julien for bildet!

Les om namnet Fetsund, og spesielt førsteleddet Fet, i Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=0d3cde1d37044cdeaad8e1cadf491f25

1.4.16: Vi prøver oss med ei ny geografigåte, i dag ei kyrkje:

Blogg1.4.16

Her kom folk på sporet igjen! Vi ser kjerka i Follebu i Gausdal. Det visste (i alfabetisk rekkefølge) Jorid Elvine Myhre, Frode Myklebust, Ove Øystein Rødal, Mathias Øvsteng og Torill Aasegg. Takk til Turid Paulsrud Solberg for bildet!

Kjerka er over 700 år gammal. I Follebu ligg elles Aulestad, garden til Bjørnstjerne Bjørnson.

Namnet Follebu er eit bygdenamn samansett av eit elvenamn og det kjente leddet -bu (som i f.eks. Ringebu og Skåbu). Sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=c666260375294b93959c12c4c64305ed

24.3.16: Her greier det seg med namn på kommune.Men vi tar gjerne imot også meir presis informasjon!

Blogg24.3.16

Da må vi konstatere at ingen har funne fram til rett svar på denne geografigåta. Det næraste er Frøya. Men bildet er frå hamneanlegger Roan hamn, i Roan kommune på Nord-Fosen.

Roan er opphavleg gardsnamn, men kan frå først av ha vore knytt til eit fjell. Sjekk Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=92ad2a94ec794c749d5f1fbf77c78283

18.3.16: kjenner du igjen denne jernbanestasjonen?

Blogg18.3.16

Her er vi på Sørlandsbanen, på Nelaug stasjon i Åmli i Aust-Agder. Det visste IEva Kjelstad, Ingrid Liodden og Bjarte Øye. Takk til Olav Granlund Haugan for bildet!

Førsteleddet er eit gammalt elvenamn, det same som vi finn i Nea og Nidelva. Om sisteleddet laug, og om namnet elles, sjå Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=b759a46a940e4c838fcbafd2e1b67bbd

11.3.16: Ny bydel, men med lang og interessant historie:

Blogg11.3.16

Det er nok ikkje alle som synest dette er veldig vakkkert. Uansett er svaret Tjuvholmen i Oslo. Det visste Sturla Berg-Olsen, Frode Myklebust og Brit Signe Sæter. Som Sturla seier, er bildet tatt frå Astrup-Fearnley-museet innover i retning Aker Brygge.

Tjuvholmen er mellom 2005 og 2014 bygd ut som ein del av Fjordbyen. Opphavleg var det ein holme her, men oppfyllingar har gjort den landfast. Namnet er belagt første gong i ei innskrift frå 1616. Det har vore hevda at namnet skulle vise til at tjuvpakk har halde til her, men det har også vore rettarstad for tjuvar. Såleis vart eit par tjuvar hengt her i 1730. Det finst elles mange Tjuvholmar i landet, og fleire av desse kan ha vore brukt til avrettingar. Les meir om dette i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=e31b48689079438fabdd0ca0acf4bc5e

4.3.16: Vinterleg og kaldt, men kor?

Blogg4.3.16

Denne gongen skulle vi til eit fylke som vi vel ikkje har vore innom før. Det er nemleg Båtsfjord i Finnmark. Det visste, i alfabetisk rekkefølge: Anne Roksvaag Huitfeldt, Turid Paulsrud Solberg, Arne Søholt, Bjarte Øye og Torill Aasegg. Takk til Frode Myklebust for flott bilde!

Frode veit meir om Båtsfjord: «de kaller seg Norges fiskerihovedstad. Til tross for at en av de store fiskeforedlingsbedriftene gikk konkurs for noen få år siden. I tillegg så kan nevnes at de har besøk av ornitologer for å se på Praktærfugl nå på vinteren (slik jeg oppfattet). Og det kule med det er at turistnæringen har spesialbygd flytende fugletitteplasser – innerst i havnebassenget.»

Båtsfjord er kommunenamn, men også gardsnamn. Førsteleddet har ingenting med båt å gjera, men inneheld botn = fjordbotn. Sjekk Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=a95218fa3d254758861bdcbdd86f1d64

26.2.16: Sommarleg miljø, med stort minnesmerke framfor ei kjerke. Kor er vi?

Blogg26.2.16

Dette var visst ikkje så enkelt! Men vi ser Ytre Rendal kirke, også kalla Otnes kirke. Bygd 1751. Torill Aasegg var den einaste som kom fram til rett svar denne gongen. Ved denne kyrkja er det krigsminnesmerke både frå 2. verdenskrig og krigar på 1800-talet. Bygdas store sønn, forfattaren Jacob Breda Bull, ligg i ein gravhaug like utafor kyrkjeporten.

Kommunen og dalføret heiter Rendalen: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=2a03bbdd908a46fbac253563f4aaf361

Førsteleddet er elvenamnet Rena, som har fleire moglege tolkingar. Sjekk Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=1c2013f51d2b4d098d5cb7ea9a87246b

12.2.16: Kor har vi stoppa hen no da?

Blogg12.2.16

Fjellstova på Ørskogfjellet var rett svar! På vegen mellom Sjøholt og Vestnes. Og her er dei flinke: Lars Steinar Ansnes, Ola Dimmen, Erling Flem, Bjørnhild Grødal, Runhild Heggem, Aud Marie Mollan, Frode Myklebust, Oddbjørn Nærvik, Ove Øystein Rødal, Olve Utne, Jan Håvard Vermøy og Per Arthur Wærdahl. Skiltet med Fjellstova er ganske riktig «fiksa bort» frå bildet, for at det ikkje skulle bli altfor enkelt.

Ørskog kommune ligg som kjent på Sunnmøre, og den kanskje mest kjente ørskogbygdar i dag er statsråd Sylvi Listhaug. Ørskog er opphavleg gardsnamn, med øyr ‘grusbanke’ som førsteledd. Sjekk Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=27cdcd0a9d894be0b5668d1dad7fdae8

5.2.16: Da kan vi presentere ei kyrkje igjen. Vi er ute etter namnet på bygda:

Blogg5.2.16

Vi ser her Vangskyrkjo på Voss. Laila Brøste kjente att plassen, det same gjorde Erling Flem, Runhild Heggem, Turid Paulsrud Solberg, Ansgar Sæther og Erik Sverre Viken. Det er altså ikkje Snåsakjerka, slik somme var inne på. Det er ei langkyrkje i stein frå 1277, og ho står på Vossevangen, som namnet fortel. Bygda Voss treng neppe nærare presentasjon, kjent som ho er for vossakorv, vossarull, smalahove, framifrå skiløparar og mykje anna.

Namnet Voss er ikkje sikkert tolka, men eitt forslag er at det kan gå tilbake til eit gammalt namn på Vangsvatnet. Om forslaget til etymologi, sjekk Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=fa7505bbf1da49bca4baeb6d0ca3fac0

Til slutt ein takk til Bjarte Øye, som er vår fotograf denne gongen.

29.1.16: Enn no da? Kjenner folk seg igjen her?

Blogg29.1.16

Bygda er Skatval, og fjellet i bakgrunnen er Forbordsfjellet, eller på dialekt «Færbordsfile», slik fleire poengterer. Rett svar (i alfabetisk rekkefølge) frå Karl Flemming Bruun, Roar Børø, Ann Carin Bøyesen, Chris Folde, Aashild Grønning, Jarle Langfjæran, Knut Johansen, Svein Olav Letnes, Jorid Elvine Myhre, Turid og Asbjørn Saksvik og Brit Signe Sæter. Bygdelaget er Nordbygda (Aashild) og garden er Dregset (Aashild, Turid og Asbjørn). Vi er i Stjørdal kommune, og Skatval var eigen kommune frå 1902 til 1962.

Skatval er opphavleg gardsnamn. Første leddet heng saman med skat ‘toppenden av tre’ og viser truleg til noko i terrenget. Sisteleddet har å gjera med avsviing. Sjå Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=2eb1a8c44ef24c8e8ac939dcbe7a7bad

Forbordsfjellet har namn etter garden Forbord. Dette namnet finst også i Malvik, og tyder noko slikt som ‘stad som ligg som ein kant eller ei rand framfor noko høgre, gjerne eit fjell’. Les meir om dette i Norske Gaardnavne: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS238916%4053079=on&KRYSS236359%4052510=on

21.1.16: Denne verksemda ligg i ein veldig liten by. Foto Turid Paulsrud Solberg.

Gammelt brenneri i liten byTS

Her var vi i Moelv, og vi ser Strand brænderi, Norges eldste jordbruksbrenneri. Rett svar frå Bjarte Øye og Torill Aasegg. Moelv ligg i Ringsaker kommune, og fekk bystatus i 2010. Men det er nokså liten tettbebyggelse til å kunne kallast by da.

Namnet Moelv kjem frå elva Moelva, som igjen har namn etter ein gard Mo. Sjå i Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=532ecf67e7ee4b82addc91a60d91b9a2

15.1.16: Karakteristisk hytte. Ligg på ein stad som på ein måte er sentral i Norge.

Blogg15.1.16

Den første som lukta lunta med ”sentral stad” og kopla det til Norges geografiske midtpunkt, var Aud Marie Mollan. Men den første som avleverte det riktige svaret, var Kirsten Knedal Andersen. Vi ser nemleg Bodomheimen, bygd av offiseren David Chr. Bodom i 1888, i ein noko spesiell stil. Denne hytta, som etter kvart vart heilårsbolig, ligg ikkje så langt frå Norges geografiske midtpunkt, ved Lustadvatnet i Ogndalen, i Steinkjer kommune. Kirsten fekk tilslutning frå Aud Marie, pluss Kolbein Dahle og Jorid Skevik Sletterød. Bodom var eigar av Ogndalsbruket i lag med søskena sine, og ei tid norsk-svensk generalkonsul i Arkangelsk.

Bodomheimen vart seinare feriestad for funksjonærar ved Fylkesmannens kontor på Steinkjer. No slit idealistane for å halde kulturminnet ved like, fortel Kolbein Dahle.

Lustadvatnet har namn etter garden Lustad. Førsteleddet her er ikkje sikkert tolka: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS246423%4054713=on

Ogndalen har som førsteledd elvenamnet Ogna, gjerne tolka som ‘den skremmande’. Les i Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=779b67968bf64326b8933291d9d7fac4

8.1.16: Sommarleg norsk bygd i første geografigåta i 2016:

Blogg8.1.16

Første geografigåte i 2016 var Vårsøgbygda Surnadal, slik mange kom fram til. Vi ser nedre delen av bygda (Nordeuropas største delta, opplyser Lars Dørum), og over mot Eidet (Lykkjeeidet) og fjellet Nordviksulå. Det var vel omtrent frå dette punktet kristiansundaren observerte kornåkrane og etter seiande skal ha uttalt: – Dæggern, sje all græssløken! Rett svar frå Frode Myklebust, Einar Sæterbø, Gerd Ildri , Erling Myrbostad, Ingunn Løberg, Grete Nergård Håbjørg, Brit Signe Sæter, Lars Dørum og Ove Øystein Rodal. Jordbruksbygd, men til venstre ser vi bedrifta Pipelife, tidlegare MaBo. Bygdas store sønner må vi nok likevel seie er Hans Hyldbakk og Henning Sommerro.

Surndal’n, som det heiter i daglegtale, har i førsteleddet elvenamnet Surna. Om dette er det eit par forskjellige teoriar, som du kan lesa om i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=44a521f190604f49b0c843315fe8fe00

30.12.15: Enda ei kjerke, med litt vinterleg miljø. Årets siste geografigåte! Foto Berit Sandnes

Blogg30.12.15

Bynær kjerke i siste geografigåte i 2015. Vi skulle til Havstein kirke på Byåsen i Trondheim, sett frå ein kanskje litt uvanleg vinkel. Riktig svar frå Jo Andersen, Bjarte Øye, Erik Sverre Viken, Thomas Lomundal, Per Asphaug, Gunhild M. Aal, Brit Signe Sæter, Christine Goedecke, Oddbjørn Nærvik, Brit Kjøsen Engan og Alf Herold Hansen. Sistnemnte oberverte, heilt presist, at bildet er tatt «neafra og opp».

Havsteinkirka vart vigsla i 1857. Grosserar Anton Jenssen hadde lova ut å bygge kjerke for Byåsen her da han i 1849 kjøpte  Havstein av den ihuga haugianaren, kjøpmann Michael Grendahl. Grendahl hadde sjøl peika ut tomta, der låg ei gammal smie der han hadde hatt møte.

Havstein er gardsnamn. Førsteleddet heng truleg saman med å heve, om noko som løftar seg opp. Sett austafrå kan det passe ganske bra. Les elles meir om namnet i «Norske Gaardnavne»: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS235880%4052407=on

Godt nytt år til alle som følgjer denne spalta!

19.12.15: Ny kjerke å gjette på:

19.12.15

Det er utruleg kva folk kjenner att av kyrkjer som er ganske like, mange av dei. Her skulle vi til Åsen kirke i Levanger. Kreativt forslag «Vårkirka i Midtvintersland» frå Gunhild Aal, men riktig svar kom først frå uslåelege Bjarte Øye. Eva Kjelstad, Erik Sverre Viken, Brit Signe Sæter og Irene Hellem (sistnemnte var døpt der, fortel ho) var enige.

Dette ei langkyrkje frå 1904, som ein ser godt frå E6. Om ein i daglegtaale seier «Åsenkjerka» eller «Åskjerka» er eg ikkje sikker på, men mest truleg det første. Samansetningsmåten varierer: Åsenfjorden er truleg heller nytt, mens innbyggarnemninga åsbygg viser det tradisjonelle mønsteret. Åsen var eigen kommune fram til 1962, da den gjekk inn i Levanger i lag med Frol og Skogn.

Namnet er nok ikkje så spennande – det er rett og slett bestemt form av det velkjente terrengordet ås. Sjekk likevel Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=62f5ef70e42a44999bb404af39cf2e3f

11.12.15: Vinterleg kyrkje sett ovafrå. Bildet er innsendt, men vi ventar med å takke innsendaren før vi legg ut svaret, fordi namnet på denne kan vera ein nøkkel.

Blogg11.12.15

Ikkje heilt uventa at lokalkjente Unni Boksasp var først ute med å løyse denne. Det er nemleg Straumsneskjerkjå, offisielt Straumsnes kirke, på Grimstadhøgda i Straumsneset i Tingvoll kommune. Riktig svar også frå Bjørn Åge Oldervik, Hilde Bergfald, Brynhild Vatn og Lars Dørum. Og da er tida inne til å takke Tove Kristin Strømsvåg for bildet, som er tatt frå eit punkt som heiter Høghaugen.

Kyrkja, som tidlegare heitte Grimstad kirke, vart bygd i 1864. Etter eit lynnedslag som gjorde stor skade i 2006 måtte ei omfattande restaurering til.

Straumsnes var eigen kommune frå 1866 til 1964, da det igjen vart samanslåing med Tingvoll.

Førsteleddet i namnet Straumsnes er eit gardsnamn Straum, som stadig er daglegnamnet på det som elles er kjent som Kanestraum. Les og bli klok i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=22b1eac1d2a741aa86df7b31e5ce6f7c

4.12.15: Nok ein stad i Norge. Her er vi fornøgd om vi får kommunen, og storveges om du også veit namn på fjellet i bakgrunnen. Takk til Berit Sandnes for dette bildet.ø

Blogg4.12.15

Ikkje heilt enkelt, dette. Men to av dei verkelege tråvarane i geografigåta greidde biffen lell. Og kven andre enn Bjarte Øye og Frode Myklebust! Vi er på Lauvsnes i Flatanger, og ser restauranten/motellet Zanzibar Inn, som begge så riktig påpeiker.

Lauvsnes er senter i Flatanger kommune. Vi seier ikkje meir om dette enn at det er opphavleg gardsnamn og at første delen har med lauv å gjera. For det var namnet Flatanger vi var ute etter. Dette ser jo ut til å innehalde førsteleddet flat og andreleddet anger ‘fjord, vik’, men samanhengen er kanskje ikkje så ende fram. Sjekk den reviderte artikkelen i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=15065f7f0f1c4eecbdb94805b54521ce

Fjellet i bakgrunnen heiter Alettaklumpen i følge kartet. Her veit vi ikkje meir om bakgrunnen; kanskje nokon kjenner til den?

27.11.15: Karakteristisk kjerke. Kor står denne? Foto Turid Paulsrud Solberg.

Blogg27.11.15

Her kom vi også fort fram til riktig plass, Fåberg lengst sør i Gudbrandsdalen. Bjørn Rosbach og Jorid Elvine Myhre var veldig kjappe, men heldt på spenninga ved å ikkje røpe det. Rett svar også frå Erling Flem, Brit Signe Sæter og Erik Sverre Viken. Fotograf Turid visste det sjølsagt også.

Fåberg kirke er ei korskyrkje frå 1727, seinare modernisert, men restaurert tilbake til gammal stil i 1956.

Bygda Fåberg ligg i Lillehammer kommune. Det var eigen kommune til 1964.

Fåberg er opphavleg namn på prestegarden, og førsteleddet er ikkje sikkert tolka. Sjå i Norsk Stadnamnleksikon for alternativ: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=37043b1c4ead4c498f8cd19cb47a1f97

20.11.15: Denne staden bør vel vera kjent for mange:

Blogg20.11.15

Samstemt respons: Dette var Svolvær! Riktig svar frå Bjørn Rosbach, Frode Myklebust, Bjørn Åge Oldervik, Ann Siri H. Garberg, Brit Signe Sæter, Trond Nerdal, Karin Gjøl Hagen, Brit Kjøsen Engan og Per Helge Malvik. Og bakom ser vi fjellet og kjennemerket Svolværgeita, som Frode Myklebust så riktig nemner.

Svolvær er rekna som hovudstaden i Lofoten og er senter i Vågan kommune. Tidlegare var Svolvær eigen bykommune, men vart slått saman med Vågan og Gimsøy til Vågan kommune i 1996. Bystatusen fekk Svolvær tilbake i 1996, på sjølvaste 17. mai. Historisk er Svolvær kjent som eit senter for lofotfisket. Mellom fleire kjente personar frå Svolvær har vi søskena Kari, Lars og Ola Bremnes. Les meir om Svolvær t.d. her: http://www.svolvaer.net/svolvaer.html

Namnet er samansett av adjektivet sval ‘kjølig’ og vær ‘fiskevær’. Sjå Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=fce78a824bac4c67b202da337ee5ae4c

13.11.15: Spesiell kyrkje som ligg høgt og fritt. Kor er vi no?

Blogg13.11.15et

Det vi ser her, er Venabygd fjellkapell. Det visste Oddbjørn Nærvik, Erik Sverre Viken, Inge Jenstad, Turid Paulsrud Solberg og Bjarte Øye.
Bygdelaget Venabygd ligg i Ringebu kommune. Kapellet på Venabygdsfjellet vart vigsla i 1979: http://www.venabu.no/norsk/landskap_kultur/n2/fjellkapellet.htm
Venabygd har eiga heimeside: http://www.venabygd.com/

Namnet betyr ikkje «den vene bygda», slik somme kanskje trur. Førsteleddet er det gamle ordet vin ‘naturleg eng, beite’. Meir om namnet kan du lesa i Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=e9b6514bd187496b9fcad46fef4174c0

6.11.15: Ein så karakteristisk bygning bør kanskje vera kjent?

Blogg6.11.15

Jau da, her kjente folk seg att. Vi er ein svipp innom Sunnmøre igjen, og staden er Sjøholt. Vi ser det tradisjonsrike Sjøholt Hotell, som vart bygd i 1887, brann ned i 1900, vart gjenreist året etter og er freda av Riksantikvaren.
Fram til rett stad kom Olve Utne, Bjørnhild Grødal, Ove Øystein Rødal, Åsta Torgunn Andreassen, Runhild Heggen, Arne Søholt, Inga Elise Bruteig, Karl Flemming Bruun, Hallfrid Aarstein, Steinar Nyland, Kirsti Holm, Audrid Grødal, Sivert Gravem og Ann Grimsmo.
Sjøholt er kommunesenter i Ørskog kommune. Folkemusikk- og gammaldansinteresserte vil vita at foretaket Norild Musikk er etablert her.
Opphavleg er Sjøholt gardsnamn, og endefram samansett av dei kjente ledda sjø og holt. Tradisjonell uttale har ei samantrekt form «sjølt». Sjå i Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=c6eae0b91f364966b021d7edc5c7ca90

30.10.15: Kraftproduksjon i bygde-Norge. Men kor er dette? (foto TEJ)

Blogg30.10.15

Kraftstasjonen ligg i Nore i Numedal, ved Rødberg i Nore og Uvdal kommune. Bjørn Rosbach var først ute, men Einar Sæterbø, Bergit O. Mikkelsen og Oddbjørn Nærvik var også kjapt frampå.
Om kraftverket, som starta produksjonen i 1928, sjå her: https://no.wikipedia.org/wiki/Nore_I_kraftverk
Plassen mellom kraftverket og Rødberg jernbanestasjon er kommunens tusenårsstad, og endestasjon for Numedalsbanen.
Namnet Nore er opphalveg fleirtalsform av nor ‘trongt sund’ : og viser til ei avsmalning av Norefjorden. Sjå meir om namnet i nettversjonen av Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=98eaa9f540534152bb7b2ba5387854f4

23.10.15: Denne blir kanskje vanskeleg?

Blogg23.10.15

Neida, dette var ikkje så vanskeleg. Vi er i bygda Flø i Ulstein kommune på Sunnmøre. Bjarte Øye var først ute med rett svar denne gongen. Fann fram gjorde også Erik Sverre Viken, Ola Dimmen, Gerd Ildri og Arne Søholt. Ola Dimmen gjer grundig greie for både det vi ser og ikkje ser: «Dette er innste gravrøysa på Flø nord for Ulsteinvik på Hareidlandet, like ved snuplassen der vegen sluttar. I bakgrunnen ser vi Godøya med Alnes fyr i venstre bildekant .Bak fotografen, på veggen til huset til Ulstein vassverk, kan ein lese ei lese ei fin utgreiing om historikken til gravrøysene på Flø».
Namnet Flø heng saman med rota i ord som flyte og flaum. Kanskje er det opphavleg namn på fjordstykke. Les i Norsk Stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=18262e3aa0f246849be184bbbe167758
(søk på Flø om du ikkje kjem direkte til rett side)

16.10.15: Enda ei norsk bygd. Og dette er?

Blogg16.10.15

Liten tvil om Tynset her! Mange kom fram til det: Brit Eli Døsvik, Bjørn Rosbach, Olve Utne, Turid Paulsrud Solberg, Joar Lyngen, Frode Myklebust, Ingunn Løberg, Stian Trønnes, Mary Synnøve Loe, Inger Kjølaas, Olav Langeng, Atle Sandnes Aanesbug, Bjarte Øye, Thomas Nilssen, Britt Kjøsen Engan, Sivert Gravem, Thorstein Fretheim og Magne Vik Bjørkøy.
Tynset treng neppe nærmare presentasjon. Somme har etterlyst det berømte (og berykta) rådhuset «Brunosten», i si tid kåra til landets styggaste, men det ligg altså utafor bildet. Til gjengjeld har Tynset verdas visstnok største spark.
Tettstaden Tynset har også gitt namn til kommunen. Det er helst eit gardsnamn opphavleg; kanskje har det vore det gamle namnet på Prestgarden. Førsteleddet er elvenamnet Tonna. Dette er ikkje sikkert tolka. Eitt forslag er å sette det til tann ‘den som grev’, eit anna til tunn ‘ringstraum’, jf. uttrykket «rundt i tunn».
Les også om Tynset i nettutgåva av Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=94b51ad7331e4540b0466a6220998780

8.10.15: Da har vi ei kyrkje igjen. Kor fnn vi denne?:Blogg8.10.15
Denne gongen var Jan Håvard Vermøy først ute med riktig svar. Dette er Berkåk kirke i Rennebu. Det meinte også Britt Eli Døsvik, Ingunn Løberg, Erik Sverre Viken, Brit Kjøsen Engan og Svein Olav Letnes. Langkyrkje i nygotikk frå 1878.
Namnet Berkåk er opphavleg gardsnamn, sett saman av birki ‘bjørkeskog’ og åker, som er forkorta til -åk, slik det er ganske ofte i stadnamn.
Søk opp namnet i Norsk stadnamnleksikon på nett: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=cb0315be846649d0b5f18112c104c34c

1.10.15: Men kor er vi no da?
Blogg1.10.15
Bjørn Rosbach var tilbake og slo til med Levanger. Følgt av Torill Aasegg, Magne Vik Bjørkøy, Bjarte Øye, Jarle Langfjæran, Annbjørg Grevskott, Brit Signe Sæter og Ingunn Løberg. Som fleire er inne på, er bildet tatt frå ein litt uvanleg vinkel.
Namnet Levanger er samansett med det mykje brukte fjordnamnsetterleddet -anger. Førsteleddet er det fleire tolkingsforslag til. Det er uvisst, men somme har meint det kunne henge i hop med ly, altså ‘fjorden som gir ly’. Det måtte i så fall vera Eidsbotnet, som vi også ser på bildet.

25.9.15: Snø på fjella, og utsyn innover ein kjent norsk fjord. Men kva for ein fjord, og kor er bildet tatt frå?
Blogg25.9.15
Her kom vi ganske kjapt fram til Geirangerfjorden. Raskt ute var Torill Aasegg (men det var ikkje frå Ørnevegen!) og Ingunn Løberg. Med Arne Søholt begynte vi å peile oss inn, for han sa at det var ikkje så langt frå Åkneset (jf. «Bølgen»). Beate Homlong er lokalkjent i området og sa det måtte vera «ved Ljøtunnelen ein stad». Geirangerfjorden også frå Gunnvald Bøe, Frode Myklebust og Mary K. Wullum, før Hilde Daaland slo til med sentrumsblink «Står på Ljøen og ser inn Geirangerfjorden».
Ljøen er eit opphavleg gardsnamn og visstnok eineståande. Det er truleg samanheng med eit ord ljo ‘pute under kløvsal’, til ei ordrot som opphavleg kan ha tydd noko som gir le eller vern.
Geiranger inneheld truleg enten norrønt geirr ‘spyd’ eller geiri ‘kile’. Sisteleddet er at vanlege -angr i fjordnamn.

18.9.15: Og kor har vi denne flotte stasjonsbygningen da?

Blogg18.9.15
Sparbu stasjon var det ja! Veldig kjapt svar frå Irene Hellem, og så kom i rask rekkefølge Wigdis Johansen, Reidun Lorvik Eggen, Jorid Elvine Myhre og Guri Almli.
Stasjonen vart opna i 1905 og selt til private i 1997. Eigarane driv overnatting i første etasje. Men stasjonen fungerer enno som stoppestad på Trønderbanen. Les om stasjonen i Steinkjerleksikonet: http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=732
Så var det namnet. Bygdenamnet Sparbu er kjent i forma «Sparabu» i norrønt. Sisteleddet -bu tyder her ‘bygd’ slik som i andre bygdenamn av same typen, som Klæbu og Rennebu. Førsteleddet er ikkje sikkert tolka, men ein har prøvd å knyte det til verbet spara – kanskje om noko utvalt, framifrå, som ein sparar på. Rosande i så fall! Sparbu var eigen kommune til 1964, da den vart innlemma i Steinkjer kommune.
Sjå også om Sparbu i stadnamnleksikonet: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=465e25fe8706402ea5ea5209c6e5f914

11.9.15: Nok ein stad i Norge. Er denne kjent?
Blogg11.9.15
Fleire forslag vart lufta her. Marit Julien var først ute med Ulsteinvik. Tilslutning frå Bjarte Øye, Frode Myklebust, Torill Aasegg, «Gerd Ildri» og Sivert Gravem.
Tettstaden Ulsteinvik er senter i Ulstein kommune og kjent bl a for skipsverft.
Kommunenamnet Ulstein er opphavleg fjellnamn, norrønt Ulfsteinn. Det kan ha høyrt til det fjellet som no heiter Ulsteinhetta. Førsteleddet er enten dyrenamnet ulv eller eit elvenamn *Ulva avleidd av fjellnamnet.
Les også om Ulstein og Ulsteinvik i nettversjonen av Norsk Stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/

4.9.15: Tid for ei ny kjerke. Kor står denne?
Blogg4.9.15
Dette var visst også vanskeleg! For ein gongs skuld er det ingen rette svar. Men Oddbjørn Nærvik og Berit Sandnes kom i alle fall til rett kommune, og eigentleg nokså nær, med sitt forslag om Tylldalen. Vi skal nemleg til Brydalen, som også ligg i Tynset kommune. Brydalen kapell vart bygd i 1883 og innvigd året etter, litt av eit løft for ei grend som den tida hadde ca 20 innbyggarar. Kyrkja, ei lafta langkyrkje, har vore ombygd og restaurert fleire gonger etter det.
Brydalen utgjer øvre del av Finstadddalen, ein sidedal til Rendalen. I førsteleddet har vi elvenamnet Brya (uttala med einstavings tonelag). I Norske Elvenavne er det tolka som ei laging til bru, som elvenamnet Brua i Skjåk. Ein annan teori fører Brya til brye ‘uthola tro eller trau’. Jamfør f.eks. Troåga i Beiarn. Eit elvenamn som heng saman med tro går også inn som førsteledd i namn som Trodalen og Troset.
Sjå om Brydalen i Norsk Stadnamnleksikon. Gå inn her og klikk på «søk»: http://www.norskstadnamnleksikon.no/

28.8.15: Da er vi på ein ny stad i Norge, men den har lange og spesielle tradisjonar. Foto TEJ
Blogg28.8.15
Dette var visst ganske vanskeleg! Den einaste som fann fram denne gongen, var Ingolf Endresen, etter det eg kan sjå.
Rett svar er nemleg Eidsfoss, og bildet er knipsa frå starten av kulturstien opp mot hovudvegen, opp mot det som skal vera den eldste lanhandelen i Norge i dagleg drift. Eidsfos Jernverk vart grunnlagt i 1697. På området er det museum, kro og mykje anna, ikkje minst den ærverdige Eidsfoss Hovedgård.
Eidsfoss ligg i Hof kommune i Vestfold. Her har vi eidet mellom Bergsvannet og Eikeren. Den gamle garden Dagseid låg her. Dette vart forkorta til Eid, og så fekk vi Eidsfoss etter fossen.

21.8.15: Vi prøver oss med nok ei geografigåte. Kor i Norges land finn vi dette synet?

Blogg21.8.15
Koppang er svaret! Thomas Nilssen var kjapt ute med Koppangtunet, og fekk følge av Oddbjørn Nærvik og Torill Aasegg. Oddbjørn kom med dagens namn på hotellet: Storelvdal hotell. Det skifta namn frå Koppangtunet i 2014.
Vi er altså i Storelvdal kommune. Den såkalte barfrøstua er heilt spesiell, og er verna av riksantikvaren.
Så var det namnet. Det er belagt som Kaupang i 1520. Ein kaupang er ein kjøpstad eller marknadsplass, og det må altså ha vore ein slik kaupang her tilbake i middelalderen, sjøl om det ikkje finst sikker historisk dokumentasjon på det.

14.8.15:

Liten tettstad med Jokerbutikk. Ikkje så mykje å halde seg til, kanskje, men vi prøver lell:

Blogg 14.8.15
Her måtte ein nok vera lokalkjent for å kjenne seg att. Det var Bjørn Hval, Bjarte Øye, Ingunn Løberg, Aud Staven og Brit Signe Sæter. Godt gjort uansett! Vi skulle til Hongsand i Roan kommune nord på Fosenhalvøya. Vakker natur og flott turområde, og det går an å leie seg rorbu.
Namnet er samansett av mannsnamnet Hogne og sand i tyding ‘sandstrand’.

5.8.15: Da prøver vi oss med ei kjerke igjen, og spør som vanleg etter namnet
Blogg5.8.15
Her skulle vi til Alstadhaug kirke, Skogn, i Levanger kommune. Ingen tvil hos Knut Vodal, Ingjald Oppøyen, Lindis Oline Korsnes, Svein Olav Letnes, Synnøve Moe, Jorunn Raadal Østborg, Erik Sverre Viken, Bjarte Øye og Arnold Dalen. Sistnemnte gjekk her for prest, og opplyser at dette er einaste bygdekyrkje med oktogon. Kyrkja skal vera bygd på 1100-talet og er ei av fire fylkeskyrkjer i det gamle Inntrøndelag. I dette tilfellet gjed det Skøynafylket.
Som Svein Olav Letnes peiker på, er namnet snarlikt Alstahaug i Nordland. Men dette skal skrivast utan d.
Alstadhaug er opphavleg gardsnamn. Den tradisjonelle uttalen er «ærshau». Førsteleddet er forvanska, og opphavleg mannsnamnet Olvir eller Alvir. Sisteleddet -haug viser truleg til ein stor gravhaug ved garden og kyrkja. Her må det ha vore eit bygdesentrum og ein viktig stad i veldig lang tid.

31.7.15: Ny stad – og ny gåte. Kor finn vi dette monumentet?
Fosnavåg
Litt forskjellige forslag til heimstad for fiskarkona og ungane som speidar utover havet etter far. Det rette er i alle fall Fosnavåg, som desse har svart: Oddbjørn Nærvik, Ingjald Opøyen (begge med spørsmålstegn), Egil Nisja (den første som følte seg sikker), Karl Flemming Bruun og Bjarte Øye. Fiskarkona finst fleire plassar, men denne på Vågsplassen i Fosnavåg er laga av skulptøren Tore Bjørn Skjølsvik.
Fosnavåg er administrasjonssenter i Herøy kommune. Kjent bl a for fiskeindustri og reiarlag, og to gonger kåra til Norges næringsby. Hjerneforskar og nobelprisvinnar May-Britt Moser kjem herifrå.
Førsteleddet i namnet er det same som i Fosen, altså norrønt fólgsn ‘gøymestad’ og viser til gode naturlege hamneforhold. Bergsøya, der Fosnavågen ligg. har truleg heitt nettopp Fólgsn før.

24.7.15: Liten og triveleg norsk by. Kva for ein? (foto ved T.E.J. denne gongen)
Blogg24.7.15
Folk var kjapt ute med svar. Vi er sjølsagt i Tvedestrand i Aust-Agder, nærmare bestemt ved innkjøringa til sentrum idenne byen. Dette visste Åsta Torgunn Andreassen, Bjørn Rosbach, Birgit O. Mikkelsen, Brit Signe Sæter, Sivert Gravem, Svein Olav Letnes, Egil Kippernes og Bjarte Øye.
Og Tvedestrand er sjølsagt bokbyen ved Skagerak, Norges største bokby. Også kalla «Sørlandets smilehull».
Namnet tyder rett og slett stranda under garden Tveite, og vi har altså her ei temmeleg fordanska namneform. Men triveleg er det der!

19.7.15: Industriområde ein plass i Norge. Kjent?
Blogg19.7.15
Jauda, det var kjent! Vi ser Norske Skogs anlegg på Fiborgtangen, Skogn, Levanger kommune. Torstein Grønningen var kjappast ute. Rett svar også frå desse: Aud Staven, Atle Sandnes Aanesbug, Chris Folde, Sivert Gravem, Brit Signe Sæter, Bjarte Øye, Dag Thomas Hansen (som også bidrar med bilde, på facebook), Jorunn Raadal Østborg og Svein Olav Letnes (som var ferieavløysar her i 1973). Jorunn kan fortelje at vi i forgrunnen ser Reinsborg på Levangernesset.
Det er papir som blir produsert her, og varmekraftverk for naturgass er på trappene.
Fiborgtangen har namn etter garden Fiborg, uttala «fibøra». Første leddet er kanskje fe, som i inntrøndermål kan bli uttala «fi». Siste leddet er kanskje borg, som ein har rekna med også i Storbør (Storborg), Østborg og Børøya i same området.

10.7.15: Så var det tid for ei kyrkje igjen. Kor ligg denne?
Blogg10.7.15

Her skulle vi til Stordal på Sunnmøre, og vi ser Stordal gamle kyrkje. Rett svar frå Marit Julien, Torill Aasegg, Sivert Gravem, Aud Staven, Bjarte Øye, Ola Dimmen (som fortel på facebook om ei stor åndeleg oppleving under KFUM-leir her i 1986!), Karl Flemming Bruun, Svein Olav Letnes og Aud Marie Mollan.
Rosekyrkja er ei åttekanta kyrkje frå revolusjonsåret 1789, rikt dekorert med rosemåling innvendig.
Stordal kommune er kjent bl a for møbelproduksjon. Namnet har ei litt uvanleg historie, for det er ikkje «den store dalen», som ein kanskje skule tru. Eldste belegg er «Stoladals sokn» frå ca. 1420. Førsteleddet er stol brukt som fjellnamn. Omdanninga har komme som ein slags reaksjon på to l-ar ganske tett innpå kvarandre i same ordet. På fagspråk kalla dissimilasjon, som vil seie å gjera meir ulikt.

3.7.15: Ut mot kysten på nytt. Men kor?
Blogg3.7.15
Her skulle vi til Rørvik. Det såg Marit Julien, Egil Nisja, Brit Signe Sæter og Frode Myklebust. Sistnemnte lurer på om det heiter Byåasen i bakgrunnen. Det kan ikkje eg svara sikkert på, men det er gjerne rett.
Rørvik er administrasjonssenter i Vikna kommune. Kjent blant anna for kystmuseet Norveg. Og her møtest nordgåande og sørgåande hurtigrute.
Førsteleddet i namnet er ikkje sikkert tolka. Det kan vera rør i tyding ‘rand, kant’ eller ‘lyske’. Norsk Stadnamnleksikon nemner også norrønt reyrr ‘steinrøys’; det har vore mange gravhaugar her.

26.6.15: Vi flyttar oss inn i landet igjen, til …?

Blogg26.6.15
Svaret er Innset kirke. Det visste Tordis Inghild Bjørnstad, Trygve Holthe Iversen, Oddbjørn Nærvik, Bjarte Øye, Jorid Elvine Myhre, Erik Sverre Viken, Mary K. Wullum, Lars Brattset, Marit Hjellmo, Britt Eli Døsvik og Edin Botten. Fleire av desse er nokså lokalkjente og har mykje kunnskap. Både Tordis og Lars har dagleg utsikt hit.
Den gamle kyrkja frå 1642 brann i 1995. Den nye, som vi ser her, vart vigsla i 2000 og har same grunnform som den gamle. Den er likevel nokså forskjellig inni (Erik Sverre), men altertavla er ein kopi av den gamle (Tordis).
Namnet Innset er samansett med det vanlege gardsnamnleddet -set. Førsteleddet er elvenamnet Inna. Elva kjem frå Innsjøen i Tynset. Elvenamnet har nok same innhald som Inna i Verdal, sjøl om tonelaget er forskjellig. Sophus Bugges tolkingefra er «den som kommer langt indefra».

19.6.15: Ny tettstad, med ferje og greier. Men kor?

Blogg19.6.15
Vi hadde hoppa til Hareid på Sunnmøre. Dette såg Sivert Ødegaard, Bjørn Rosbach, Frode Myklebust, Atle Sandnes Aanesbug, Nils A. Tøndel og Bjarte Øye.
Hareid er tettstad på øya Hareidlandet, og samtidig kommunenamn. Hareid er kjent blant anna for sterke tradisjonar i ishavsfangst.
Namnet inneheld ordet hoð, eit gammalt namn på Hareidlandet, i genitivsform haðar-. Dette har vore sett i smaband med eit gammalt ord for skum, og viser vel i så fall til straum- og båretilhøve ved øya.

12.6.15: Da er vi nede ved sjøkanten igjen, men høge fjell er det. Kor finn vi dette motivet?

Blogg12.6.15
Litt forskjellige forslag her, før vi nådde hamn i Stamsund. Dermed full klaff for Bjarte Øye, Arnold Grytbakk, Geir Nordbøe, Ingunn Løberg og Toralf Otto Thomassen.
Stamsund ligg i Vestvågøy kommune i Lofoten og er kjent blant anna for teaterfestivalen sin. Godt gjort med heile to frie teatergrupper på ein såpass liten stad! Elles er dette sjølsagt eit viktig fiskevær.
Når det gjeld namnet, forklarer sisteleddet -sund seg sjøl. Førsteleddet er stamn (skipsstamn), «i stadnamn ofte brukt om framstikkande høgder og nes» (Norsk Stadnamnleksikon).

2.6.15: Norsk bygd. Kjenner du deg igjen her?
Blogg2.6.15
Ja, her var det ingen tvil om Sør-Fron. Desse var på rett spor: Runhild Heggem, Anders Schjølberg, Turid Paulsrud Solberg, Olve Utne, Roar Børø og Åsta Torgunn Andreassen. Vi ser frå Ruste sørover mot Hundorp, og kan også skimte Sør-Fron kyrkje.
Fron er eit eldgammalt namn som ikkje er sikkert tolka. Ein teori vil knyte det til eit norrønt ord frón ‘land, jord’, som er kjent berre frå diktinga. Ein annan hevdar samanheng med elvenamnet Frya, som det også finst fleire tolkingar av, m.a. ‘den skummande’. Eit anna interessant namn i området er Hundorp, som er samansett med torp og eit førsteledd som kan vera dyrenamnet hund, men like snart ein svært gammalt ordstamme som truleg har med fangst og fiske å gjera.
Litt lenger nord har vi Vinstra, eit namn som også er tolka på fleire måtar. Størst tilslutning har kanskje alternativet ‘den venstre’, fordi elvane med dette namnet «ligg på venstre side av ferdavegen når ein fer oppover dalane» (Norsk Stadnamnleksikon).

29.5.15: Vi får ta ei kjerke igjen. Foto ved TEJ denne gongen
Blogg29.5.15
Visst var dette Kristiansand kirke, også kalla Sørlandskatedralen. Om dette namnet må ho konkurrere med Trefoldigetskirken på Tyholmen i Arendal. Domkjerke er dette, gjenreist i 1885, og hovudkjerke for Agder og Telemark bispedømme. Rett svar frå Wigdis Johansen, Egil A. Kippernes, Brit Signe Sæter, Erik Sverre Viken, Arnold Dalen og Mary Synnøve Loe.
Kristiansand er no Norges sjette største kommune etter folketal. Namnet er etter Kristian IV (”Kristian Kvart”) som grunnla byen på sletta Sanden i 1641. Eitt av fleire eksempel på ein namnetradisjon med bevisst ”dåp”, der kongen knyter namnet sitt til bynamnet. Dette vart gjort i fleire nye byar over heile Norden på 15-, 16- og 1700-talet. Fredrikstad er eit slikt namn, likeeins Fredrikshald som det gamle namnet på Halden, og Christiania/Kristiania for Oslo.
Kristiansand er kjent for mange ting, blant anna for den regelmessige byplanen (kvadraturen).

22.5.15: Kva for eit ferjesamband har vi her?
Blogg22.5.15
Mange rette svar i denne runden. Vi er på Nordmøre, på ferjekaia på Halsa (Halsanaustan), og ferja går over fjorden til Kanestraum i Tingvoll kommune. Dette såg Frode Myklebust, Runhild Heggem, Egil Nisja, Alf Steinar Nekstad, Olve Utne, Ansgar Sæther, Rolf Skogstad, Karl Flemming Bruun, Anne Berit Sødahl, Atle Sandnes Aanesbug, Ingunn Løberg, Irene Løvseth og Brit Signe Sæter. Oppi alt fekk vi også ein avklarande diskusjon om kioskhistoria på denne ferjestaden.
Namnet Halsa, som jo også er kommunenamn, er opphavleg gardsnamn, knytt til eidet over til Skålvikfjoren. Det er samansett av hals og vin ‘naturleg eng’ og er skrive «i Halsynium» i 1303. Kanestraum har utgangspunkt i garden Straum, som viser til straumen mellom Vågen og fjorden. Kanestraum er etter adelsslekta Kane, som hadde garden på 1400-talet.

15.5.15: Geografigåte nummer 100! Og det i sjølvaste syttande mai-helga. Er dette ein kjent stad, tru?
Blogg15.5.15

Etter eit par andre forslag kom vi fram til Hellesylt. Atle Aanesbug var den første som var sikker på det, og han fekk tilslutning frå Bjarte Øye, Marit Hjellmo, Solveig Bøe, Sivert Gravem (som rår oss til å sjå Peer Gynt-galleriet her), Bjørn Åge Oldervik og Brit Signe Sæter.
Tettstaden Hellesylt ligg i bygda Sunnylven i Stranda kommune. Førsteleddet i namnet (opphavleg eit gardsnamn) er truleg heilag og myntar på heidensk kult. Eit mindre rimeleg forslag er helle, f eller heller, m. Sisteleddet tyder ’fuktig og salthaldig lende’, og det finn vi att i namnet Sylte fleire stader.

13.5.15: I Himmelfartshelga må vi ha ei ny kjerke å spekulere på:
Blogg13.5.15
Ganske mange kjente igjen Rissa kyrkje: Bjørnhild Grødal, Wigdis Johansen, Bjarte Øye (som har spelt der), Erik Viken, Sidsel Owesen, Jorid Elvine Myhre, Roar Børø og Ingunn Løberg.
Steinkjerke, innvigd 1888, og delar av den gamle Reinskjerka er brukt her.
Namnet Rissa må vera veldig gammalt, og det er ikkje hundre prosent sikkert tolka. Det kan vera ei avleiing til norrønt ris ’bergrygg’ (som vi kjenner som res i våre dagar), eller samanheng med verbet rise ’stige’. Det kan sjå ut som det har vore namn på den fjordarmen som no heiter Botnen.
Kjerka ligg på Føl ved Leira (også skrive Føll, men det bør ha berre ein l på grunn av uttalen med tjukk l). Dette namnet er skrive ”af Fyrde” i erkebiskop Aslak Bolts jordebok frå 1400-talet. Opphavet er firði, dativ av fjord, og dette viser nok også til Botnen, som Føl ligg ved enden av.

8.5.15: Nattleg stemning. Kor har vi rota oss hen midt på natta?
Blogg8.5.15
Ikkje enkelt å sjå i svarte natta, som Bjarte Øye seier, men han var absolutt på rett spor med Brønnøysund. Egon Sverkmo var heilt sikker på Brønnøysund. Det er hurtigruta som passerer her klokka 00.30.
Brønnøysund er senter i Brønnøy kommune og profilerer seg som ”kystbyen midt i Norge”. Kjent blant anna for etaten Brønnøysundregisteret.
Utgangspunktet for namnet er Brønnøya, som er skrive ”Brunney” i 1334. Førsteleddet er brunn ’kjelde, oppkomme’, og det viser til at dei som reiste på sjøen, kunne i land og finne seg drikkevatn her. Fleire namn viser til dette, som Tjønnøya mange stader og ikkje minst Vadsø ( = ’vassøya’).

1.5.15: Vi flyttar oss til meir urbant miljø. Kjenner du deg igjen her?
Blogg1.5.15
Fleire kom fram til rett svar her. Den første til å gjette, var Solveig Krigsvoll, og ho gjetta heilt riktig med Bodø. Frode Myklebust syntest også det likna pgå sjukehuset i Bodø. Ingen tvil om Bodø hos Erik Sverre Viken, Inger Kjølaas, Olav Eines (eldste dotter hans er fødd på sjukehuset her), Ola Dimmen (eldste dotter hans er også fødd her!) og Svein Olav Letnes.
Namnet Bodø er opphavleg gardsnamn («Bodøgaard» frå 1600-talet). Det er samansett med leddet -vin ‘naturleg eng’. Dette er same namn sopå kommunem det restituerte Bodin, som var kommunenamn fram til 1968, og som framleis er namn på kyrkje og vidaregåande skule. Det opphavlege vin-namnet må tidleg ha vorte omtolka som samansett med -øy. Førsteleddet er ikkje sikkert tolka, men ein har prøvd å sette det til norrønt boði ‘båe, grunnbrottæ.

22.4.15: Kjent stad på norskekysten. Kor er vi?
Blogg21.4.15
Vi skulle til ein landsdel vi ikkje har vore innom før, og den landsdelen er Sunnmøre. Ikkje Finnmark som dei første forslaga gjekk ut på. Arne Søholt er nesten på heimebane og var den første som svarte rett. Staden er nemleg Runde. Søholt fekk følgje av Frode Myklebust og Ola Dimmen.
Runde ligg i Herøy kommune og er kjent både for fuglefjell og skattefunn. Første gong eg var dit, reiste eg med ferje. Brusambandet kom i 1982.
Namnet har ingenting å gjera med adjektivet rund, slik ein kanskje skulle tru. I norrønt er det belagt som (H)rund, og eit tolkingsforslag går til verbet (h)rinda ‘skyte fram’ – altså ‘den framskotne øya’. Tradisjonell uttale av øynamnet er elles «ron’de» med einstavings tonelag, medan gardsnamnet er uttalt «ron`de» med tostavings tonelag.

17.4.15: Ny bru som blir ferdig dette året. Kor går ho hen?
Blogg17.4.15
Jau da, dette var den nye Tresfjordbrua, som etter planen skal opnast til hausten. Det visste Rolf Arne Haugen, Solveig Bøe, Audrid Grødal, Hallfrid Aarstein, Inga Elise Bruteig, Tor Stallvik og Magnar Oldervik. Alle søylene var ferdig 17.4., melder Statens vegvesen, og Inga Bruteig kan fortelje om «åpen dag» i går 18.4., da folk fekk prøvegå brua frå Remmemsida.
Brua går over Tresfjorden frå Vestnes/Remmem til Vikebukt, og vil korte ned E136 med meir enn ei mil.
Så til namna her: Tresfjordnamnet har vi hatt for oss før. Vikebukt på austsida er beint fram sett saman av vik og bukt. Dei to ledda syner nok til same vika, slik at namnet eigentleg er litt «smør på flesk». Men det er ikkje så uvanleg i stadnamn. Vestnes er kommunenamn, men opphavleg gardsnamn, på det vestre neset ved munningen av Tresfjorden. Remmem er gardsnamn, sett saman med rim ‘jordrygg og det gamle namneleddet -heim(r).

10.4.15: Nok ei norsk bygd. Kor er dette?
Blogg10.4.15
Dette vart kanskje litt for enkelt med hintet om den kjære programleiaren som skal slutte. For vi er jo i Måndalen, barndsomsbygda til Oddgeir Bruaset. Det visste Turid Paulsrud Solberg, Bjørnhild Grødal, Oddbjørn Nærvik, Audrid Grødal, Olve Utne, Ingerid Marie Bjørkås, Jan Håvard Vermøy, Egil Nisja, Magnar Oldervik, Karl Flemming Bruun og Torgeir Heen. Fleire visste også at det er Voll kyrkje (bygd 1896, restaurert 1964) vi ser.
Måndalen ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Rauma kommune, tidlegare hørte bygda til Voll kommune. Her er det lange tradisjonar med konfeksjon og trevare.
Dalen har namn etter eit gammalt namn på Måndalselva, som i nyare tid er «rekonstruert» som Måna. Dette er også førsteledd i namnet Mandal, og som usamansett elvenamn i Monn i Åseral. Ein reknar med samanheng med det gamle norrøne ordet marr ‘hav, sjø’.

2.4.15: Ei ny kjerke, som det sømer seg til påske. Men kva for bygd ligg denne i?
Blogg 2.4.15
Her var det mange som kjente seg att! Det vi ser, er Ålen kirke (Holtålen kommune, Sør-Trøndelag), frå 1881. Rett svar frå Irene Hellem (først ut!), Torgeir Heen (som er svært lokalkjent og kan gi opp fleire lokale namn i området), Einar Sæterbø, Frode Slupphaug, Ingrid Marie Hanem, Stian Trønnes, Olav Langeng, Jorid Elvine Myhre, Chris Folde, Ann Siri H. Garberg, Olve Utne, Erik Klomsten, Jens Olav Hov, John Ole Morken («heme»), Jan Harald Fløttum, Turid Paulsrud Solberg, Per Olav Almås, Bjørg Astrid Larsen, Thorstein Fretheim, Karl Flemming Bruun, Bjørn Harald Hauge og Magne Rønning.
Så til namnet: Det rår litt forvirring om kva som er nemneform og dativform av «Ål’n» og «Åla». Her trur eg vi kan lite på lokalkunnskapen til Per Olav Almås – nemleg at det tradisjonelle er «Åla» med «Ål’n» i dativ. Men så har vel «Ål’n» tatt meir og meir over, slik at somme da gjennom «systemtvang» vil bruike «Åla» i dativposisjon. Uansett er det høgst sannsynleg at namnet Ålen, akkurat som Ål i Hallingdal, inneheld ordet ål ‘stripe, smal renne’. Vi har å gjera med ei «langstrekt dalbygd», som det er uttrykt i Norsk Stadnamnleksikon. Vi finn ordet t.d. i ryggål ‘stripe langs ryggen på dyr’ og djupål i elv.
Kommunenamnet Holtålen er ein nykonstruksjon ved samanslåinga av Ålen og Haltdalen i 1971. Men ein har vel også hatt belegget «i Holdtdale» (om Haltdalen) frå 1345 i tankane.

27.3.15: Kor finn vi dette landskapet? Vi er i utgangspunket ute etter namn på elva
Blogg 27.3.15
Dette var nok ikkje heilt enkelt! Vi var innom både Oppdal og Folldal før Leif Martin Svisdal skaut blink med Lora i Lesja kommune. Rannveig Bøe Bakken var heller ikkje i tvil, som lokalkjent. Men desse var dei to einaste som fann fram!
Det er nok elva Lågen vi ser på bildet, men grenda er Lora. Men også Lora er opphavleg elvenamn, ho renn gjennom Lordalen og ut i Lågen frå sørvest. Etter Norsk Stadnamnleksikon kan same namnet finnast i gardsnamna Lorås og Lorvik i Nord-Trøndelag. Ein teori er at namnet kan innehalde same stammen som (H)lóra, som i norrøn mytologi er namnet på fostermora åt guden Tor. Dette er tolka som ‘den burande’, og det kan kanskje høve på elva Lora, som har sterkt fall.
Her er ein hyllest til Lora i form av ein limerick: http://www.lesjakommune.no/14834.LORA.html

20.3.15: Nok ei kyrkje. Som ein liten leietråd kan vi nemne at denne bygda nyleg har opplevd eit større ras.
Blogg20.3.15
Riktig svar er Skei kirke i Ogndal (i Steinkjer kommune). Det visste Einar Sæterbø, Eva Kjelstad, Wigdis Johansen, Aud Staven, Jorid Elvine Myhre, Guri Almli (som var konfirmert her) og Bjarte Øye. Godt gjort!
Bygd i 1664, sjå faktaopplysningar i Steinkjerleksikonet: http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=1097
Så til namnet: Skei finst mange plassar, bl a som bygdesenter i Surnadal og Jølster. Eit ikkje uvanleg gardsnamn. Det kjem av norrønt skeið, som i desse tilfella helst kan ha betydd ‘bane til kappriding eller kappløp’.
Skei kommune vart oppretta i 1885 og omdøpt til Ogndal i 1991. Ogndalen har namn etter elva Ogna. Norrønt ógn betyr skrekk, redsel (heng i hop med age), og elvenamnet (som også finst på Jæren) kan dermed bety ‘den skremmande’. Dette kan vise til sterk straum, flaumfare, kraftig isgang o.l.

6.3.15: Båtnaust – men kor?
Blogg6.3.15
Det første spørsmålet var om dette er ferskvatn eller saltvatn. Fleire var i tvil, men etter kvart orienterte vi oss innover i landet. Kristian Voldheim var på sporet, med det søraustre hjørnet av Sør-Trøndelag. Til Femundsjøen kom Chris Folde, Sivert Gravem og Rannveig Bøe Bakken, og det er heilt korrekt. Men den som kom heilt fram, var Bjarte Øye, med Synnervika!
Synnervika er fint utgangspunkt for turar i Femundsmarka og kanopadling på Femunden. Synnervika betyr rett fram ‘den søre vika’. På eldre kart stod det Sørvika, men dette er no retta til ei meir dialektnær form. Det kan synast rart at Synnervika ligg ved nordenden av Femunden, men det er sett i relasjon til Nordvika, som ligg lenger nordaust.
Innsjønamnet Femunden er sjølvsagt styggeleg gammalt, og det er ikkje sikkert tolka. Ein teori knyter første delen til ein ordstamme feim ‘skum’, med slektskap til det engelske foam. Men ikkje eingong ordkonstruksjonen ere dei sikre på; om det er avleiing med -mund eller -und.

26.2.15: Enda ei kyrkje. Kjent, eller?
Blogg26.2.15B
Vi skulle fram til Vingrom, og det greidde Egil A. Kippernes, Turid Paulsrud Solberg og Bjarte Øye. Vingrom ligg i Lillehammer kommune, på vestsida av Mjøsa. Vingrom kirke er frå 1908. Den mest kjente personen frå Vingrom er vel skiløparen og radioreporteren Håkon Brusveen.
Norrøn form av namnet er Vingareimr. Dette viser at det er samansett med leddet -heim. Førsteleddet kan vera eit tapt elvenamn *Ving, som kanskje også går inn i gardsnamnet Vingnes. Ein annan teori er at det kan vera eit bortkomme namn på ein del av Mjøsa som har lege utsett til for vind.

18.2.15: Vinter, og ein jernbanestasjon. Men kva for ein?
Blogg18.2.15
Vi skulle fram til Vålåsjø stasjon på Dovrebanen. Egil A. Kippernes var først ute med rett svar, og deretter kom Bjørn Rosbach, Tor Helge Gravem, Simen Flaten Svisdal, Målfrid Nordgård og Rannveig Bøe Bakken. Egil A. Kippernes bidrar med mange faktaopplysningar, bl a at stasjonen ligg 943 m.o.h., vart opna i 1921 og nedlagt i 1992. Simen Flaten Svisdal kan opplyse følgjande: «på dette bildet kan en faktisk se hvor den tidligst oppførte delen av bygget stoppet og hvor påbygget starter. Kryssingssporet her ble gjenåpnet i 2013, etter mange år uten noen mulighet for kryssning her.»
Så til namnet: Vålåsjøen har vi også i Sel, og i forma Vålåsjå i Tinn. I Lesja finst Vålåvatnet. Førsteleddet blir gjerne sett til ordet vol ‘rund kjepp’, og ein tenkjer seg at det skal vise til rette sjøar. Vålåsjøen i Dovre passar i så måte. Det er truleg også slektskap med elvenamnet Vulu, som kan sikte til beint elveløp.

13.2.15: Å tale er sølv, men å teie er gull (kanskje nøkkel til helgas geografigåte)
Blogg13.2.15
Sjølsagt var det Kongsberg! Det såg Turid Paulsrud Solberg, Frode Myklebust, Bjørnhild Grødal, Bjarte Øye og Berit Juveli. Sistnemnte kunne til og med lokalisere fotografens posisjon til Bussedalen. Kongsberg kirke frå 1761 er særprega og grei å kjenne att.
Kongsberg vart grunnlagt i 1624 av kong Kristian IV, året etter at det vart funne sølv der. Han fastsette namnet til Konningsberg, som seinare vart til Kongsberg. Dermed er dette landets eldste industriby, og sist på 1700-talet var Kongsberg den folkerikaste byen i landet etter Bergen. Sølvverket var i drift til 1958.

6.2.15: Kor er det det ryk og fyk så gale?
Blogg6.2.15
Her var det mange kommentarar! At vi ser eit smelteverk, var folk einige om, men ikkje kva for eitt. Fleire heldt på Holla i Hemne. Men det er nok Thamshamn, rett nord for Orkanger. Riktig svar i alle fall frå desse: Brit Signe Sæter, Joar Lyngen, Einar Sæterbø, Ann-Carin Bøyesen, Willy Sandvik, Gunnvald Bøe og Atle Aanesbug. Og så var det kanskje somme andre som skifta meining undervegs.
Det skal seiast at det var ein brann ved smelteverket da dette bildet vart teke. Det vart oppretta i om 1931 som Orkla Metall, i dag Elkem Thamshavn.
Thamshamn har namn etter slekta Thams. Vi tenker vel først og fremst på forretningsmannen og industrigründeren Christian M. Thams. Men det var bestefaren Wilhelm Thams som starta sagbruk på området i 1867. Slekta Thams skal ha namn etter elva Themsen (Thames) i England, i følgje sagnet.
Orkanger er eit ganske nykonstruert namn, til førsteleddet i Orkla, Orkdal m m og -anger som vi har i mange namn (som Stavanger, Leangen ofl); opphavleg på fjordar og viker. Det gamle namnet på Orkanger var Orkdalsøra eller lokalt berre Øra.

30.1.15: Det er faktisk eit gudshus vi skimtar i skogen, om det kan hjelpe folk på sporet:
Blogg30.1.15
Vi ser Haglebu fjellkirke, i Eggedal i Sigdal kommune. Godt observert av Gudrun A. Vollan og Atle Aanesbug!
I Wikipedia er Haglebu framstilt som ein «liten plass». Men her finst fjellstue og skisenter, og ein kan t.d. ta ein tur til fjellet Haglebunatten. Kyrkja, som vart innvigd i 1980, ligg nær Haglebuvatnet, og her har vi nøkkelen til å forstå namnet. Haglebu er nemnt i Norske Gaardnavne og har namn etter vatnet. Det er kalla «Haglæende vattn» i eit dokument frå 1303. Norrønt haglendi eller haglenda er beitemark, hamnegang (høveleg, godt lende til dette). Sisteleddet -bu viser til seterdrift.
Eggedal er eit meir endefram namn. I norrønt Eggjardalr, der Eggjar er genitivsform av egg ‘fjellrygg e l’. Det er bratte berg og fjellkollar ved Eggedal kyrkje.

23.1.15: Samlingsplass for ein spesiell gåsesort:
Blogg23.1.15

Kortnebbgåsfestivalen foregår i Beitstad, ganske riktig! Riktig svar frå Guri Almli, Chris Folde og Frøydis Sund. Dette er ein årleg kulturfestival under mottoet «Gjess, we can!», der «vi tar i bruk gåsa som symbol for å feire at gåsa har kommet, våren blomstre, bygda lever, og at vi har et fantastisk kulturliv og herlige folk her», som det heiter på nettsida kortnebb.no: http://kortnebb.no/informasjon/
Så var det namnet Beitstad. Det er berre tilsynelatande samansett med -stad. Norrøn form er Beitstoð, der sisteleddet er stø, båtstø. Dette blir også stadfesta av at innbyggarnemninga er beitstøi. Førsteleddet er ikkje sikkert tolka, men kan vera eit forsvunne elvenamn *Beita, som kan ha tydd ‘den bitande, kalde’.

16.1.15: Kyrkjene er gode landemerke. Her kjem nok ei, men kva for ei? Det er Jorid Elvine Myhre som er fotograf denne gongen.
Blogg16.1.15

Vi ser Roan kirke, også kalla Fosenkatedralen. Bygd 1702 og restaurert 1884. Første riktige svar kom frå Frode Myklebust. Korrekte var også Gudrun A. Vollan, Tovemerethe Stjern, Aud Staven og Brit Signe Sæter. Fleire har minne frå denne kirka.
Roan har opphavleg vore namn på prestgarden. Etter Norsk Stadnamnleksikon kan namnet komma av norrønt róða ‘stong’. Ord som staur, stav og stong kan vise til fjelltoppar, beine elveløp o l når dei går inn i namn. Det ligg ein spiss fjelltopp ved garden.
No meiner eg å hugse at Ola Stemshaug nemnte at det «hroði» som vi finn som eitt av såkalla «fjarða heiti» (fjordnemningar) i den norrøne litteraturen, kunne ha noko med Roan å gjera. Eg veit ikkje om han gjekk vidare på den ideen. Vi kjenner i alle fall att fleire av dagens norske fjordnamn i desse nemningane frå den gamle skaldskapen: https://abdn.ac.uk/skaldic/db.php?id=3248&if=onw&table=text&val=&view=

9.1.15: Fjellstue med særprega namn. Kjenner du deg igjen?
Blogg9.1.15

Vi er her på den tradisjonsrike Ruten Fjellstue, langs Bjørnsonvegen øvst i Espedalen. Torill Aasegg var først ut med riktig svar, følgt av Bjarte Øye og Brit Signe Sæter. Både fjellstua og fjellet Ruten (1517 moh), som fjellstua har namn etter, ligg i Fron kommune. Ruten som fjellnamn finst mange stader, t.d. i Hemne. Det kjem av norrønt (h)rútr ‘saubukk, vêr’, og det ligg vel ei jamføring til grunn. Til akkurat dette Ruten har vi det avleidde elvenamnet Ryta. Eit slikt samband vitnar om høg alder på namna.
Espedalen har som førsteledd norrønt espi ‘ospeskog, ospekrull’. Dette har vi også i namn som Espeland og Espeset.

31.12.14: Eit lite norsk bygdesenter. Kor er vi no?
blogg31.12.14

Det likna mistenkeleg på Vinjeøra, sa Magnar Oldervik, og det var heilt rett! Han fekk støtte av Gunnvald Bøe, Olve Utne, Ingvild Valsø, Anne Berit Sødahl, Berit Sandnes, Gudrun A. Vollan, Rune Stavaas og Nils A. Tøndel. Det var kanskje særleg Vinje kirke i bakgrunnen som gjorde at folk kjente seg att. Olve Utne sendte denne lenka med opplysningar om den gamle kyrkja her: http://lokalhistoriewiki.fo/index.php/Fil:G_Schoenning_Winge-Kierke,_Anex_til_Hevne_%281773%29.jpg
Vinje var eigen kommune før. Vart skilt ut frå Hemne i 1924, men slått i hop att med Hemne i 1964. På Vinjeøra finn vi matbutikk, kafe, kles- og antikkbutikk og bygdemuseet «Bua».
Opphavleg er Vinje gardsnamn, med uattalen «vinnann» (bestemt form fleirtal), dativ «vinno». Dei aller eldste belegga syner eintalsform, men alt i erkebiskop Aslak Bolts jordebok frå 1400-talet har det vorte fleirtal: «Vinjar sokn». Vinje i Telemark er akkurat same namnet. Vi har å gjera med det gamle ordet vin ‘naturleg eng, beite’ som går inn i så mange gamle gardsnamn. Sisteleddet -øra har vi mange plassar (som Sunndalsøra, Verdalsøra), og det tyder ‘grusslette ved elveos’.

24.12.14: Som det sømer seg i høgtida, presenterer vi ei ny kyrkje. Men kor? Denne gongen er det Tor Erik som har tatt bildet.
Blogg24.12.14

Kyrkja på bildet er Iveland kirke i Aust-Agder. Gudrun A. Vollan fann det rette. Olve Utne og Turid Paulsrud Solberg fann fram på Google, og skal ha kreditt for at dei var ærlege. Men det er jo lov å bruke alle tilgjengelege hjelpemiddel, og denne var jo ikkje heilt enkel! Fleire er inne på at ho liknar kyrkja på Hølonda. I alle fall er Iveland kirke bygd i 1837.
Iveland er elles kjent for gruvedrift, og det var ein amatørgeologtur som gav sjansen til å ta bildet.
Namnet Iveland har eit førsteledd som heng saman med det gamle ordet ýr for barlind, i ei enda eldre form *iwaR (stjerna markerer at forma er rekonstruert og ikkje direkte belagt i kjelder). Det har vore foreslått elvenamn, men sidan den aktuelle elva har eit gammalt namn, Frøysåna, har ein tenkt på eit *ivi ‘stad der det veks barlind’ som førsteledd.

19.12.14: Tru kor vi finn denne varden?
Blogg19.12.14

Ganske riktig, vi er på Hjerkinn og ser mot Folldalen. Frode Myklebust kom først på sporet, og på rett veg var også Oddbjørn Nærvik, Brit R. Aune, Brit Signe Sæter og Rannveig Bøe Bakken.
Staden Hjerkinn er nok velkjent for dei fleste, med gammalt skysskifte, fjellstue m m. Opphavleg er dette eit gardsnamn, belagt i norrøn form som Hjarðkinn i Sverresoga. Sisteleddet er kinn ‘bratt fjellside’, og i førsteleddet har ein tenkt seg ordet hjord ‘buskap’.

12.12.14: Vakker norsk bygd. men kor er dette?
Blogg12.12.14
Her kom vi etter kvart fram til Heidal, og nærmare presisert til Bjølstadmo. Trygve Holte Iversen var først ute med riktig svar. Deretter kom Torill Aasegg, Anders Schjølberg, Kolbein Dahle, Eva Strauman, Randi Rust og Inge Jenstad.
Heidal er kjent for det vakre kulturlandskapet. Heidalsprosjektet (1977-81) var eit pionerprosjekt der ein ville vise at det var råd å ta vare på dette spesielle landskapet samtidig som ein driv aktivt og rasjonelt jordbruk.
Namnet Heidal ser endefram ut, men det inneheld urgammalt språkstoff som er vanskeleg å tolke. Sophus Bugge var den første som såg den språklege samanhengen mellom Heidal og Sjodalen (same dalføret, ovafor Randsverk). Seinare har blant anna vagveren Oskar Visdal handsama denne namneflokken grundig (tidsskriftet Namn og Nemne 1985, s. 53-75). Vi finn altså elvenamnet Sjoa som førsteledd i namnet Heidal, men med ei anna lydutvikling. Jamføring med anna namne- og språktilfang peikar mot enten ei rot med tyding ‘den skinande’ eller ei som tyder noko slikt som ‘den tildekte’. Eventuelt at desse to ordrøtene har flote saman.
Bjølstad i Bjølstadmo inneheld eit gammalt mannsnamn i førsteleddet.

4.12.14: Nok ei kjerke, ganske karakteristisk. Kjenner du denne? Foto: Jorid Elvine Myhre
Blogg4.12.14
Dette er Gløshaug kirke på Gartland, i Grong kommune. Det visste Olve Utne, Frode Myklebust, Aud Staven, Frøydis Sund og Gudrun Lise Larsen. Frøydis fekk for første gong i sitt liv sjå ein gapestokk da ho var på klassetur dit (den var nok ikkje i bruk!), og Gudrun Lise Larsens første barnebarn var døpt der.
Gløshaugen er den gamle kyrkjestaden i Harran sokn. Her stod det før ei stavkyrkje, truleg bygd ca 1300. Kyrkja på bildet er frå slutten av 1600-talet. Om historikken sjå t.d. her: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Gl%C3%B8shaug_kyrkje
Som Olve Utne skriv, er det god utsikt frå Gløshaugen. Det er det også frå Gløshaugen i Trondheim, der vi finn gamle NTH, no NTNU Gløshaugen. Førsteleddet er verbet gløse i tyding ‘stire, speide’. Namnet Harran er truleg opphavleg samansett med -eid, det tyder den gamle uttalen «harrei» på. Førsteleddet er utolka.

28.11.14: Fjordlandskap igjen. Lar det seg plassere? Foto: Christine Goedecke
Blogg28.11.14

Ikkje så heilt enkelt dette, men Einar Sæterbø greidde å komma fram til Åsskard på Nordmøre. Bjarte Øye kom hakk i hæl. Vi ser nemleg Åsskardfjorden, og bildet er tatt like nedafor kyrkja.
Namnet Åsskard er gardsnamn og soknenamn. Tradisjonell uttale er med bestemt artikkel, men no seier ein vanlegvis «Åsskar». Det har delvis vorte oppfatta som ei samansetning med gard (og derfor slektsnamnet Aasgaard). Men dei eldste skriftlege belegga, som «i Asskardhe» frå 1357, indikerer at det er samansett av dei kjente terrengnemningane ås og skard(d). I Norske Gaardnavne heiter det: «Ásskarð maa sigte til den smale Lavning, som gaar tvert over Halvøen mellem Bøverfjorden og Aasgaardfjorden, og ved hvis nordre
Munding Gaarden ligger.»

21.11.14: Ny geografigåte, med ny kjerke. Kor er denne? Foto: Eva Kjelstad
Blogg21.11.14

Denne kjerka er Bratsberg kirke i Trondheim kommune (tidlegare Strinda). Korskjerke i tre, frå 1850.
Rett svar frå Bjørn Rosbach, Torill Aasegg, Bjørg Gravem og Aud Staven.
Namnet Bratsberg finst fleire plassar. Blant anna var Bratsberg amt det gamle namnet på det som no er Telemark fylke. Her skriv det seg frå ein gard i Gjerpen.
Førsteleddet må helst henge i hop med adjektivet bratt, men binde-s-en er litt verre å forklare. Ein har sett for seg eit mannstilnamn Brattr, men også ei terrengnemning. Det kunne vera eit tenkt inkjekjønnsord bratt, laga på same måten som eit djup. Men mest truleg kanskje hankjønn *Brattrinn som namn på eit bratt fjell eller ein fjellvegg.

14.11.14: Kor finn vi dette fjordlandskapet?
Blogg14.11

Vi er denne gongen i Valsøyfjorden på Nordmøre. Meir presist er vi på tettstaden Engjan eller Enge. Ta gjerne ein tur innom Geitbåtmuseet om du er på desse trakter: http://www.nordmore.museum.no/artikkel.aspx?MId1=955&AId=602
Mange var lokalkjente her. Rett svar frå Rune Stavaas, Olve Utne, Ingvild Valsø (som fortel at ho var fødd rett utafor høgre bildekant), Kirsten Badnes Bøe, Odd Gunnar Jære Hoel og Anne Berit Sødahl.
Namnet Valsøyfjorden er skrive «i Wallangxfyrde» ca 1430. Dette tyder på at fjorden har hatt eit eldre namn Vallangr, der første delen er ordet voll. Dette er truleg også det eldre namnet på Vallersund i Bjugn.
Engjan eller Engan er rett og slett bestemt form fleirtal av ordet eng.

7.11.14: Nok ein flott stad i Norges land, og nær sjøen er dette nødvendigvis. Men kor? Bildet er ved Tor Erik denne gongen.
Blogg7.11.14

Ingen tvil om Sandefjord! Riktig svar frå Frode Myklebust, Bjarte Øye, Johanna Utvik, Hallgeir E. Modell, Olve Utne, Chris Folde, Audhild Berg, Gudrun A. Vollan, Knut Brekke Larsen, Ingunn Karijord, Bergit O. Mikkelsen og Aud-Kirsti Pedersen.
Som fleire har registrert, ser vi kvalfangarmonumentet frå 1960, laga av Knut Steen. Gudrun A. Vollan opplyser at det er laga som ei kompassrose og roterer sakte rundt sin eigen akse. Det ligg i Badeparken i indre hamn. I Sandefjord finn vi også Europas einaste spesialmuseum for kval og kvalfangst. Sandefjord var den førande norske kvalfangstbyen fram til fangsten i Antarktis tok slutt. Bak i bildet ser vi
Sandefjord ligg i Vestfold fylke, ved enden av Sandefjordsfjorden. Førsteleddet heng saman med Sandar, som gjekk inn i Sandefjord bykommune i 1964. Sandar er det gamle namnet på prestegarden i Sandar prestegjeld. Det er beint fram fleirtal av ordet sand.

31.10.14: Kor står denne vakre kyrkja?
Blogg31.10.14

Her var det først gjetta på Kvikne, men vi kom ganske raskt fram til ei kyrkje som liknar. Olve Utne var den første til å ymte om Lesja kyrkje, deretter kom Torill Aasegg, Oddbjørn Nærvik, Mildrid Jordhøy Lunder (som er døpt, konfirmert og ektevigd her), Elisabeth Kjønsletten, Brit Signe Sæter, Bjarte Øye og Jorid Elvine Myhre.
Krosskyrkje i lafta tømmer frå 1750.
Namnet Lesja er styggeleg gammalt. Det blir gjerne kopla til eit angelsaksisk (gammalengelsk) ord læs ‘beitemark’. Det kan vera det same vi har som førsteledd i Lærdal og sisteledd i Valdres, to andre eldgamle namn. Vi har å gjera med ordstoff som elles er døydd ut for lenge sia.

24.10.14:
Tettstad ved elv. Endepunkt for båttransport opppover dalen i eldre tid, visstnok. Tor Erik har tatt dette bildet. Kor er vi?
24.10.14

Jauda, dette er frå Evjemoen, ca. 7 mil nord for Kristiansand. Bjørn H. Hval var først ute med riktig svar, med tilslutning frå Einar Sæterbø, Bjarte Øye og Bergit O. Mikkelsen. Her var det militærleir frå 1912 til 2002. Nato-sjef Jens Stoltenberg er av dei som har gjort førstegongstjenesta si her (i 1979-80). I tillegg til militærleiren vil vel mange kjenne til nikkelgruva som var i drift frå 1872 til 1946. Det er elles mange sjeldne mineral i området.
Evje var eigen kommune fram til 1960. Det tyder beint fram ‘evje, vik i elv’, og elva er sjølsagt Otra. Kommunen heiter no Evje og Hornnes.
Elvenamnet Otra blir vanlegvis kopla til dyret oter, enten ved ei form for samanlikning eller fordi oteren har halde til ved elva.

17.10.14: Minnesmerke igjen. Kor finn vi dette?
17.10

Lasskjørar’n i Elverum var det sjølsagt! Kjapt ute var Bergit O. Mikkelsen, Tore Digre, Jorid Elvine Myhre, Olve Utne, Kristin Fridtun (så absolutt på heimebane), Ingelin Gravem, Bjørg Gravem, Inger Johanne Skancke, Bjarte Øye og Dag Thomas Hansen.
Lasskjørarmonumentet er laga av skulptør Skule Waksvik, slik Tore Digre påpeikar. Det er frå 1986.
Namnet Elverum har norrøn form Alfarheimr. Det har opphavleg vore brukt om den noverande Prestgarden. Førsteleddet er ei gammal genitivsform av elfr ‘stor elv’, som her må sikte til Glåma.

10.10.14: Nok ei kyrkje. Men kor står denne?
Blogg10.10.14

Svaret er Straumsnes kyrkje, og det visste Bjarte Øye, Rune Stavaas, Bjørg Gravem og Anne Berit Sødahl. Kyrkja er frå 1864 og ligg på Grimstadhøgda. Anne Berit Sødahl oppplyser at da ho var døpt der, heitte kyrkja Grimstad kirke.
Namnet Straumsnes er sjølforklarande. Førsteleddet er gardsnamnet Straum, også kalla Kanestraum etter adelsslekta Kane, som åtte garden på 1400-talet. Namnet siktar til «en Strøm mellem Vandet Vaagen og en Vik af Fjorden», som det står i Norske Gaardnavne. Straumsnes var eigen kommune fram til 1964 og hører no ti Tingvoll kommune.

3.10.14: Norsk tettstad. Kjenner du denne plassen?
Blogg3.10143.10.14:

Nei, dette var langt frå enkelt. Og det er klart: Du må enten bu her, vera oppvaksen her eller tilfeldigvis akkurat ha vore her for å greie dette. Men etter antydning om at ein kombinertløpar kjem herifrå, fann ein einaste person fram til rett svar: Turid Paulsrud Solberg! Hurra for deg!
Staden er nemleg Biri, og herifrå er Torbjørn Løkken, VM-vinnar i kombinert i 1987. Bildet er frå Biristrand.
Dette er eit uvanleg namn, og det er da heller ikkje sikkert tolka. I dativform «Biridi» er det belagt i 1340. Eit forslag til opphav er ber-híð ‘bjørnehi’. I alle fall er det eit opphavleg bygdenamn (og ikkje gardsnamn). Biri var eigen kommune til 1964, og vart da innlemma i Gjøvik kommune.

26.9.14: Markert norsk idrettsprofil har hamna på sokkel i heimbygda. Men kor?
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Usedvanleg mange riktige svar. Mannen er naturlegvis Harald Grønningen, langrennskonge og Lensvikas store sønn. Statuen står i Lensvika, senter i Agdenes kommune. Først ute var Tor Helge Gravem, deretter kom dei som perler på ei snor: Einar Sæterbø, Frode Myklebust, Tordis Inghild Bjørnstad, Bjarte Øye, Gudbjørg Høgstad, Liv Berit Gikling, Sivert Gravem, Anne Grethe Gussiås Johansen, Margrete Kruksve Løkken, Brit Signe Sæter, Nils A. Tøndel, Ann Grimsmo, Gudrun A. Vollan, Astrid Kolberg, Mary K. Wullum, Aud Marie Mollan, Solveig Krigsvoll, Bjørn Sæther, Aud Staven, Edgar Bæverfjord, Audhild Berg, Jorid Skevik Sletterød, Hallfrid Aarstein, Lars Arvidsson, Per Skjervold, Eilert Ottem, Bjørnar Almli, Anne Berit Sødahl, namnebror Torstein Grønningen, Stein Dahlen, Gunnhild Aal og Frode Sluphaug. Får håpe alle er nemnt no!
Fleire har komme med fine og interessante kommentarar. Bjørn Sæther kan fortelje at statuen stod oppe på skulen i mange år, men fekk ny plass i samband med omregulering av sentrum. Aud Staven opplyser om at Grønningen fyller 80 år no på oktober. Tordis Inghild Bjørnstad minner om at i Rennebu er ein annan skikonge på sokkel; Magne Myrmo. Forresten såg eg nyleg Grønningen og Myrmo var i lag om å klippe snor for skimuseet i Rindal. «Ein hølji tå ein kar» er karakteristikken Jorid Skevik Sletterød gir av gode, gamle Grønningen. Det ordet får vi komma tilbake til.
Gunnhild Aal synest bildet burde vore med snø, og det er lett å seie seg enig i det. Og neste gong vi passerer Lensvika, skal vi ta ein kaffestopp, Frode Sluphaug!
Så til namnet Lensvik: Eldre belegg viser at første delen er eit fjordnamn (seinare gardnamn) Leirangr. Leir viser til leirgrunn, og -angr er eit gammalt namneledd som har betydd ‘vik, fjord’ og som finst i mange namn. Leangen er akkurat same namnet. Så har *Leidangrsvik vorte samantrekt til Lensvika.
Grenda Grønningen er eit par mil nordvest for Lensvika, der statuen står, melder Bjørn Sæther. Namnet Grønningen finst fleire plassar. Ofte (men ikkje alltid) er det avleidd til grøn(n), adj. Det kan da vera brukt om grasvaksne glenner opphavleg.

19.9.14: Nok ei kyrkje. Noen som kjenner igjen denne?
Blogg19.9.14

Spalteredaktøren må legge seg flat for å ha narra folk bort her. Dette var ikkje enkelt, men eg oversåg eit par ganske tidlege kommentarar. Per Magnussen svarte ganske riktig Gjesåsen kirke i Åsnes kommune i Hedmark, og det same gjorde Bjarte Øye. Ei langkyrkje frå 1863, i følgje Wikipedia.
Namnet er uttalt «jessås’n», og i same området har vi Gjesbekken og Gjesmyra. Førsteleddet er truleg eit opphavleg namn *Geisa på Gjesbekken, i samanheng med det norrøne verbet geisa ‘fara fram fort’.
Gjesåsen ligg nord for Flisa, og vi kan ta med litt om det namnet også. For det første skal det ikkje uttalast som bestemt form eintal av ei flis, men med tostavings tonelag, som bestemt form eintal av ei vise. Likevel kan det hende at namnet (opphavleg elvenamn) er i slekt med ordet flis. Enten som jamføring på ein eller annan måte, eller som ‘elva som renn over flisberg’ d.e. berg som lett sprekk opp.
Åsnes er eit sjølforklarande namn. Det er snakk om gardar som ligg under ein ås, og Glåma lagar neset.

12.9.14: Norsk by, men kva for ein?
Blogg12.9.14

Ingen tvil om Steinkjer, med jernbanebrua og bryggehusa i Brugata. Riktig svar frå Frode Myklebust, Torill Aasegg, Jorid Elvine Myhre, Bjarte Øye, Ingunn Løberg og Guri Almli. «- Æ sjer heim!» opplyser sistnemnte.
Så til namnet: Steinkjer er opphavleg gardsnamn. Det er samansett av stein og kjer. Det siste betyr kar, og namnet viser til demning eller brukar av stein. Enten er det i samband med ei gammal bru over elva eller med oppdemming for laksefiske (Norsk Stadnamnleksikon).

5.9.14: Markant fjellformasjon (bilde ved Tor Erik). Denne kjenner vel folk igjen lett?
Blogg5.4.14

Som venta gjekk det rimeleg fort å komma fram til Bitihorn, eller Bitihødn, som det heiter på Valdresmål.
Magnar Oldervik var på sporet, men først i mål kom Ragnhild Stavne Bolme. Deretter i tur og orden Mathias Øvsteng (nære på også for Einar Sæterbø), Brit Signe Sæter, Torill Aasegg, Berit Sandnes, Bjarte Øye, Ingerid Marie Bjørkås, Bergit O. Mikkelsen, Edin Botten og Aud Marie Mollan. Sistnemnte tilrår også cd-en «Feletona oppunde Bitihødn» med storspelmannen Torleiv Bolstad.
Bitihorn er 1607 moh og ligg på grensa mellom Vang og Øystre Slidre. Karakteristisk syn når ein kjører vegen over Valdresflya.
Siste delen av namnet, horn, er greitt å forstå og vanleg i fjellnamn. Første delen heng vel saman med verbet å bite. Etter Norsk Stadnamnleksikon kan det «sikte til den skarpe profilen av toppen, som kunne minne om ein bitar ‘hjørnetann, hoggtann'» Uttalen med einstavings tonelag (tonem 1) og vokalen -i- gjer at det ser ut som eit såkalla imperativnamn (av typen Bilitt, Kikut), altså «bit-i-hødn».

23.8.14: Ny kyrkje – vi er ute etter namnet på kyrkja og staden.
Blogg29.8

Her prøvde vi oss først med Lønset og Romfo, men landa etter kvart trygt på det rette: Grytten kirke på Veblungsnes i Romsdal. Torill Aasegg først, og deretter i tur og orden Gudrun A. Vollan, Bjørg Gravem, Brit Signe Sæter, Bjørn Arve Wangsmo, Odd Gunnar Jære Hoel og Mariann Schjeide.
Kyrkja er åttekanta (akkurat som Lønset og Romfo, forøvrig), og innvigd 1829.
Grytten er opphavleg namn på prestegarden. Det er samansett av grjot ‘stein’ og -vin ‘naturleg eng’. Forma røpar at dette namnet ikkje har levd i ubroten muntleg tradisjon. Vin-namn i området sluttar nemleg regelfast på -a. Utan brot i uttaletradisjonen ville det truleg ha lydd «grøta» eller «grøtta». Grunnen til brotet er at garden rett og slett har vore omtalt som Prestegarden.
Den gamle handelsstaden Veblungsnes har namn etter garden Veblungen. Dette namnet er ikkje sikkert tolka, men heng truleg i hop med øynamnet Vevlungen/Vevlingen, som finst eit par stader.

22.8.14: Her er vi på veg ned i eit større norsk dalføre, men kva for eitt? (Denne gongen er det Tor Erik som har knipsa bildet)
Blogg22.8.14

Dette var nok ikkje enkelt, og det kom mange forskjellige forslag. Bergit O. Mikkelsen kom veldig nær med Imingfjell og ned mot Tessungdalen. Men det er nok fjellovergangen «før», på riksveg 40 frå Geilo og sørover. Dermed vart det blink på Magnar Oldervik, og framifrå godt tippa!
Vi er altså på veg ned i Numedal. Namnet er ikkje sikkert tolka. Dei eldste kjeldene har «Naumadal», og i første leddet finn vi det gamle usamansette namnet på Numedalslågen. Dette er det same som det eldste namnet på Namsen. Her er det lansert to alternative tolkingar: Enten samanheng med det islandske adjektivet naumr ‘trong’, eller til rota nau- som vi har i naust ‘båthus’. I tilfelle det siste må det kanskje vise til båttrafikk på elva. Truleg har Numedal i eldre tid vore brukt også om Lågendalen, heilt ned til fjorden.

16.8.14: Nede ved sjøkanten igjen – men kor?
Blogg16.8.14

Dette viste seg å ikkje vera så enkelt. Men etter at somme hadde begynt å peile seg inn på Osen, lausna det. Vi er nemleg på Vingsand. Ingunn Løberg kom først i mål her, og fekk tilslutning frå Bjarte Øye, Jorid Elvine Myhre og Brit Signe Sæter. Nord-Fosen Dannede Sælskab er ikkje i tvil, og herfrå kjem det fleire detaljopplysningar. Fjorden er Hopen, berghammaren bak nausta vi ser, heiter Apoteket, og opp til venstre er ryggen på Hopahesten.
Osen er den nordlegaste kommunen på Fosenhalvøya, og Vingsand var siste hamna for dei som for nordover langs kysten, før dei gjekk laus på havstykket Folla. Først i 1929 kom det veg hit ut. Bygdetunet Vingsandgården er absolutt tilrådd!
Siste delen av namnet Vingsand er greitt forståeleg. Litt meir innfløkt er det med førsteleddet. Vingsand ligg nemleg ved Hopafjorden, mens Vingfjorden er namnet på fjordarmen lenger nord. Ving- finn vi igjen i Vingen i Bremanger, tolka som ‘fjorden som er utsett for vind’ (eit opphavleg *Vind-gi). Fjordnamnet som vi finn i Vingfjorden, kan ha gått vidare i eldre tid, eller så tyder Vingsand rett og slett ‘sandstrekninga som er utsett for vind’.

12.8.14: Kyrkjer er gjerne gode landemerke. Kor står denne hen, tru?
Blogg12.8.14

Her kom det mange svar! Tingvoll kyrkje, også kalla «Nordmørsdomen» er det rette. Mellom dei som kjente seg att, var det folk som er både døpt og konfirmert her. Trond Åsmund Svenkerud var kjappast denne gongen, etterfølgt i tur og orden av Arild Hegerberg, Margrete Kruksve Løkken, Magnar Oldervik, Bjørnhild Grødal, Kjell Levik, Tor Helge Gravem, Audrid Grødal, Oddbjørn Nærvik, Lars Dørum, Bodil Margrete Rød, Olve Utne, Erik T. Loe, Anne-Brit Østbø, Ann Grimsmo og Gudbjørg Høgstad.
Som fleire er inne på, er Tingvoll kyrkje ei steinkyrkje, bygd ca 1180. Olve Utne har lagt inn bilde av den kjente runeinnskrifta som inneheld ei bøn og truleg namnet på kyrkjebyggaren Gunnar.
Namnet Tingvoll er greitt forståeleg, det er den vollen eller sletta der tinget vart halde. I dette tilfellet er Tingvoll det gamle namnet på prestegarden.
Tingvoll-namnet finst mange plassar, også på Vesterhavsøyane. Mest kjent er kanskje þingvellir på Island, men vi kan også nemne Tynwald på øya Man, av norrønt opphav.

7.8.14: Norsk by med hoppbakkeanlegg. Vi vil ha namnet.
_DSC4869

The decision is…Lillyhammer! Lynkjapt svar frå Anine Kierulf, og fleire strøymde til: Frøydis Sund, Frode Myklebust, Mathias Øvsteng, Bjart Øye, Odd Gunnar Jære Hoel, Steinar Nyland, Brit Signe Sæter, Anna Christina Conlin, Trudy Colijn, Johan Øiestad, Odd Arne Halaas, Turid Paulsrud Solberg, Bjørnar Almli, Anne Mari Svinsaas, Tarjei Øverbø, Dagrun Gulstad, Målfrid Nordgård, Magnar Overvik, Ragnhild Forseth, Per Hommelhaug og Inge Jenstad.
Ja, det er OL-byen frå 1994, med Lysgårdsbakkene vi ser. Når det gjeld namnet, peikar fleire på at den gamle dølauttalen er «vetlhåmår». Også «vetlham(m)ar» er kjent. Det går tilbake på eit gardsnamn Hamar, som har fått tillegget vesle/litle/lille i motsetning til den andre mjøsbyen Hamar (Storhamar). Alt i norrønt er det belegg på «at Hamrinum litla» og «Litlihamarr», men også «Litlikaupangr», som viser at det har foregått handel her svært tidleg.

31.7.14: Ny plass, og ny gåte, denne gongen frå meir maritimt miljø igjen
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nesten overraskande fort kom vi her fram til øya Garten i Ørland kommune, med brusamband til fastlandet. Det greidde Atle Hannisdal, Olve Utne, Ingunn Løberg, Aud Staven og Bjarte Øye. Det er ferja til Storfosna vi ser. Fleire har kommentert den. Nidaros II heitte opphavleg Glutra, og gjekk på strekninga Molde – Vestnes på tidleg 60-tal (Svein Torske) og Volda – Lauvstad på 80-talet (Bjarte Øye).
Så til namnet: Garten skal uttalast med såkalla tostavings tonelag (og altså ikkje som «barten» og «farten»). Det er skrive «i Gortum» i 1342. Det blir sett i samband med verbet å garte, som bl a tyder å grynte, og det norrøne garta ‘skrapa’. Bakgrunnen kan her vera lyden av bølgjeslag mot stranda. Beslekta namn er t.d. Garte i Surnadal og Garthus i Sør-Aurdal.

24.7.14: Motivet denne gongen er frå ei norsk bygd, kjent blant anna for gode skiløparar. Greier du den?
Blogg24.7.

Dette var heller ikkje enkelt. Men vi skal til Engerdal, og det greidde Aud Staven, Trond Åsmund Svenkerud, Turid Paulsrud Solberg, Brit R. Aune og Johan Kaare Herje. Sistnemnte oberverte også at bildet er knipsa like nord for sentrum.
Utover landet er Engerdal kanskje først og fremst kjent for skiløpartvillingane Gjermund og Jo Eggen, som herja i sporet på 1960- og 70-talet. Ein annan kjent engerdøl er politikaren Sylvia Brustad.
Namnet Engerdal heng som ein vil forstå i hop med elvenamnet Engera og innsjønamnet Engeren (også kalla Engersjøen og Storengeren). Det er helst det siste som er det primære. Truleg er det laga til adjektivet ang ‘trong, smal’. Her har vi for oss gammalt språkstoff frå norrøn tid og enda eldre, men interessant nok fører Ivar Aasen opp dette adjektivet frå Trysil. I Norsk Stadnamnleksikon er det antyda at det kan vera fordi dalføret er smalt, men Kjell Venås meiner (i boka om innsjønamn i Hedmark) at det helst er fordi sjøen er smal på skap.

15.7.14: Enda ein tettstad, ei kyrkje, og eit vegskille. Namna er sletta frå skilta så det ikkje skal bli for lett. Kor er vi?
Blogg15.7.

Denne gongen skulle vi til Budalen og bygdesenteret Enodden. Vi ser kyrkja frå 1754 i bakgrunnen, og som Paul Inge Brandegg så riktig seier, puben til høgre og kontorbygget som banken og «billavet» (billaget) delte, til venstre. I tillegg til Brandegg var det rett svar frå Ragnhild Stavne Bolme, Astrid Kolberg, Bjarte Øye, Thomas Lomundal, Oddbjørn Nærvik, Anne Mari Svinsaas, Olav Langeng, Brit Signe Sæter, Trygve Svardal, Jens Olav Hov og Inger Johanne Skancke.
Budal var tidlegare eigen kommune, men gjekk inn i den nyskapte Midtre Gauldal kommune under samanslåingane i 1964. Budalen er kjent kanskje særleg for den spesielle typen pinnestol som blir kalla budalsstol.
Namnet er laga til elvenamnet Bua. Dette er ikkje sikkert tolka, men det har vore foreslått at det skal tyde ‘elva som går gjennom busett område’.

10.7.14: Nok ein tettstad i Norges land. Kor ser det slik ut?
Blogg10.714

Folk er jammen flinke! Det tok ikkje lang tid før den første foreslo Alvdal. Det var Tordis Inghild Bjørnstad, og ho gjetta riktig! Heilt sikker var Dag Eithun, og deretter kom Olav Langeng og Aasa Skaret.
Alvdal er som kjent kommunenamn, kanskje mest kjent som heimplassen til Kjell Aukrust. Før heitte det Lilleelvdalen, på dialekt «vehljælvdæl’n», i motsetning til Storelvdal lenger sør. Eldste namneform er «Elfuerdale øfra» (Øvre Elvedalen) i eit brev frå 1381. Elva både i Alvdal og Storelvdal er sjølsagt Glåma.

4.7.14: Triveleg park
Blogg4.7.14

Denne gongen skulle vi til Nord-Trøndelag, og «Den gylne omvei». Jorunn Raadal Østborg var først ute med rett svar. Ho sa seg ikkje heilt sikker, men det vart fulltreff! For vi er i Muustrøparken, i tettstaden Straumen, som er kommunesenter i Inderøy kommune. Rett svar også frå Anniken A. Kinge, Aud Staven, Per Odd Molberg og Anne-Brit Østbø.
Anniken visste også at huset vi ser, heiter Ringstu, og det er eitt av dei eldste bevarte husa i Straumen. Namnet Straumen er sjølforklarande og finst mange plassar. For å seie det med Ivar Aasen: «et Sted hvor der er Strøm; Sund eller Hældning med strømmende Vand». Her er det snakk om straumen/sundet mellom Børgin og Trondheimsfjorden; det skal vera den nest sterkaste tidevasstraumen i landet etter Saltstraumen. Muus er ei embets- og handelsmannsslekt som var på Inderøya i fleire generasjonar. Og Ring er gardsnamn frå Inderøya.
I Muustrøparken finn vi ti skulpturar av Nils Aas. Parken vart i 2007 kåra til «Årets grønne park» av Norske Anleggsgartnere. Den er også Inderøy kommunes tusenårsstad.

27.6.14: Da er vi borte frå jernbanenettet, og har hamna kor?
Bloggbilde27.6

Industriområde her, og vi kom ganske raskt fram til Tjeldbergodden i Aure kommune. Aller raskast på labben var Olve Utne, og deretter kom i tur og orden Frode Myklebust, Rune Stavaas, Bjarte Øye, Jorunn Raadal Østborg (som også meiner å vita at fjellet bakom heiter Fonna) og Anne Berit Sødahl.
Tjeldbergodden ligg i ut mot Trondheimsleia, og industrianlegget, med mottaksanlegg for naturgass, vart opna i 1997. Rune Stavaas foreslår at vi skal gjera oss dumme når vi kjem til Aure og spørje etter opphavsmannen «Kjell Berg». Vi har eit primærnamn Tjeldberget i området, og dette er nok laga til fuglenemninga tjeld.
Eg meiner å hugse at no avdøde stadnamnekspert Ola Stemshaug ikkje var heilt fornøgd med namnet Tjeldbergodden. Sp vidt eg minnest, nemnte han at Dromneshaugan ville vore meir i samsvar med tradisjonell namnebruk i området. Men det løpet er nok kjørt.

25.6.14: Toget har stoppa igjen. Men kor er vi no da?
Togstasjon25.6.

Etter ein liten bomtur til Soknedalen landa vi greitt på Rena stasjon. Gudrun A. Vollan var først ute med rett svar, tett følgt av Brit Signe Sæter og Anne Berit Sødahl.
Rena er namn både på elva (som også har gitt namn til Rendalen) og tettstaden. Senter i Åmot kommune, tre mil nord for Elverum.
Namnet var på tradisjonelt østerdalsmål uttalt «regna». Med diftongforenklinga I Østerdalen har det truleg lydd «reina» opphavleg. Og Reina og Reinåa finn vi mange stader. Det har neppe alltid same opphav; det kan vera både dyret rein og rein(e) i tyding ‘åkerkant’. For Rena i østerdalen sin del er det sett fram eit forslag om at det skal tyde «elva som flyt seint», og såleis laga til ein gammal ordstamme med tyding ‘gå, flyte’. I så fall er det i slekt med namnet Rhinen.

20.6.14: Ny jernbanestasjon. Kor har dette toget stoppa?
Jernbanestasjon

På rundreisa vår var vi denne gongen komne til Hell stasjon. Det visste Olve Utne, Hans Enlid, Torill Aasegg, Ninni Gunn Dørum, Anne Berit Sødahl, Bjarte Øye, Brit Signe Sæter, Solveig Krigsvoll, Jostein Løkken og Harald Reitan.
Stasjonen vart oppretta i 1881 og er kjent i utlandet for skiltet med «Hell Gods Expedition» på godshuset, med dei assosiasjonane det gir på engelsk. I utlandet har eg opplevd å bli spurt: «Is there really a place in Norway called Hell?» Festivalen Blues in Hell spelar på den same koplinga.
Tettstaden Hell ligg i Lånke, som tidlegare var eigen kommune. Hellsenteret har også namn etter staden Hell, sjølv om det ligg på andre sida av Stjørdalselva.
Namnet Hell er opphavleg gardsnamn, belagt som «af Helle» ca. 1430. Til norrønt hellir ‘heller, berghole’, etter ein utoverhengane bergknaus ved garden. Same namnet finst også eit par stader i Lofoten (Norsk Stadnamnleksikon).

15.6.14: Kor finn vi denne staute arbeidsmannen, her på strevsam marsj gjennom laussnøen?
Blogg15.6.14

Mange forslag her, men det lausna først da vi la ut eit bilde som viser litt meir av omgivelsane. Vi ser nemleg gruvkar’n i Malm, med Fosdalens Bergverk som var i drift frå 1903 til 1989. Gruva skal vera den djupaste i Nord-Europa. Her vart det vunne ut jernmalm. Statuen er av Nina Due og vart avduka i 2010.
Riktig svar frå: Bjørnar Almli, Dag Erling Aune, Aud Staven, Frøydis Sund, John Torve, Anne Berit Sødahl, Gudrun Lise Larsen, Torill Aasegg, Nils A. Tøndel, Brit Signe Sæter, Bjarte Øye, Torstein Grønningen, Heidi Kråkvik og Anne Mari Svinsaas.
Malm er kommunesenter i Verran kommune. Forma «af Malmom» (ca. 1430) viser at namnet opphavleg har vore fleirtal Malmar. Ordet malm (norrønt malmr) kan bety sandmo, grusslette, men det kan også hende at det er tydinga ‘jernmalm’ som ligg til grunn for namnet.

11.6.14: Kyrkjene er gjerne greie haldepunkt og landemerke. Kva for ei kyrkje har vi her?
Kirke 11.6.

Dette var enkelt for ganske mange. Somme er lokalkjente og kan til og med ha slektningar gravlagt her. Vi er ved Sakshaug gamle kyrkje på Inderøya. Riktig svar frå Torborg Berge, Jorunn Raadal Østborg, Olve Utne, Einar Sæterbø, Tormod Dalen, Torill Aasegg, Bjarne Berg, Aud Staven, Inger Marie Svartås, Unni Lovise Iversen, Brit Signe Sæter, Oddveig Granheim, Anne-Brit Østbø og Steinar Nyland.
Denne steinkyrkja vart vigsla av erkebiskop Øystein Erlendsson i 1184, og vart tatt ut av bruk i 1871 da den nye kyrkja kom. Seinare vart ho overdratt til Fortidsminneforeninga og restaurert, vigsla på nytt i 1958. Ho er sjølsagt freda.
Namnet Sakshaug har vorte omforma gjennom tidene. I den norrøne litteraturen er det belagt som «Saurshaugr», «Sorshaugr» o l, og det hang igjen i den tradisjonelle uttalen «søssau». Kva som ligg i førsteleddet, er uvisst, men det er sett fram forslag om eit elles ukjent mannsnamn laga til eit gammalt ord med tyding ‘rustning’, som i gotisk «sarwa». Det som står i soga om Håkon den gode om hunden Saur som vart kåra til høvding over Øynafylket og Sparbyggjafylket og sett i haug her, skal vi nok ta med ei stor klipe salt.

4.6.14: Ny jernbanestasjon. Kor er dette da?
Blogg 4.6.14

Her var Bjørn Rosbach så absolutt på sporet, men Elisabeth Kjønsletten, som er lokalkjent, var den som trefte heilt rett. Jostein Løkken og Torill Aasegg kom også fram til riktig stasjon. For dette er Lesjaverk, på grensa mellom Aust- og Vestlandet. Namnet viser til jernverket som var i drift her frå 1659 til først på 1800-talet. Sjølve namnet Lesja inneheld veldig gammalt språkstoff og er ikkje sikkert tolka. Les meir om Lesjaverk her: http://lesjaverk.no/om-lesjaverk/

1.6.14: Ikkje så mange holdepunkt her kanskje, men prøv lell!
Bloggjuni2014

Godt gjort å finne fram her, men det var to som trefte blink: Bjarte Øye og Brit Signe Sæter. Og fleire andre var inne på det rette. For vi er på Agdenes, og ser ikkje sjølve fyret, men fyrvoktarboligen. Fyret vart nedlagt i 1984, men det går an å leige seg inn her, etter avtale med eigaren, Klæbu Sparebank.
Namnet Agdenes, som no er kommunenamn, er opphavleg gardsnamn, knytt til det store neset ved munningen av Trondheimsfjorden. Førsteleddet kan ha same opphav som i Agder, til ei rot som kan ha tydd ‘noko spisst eller framstikkande’.

28.5.14: Dette er vel enkelt?
Blogg28.5.

Jauda, enkelt for mange dette. Hegra festning kom kontant frå Vigdis Værum, Astrid Kolberg, Jan Oddbjørn Kolmann Johnsen (som også kjente att major Hans Reidar Holtermann), Jorunn Raadal Østborg, Torill Aasegg, Ann Siri H. Garberg, Jørgen Tørset, Vivian Løfshus Sletvold, Gunnvald Bøe, Knut Brekke Larsen, Olav Langeng, Brit Signe Sæter og Steinar Nyland.
PLassen der dette fortet ligg, heiter eigentleg Ingstadkleiva, men «Hegra festning» har festa seg. Kjent frå krigen, da norske soldatar pluss ei lotte, under kommando av Holtermann, heldt stand i 23 døgn mot dei tyske okkupantane. Håpet var ein alliert motinvasjon som aldri kom.
namnet Hegra er opphavleg samansett med leddet -vin ‘naturleg eng’, slik Gunnvald Bøe nemner. Vin-namna endar regelrett på -a i Stjørdalen som fleire andre plassar. Førsteleddet er derimot usikkert. I Norsk Stadnamnleksikon er det rekna med samanheng med fuglenamnet hegre, kanskje gjennom eit no bortkomme elvenamn.

23.5.14: Jernbanestasjon igjen. Kor har dei galleri på perrongen? (Foto:TEJ)
Perrongen

Svara kom kjapt, så dette var nok enkelt. Vi er på Fagernes i Valdres. Valdresbanen er nedlagt, men det er stadig liv på perrongen, her med «Galleri Perrongen» og Valdres Kunstforening. Trygve Svardal var først ute med rett svar, ei hårsbreidd framom Sivert Gravem. Kjente seg att gjorde også Eva Kjelstad, Torill Aasegg, Einar Sæterbø, Brit Signe Sæter, Gudrun A. Vollan og Steinar Nyland (og sikkert mange fleire).
Fagernes er kjent som tettstad, no også med bystatus, og kommunesenter i Nord-Aurdal kommune, der Nselvi renn ut i Strondafjorden. Det eldre namnet var usamansett Nes, «enno brukt av somme eldre» står det i Norsk Stadnamnleksikon. Fager- i stadnamn er rosande og tyder ‘bakker, ven’. Det skal vera Otto Larsen Stuve som tok til å bruke namnet Fagernes. Han er rekna som grunnleggjaren av staden, fekk handelsløyve her i 1857 og starta hotelldrift også. I følgje Wikipedia begynte folk å kalle staden Stuvenes, og da fann Stuve i staden på namnet Fagernes.

16.5.14: Kraftverk denne gongen, men kor ligg det?
Kraftverk

Mange rette svar her også: Einar Sæterbø var først ute med Follafoss, og fleire hengte seg på (Gudrun Lise Larsen, Frode Myklebust, Bjarte Øye, Ingar Kaldal, Thomas Lomunddal, Arnold Grytbakk, Aud Staven og Jorid Skevik Sletterød). Ingar Kaldal er spesielt godt kjent her, for han har skrive doktoravhandling om bl a sliperiet i Follafoss. Thomas Lomundal fortel at han spela på fest der i jula for 15 år sia, og var i såpass forfatning at han la merke til kor det såg ut, og dermed kunne kjenne seg att no. Bra jobba!
Follafoss er ein tettstad og industristad i Verran kommune, dessverre med noko usikker framtid slik det ser ut, men med historie tilbake til 1870-åra. Fleire drog nok kjensel på kraftverket, som er frå 1923 og i dag NTEs eldste kraftstasjon i drift.
Namnet Follafoss viser til fossar i elva Folla. Folla eller Folda finst som elvenamn fleire plassar, slik som i Folldal i Hedmark. Fold- som namneelement blir gjerne tolka som den breie, som dannar ei brei flate. Det kan vera ein viss del av elveløpet som er karakterisert slik. Om dette høver på denne elva, må lokalkjente uttala seg om.

9.5.14: Kor ligg kyrkja, kva heiter ho, og kva for fjell har vi i bakgrunnen?
Kirke

Fleire kjente seg att her også. Det er «Kors kirke i Romsdala», som Pål Svisdal skreiv, han var først ut med rett svar. Korrekt også frå Unni Irmelin Kvam (som kjører forbi der når ho skal heim (åt Rindala), Elisabeth Kjønsletten, Guri Sørumgård Botheim (som rår folk til å inn og sjå på altertavla som den kjente treskjeraren Jakob Klukstad har laga), og Gudrun A. Vollan.
Kyrkja ligg på Monge, dit ho vart flytta i 1902 i samband med ei sokneoppdeling. Ho var bygd på Flatmark i 1797, og der er det enno ein gammal kyrkjegard.Flotha eller Flata sokn, som er nemnt ca 1500, inneheld nok eit eldre namn på garden Flatmark.
Kors kirke har namnet fordi ho har vore vigd til det heilage korset.
Namnet Monge reknar ein med heng saman med å menge – å blande. Det har vore foreslått at det kan ha vore eit opphavleg namn på Mongeelva. Men ho er klår og rein, og ikkje grumsete, slik ein skulle vente dersom namnet hadde med blanding å gjera.

2.5.14: Ny geografigåte til helga. Kor er denne flotte stasjonsbygningen? (Foto:TEJ)
Blogg1

Her kom vi ganske fort fram til Mjøsbyane, men det var forslag om både Lillehammer og Hamar før Gudrun A. Vollan som den første slo til med Gjøvik, som er det riktige. Enig med henne var Nils Ulvund, Olve Utne, Thomas Nilssen, Sivert Gravem, Knut Brekke Larsen og Torill Aasegg. Om det er på feil eller rett side ta Mjøsa, er vel litt ettersom.
Namnet Gjøvik er opphavleg Djupvik, belagt som «Dywpwiik a þotn» i eit brev frå 1432. Vika med djupt vatn, altså, og namnet finst mange plassar, også som Jevik, Gjevik m m. Og sjølsagt Juvika hos Olav Duun. Gjøvik er opphavleg gardsnamn, og den tradisjonelle uttalen i Vardal var «jivik».

29.4.14: Dermed flyttar vi oss inn i landet igjen. Kva heiter denne fagre bygda?
April2014

Da er folk på sporet igjen. Vi kom ganske fort fram til Lom. Rett svar registrert frå Thomas Nilssen, Turid Paulsrud Solberg, Bjarte Øye, Mathias Øvsteng, Tarjei Øverbø, Oddbjørn Nærvik, Gudrun A. Vollan og Brit Signe Sæter.
Lom treng neppe særleg meir presentasjon – diktarbygda, spelmannsbygda, bygda med sju av dei ti høgste fjella i landet, bygda med steinsenter, stavkyrkje m m.
Det har oppstått litt diskusjon om uttalen, men det er ikkje tvil om at det rette er «låmm» med å. Ein person frå Lom er ein lomver, men før var det også sagt ein . I dialekten i Oppdal finst ordet ei lomse (låms’) om kvinne frå Lom.
Namnet Lom er ei «stivna» dativ fleirtalsform. I mellomalderkjeldene var namnet Lóar, i dativ Lóom, med veksling etter faste syntaktiske reglar. Det inneheld eit gammalt ord lo, som må ha tydd ‘engslette ved vatn’. Dette finst berre i stadnamn (som Hafslo, Byrkjelo, usamansett Lo mange stader, og ikkje minst Oslo). Vi har det også i andre germanske språk, bl.a. som sisteledd i Waterloo.
Andre eksempel på namn i stivna dativformer er Åm og Geilo.
Lom er belagt berre som bygdenamn, men kan opphavleg ha vore knytt til ein primærgard på slettene «ved dalmynnet til Bøverdalen», slik granskaren Lars Ekre uttrykker det.

Vi held oss stadig i kystmiljø, men dette er ny plass og ny landsdel, får vi vel også seie. Men kor?
Blogg254

Dette var visst verre, ja! Mange forslag: Bud, Mausund, Veiholmen, Kirkenes, Tustna, Hemnskjela. Men ingen fulltreff. For dette er fiskeværet Helligvær ute i Vestfjorden, i Bodø kommune. Her har ein utsikt over store delar av Nordlandskysten – mot Helgeland, Salten og heile Lofotveggen. Folket her lever for det meste av fiske og turisme. Den kjente felespelaren Susanne Lundeng heldt til her ein periode. Meir om Helligvær står å lesa t.d. her: http://no.wikipedia.org/wiki/Helligv%C3%A6r
Namnet Helligvær er belagt som «Helghawær» i 1417. Førsteleddet er enten adjektivet heilag/hellig eller mannsnamnet Helge.

16.4.14: Til å spekulere på i påska. Vi er ute ved kysten igjen, og kjenner folk denne plassen?
Bloggbilde16.4.14

Mange riktige svar denne gongen! Vi er på Håholmen, tradisjonelt fiskevær i Averøy kommune, ved Hustadvika. Her starta Ragnar Thorseth opp Håholmen Havstuer i 1989, og i dag er det hotell, kro m m. Velkjent stopp på Atlanterhavsvegen. Riktig svar frå: Jan Helge Hagen, Atle Aanesbug, Frode Myklebust, Lindis Oline Korsnes, Odd Gunnar Jære Hoel, Sivert Gravem, Egil A. Kippernes, Elisabeth Kjønsletten, Gudrun A. Vollan, Hans Bøe, Brit Signe Sæter og Anne Britt Malvik.
Namnet Håholmen betyr vel ‘den høge holmen’, til norrønt hár ‘høg’.

11.4.14: Ny tettstad. Kor er vi no? Det kan opplysast at dette er einaste rundkjøringa på staden
_DSC2957

Og staden er Grong. Det visste Gudrun A. Vollan, Olve Utne, Astrid Myran og Randi Holm. Namnet, som opphavleg er gardsnamn, er skrive «Granungæ sokn» i eit brev frå 1523. Det viser at det er samantrekt, og laga av gran pluss avleiinga -ung, som er kjent frå mange stadnamn. Gunnvald Bøe kjem inn på namnet Mediå. Dette er visst beint fram ordet midje. Garden ligg på tangen mellom Sanddøla og Namsen.

5.4.14: Norsk tettstad, men kva for ein?
BloggbildeApril

Svaret er Hommelvika. Dyktige til å kjenne seg igjen denne gongen var Chris Folde, Anna Harris, Anders Lund, Ivar Tyrhaug, Eva Kjelstad, Jorid Elvine Myhre, Brit Signe Sæter og Brit R. Aune.

Frå først av har jo dette vore namn på sjølve vika, deretter gardsnamn, og så tettstad. Hommelvik-namnet har ei interessant tolkingshistorie. Oluf Rygh rekna med at elvenamnet Homla var det primære, og at elva hadde fått namnet fordi susen var samanlikna med surringa frå ei humle. Men så har Nils Hallan vist at det finst eldre skriftformer heilt tilbake til 1200-talet som kan knytast til Hommelvik. Det ser ut til at opphavleg form må ha vore Imulvik e.l. Vi må ha hatt eit fjordnamn Imull, og parallelt med dette elvenamnet Imla, seier Hallan. H-en må ha komme inn seinare, truleg i reformasjonshundreåret, og kanskje som eit utslag av ‘halvemål’. Imull må henge saman med im og eim ‘damp, røyk’. Her lanserer Hallan to forklaringar: 1. Om vika er slik at det legg seg opp mykje tang som ligg og rotnar, kan det bli sterk lukt. Det kan det også om vika er langgrunn, slik at det blir liggande mykje sjøbotn berr i solvarmen. 2. Det kan ha med råkalde og frostrøyk å gjera. Sjølv seier Hallan at han ikkje har «røynt landskapet på kroppen», og at den som har levd ein mannsalder eller to i Hommelvika, er best til å dømme om kva som er rimeleg. Les den spennande artikkelen til Nils Hallan i Årbok for Trøndelag 1969, s. 152-165.

31.3.14: Vi held oss stadig ved sjøen. Kor står sykkelen hen?
Sykkel

Fleire vittige forslag her, blant anna at sykkelen er «ute», eller «på støtta si». Arnold Grytbakk, Rindal, meinte sykkelen står «e væja». Men vi er altså på Brekstad, og her var Gudrun A. Vollan først ute: «No ha du sykla utpå molon utpå Brekstad og står å tar bilde inj mot Ørland Kysthotell og anløpskaia te hurtigbåtn». Alt dette er rett bortsett frå at det nok ikkje er eg som har sykla. Andre med rett svar var Frode Myklebust, Bjarte Øye og Olve Utne.
Her er det to namn å kommentere: Brekstad er opphavleg gardsnamn og har eit vanleg sisteledd, men førsteleddet er ikkje sikkert tolka. I 1520 er det skrive «Brake-«. Oluf Rygh meiner det kan vera eit mannstilnamn, men etter Norsk Stadnamnleksikon kan det også vera brekke ‘bakke’, fordi garden har lege på ei høgd (og det skal ikkje stor høgda til på Ørlandet før den blir markert!)
Ørlandet kjenner vi i norrønt som Yrjar. I dag er Yrjar brukt som namn på heimbygdslag og idrettslag. Yrjar heng saman med aur ‘grus’, og, som Norsk Stadnamnleksikon seier: «Det meste av ørlandet er lågt sletteland med mykje grus og sand». Tillegget -landeter truleg komme inn på 1500-talet.

20.3.14: Over i maritimt miljø igjen. Og som vanleg må vi ha namn på staden
Bloggbilde mars14

Her kom svara ganske fort, det er Veiholmen lengst nord i Smøla kommune. Det visste Henning Bakken, Arnold Grytbakk, Gudrun A. Vollan, Kirsti Holm, Trygve Holthe Iversen og Jorun Marie Jonassen. Sistnemnte er så lokalkjent at ho kan opplyse at bildet er tatt frå Vågarbrygga.
Veiholmen er eit fiskevær med lange tradisjonar, men i dag er turisme også viktig. Dei som svarar, skriv noko kor Veiholmen og Veidholmen. Det avspeglar ulike teoriar om opphavet til namnet. Veid- skulle da vise tilknytning til veiding, fangst. Men namneforskarane trur hallar meir til Veig-, med ein ordstamme som betyr ‘væske’ e l og som vi har i øynamnet Vega. Innhaldet kunne vera ¨våtlende, vasslaup’ e l. På Hardangervidda har vi Veig som elvenamn. På 1500-talet er skrivemåten «Veyen» belagt om fiskeværet. Truleg har namnet frå først av vore knytt til den større øya Innveien. I tradisjonell nordmørsdialekt har ein helst snakka om Veiværet.

13.3.14: Fager bygd, men kor er vi?
Bygd2

Lite med haldepunkt og mange forslag her: Meldal, Rennebu, Rindal, Ålen, Haltdalen, Krokstadøra, Namdalen, Lensbygda og fleire. Men det var Bjørn Rosbach som kom fram til det riktige: Det var Meråker! Dag Thomas Hansen har vel også slutta seg til dette, ser det ut til.
Namnet Meråker er opphavleg gardsnamn. Den tradisjonelle uttalen «mårråk» held seg kanskje noko betre i innbyggarnemninga «mårråkbygg». Sisteleddet er utan tvil -åker, som ikkje så sjeldan blir forkorta til -åk (Berkåk). Førsteleddet har vore ført til stammen i merr. Eit anna forslag er myr, med tanke på dei store myrane i dalbotnen utafor Meråker-garden.

5.3.14: Kva for ei bru?
bru2

Tid for ny gåte: Kor finn vi denne brua, og kva er namnet på henne?
Dette vart nok veldig enkelt for dei som er lokalkjent, og spesielt når vi skimtar murhusmiljøet på Trondhjems Mekaniske Verksted (TMV) i bakgrunnen, og dessutan ser logoen til Solsiden. Dette var heilt greitt for Oddbjørn Nærvik, Chris Folde, Nils A. Tøndel, Oddveig Granheim, Bjarte Øye, Frode Myklebnust, Ivar Tyrhaug, Pål Gjønnes, Ingvild Valsø, Jorun Marie Jonassen, Britt Eli Døsvik, Bjørn Sæther, Solveig Sepulveda, Brit Signe Sæter, Harald Røstad og Jorid Elvine Myhre. Er det nokon som føler seg avglømt, så berre skrik ut, så vil de bli ført inn i denne eksklusive lista av framifrå folk.
Det offisielle namnet på brua er Verftsbrua, etter skipsverfta til TMV som låg der vi no har Solsiden. Men som Bjørn Sæther er inne på – dette er ei konsonantopphoping av nesten austeuropeiske dimensjonar. Som ein viss ekspertkommentator frå Trøndelag sa på tv under ein fotballandskamp mot Polen, det var problem med namna på enkelte av polakkane: – Det går itt an å uttal derre sjø, du må nys det!
På folkemunne blir brua derfor gjerne kalla Blomsterbrua, etter blomsterkassene som vi ser på bildet. Uvettuge folk har hatt artigheit med å fjerne desse kassene, og derfor er dei no forsvarleg sikra. Så får vi håpe blomsteren får vera i fred.

26.2.14: Flott utsikt
Utsikt (2)

Takk til Frode Myklebust, som står for bildet denne gongen. Kva heiter fjorden og øya vi ser, og gjerne også fjelltoppen fotografen har stått på?
Fleire såg at dette var i Sunndal kommune, bl a Ingunn Løberg og Gunnbjørg Innerdal Nilsen. Silje Osnes og Einar Sæterbø var kjapt ute og registrerte at vi ser ned i Sunndalsfjorden. Men heilt i mål kom Erlend S. Aarflot, som såg at dette er tatt frå fjelltoppen Dronningkrona. Han kunne også gi opp tilnærma eksakt posisjon!
Øya vi ser nede i fjorden, er Flåøya, til garden Flå på fastlandet innafor. Flå hørte til Øksendal før i tida. Namnet Flå finst mange plassar, og det inneheld eit ord som betyr ‘lita flate eller hylle i fjellside’. Dette er Oluf Rygh også inne på i «Norske Gaardnavne» når han drøftar akkurat denne Flå-garden: «Her ligger imidlertid Gaarden paa en meget lav Flade, kun ubetydelig hævet over Fjordens Overflade, og den kan efter Stedsforholdene heller ikke før have ligget høiere. Da denne Flade begrændses af Fjeldsiden paa den ene Side og paa den anden af den høie Flaaø, med hvilken den er forbunden med en Val, maa man kanske her forstaa Ordet i den af Aasen anførte Betyding: en liden Flade mellem bratte Klipper».
Dronningkrona og nabotoppen Kongskrona fekk namna sine påsett i 1906 av den kjente engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby og hans lokale kollega Johan Skjølsvik. Men da som «Dronningens krone» og «Kongens krone». Dette var gjort i samband emd førstebestigninga av desse toppane, og samtidig med at kong Haakon vart krona i Trondheim.

18.2.14: Staseleg bygning
K

Men kor? Kanskje det hjelper å snu seg og sjå utover?
K2

Her var det ingen tvil: Kjerringøy i Nordland. Gammal handelsstad, og truleg modell for Knut Hamsuns Sirilund. Det visste Mathias Øvsteng, Frod Myklebust, Eva Laukøy, Gunnbjørg Innerdal Nilsen, Britt Eli Døsvik og Olve Utne.
Namn på Kjerring- har ofte som bakgrunn at ei einsleg kvinne (enke) har budd på staden. I somme tilfelle, særleg på kysten, kan det gå tilbake på forestillingar om uhell eller ulykker knytt til kvinner (Norsk Stadnamnleksikon). Kjerringøy er belagt som «Kellingarøy» rundt 1430.

14.2.14: Fjellovergang
Gåte14.2.114

Nokon som kjenner seg igjen her?
Det var det mange som gjorde, men somme var først inne på Eikesdalen. Etter kvart samla desse seg om rett svar, som er Trollstigen: Laila Brøste, Eva Laukøy, Svein Torske, Sivert Gravem, Olve Utne, Ingunn Løberg, Ola Dimmen, Anna Harris, Gudrun Lise Larsen, Brit Signe Sæter, Audrid Grødal, Ester Sveen, Karl Flemming Bruun, Gudrun A. Vollan og Torgeir Heen. Får håpe alle vart med. Om nokon saknar seg sjøl herm, så skrik ut.
Vi ser ned mot Åndalsnes. Og bildet er slett ikkje gammalt, som somme av dykk trur. Det er tatt i mai 2010.
Så til namnet: Trollstigen er vegen som slynger seg i 11 hårnålsvingar frå Isterdalen og opp mot toppen av Stigfjellet. Vegen vart opna i 1936. Her er det gammal fjellovergang til Valldal, og heile vegen mellom Romsdal og Sunnmøre kan bli kalla Trollstigvegen. Overgangen vart kalla berre Stigen før 1936. No er det nasjonal turistveg.
Det er mange namn i dette området som viser at ein i folketrua har meint her var tilhaldsstad for troll: Trolltindan, Trollveggen, Trollbotnen m fl.

6.2.14: Fjordlandskap
DSC_9425

Så er vi ved ein fjord igjen, men kva for ein?
Her var det ein klar fordel å vera lokalkjent. Det var ymta frampå om både Hardanger og Tresfjorden, men det er altså Valsøyfjorden på Nordmøre. Rett svar frå Olve Utne, Torgeir Heen, Ingvild Valsø, Frode Myklebust, Gunnvald Bøe og Odd Gunnar Jære Hoel, fleire av desse bidrar med imponerande detaljoppplysningar om staden, også med andre lokalnamn. Sjå facebooktråden!
Primærnamnet er Valsøya. Fjordnamnet er skrive «i Wallangxfyrde» i erkebiskop Aslak Bolts jordebok frå 1400-talet. Ut frå dette ser det ut til at førsteleddet er eit *Vallangr som opphavleg namn på fjorden, der vall = voll, og -angr eit etterledd som finst i svært mange (opphavlege) fjordnamn, som Stavanger, Levanger, Lavangen m.m. Vallersund ser ut til å ha eit liknande opphav.
Men uttalen med tynn l i Valsøya og Valsøyfjorden er litt vanskeleg å få til å gå i hop med dette. Gunnvald Bøe nemnte ein gong ein teori om at Valsøya kunne vera eit opphavleg *Vadils-øy, der vadill = vadestad.
Valsøyfjord var eigen kommune fram til 1965 og gjekk da inn i Halsa kommune.

29.1.14: Fjellgard

Gåte

Forslag til lokalisering her?
Kjent plass for mange, viste det seg. Vålåskaret – fjellgard og Norges første freda setergrend (iflg Wikipedia og andre nettsider). Rett svar frå Jan Ove Skjølset, Ola Flå, Chris Folde, Gudrun A. Vollan, Oddbjørn Nærvik, Joar Lyngen, Jørgen Tørset, Ola Dimmen, Anne Mari Svinsaas, Sissel Rübberdt og Ann Grimsmo. Sistnemnte påpeikar at dei fleste eigedommane hører Rindal til, sjøl om plassen ligg i Meldal kommune. Meldal Historielag arrangerer det kjente Vålåskarsstemnet kvart år.
Det er diskusjon om sisteleddet i namnet. Ola Flå er klar på at Vålåsgarden er husa og tomta og ekrene rundt, medan Vålåskaret er eit bergskar i fjellet ovafor. I dette får han støtte av Oddbjørn Nærvik. Eg er ikkje godt nok inne i saka til å skifte sol og vind her, men kan i alle fall sitere det som står i Norske Gaardnavne: «Er … en Fjeldgaard. Den gamle Form kunde være *Viðarskarð, af viðr m., Skov. Ved Tiljevning af Vokalerne og ved Overgang af ð til l (jfr. Folkespr. Valbein = Vadbein) kunde den nuv. Form opstaa deraf». Men i Norske Gaardnavne er også uttalen ført opp med hankjønnsartikkel. No skal vi også vera klar over den sterke tendensen i dette området til å hekte på hankjønnsartikkel på gardsnamn. Men kjør debatt!

24.1.14: Hamnemiljø
IMG_2757

Kjenner folk seg igjen her da?
Ja, etter kvart gjorde dei det. Inge Jenstad var først ut med Bodø og fekk ganske umiddelbar tilslutning frå Frode Myklebust, Ansgar Sæther, Ingunn Løberg, Oddbjørn Nærvik og Bjarte Øye.
Namnet Bodø er eigentleg det same som det tidlegare kommunenamnet Bodin, som vi også har i Bodin videregående skole. Bodin er dessutan namn på kyrkje og prestegjeld. Dette er er eit opphavleg gardsnamn, samansett med sisteleddet vin ‘naturleg eng’. Førsteleddet kan vera norrønt boði ‘båe, grunnbrott’. Namnet er «restaurert» og har ikkje levd i samanhengande muntleg tradisjon. I bynamnet har sisteleddet vorte omtolka til øy.

17.1.14: Elv og villmarksområde
Elv

Denne blir kanskje litt vanskeleg, men vi vil gjerne ha namn på elva, og det området ho renn i.
Ganske riktig, det var sjølsagt veldig lite å halde seg til her. Mange forslag, men Femundsmarka vart relativt raskt sirkla inn. Kristian Voldheim gav nøkkelen i sin kommentar: Vassdraget deler namn med boligområde og tidlegare bydel i Oslo. Dermed står vi igjen med Røa, rett nok med forskjell i tonefallet. Elvenamnet Røa finst fleire stader frå Røros og sørover i Hedmark. For fleire av dei av dei reknar ein med samanheng med fiskenemninga rø(y)r, men for akkurat denne er det truleg språkleg samanheng med innsjønamnet Roasten, eit namn som er utolka.
Femundsmarka har sjølsagt innsjønamnet Femunden i førsteleddet. Femunden er Norges tredje største innsjø (tidlegare nest største) og den største uregulerte. Namnet Femunden er heller ikkje sikkert tolka, ikkje ein gong om det skal analyserast fe-mund eller fem-und (med avleiingsendinga -und). Sophus Bugge tenkte seg det siste og foreslo at førsteleddet er ein ordstamme feim ‘skum’, som vi finn i det engelske foam. Uansett er det styggammalt språkstoff vi har å gjera med.
Røa i Oslo er fleirtal av rud ‘rydning’.

13.1.14: Spørsmål om kommunar
Hjerkinn mot Snøhetta

Alle kjenner seg igjen på dette bildet, så spørsmålet får ein vri: Kva kommunar grensar opp mot fjellet vi ser?
Det var ingen tvil om Snøhetta, men kommmunane var det litt meir diskusjon om. Men dei fleste som har svart, er klar over at Snøhetta (alle toppane) ligg i Dovre kommune: Frøydis Sund, Bjarte Øye, Einar Sæterbø, Torborg Berge og Egil Vågan. Så er det ikkje langt til kommunegrensene til Oppdal og Lesja (ca 1,5 km frå Stortoppen, opplyser Egil Vågan). Til Sunndal blir det noko lenger, 11,5 km, stadig i følge Vågan. Og Folldal ligg enda noko lenger unna.
På bildet ser vi Snøhetta frå Hjerkinn. Ei tid var dette rekna for Norges høgste fjell. Oppdalingane seier «snøheitta», mens døla-uttalen er «sjohætta» med det karakteristiske trykket på -hætta. Førsteleddet viser til snøkappa som ligg der heile året, i alle fall til så lenge. Hette i fjellnamn er avleiing til hatt, men det er nok ei viss samanblanding med eit anna ord -hytte om bergpynt, fjelltopp. Trollhytta (-høtta) i Trollheimen har såleis attåt vore skrive Trollhetta. I Rennebu er det faktisk registrert ei uttaleform «snøhøtta» om Snøhetta på Dovrefjellet. Etter Norsk Stadnamnleksikon finst det eit fjell Snøhetta også i Bardu. Det er truleg oppkallingsnamn som innflyttarar sørafrå har laga.

4.1.14: Spalteredaktøren på jernbanestasjon, men kva for ein?
_DSC1584

Det er ikkje så enkelt å plukke ein jernbanestasjon, og her er det mange forslag, frå Harran via Meråker og Berkåk til Oppdal. Men det er dei lokalkjente som kjem best ut denne gongen. Laila Brøste, Elisabeth Kjønsletten, Guri Sørumgård Botheim og Rannveig Bøe Bakken kjem alle fram til Bjorli stasjon. Knut Brekke Larsen slutta seg til dette og hoppa av sitt første forslag Hanestad. Det skal seiast at Jon Peder Vestad var svært nær, med Lesjaskog.
Grenda Bjorli var frå først av ein enkelt gard. Lokal uttale er «bjorlie» i bestemt form, og med trykk på -lie. Etter at banen mellom Dombås og Bjorli opna i 1921 voks det fram eit lite sentrum her. I førsteleddet i namnet Bjorli har vi norrønt bjórr ‘bever’, og det betyr altså ‘beverlia’. Mange namn på bjor-, bjør- og bøver- viser til dette dyret. Beveren var ei tid utbreidd over store delar av landet, noko alle desse namna også viser. Rundt år 1900 var han nesten utrydda og fanst berre i nokre få vassdrag i Agder og Telemark. Men bestanden har tatt seg opp igjen ved hjelp av vernetiltak og utsetting.

24.12.13: Vi markerer inngangen til høgtida med denne vakre kyrkja, og spør etter namnet. Samtidig ønsker vi alle som følgjer med på denne nettstaden, ei riktig god jul!
DSC_8854

Uvdal kirke er riktig svar, og det visste Magnar Oldervik. Han kan til og med opplyse at ho er bygd i 1893, noko som stemmer med opplysningane vi sitt inne med. Må ikkje forvekslast med den eldre stavkyrkja i Uvdal.
Men så var det namnet: Uvdal ligg i Numedal, i det som no er Nore og Uvdal kommune. Dette er faktisk same namn som Oppdal, med ei spesiell utvikling av uttalen i førsteleddet. Bokstavleg tyding blir ‘dalen som ligg høgt’, og Uvdal ligg jo nettopp øvst i Numedal. Uggdal i Tysnes i Hordaland er ein annan variant. Som gardsnamn har Oppdal o l innhaldet ‘garden som ligg langt oppe i dalen’.

17.12.13: Nok eit fyr, men kva for eit?
Fyrbilde

Fyret var Kjeungen eller Kjeungskjær fyr, i Bjugnfjorden i Ørland kommune. Det visste Torill Aasegg, Brit Signe Sæter, Magnar Oldervik, Margrethe Kruksve Løkken, Astrid Kolberg, Ingunn Løberg, Britt Eli Døsvik, Ola Dimmen, Bodil Margrete Rød, Arne Søholt, Aud-Kirsti Pedersen og Harald Røstad. Har vi glømt noen, så skrik ut!
Dette er nokså særprega og eit velkjent landemerke, og skal vera landets einaste åttekanta fyr. Det kan nesten gi assosiasjonar til Mummihuset. KJeungen Kystlag tar seg av vedlikehald og utleie: http://www.kjeungenkystlag.no/
Kjeungen er nok opphavleg namnet på det vesle skjæret som fyret står på. Ein kjeunge er eit lite kje, ganske vanleg ord bl a i Trøndelag, og det ligg vel ei jamføring til grunn. For det er vel ikkje tale om at dei kan ha sett geitkje utpå her for å beite.

10.12.13: Kor står denne skulpturen?
DSC_1251

Den står i Bergen. Først ute med svar var Ragnhild Norheim Førland, følgt av Rannveig Bøe Bakken og Bjørn Rosbach. Den siste kan også opplyse om at skulpturen står på Nordnes, og han bidrar med meir detaljkunnskap: «Denne skulpturen er reist til ære og minne om mødrene som vernet hjem og familie, mens barn eller ektefelle var med i krigen. Mor sitt arbeid i hjemmet og deltakelse på hjemmefronten var et stort bidrag i krigen for vår fred i frihet. Skulpturen er reist av midler fra Trond Mohn. Avduket den 8. mai. Kunstner Per Ung”. Tusen takk for det!
Velkjent er det vel at namnet Bergen går tilbake på eit eldre Bjørgvin, opphavleg gardsnamn, og truleg med innhaldet ‘enga mellom fjella’ el. I dialektane har ein frå gammalt sagt «bern» eller «bærn», og «bernblom» i Nord-Norge var nemning for bygodt eller bygåve.

3.12.13: Namn på elv og område?
_DSC6818

Ikkje særleg mange haldepunkt her, men Ola Dimmen har skarpt observert at vi er i Gaulosen og ser mot Øysanden og Vassfjellet. Mange skryter med rette av Unnis bilde her. Det er tatt frå eit fugletårn i dette området.
Elvenamnet Gaula har vi også i Sunnfjord, der det har gitt opphav til bygdenamnet Gaular. Det er fleire tolkingar: Vanleg blir det knytt til verbet gaule (‘tute, ule’). Etter ein annan teori skal det kunne gå til ei gammal germansk rot med tyding ‘kløft’ e l. Det passar vel først når ein kjem litt lenger opp i Gauldalen.
Øysanden er til gardsnamnet Øye, som inneheld øy i tydinga ‘låg slette ved vatn’.

26.11.13: Ned til sjøen igjen. Namn på øya som kyrkja ligg på?
_DSC0584

Det var ingen tvil: Edøya i Smøla kommune. Først ute var Bjørn Rosbach, og han fekk fort følgje av Ragnhild Stavne Bolme, Einar Sæterbø, Olve Utne, Frode Myklebust, Jorun Marie Jonassen, Jostein Løkken, Gudrun A. Vollan, Ingunn Karijord, Ola Dimmen, Kirsti Holm, Audrid Grødal, Ann Carin Bøyesen, Ragnhild Ljosland, Alex Kurbanov og Ernst Olav Blakstad.
Førsteleddet i namnet er norrønt æðr ‘ærfugl’. Det er veldig tidlege belegg, så det er ikkje tvil om opphavet. Som kyrkjestad er det tradisjon til langt attende i middelalderen. Same namnet finst også fleire andre stader, som Hitra, Vikna og Leka. Edøy var eigen kommune fram til 1960, da det vart slått saman med Brattvær og Hopen til det som no er Smøla kommune. Kvar sommar kan du her sjå spelet om fru Guri av Edøy.

21.11.13: Her vil vi ha namn på dal, og gjerne også på det mest markerte fjellet
Bloggbilde

Mange lokalkjente her! Dalen vi ser på dette haustlugume bildet, er sjølsagt Gjevillvassdalen i Oppdal. Riktig svar frå Egil Vågan, Ingunn Aagård, Tor Helge Gravem, Kirsit Holm, Ninni Gunn Dørum, Anne Mari Svinsaas, Oddbjørn Nærvik, Einar Sæterbø, Carl S. Bjurstedt og Tove Godtland. Fleire har også greie på fjella. Til venstre ser vi Storhornet, og ut mot høgre ligg Okla, med Snydda som den mest markerte toppen. Tove Godtland har til og med merka seg at bildet er tatt frå Kvalsjordsætra. Her slår den detaljerte lokalkunnskapen inn for fullt!
Okla er jamfring med kroppsdelen (ankel), medan snydde er eit meir lokalt ord for eit kvasst framspring eller ein kvass kant.
Gjevillvatnet har omdiskutert opphav. Namnegranskarar meiner det er eit opphavleg «gefill», ei avleiing til verbet å gje(va), med innhald ‘den som gir mykje; den fiskerike’. Sisteleddet -vatnet har uansett komme til som eit forklarande tillegg, slik det elles er svært vanleg. Ei folkeetymologisk tolking har vore «djevlevatnet». Ein kapasitet som Einar Haugen har slutta seg til dette, ut frå at vatnet ikkje er fiskerikt. Den eldre uttalen var «jivvillvatne», og ei uttaleform «jivvill» for djevel er faktisk registrert i oppdalsmål. Sisteleddet -vatnet har uansett komme til som eit forklarande tillegg, slik det elles er svært vanleg.

14.11.13: Til fjells, og tjønn med flott utsikt. Namn på tjønna?
_DSC0438[1]

På tide å avsløre dette: Folk har prøvd seg på forskjellig vis, bl a i Oppdals- og Sunndalsfjella. Det mest originale forslaget var vel Finnmarksvidda (med eit glimt i auga, får vi tru!). Men det er Mardalstjønna, og frampå her har vi den kjente Mardalsfossen. Fylket er Møre og Romsdal, kommunen er Nesset. Rett svar kom frå Rolf Arne Haugen, Egil A. Kippernes og Ingunn Karijord.
Rundt 1970 var det ein hard kraftutbyggingsstrid her. Både Mardalstjønna, Mardalsfossen og elvenamnet Mardøla er laga til Mardalen. Første delen av dette kan vera eit enda eldre elvenamn. Elementet mar- finst i mange stadnamn, og kan ha forskjellig opphav. Det er to forskjellige ord marr i norrønt som kan tyde både ‘hest’ (i slekt med merr) og ‘hav’ (i slekt med latin mare, og maritim, marine etc). I elvenamn har det også vore trekt fram ein mogleg samanheng med eit verb mara ‘skubbe, grava, gnikke’. Her har vi ein slektning i (sag)mar ‘sagflis’.

10.11.13: Ferjeleie, men kor?
_DSC0651

Her var det ganske få haldepunkt, men folk er veldig observante! Somme kjente igjen ferja og drog slutningar ut frå det. Først var noen inne på Brekstad, men etter kvart samla alle seg om Flakk: Anders Stolsmo, Anders Marstrander, Ingunn Løberg, Solfrid Helene Lien Langmo, Brit Signe Sæter, Bjarte Øye, Jorid Elvine Myhre og Britt Eli Døsvik.
Så til namnet: Flakk på Byneset er også gardsnamn Flakk(an). Det er til ein stamme flaðk- som betyr ‘flat’. Her er det vel frå først av om flata der garden ligg. Flakk- finst også i innsjønamn, om litt breie sjøar.

5.11.13: Tettstad i fager dal. Namnet på denne tettstaden?
DSC_8713

Mange kjente igjen Otta: Einar Sæterbø, Kristian Voldheim (som er veldig heimekjent her, og påpeikar at no er Otta til og med by, og ikkje tettstad!), Anne Mari Svinsaas, Torill Aasegg, Turid Paulsrud Solberg, Kirsti Holm, Målfrid Nordgård, Mathias Øvsteng, Ingunn Karijord, Gudbjørg Høgstad, Jorid Elvine Myhre og Elisabeth Kjønsletten. Det vart litt diskusjon om kva retning vi ser, men det er altså vestover, mot Vågå. Vi ser altså elva Otta, og ikkje Lågen.
tettstaden Otta har namn etter elva. Som elvenamn finst Otta også i rendalen og Sunndalen. Det blir gjerne sett i samanheng med ordet otte ‘frykt, redsel’, slik at namnet kan tyde ‘den skremmande’. Parallelt blir Ogna (på Jæren og i Nord-Trøndelag), som heng saman med norrønt ogn ‘skrekk, redsel’ og er i slekt med ordet age.

31.10.13: Her er vi ute ved kysten igjen. Er det nokon som kjenner seg att?
Kystmotiv

Og det var det! Fleire oppdaga at vi igjen var nær Harbakshola, der vi også oppheldt oss den 13.10: Bjarte Øye, Ola Dimmen, Arnold Grytbakk og Ingunn Løberg. Men namnet vi var ute etter denne gongen, var Revsnes. Dette finst fleire stader, gjerne uttala «ræffsnes» e l. Førsteleddet er rev ‘grunne i sjøen’.

25.10.13: Vakker stavkyrkje. Men kva for ei?
Kyrkje
Kyrkja er i Hedalen i Valdres. Riktig svar frå Jostein Løkken, Mathias Øvsteng og Torill Aasegg. Namnet Hedalen er ikkje sikkert tolka. Eldste belagte skrivemåten er med i, og ein teori er at førsteleddet kan vera hi – dyrehi, bjørnehi. Oskar Vistdal foreslår i ein artikkel frå 1985 at førsteleddet er av same rot som i Heidal. Tydinga er usikker kor som er.

22.10.13: Arrangement i regnver. Er det nokon som kjenner seg igjen?
Bygdemuseum
Her var det fleire forslag, og det er ganske riktig eit bygdemuseum. Men det er verken Rindal bygdemuseum eller Holtstuo på Leikvin bygdemuseum i Sunndal, slik somme foreslo. Det er derimot bygdemuseet i Soknedal, og der kjente både Karin Rosvold og Torill Aasegg seg igjen. Det gjorde også Audun Fløttum, som dessutan kjente seg sjøl igjen på bildet! Det er frå eit heller regnfullt arrangement tidleg på sommaren.
Bygdenamnet Soknedal inneheld elvenamnet Sokna, som finst fleire plassar. Det er laga til rota i verbet søkje, og har truleg eit innhald omtrent = ‘elva som fer hardt fram’.
Bygdetunet i Soknedal er gammeltunet på Hanshus eller Hånshus. Dette gardsnamnet meiner Oluf Rygh kan vera samansett med eit mannsnamn Hánefr.

16.10.13: Berg og fjell her også, men på ein litt annan kant. Kvar er vi, og kva for ei hytte er det vi ser i bakgrunnen?
Fjell
Ja, her er vi inne i Rondane. Bjørn Rosbach var raskt ute med Rondvassbu. Oddbjørn Nærvik var meir detaljert: «Utsikt fra innunder Smiubelgen – mot Rondvassbu, Rondeslottet og deler av Storronden (lengst til høyre)».
Namnet Rondane heng nok ikkje i hop med adjektivet rund, som Aasmund O. Vinje kanskje trudde da han skreiv sitt dikt «ved Rundarne» («No ser eg atter..»). Den tradisjonelle lokale uttalen, som det er så viktig å få tak i for all stadnamntolking, er med «å» i namn som Rondvatnet og Rondkampan. Gjengs tolking her er at vi har ordet >rond ‘rand, stripe’, som kan ha vore opphavleg namn på Rondvatnet (med innhald ‘det smale vatnet’) eller på skaret som vatnet ligg i.

13.10.13: Kvar finn vi denne hola?
Nytt bilde1
Her var det fleire forslag, bl a Solsemhola (på Leka), Torghatten og Bremsneshola (og til og med «Hula-hula»!). Men det rette er Harbakhola, som foreslått av desse: Ingunn Løberg (som har spelt saksofon oppi der!), Bjørn Sæther, Solbjørg Volden, Gunnvald Bøe, Randi Rust, Arnold Grytbakk, Inger Åmodt, Ester Ålbu Eriksen, Åshild Riiber og Carl S. Bjurstedt.
Harbakhola ligg i Åfjord og har namn etter garden Harbak. Dette har ikkje noko å gjera med adj hard, men er det norrøne ordet hurðarbak ‘baksida av ei dør; rommet bak døra (mellom døra og veggen)’. Dette kan passe bra med forholda på plassen. Enno i vår tid finst det målføre der ein skil mellom hurd om dørskiva og dør om døropninga. Hulebak på Tjøme inneheld same ordet.

9.10.13: Flott bru – kva for ei?
Bru
Da er det tid for å avsløre svaret her: Det er Skarnsundbrua, mellom Inderøya (Vangshylla) og Mosvik. Kåra til Norges vakraste bru, forresten. Men det visste Ansgar Sæther og Egil Vågan. Skarn- i Skarnsundet kan vera det elles ganske kjente ordet skarn ‘møkk’, men Norsk Stadnamnleksikon er i tvil. fordi ordet er lite brukt i dialektar og stadnamn. Kanskje det her er i ei tyding ‘søle’.

8.10.13: Byste av Roald Amundsen – men i kva for ein by?
Amundsen
Denne bysta står i Tromsø. Egil Vågan var først ute, med inponerande kunnskap og resonnement om Amundsen-statuar. Anna Harris kom også fram til Tromsø.
Byen har namn etter øya Tromsøya. Øya må opphavleg ha heitt Troms usamansett (norrønt Trums), med -øya som eit seinare tillegg. Det usamansette namnet har vorte namn på Troms fylke.
Stammen troms- finst også andre stader, både som øynamn og elvenamn. Det er to ulike teoriar om kva ordrot det skal førast til. Den eine vil knyte det til straum med laus s i framlyden. Men etter begge blir det straumforhold som ligg til grunn.

6.10.13: Frå fjell til sjø: Kva heiter dette fyret?
IMG_4057
Og svaret er Haugjegla i Smøla kommune. Det visste Tor Helge Gravem og Eli Johanne Ellingsve. Uttalen er «haugjæglå» med einstavings tonelag. I følgje Norsk Stadnamnleksikon er Haugjegla eigentleg to små holmar med ein val imellom. Uttalen kan tyde på at førsteleddet er «hau» (=hovud), og at namnet frå først av har vore brukt om den største av holmane, der fyret står. Per Hovda har sett andreleddet i samband med verbet geigle , som tyder å svinge, svaie, kaste på seg, og at det skulle vise til rørsla og brotet i sjøen ved desse holmane. Den lokalkjente Arne Kruse støttar dette i boka «Mål og med» (om målføre og mednamn frå Smøla). Han viser til fleire andre namn, som Gjeggeltaren, Svartgjegla og Vestgjegla, og seieer at det er karakteristisk for dette området at fleire bølgje- og straumretningar kolliderer. Dermed blir sjøen uryddig og krapp, eller jeglinn, som det e r sagt på målføret.

5.10.13: Her nærmar vi oss toppen, men kva for eit fjell?
IMG1
Rett svar her er fjellet Gausta, eller Gaustatoppen, det høgste fjellet i Telemark, med ei utsikt på 60 000 km² når forholda er gode. s Fullklaff for Martinus Ersvik og Carl S. Bjurstedt. Det mest opphavlege namnet er nok Gausta, med tradisjonell uttale «Gaustå», somme plassar også «Gaukstå» eller «Gøkstå». Men det ser faktisk ut til å ha vore gardsnamn frå først av, eit eldre namn på garden Svadde. Dette kan gå tilbake på eit Gautstoð, der siste leddet tyder ‘(båt)stø, landingsplass’. Førsteleddet Gaut- har ein foreslått kunne tyde ‘overfløyming’ (samanheng med å gyte). Gausta som fjellnamn kan vera forkorting av eit eldre Gaustafjellet e l.

4.10.13:: Kor ser det slik ut? Kjent utsikt for ganske mange, skulle vi tru.
IMG
Mange rette svar, og det er naturlegvis ned i Åmotan vi ser. Kjent utsiktsplass i Øvre Sunndal; eit vilt juv der fleire elvar møtest. Og det er nettopp det som ligg i namnet – «åmot» tyder bokstavleg talt ‘elvemøte’. Namnet Åmot finst mange stader. Mest kjent er det kanskje som kommunenamn i Hedmark og tettstadnamn i Modum. Kvifor namnet er i fleirtalsform her i øvre Sunndal er vel ikkje heilt klart, men her møtest i alle fall alle elvane i Grøvuvassdraget.
Vi har konstatert rette svar frå Tor Helge Gravem, Martinus Ersvik, Gudbjørg Hlgstad og Bergit O. Mikkelsen. Er det nokon som har glotte unna for oss, må vi berre seie oss leie for det!
Jostein Nerhoel påpeikar heilt riktig at bildet er teke frå Svøufallet.

3.10.13: Frå fjell til by. Er det nokon som kjenner seg att her?
IMG_6674
Rett svar her var Porsgrunn, som Bjørn Rosbach også hadde som første forslag. Sisteleddet grunn tyder ‘grunn, botn’, eller kanskje ‘flat mark, låg graslette’. Førsteleddet er plantenamnet pors. Den gamle uttalen av dette namnet var nærmast «påskrunn». Pors blir i mange målføre uttala post, så når vi kjem over eit namn som «Postmyra», har det neppe med postgang å gjera.

1.10.13: Fjellandskap denne gongen. Men kva heiter fjellet, og kor er det?
Muen
Rett svar er Muen, på Venabygdsfjellet, i grensa mellom Ringebu og Stor-Elvdal. Det visste Egil A. Kippernes, Per Magnussen og Anine Kierulf, og Bjørn Rosbach slutta seg til og gjekk bort frå sitt første forslag. Mue eller muge (norrønt múgi) betyr dunge eller haug (av gras, høy eller møkk), i det lokale målføret også liten stakk av kornband. Det er altså ei jamføring, som så ofte i fjellnamn. Eit anna kjent fjell som inneheld dette ordet, er Heidalsmuen.

27.9.13: Vi flyttar oss til ein heilt annan landsdel og eit anna miljø. Er det noen som kjenner seg igjen her? Det er lov å gjette også!
Langesund
Da er det tid for avsløring, og rett svar er Langesund. Ganske riktig svart av Ansgar Sæther, Myklebust og Egil Vågan.
Om namnet er det ikkje så mykje anna å seie enn at det opphavleg må ha vist til det lange, smale sundet mellom fastlandet og Langøya.

25.9.2013: Kor er vi?
Tresfjord
Dette kunne for så vidt vore frå mange dalar på Vestlandet, dette bildet. Nokon trur det er frå Innerdalen, fleire har vore innom Øksendal (kanskje fordi somme veit at eg har morsslekta mi derifrå), mens andre orienterte seg mot Romsdal. Eit anna godt forslag var Loen. I ein kommentar heiter det at det liknar på Alpane. Men det var Torill Aasegg som trefte blink først, med Tresfjord! Også Egil A. Kippernes og Frode Myklebust kjente seg att i der. Desse to nemner også fjellnamna Litlskorkja og Storskorkja.
Namnet er på ekte romsdaling uttala «træssjor’n». Det er ikkje sikkert tolka, men er truleg laga til elvenamnet Tressa («Træsså»). Oluf Rygh har dette med i verket «Norske Elvenavne», men utan annan kommentar enn å vise til eit svensk namn som kan innehalde same språkmaterialet. Eivind Vågslid såg for seg eit mogleg fjordnamn þræsir, som i tilfelle kunne henge i hop med verbet træsa ‘gå kvilelaust att og fram’ (sjå Norsk Ordbok band 11) og islandsk þræsingr ‘vedhaldande, rå vind’. Namnet kunne da sikte til sterk straum i fjorden (kjelde: Norsk stadnamnleksikon).
Om fjellnamna med ledet –skork(j)a har eg inga sikker formeining i farten.

23.9.2013: Kor er dette?
Almannberget2
Mange kjente seg att, og somme av dei som sendte svar, satt faktisk og såg borti dette fjellet i skrivande stund! Og vi skal nok ikkje til Middagshjellan i Øvre Sunndal, slik enkelte var inne på. Nei, vi er i Oppdal, og det er det kjente landemerket Almannberget vi ser. Ingeborg Donali skildrar fjellet slik i hovudfagsoppgåva si, som vi straks kjem tilbake til: Det «ruver i landskapet og er eit blikkfang kva kant av bygda ein kjem ifrå». Mange svar var det som sagt, og først ute var Ivar Berg, tett følgt av Edin Botten, Solveig Fosshaug, Oddveig Granheim, Stig Roar Vognild, Ester Sveen, Ingunn Gjøra Øiamo, Britt Grandum de Lange-Davies, Berit Berg, Magne Olav Svisdal, Astrid Kolberg, Inge Tyrhaug, Tone Rise Viken, Ingunn Aagård og Liv Margrete Grønset Skarstad. Det kan godt hende at vi har glømt nokon.
Men kva ligg i namnet? Somme har prøvd å knyte det til elva Ålma, som renn i ein boge rundt fjellet, slik Stig Roar Vognild nemner i sitt svar. Han har ikkje særleg tru på det, og det har ikkje fagfolka på området heller. Dei har i staden gripe tilbake til den eldre, folkelege oppfatninga at det er «allmann» som i allmannveg som inngår i namnet. Det er leddet «mann» som skapar uløyselege språklege problem for ei kopling til elvenamnet. Ingeborg Donali sluttar seg til «allmann»-teorien i hovudoppgåva si frå 1971, og meiner innhaldet kan vera «fjellet som alle (i bygda) kan sjå». Einar Haugen har ein liten vri på dette i boka om Oppdalsmålet frå 1982. Han trur også det er «allmann», men foreslår at det er fordi allmannvegen gjekk like forbi fjellet.
I følgje Gerhard Schøning var Almannberget ein del av det gamle varslingssystemet med vetar og vardar, og vi har jo Våttåhauinn ikkje så langt unna.

12.2.

11.3.16

15.4.16

6.5.16: Kyst eller23.9.16:

18.11.16

7.4.17:

21 thoughts on “Kor er dette? Geografi og stadnamn

  1. Randi Marie on said:

    Nær Oppdal?

  2. Jostein Nerhoel on said:

    Svøufallet ved Gjøra i Sunndal

  3. Carl S Bjurstedt on said:

    Ligner fælt på Gaustatoppen, på vei opp fra Svineroi

  4. Ansgar Sæther on said:

    9/10 -13 Skarnsundbrua

  5. Berit Sandnes on said:

    Solsemhulen på Leka?

  6. Carl S Bjurstedt on said:

    Hm. Har ikke fotografen gått opp til svaret for noen uker siden, Harbakhola, og snudd seg. Harbak, og Stokkøya bak?

  7. Og der var Edøya, ja. 🙂 Lokaluttalen varierer mellom /»e:døya/ og /»ed.øy.a/; dativ /»e:dö.’n/ / /»ed.ö.’n/. Lang e er vanlegast.

  8. Eg hadde også kommentert at fyret heiter Kjeungskjæret, og namneforma har status «vedtak» av 9.2.2010. Det er såleis ikkje i samsvar med den vedtekne namneforma om ein skriv Kjeungen eller Kjeungskjær fyr.

    • Ann Grimsmo on said:

      Dette var enkelt: Vålåskaret/Vålåsgarden i Meldal kommune, men dei fleste av eigedomane høyrer rindalingar til. Eg er spent på kva du meiner om tydinga og skrivemåten til namnet

  9. Ann Grimsmo on said:

    Kommentar til Lom/Loar: Sentrum i Lom kommune heiter Loar. Der ligg Loar skule.

  10. Ann Grimsmo on said:

    Harald grønningen i Lensvik?

  11. Ann Grimsmo on said:

    Ligg denne kirka på Vågåmo?

  12. Ann Grimsmo on said:

    Sjøholt

  13. Ann Grimsmo on said:

    Er dette Thamshavn ved Orkanger?

  14. Ann Grimsmo on said:

    Sølsnes kirke. No i Molde kommune.

  15. Ann Grimsmo on said:

    Er kanskje inhabil. Dette er frå Rindal sentrum. Huset er det gamle bankbygget.
    Det var eit stort og flott hus for si tid. I tillegg til Rindal Sparebank var det kommunale kontor og møtesal i bygget. I andre høgda var det husrom. Her budde distriktslækjar og lensmann etter tur. No er det m.a. menighetskontor og NAV her.

    • tojk on said:

      Takk for det! Du er slett ikkje inhabil. No har eg sett inn namnet ditt blant dei som har svart også. Godt nyår!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: