Moro med ord og uttrykk!

Ord som forsvinn

Ord forsvinn heile tida. Utviklinga går så fort, og ting forandrar seg i så raskt tempo, at ord som var daglegdags for få år sidan, no er uaktuelle. Bruksting, fenomen og institusjonar frå dagleglivet i vår nære fortid, men som utviklinga har gått ifrå. Under denne overskrifta kjem vi til å legge ut eksempel på slike ord, og oppfordrar folk til å sende inn sine bidrag.
Her tenker vi også å ta opp litt eldre ord som folk enno kan minnast, men som ikkje er i bruk lenger, for slikt som var daglegdags på 40-, 50- og kanskje 60-talet. Slike ord har lett for å glette unna dei som lagar lokale ordsamlingar. Dei blir kanskje ikkje oppfatta som spesielle nok til å ta med. Men her skal dei ikkje bli gløymt!

17.4.17: Svigermorsete

På eldre, toseters bilar (før andre verdenskrig) eit utvendig sete bak kupeen, som kunne faldast inn i bagasjerommet. Plassen var sjølsagt utsett for vêr og vind. På engelsk rumble seat eller dicky seat. Det er også overført til andre transportmiddel: Som særskilt sete montert bakpå traktoren finn eg nemnt heftet Gjemnesminne for 206 (s. 4). I båtverda skal det vera eit sete (akter) som er godt å sitte på, eller i alle fall betre enn andre plassar i båten: https://digitaltmuseum.org/021026585635/sete?i=1&aq=topic%3A%22Laks%22

 

14.9.16: Lynkaffe

Anna namn på pulverkaffe. Da A/S De Norske Melkefabriker fekk tillatelse til å importere Nescafe rette etter krigen, vart denne markedsført som lynkaffe. No er ordet visst lite brukt; det er helst snakk om pulverkaffe. Andre ord for dette er instantkaffe og snarkaffe.

2.9.16:Blomsterte

Her er det ei tyding som nok er forsvunnen. For i tydinga ‘te som er parfymert med blomster’ er vel fullt levande den dag i dag. Men i Årbok for Nordmøre Museum 2015 skriv Hedwig Wist om konfirmasjon m m i Kristiansund under krigen: «Etterselskaper, populært kalt «blomsterteer», for de som hadde sendt gaver eller blomster, ble det mer og mindre slutt med» (s. 60). Her ser vi også te i tydinga ‘teselskap; samvær med tedrikking’.

25.4.16: Komfyrstump

Ein informant frå Gildeskål fortel i eit intervju (som no blir digitalisert i det store LIA-prosjektet) om «komfyrstomp» (brød, stump steikt i komfyr) i motsetning til i bakaromnen, slik det var før. Komfyrstumpen greidde dei nesten ikkje  ete, fortel han, den hadde ein annan smak og var dårlegare «i da heile og store».

4.12.15: Fyllepenn

Dette ordet er nok ikkje heilt på gravas rand enno, men det vil gå meir og meir or bruk etter kvart som denne skrivereiskapen har vorte avløyst av kulepennen. Fyllepennen, med ein kammer fylt med blekk som automatisk kjem ut i splitten, var eit stort framskritt samanlikna med dei pennane som ein stadig måtte dyppe i blekkhuset. Dei første fyllepennane vart produsert i 1884. I Norge ser ordet ut til å dukke opp i avisannonsar rundt 1920.

Ein fyllepenn med ei spesiell historie kan du lesa om her: http://www.nrk.no/vestfold/fikk-tilbake-penn-nazistene-tok-1.12015742

5.9.15: Toppmann
Men dette er da stadig eit kurant ord, spør du kanskje. Ja, om ein som på ein eller annan måte er på toppen, i leiinga for eitt eller anna, er det absolutt i bruk. Men toppmann er også eit telehistorisk omgrep. Vi tyr igjen til Aftenposten Historie (8/2015, s. 40) i ein artikkel om arbeidet med å sette opp telegraflinjer: «Lagene hadde kokk, smed, bakkefolk, såkalte «toppmenn», som klatret i stolpene, og en leder». Det var gjerne slike som hadde fartstid som sjømenn som vart sett til jobben som toppmenn.

3.9.15: Linjehytte
Om arbeidet med å sette opp telegraflinjer: «Arbeidet kom i gang i mai og fortsatte frem til vinteren kom. På langlinjene til fjells måtte arbeiderne overnatte i telt eller særskilte «linjehytter» som Telegrafverket hadde satt opp rundt om i landet» (Aftenposten Historie 8/2015, s. 40).

10.8.15: Bankbuss
Rullande bankteneste som fanst i mange bygder. Ord og institusjon som forsvinn. Ordninga ser ut til å ha komme i gang først på 1950-talet. Den siste bankbussen her i landet var i Luster, og den vart lagt ned i 2010, men fekk sin dokumentarfilm, som vart sendt på tv: http://www.nrk.no/sognogfjordane/bankbussens-dod-1.6964443
4.5.15: Svenskesuppe
Suppe laga av hjelpesendingar med mat frå Sverige i okkupasjonstida. Det var gjerne ertersuppe, men kunne også vera betasuppe eller havresuppe. I magasinet Aftenposten Historie 4/2015 (s. 12) er det bilde av nordmenn som får servert svenskesuppe i ein stor spisesal. Suppa kunne også komma frå Danmark, men vart likevel kalla svenskesuppe på folkemunne. På denne lenka finn du ein video om svenskesuppa: http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/360949

30.4.15: Blinkpengar
Dette kan vi lesa om i årsskriftet til Singsås Historielag, «Far tå folk» (2014, s. 39), og det handlar om skyttarlaget i bygda og den norske flaggstriden : «Allerede i 1878 var ideen om et rent norsk flagg levende. Det vart innført såkalte «blinkpenger» for å skaffe penger til det rene flagget. De som skjøt blink på 100 m. betalte 5 øre, på lengre hold var det 10 øre. De beste skytterne skulle få æra av å betale flagget».
Dette er også omtalt nettsida til Singsås Skytterlag. Der går det også fram at dei fekk det nye flagget i 1886: http://www.skytterlag2.no/skytterlagssider/singsas/om_oss/Baneanlegg+og+historikk.hTZ9ySwRzW32.ips
1878 var stiftingsåret for laget.
Elles er det lite å finne om «blinkpengar», og det er heller ikkje ordboksført. Men i samband med snø- og isras på E39 mellom Søgne og Mandal vinteren 2014 skaut dei ned isblokker med rifle med spesialammunisjon. Saka kom på avisa Fædrelandsvennens nettside, og her er ein av kommentarane: Kan blinkpenger være et godt alternativ til bompenger?»

5.4.15: Trollmjøl
«varenamn på produkt som før vart brukt til ugras- og gjødslingsmiddel» (definert slik i Norsk Ordbok, som igjen viser til Norsk Landbruksordbok). I Magasinet Aftenposten Historie 3/2015 kan vi lesa om Odda Smelteverk, og der står det (s. 145) at cyanamid som nitrogengjødsel vart markedsført på 1920- og 30-talet som «Trollmjøl» og «Kalkkvelstoff Odda».

4.1.15: Panserpurke
Daglegnamn i militære på ein type pansra hjulkjørety brukt i tida etter krigen, som oppklaringskjørety. Typebetegnelsen er GMC15TA. Oppdalingen Rolf Skjøtskift nemner denne doningen i ein artikkel om soldatminne frå Tysklandsbrigaden, i «Bøgda vår», årsskrift for Oppdal Historielag, 2014. Her er det også bilde av slike.
Det finst fleire bilde av panserpurker på nettet, f.eks. her (når du finn sida, gå ned til «Kjøretøyparken»):
http://www.mtmu.no/temamuseer/forsvarsmuseum/90-forsvarsmuseet-setermoen

9.10.14: Smuglarkryssar
Eit ord frå ein historisk periode som no begynner å bli fjern. Vi finn det hos Jon Michelet i boka «Havets velde» (s. 114): «For meg kan dette høres ut som en klassisk smugleroperasjon til sjøs, av samme slag som vi i Norge, under forbudstida i 1920-årene og i begynnelsen av de harde trettiåra, opplevde rett utenfor kysten her jeg bor. Store fartøyer lastet med sprit på kanner kom inn fra Skagerak mot Ytre Oslofjord. Spriten var gjerne innkjøpt på øya Helgoland i Tyskebukta, som var et smuglerparadis i de dager. Disse skipene la bi like utenfor territorialgrensa, som den gangen var tre nautiske mil. Spritkannene ble ute i havgapet lastet over i små, hurtiggående båter. Disse mindre båtene ble på folkemunne kalt smuglerkryssere. De skipet spriten siste strekket til land.»
Ordet er ikkje ordboksført, og det er heller ingen google-treff. Men det blir det kanskje etter dette!

31.8.14: Svillbil
Dette ordet frå vår nære fortid er forklart greitt i boka «På Kjølens rand i krig og fred» (Olav Sundet, 2008), s. 175: «Fra statsallmenningene i Engerdal ble det i sin tid levert betydelige kvanta jernbanesviler produsert av sentvoksende malmfuru. I samsvar med den gamle norske uttale ble svil (svill) uttalt med lang i og en l (Ivar Aasens ordbog). Sommerstid ble svilene vanligvis fraktet til Koppang som var nærmeste jernbanestasjon. Karakteristisk nok ble disse bilene kalt svilbiler. Etter behov kunne de som andre lastebiler utstyrt med løst påbygg brukt til persontransport, for eksempel til idrettsarrangementer, sangerstevner eller fest på lokalet. I begynnelsen av 1950-årene ebbet det ut med denne formen for transport».

12.8.14: Ørehatt
Eldre type damehatt med knyteband, som dekte øra. Ørehatten kunne vera både av strå eller stoff, t.d. fløyel. Eit anna namn er kapotthatt. Her ser vi nokre eksempel: http://digitaltmuseum.no/search?locale=sv&also_without_pictures=1&items_per_page=15&name=%22%C3%98rehatt%2C+kapotthatt%22&start=1

1.8.14: Skjørlevnet
Usedeleg liv. Ordet held nok på å bli veldig gammaldags i dåmen, men står (enn så lenge) i bokmålsordboka. Det kjem frå dansk, der skør kan tyde ‘utuktig, usedeleg’. Av og til dukkar det opp i lokale dialektordsamlingar, fordi det har vorte så sjeldan at det blir oppfatta som eit spesielt, gammalt dialektord. Til nynorsk er det ført over (dels) som skøyrlivnad, utan at det har fått særleg omfang. Men Marta Schumann skriv om «dei som levde i hor og skjørlevnad» («Femja», s. 57).

31.5.14: Skruskøyter eller skruskeiser
«Skeise som blir skruva fast til skoen eller støvelen» er definisjonen i Norsk Ordbok av orddet «skruvskeise», som er deira oppslagsform. Skruskeisene hadde gripeklør av metall. Dette var vel eit mellomsteg mellom reimskøytene og skoskøytene som kom i bruk på 1950-talet. Det er kanskje somme som skruvar på seg skeisene enno, om ikkje anna, så av reint nostalgiske grunnar?

10.5.14: Leggevatn
Væske til å legge håret med, oppløysing med stivingsmiddel som skal få hårfasongen til å halde seg. Dette er kanskje også på veg ut? Det finst iallfall blogginnlegg som hevdar at ingen under 70 år kjenner eller har brukt dette. «Leggevann & billig konjakk» var ein av låtane til det bergenske rockebandet «Pompel & The Pilts», innspelt i 1990. Jaja – «lår- og leggevatn», var det ein som sa.

10.5.14: Takgrind
Grind for bagasje til å montere på biltak, er definisjonen i Norsk Ordbok, bind 11. Det kan sikkert diskuterast om ordet er på veg ut, for det er plenty google-treff, men ein påliteleg informant hevdar likevel bestemt at det er mindre aktuelt og brukt no enn før. Det er kanskje etter kvart meir snakk om takboks og takstativ?

18.4.14: Kombicamp eller combicamp
Eller teltvogn, som er eit anna namn. Mange google-treff på dette, men det begynner kanskje å bli litt «retro» (og samleobjekt)? Kombi- er sjølsagt forkorta av kombinasjon, brukt som førsteledd i namn på produkt som kan nyttast til fleire formål, her kombinasjon av campingvogn og telt. i Kombicampen har i alle fall hamna på Digitalt museum: http://digitaltmuseum.no/things/k-n-a-camping-utstilling-og-demonstrasjon-av/HH/0401-03457

13.4.14: Radiosjarmør
Kjente radiostemmer var nok viktigare før. Det var nok helst artistar som Einar Rose, Alf Prøysen m fl som vart kalla radiosjarmørar. Eg såg ordet brukt nyleg i ei fersk bok om nettopp Prøysen. Men også ein type som Rolf Kirkvaag sr var ein radiosjarmør. Ordet står verken i Norsk Ordbok eller Norsk Riksmålsordbok. Så seint som i 2007 titulerte Bergensavisen Anne Grosvold som nettopp radiosjarmør: http://www.ba.no/puls/kjendis/article2807528.ece

12.4.14: Blåpapir
Blåpapiret er nok komme mykje ut av bruk i og med kopimaskina. Tynt papir med fargebelegg, gjerne blått, på eine sida, som smittar av når ein skriv for hand, eller ved gjennomslag på skrivemaskin. Også kalla kopipapir, eller karbonpapir, fordi fargebelegget opphavleg var karbon.
Med blåpapir får vi ein blåkopi, og det ordet lever i overført bruk om ein eksakt kopi.

7.4.14: T-bleie
Bleie forma som ein stor T er det nok mange som hugsar frå 80-talet. Måtte brukast i lag med spesielle T-bleietruser. Vi blir mint om det f.eks. i denne bloggen:
http://knutine.blogspot.no/2010/04/noen-som-husker-t-bleien.html

7.4.14: Blekkpatron
I tydinga liten sylinder med skriveblekk til fyllepenn er nok dette ikkje i bruk lenger, men det har overlevd om behaldar med skriveblekk til datamaskinskrivaren.

5.4.14: Blekkhus
Også eit ord og ein ting som blir borte i lag med fyllepennen. Lite glas eller lita flaske til skriveblekk, og mange av oss har hatt det på skulepulten, i eit dertil eigna hol. Stundom var det også ei blekk-kanne til skriveblekket.

31.3.14: Trekkpapir
Tjukt papir med sterk sugeevne, særleg til å suge opp blekk med. Forsvinn vel i lag med fyllepennen, og er i dag neppe å få anna enn i dei største bok- og papirhandlane. Vi kostar på oss eit sitat frå kjartan Fløgstad: «I sitt indre var han mottakeleg som trekkpapir , og kvit som klorbleika papir var han på utsida» (Fimbul, 1994, s. 28)

30.3.14: Norgesglas
Dei velkjente og kjære glasa med glaslokk, gummiring og skrulokk, til å oppbevare hermetiserte og sylta matvarer i. Opphavleg firmanamn. Norgesglaset vart produsert frå 1908 til 1978, og det er nok mange som har tatt vare på norgesglasa sine. I dag er Norgesglasset kanskje likevel mest kjent som ein programpost i radio.
Det var ein som påstod at han hadde drukke berre to glas brennevin, og da var spørsmålet korleis han kunne bli så sørpe full av så lite? – Jau, det var norgesglas…

23.3.14: Jetski
Små, breie ski av plast, til å stroppe på seg, også kalla miniski eller stumpeski. Namnet jetski ser ut til å vera heilt borte no, det er helst miniski som rår grunnen. Men det er også ein del nett-treff på stumpeski.

17.3.14: Opprekksgarn
Garn av gamle strikkaplagg som blir opprekte og brukt til ny bunding (det som ikkje var for utslite, da). «Lørvsækken me’ gamle mattfilla å opprækksgarn» skriv Esther (Nordmark) frå Trondheim i si spalte «Dagens hjørne» i Adressa 14.3.1978. Også kalla opprekkingsgarn, rekkingsgarn, rekkjegarn, rekkjargarn m.v.

17.3.14: Transistorradio
Eller berre «transistor», radio med transistor, eit elektrisk forsterkareleement av halvleiarmateriale. Transistoren kom i staden for elektronrør og gjorde at apparata vart mykje mindre. Transistorradioen vart populær frå tidleg 60-tal av. Men enno i 2005 fanst det ca 7 millionar transistorradioar i verda, skal ein tru Wikipedia. Transistor er forkorta av engelsk transfer resistor.

14.3.14: Gerhardsenkasse
Nemning på firkanta hus med høg kjellarmur og ofte to etasjar, typisk byggeskikk etter krigen, under gjenreisinga. Har fått inn ordet frå Hitra, men det er sikkert kjent fleire plassar også?

7.2.14: Pampusse
eller pampus, som det heiter i somme dialektar – eit slag lett tøffel (filttøffel) eller oversko. Ordet er komme til oss gjennom nederlandsk, men kjem opphavleg frå persisk papoosh, ein mjuk tøffel utan hælkappe. Pampussar er stadig å få kjøpt, også under dette namnet, sjå f. eks. her: http://www.norskflid.no/bergen/nyheter/haus-toeffelen-er-tilbake/

5.2.14: Balloptikon
Eit slags lysbildeapparat. «Fremviser ugjennomsiktige bilder ved hjelp av speilrefleks», heiter det i Store Norske leksikon. Mange vil minnast denne innretninga frå skuletida. På «Krokryggen gamlehjem» i Flåklypa-universet skulle dei vise pils-etikettar på baloptikon, i mangel av noko betre. Balloptikon kom før overhead, men etter steintavler, fortel Arnt Olav Klippenberg i Stavanger Aftenblad: http://www.aftenbladet.no/meninger/Hvor-er-balloptikon-og-overhead-3141183.html#.UvKXbvtXOkw
Namnet er ei forkorting av «Bausch & Lomb Optical Company»

17.11.13: Djevlelue
Strikka lue som går i ein spiss ned i panna. Dette var jo ei typisk skøyteløparlue i si tid. På Digitalt Museum kan vi sjå djevlelua til Reidar Liaklev: http://digitaltmuseum.no/things/lue-djevlelue/HF/HF-11124. Også kalla bl a hjallislue.
Etter mengda av nett-treff kan det sjå ut som ordet langt frå er i ferd med å forsvinne. Det florerer med oppskrifter i ymse bloggar.
Namnet kunne også bli dialekttilpassa, som «jævelhuv» på trøndersk. Eller som han sa, han tassen på fem år, som hadde lyst på ei slik ei: – Æ vil ha mæ ein sånn huvjævel æ å, mamma!

6.10.13: Bevernylon
Definert slik i Nynorskordboka: «Sterkt nylonty med bomullstoff på innsida». Sjølvsagt ikkje heilt borte, for det er masse Google-treff. Men som det heiter i artikkelen om bevernylon i Store norske leksikon: «Bevernylon har vært mye brukt i barneklær og arbeidsklær. I senere år har materialet fått konkurranse av belagte, tekniske stoffer som har bedre bruksegenskaper, men som ikke alltid er like slitesterke» (http://snl.no/bevernylon). Og at det knyter seg ein viss nostalgi til det, går fram av t.d. denne bloggen: «Mye mimring her nå. Men da jeg kom inn i Uni-butikken og spottet ytterklærne fra butikkens eget merke, kunne jeg ikke annet enn å si at neimen, de kjennes jo ut som de er laget i bevernylon, slikt som vi hadde på da vi var små? Og jommen var de det også». (http://mammaogherman.blogg.no/1343134052_bevernylon.html).

4.10.13: Varmegut(t)
Det er ei stund sia vi har hatt aktivitet i denne delen av nettkroken, men her er i alle fall eit sjeldan ord som truleg få kjenner til i dag. Varmegut er handlangar for smed, forklart slik av ein som har prøvd det, i eit intervju i Arbeider-Avisa i Trondheim 22.10.1980: » – Jeg begynte som varmegutt, eller om du vil håndlanger, tok ut emner fra omnen og ga dem til smeden. han hadde akkord og jeg timebetaling, men jeg måtte jo arbeide i det tempoet han bestemte».

3.9.13: Pennevenn
Det er neppe mange som har pennevenn lenger i desse digitale tider? Både Norsk Ordbok og Norsk Riksmålsordbok fører det opp, og har det omtrent synonymt med brevvenn, altså person du brevvekslar med. Men ein veldig påliteleg informant meiner pennevenn først og fremst gjeld person frå eit anna land som du korresponderer med. Avisbelegga frå sist på 1960-talet, i begge dei nemnte ordbøkene, går i den retning. Det var gjerne organisert gjennom skulen, som ein del av engelskundervisninga.

27.3.13:: Petter Skjerven er opptatt av ord som forsvinn.
Les dette intervjuet i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/kultur/Ord-som-kommer_-ord-som-gar-7158013.html#.UVIdLhw4vvs

15.3.13: Turbinkall
Nyare sort kvernkall med større kapasitet enn dei gamle. Skovlar av jarn, i følgje somme nettsider. I ei skildring frå Selje i Nordfjord heiter det at på ein turbinkall står «fjøyrene» (skovlane) fast i ein ring, og ikkje på sjølve kallstokken. Dette går nok tilbake til mellomkrigstida (20-åra) og er vel lite kjent i dag, anna enn blant museumsfolk, kanskje?

6.3.13: Platåsko
Definert i Nynorskordboka som «(mote)sko med høg sole og hæl». Dette er vel typisk 1970-talet? Men heilt utdøydd er nok ordet og fenomenet ikkje, for det er ein del avisbelegg og nettbelegg også etter år 2000.

1.3.13: Babydoll
Er det nokon som bruker dette (ordet og tingen) lenger? Nynorskordboka definerer det slik: «nattdrakt for dame samansett av truse og kittelliknande overdel». Etter same kjelde skal det komma frå engelsk baby doll pyjamasBaby doll betyr ‘søt, dokkeaktig kvinne’. Ser at babydoll er å få kjøpt på nettet iallfall, til og med på sider for «erotisk undertøy»!

22.1.13: Pullover
Ordet held truleg også på å få redusert bruk, sjølv om det enno er ein god del Google-treff på det. Dette er som kjent eit slags lett genserplagg (overdel) til å dra over hovudet, og kjem beint fram av engelsk pull over ‘trekke over’.

20.01.13: Fjernskrivar og teleks er ord og fenomen som den tekniske utviklinga har gjort overflødige. Dette var som kjent brukt til å overføre tekst via telelinje eller radio, kjent bl a i avisredaksjonane. Det starta i Tyskland i 1930-åra. No har Internett komme i staden, og Telenor la ned teleksnettet sitt i år 2000.

Vi begynner med eit ord som både likestillinga og den tekniske utviklinga er i ferd med å ta knekken på: Sentralbordddame! Og eit anna eksempel der både ordet og tingen har vorte uaktuell: svart-kvit-tv!
Eksempel på eldre ord er kronblomsko – ein amerikansk type marsjstøvlar med store tåhetter frampå, som vart avlagt etter krigen. Ordet har vi fått frå Hitra. Sjekkhefte og reisesjekk er eksempel på to ord som nok går ut av språket i lag med tinga.

——————————————————————————-

Advertisements

9 thoughts on “Ord som forsvinn

  1. Ann Grimsmo on said:

    Slippover er vel i same gate som pullover. Var det slik at slippoveren var utan ermar, medan pulloveren var med?

  2. tojk on said:

    Slippoveren er visst utan ermar, ja.

  3. Telefonbord. Frå tida vi skulle sitte i gangen og snakke i telefonen.

  4. Jorunn Tøndel on said:

    Tenkte på ordet «hav» i betydningen hanke/handtak f.eks på ei bøtte, men det ble også brukt om hanke på en kaffekopp.

    • tojk on said:

      Ja, dette «havet» er nok på retur i språket. Interessant at det også kunne brukast om hank på kopp. I min barndomsdialekt var det visst berre på bøtte det var hav. På gryte var det «hodd».

      • Jorunn Tøndel on said:

        En gammel onkel av meg brukte det om hank på kopp, faktisk eneste gangen jeg hørte den versjonen. På gryte har jeg hørt bare handtak eller ører.

  5. Odd Sørås on said:

    Sjukekorga! Den var det første eg kom på når eg las innlegga om ord som forsvinn. Dette var før det kom sjukebilar på bygdene. Den fletta korga som var brukt når ein alvorleg sjuk skulle transporterast til sjukehuset, stod det litt skrekk av. Eg minnest frå min barndoms ferjekai tidleg i 1950-åra at ein pasient i sjukekorg vart køyrd ned til kaia i varebil og boren om bord i ferja – så skulle han hentast på kaia på Molde, der det var sjukehus med sjukebil. Det var gjerne helselag og sanitetsforeiningar som kjøpte inn sjukekorg til sin krins, og det var eit stort framsteg den gongen. No finst ikkje sjukekorga eingong i Nynorskordboka, men kan vere til sals på finn.no, ser eg!

  6. tojk on said:

    Takk for den fine kommentaren, Odd! Sjukekorga har eg ikkje opplevd, har berre hørt og lese om den. Elles har eg ikkje hatt tid til å legge inn særleg mykje i akkurat denne delen av nettkroken, men det står mykje på vent.

  7. At desse orda forsvinn er nok heilt sikkert, dei som finnast i skrivne medium blir nok arkivert fleire stadar men kva med dei som aldri kjem på trykk, eldre orde særleg dialektord kjem så og sjeldan i skrivne medium.

    Er det nokon som bryr seg om desse ?, Riksantikvaren, museum ??
    Eller blir det opp til Facebook og andre nettstadar ?

    Mogleg det ikkje er så farleg om desse orda rotnar vekk i gløymselen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: