Moro med ord og uttrykk!

Sagt på dialekt

Under denne overskrifta vil vi legge ut eksempel på dialektbruk i samanheng. Det kan vera småstykke, forteljingar, dikt m m. Vanskelege ord vil bli kommentert. Det er ikkje alltid like enkelt å gi att dialektuttale, og folk har prøvd seg med mange forskjellige løysingar, som vi vil sjå. Send oss gjerne forslag til stoff her også!

26.12.14: Romjulskveld av Leif Halse

De va e romjulshelgjen, det va ein månskjennskveld,
på Mela va dem ferdig med tjoning og med stell.
Da kom tri karra gangand så roleg hakk i hel,
å månin skein e garda, slik at vi såg dem vel.

Å sjernåin sto å bløkta, og kvelln han va så ljøs,
og karrann vandra roleg mot smalastall og fjøs.
Dem gjekk og bar på nokkå, ei handbauglykkjebør,
og dermed smatt dem inn gjønnå låge fjøsskjeldør.

Det va så fint å sjå på – det førte tankan bort
på hellige tre konga, og jul og julekort.
– Men det va verken konga hell hellig julenatt,
det va tri alvorskarra, dem skull iveg og gjell ei katt.

Kommentarar:
Mange vil kjenne Leif Halse som forfattaren av Vangsgutane. Han var i alle fall ein humorist, og det kjem fram også i dette diktet, på litt modifisert nordmørsmål.
Men dativendingane er på plass, ser vi: «e romjulshelgjen» (hokjønn), «på Mela» og «e garda» (begge hankjønn). Vi ser her også det typiske for Nordmøre at preposisjonen «i» blir til «e» i trykklett stilling.
«Tjoning» betyr her krøtterstell.
«Bløkta»- blinka (om stjernene).
«Smalastall» – småfefjøs (til sau og geit)
«Handbauglykkja» er armkroken, armlykkja.
«Fjøsskjel» er «for-rommet» ved inngansdøra til fjøset.

15.8.14: Dialektkurs på namdalsmål

Jon Hildrum: Kort dialekturs (på melodien «Da klokka klang»)

Ein pinpung e ein gjerrigknark.
Ei preinstekk finn på mykji fark.
Ein rappeltrut kan snakk så fort.
Ei pæt det e ein mort.

Et ovfyllfat blir aldri mætt.
Ei boms, ei mægg e slætts itj lætt.
Ein fåmi har fått lite vætt,
e tåskåt rætt og slætt.

Ei trø det e ei fiskarstang.
Om folk kjæm fjølgment, kjæm det mang’.
Ein kjatrin e ein ørefik.
Eit galder e eit skrik.

Ein kryskit e ein hovin blei.
Ein liten kjepp kan kalles svei.
Ein stakaill e ein liten gutt.
Og der va’ kurset slutt.

(Årbok for Namdalen 2013, s. 121)
Her er orda forklart, og kommentarar overflødig!

30.7.14: Seljeværing som arbeidsbus i Canada
Jakob Djupedal frå Selje i Nordfjord var i Canada på arbeid frå 1907 til 1909. Over tre årgangar av heftet «Jul i Nordfjord» (1982, 1983 og 1984) fortel han om dette, tilrettelagt av Reidar Djupedal på målføret frå Selje. Dei vanskelegaste orda er forklart. Desse stykka er også utgjevne samla i eit særtrykk. Her er eit utsnitt, der det handlar om rydding og bygging av jernbanelinje:
«I dei store skogråså vart dar liggjande att’e dungane med ved, treleggjer og røter, snår og strångar og bar, so du kunde mesta ha vintreved for ævå. Treleggjene vart stakka i lòd og sett elden på. Alt so brennast kunde, for opp i røyk og folje. Ikkje ein mann kaga da. Veden vyrde ingen på. Da einast e dei var redde, var skogsbrand. Han tynte alt.
Skog var her nøgda ta. Aldri har eg set so mykjen skog og so storvaksen skog. Han var mesta ikkje råd te kome seg gjønå, so tettvaksen var han. Av og til ei lita glenne med nokre halvrotne logghytter, eller eit gjise sjant te indianarå so ikkje lenger haure te noken stad. Han var kje lette te take atte, han so stakk seg vekk i dei store skogå.
Ute i dinna morkjene der relsane skulde leggjast, bygde dei først vegar og råser so mykje vi skulde få fram alt vi trong av vyrke og reidskap. Mykje bar vi på hals og herdar, men etter kvartvart da lagt skjener so vi kunde drage fram på vaggar og hjul da vi trong. Vi hade og namn te arbeidsøykjer, men da var oftast utslitne tobber so ikkje ein gong var gagn i te pylsemat, långt mindre var ætande tugge ti.»

Kommentarar:
Det er ei viss normalisering, vel for å gjera det tydelegare. Såleis er det ført på -r i enden av han- og hokjønnsord i ubunden form fleirtal: «vegar og råser». Dette har ein eiegentleg ikkje i målet her.
Dativbruken er konsekvent, men med få døme akkurat her. Likevel har vi fleirtal: «i dei store skogå» og hokjønn eintal: «i dinna morkjene».
Innskotsvokal er typisk for målet: «han va kje lette te take atte» (merk e-en til slutt i «lette» og «atte».
Nordfjord merker seg ut mellom målføra på Nordvestlandet gjennom å ha «vi» som personleg pronomen i første person fleirtal. Elles er det oftast «me».
Eit gammalt drag er såkalla omlyd i fleirtal av inkjekjønnsord med a som rotvokal: «stakka i lòd», der «lòd» er fleirtal av «lad».
I «strångar» (av strangar) og «långt» ser vi ein overgang frå a til å i lydsekvensen -ang, som er vanleg mange stader på Vestlandet, t.d. i «månge» for «mange».

Enkeltord:
Skogsrås – trase, linje der skogen er rydda
For ævå – for evigheita: til evig tid
Folje – oske og oskeflak
Kaga – bry seg om, anse på
Logghytte – tømmerhytte (her skin engelsken gjennom, for dette kjem av «log cabin»
Sjant – skur, dårleg hytte (frå engelsk shanty)
Rels – jernbaneskinne (frå engelsk rails, fleirtal)
Arbeidsøykjer – arbeidshestar
Tobbe – merr

22.7.14: Hundeskatt på Valdres-vis
Valdresmålet har ikkje vore representert her enno. Her er historia om korleis originalen Jørn Raubrøt i Øystre Slidre gjorde det med hundeskatten sin, fortalt av O. K. Ødegaard i boka «Valdresfolk» (1919) («aa» for «å» er ikkje forandra).

«Formannskrape», so han Jør’n kalla de’, fann på o laga te hundeskatt i bygdn, o han Jør’n, so daa kji hadde stort are firføttninga paa gare enn ei liti fillebikkje, fekk te-løttna sene tvo kruno te aare i skatt før bikkja. – Men desse sætte’n upp me’ o bitala.
Hann banna so de’ knaka paa, at hunde-øffer vilde’n kji læggji korkji paa peiskrakken en paa altar’n, ko dei gjorde ve’n. – O lokke enn trjuge kunna kji hjølpe, o so vart de’ aarle aars panta inni garn hass Jør’n, taadi de’ no va kji noko anna aa ta tak i.
– Daa dette hadde gange solein noko aar so, laut de gjærast noko ve’ de’, so panta va, o daa de’ kji va nokon i sjølve bygdn, so vilde ha noko viare å gjære me’ desse, laut ein prukkerater neate or Aurdal bli brukt te hisse-bikkje ette bikkjeskatte i Raubrøt.
– De’ vart paalag no so hellist, ner sakførara ska gjærast i vegen i a’n manns erind: De’ la paa se.
– De vart aksjon paa gare. Sakførarn bau 100 kruno for heile jorevegen o de’ saag ut te, han skulde faatt’n før de’. Men endele fekk dei daa støa’n Jør’n te o bye 5 kruno te’ o vilde daa sjaa den, som bau over.
Han fekk daa slegji te se sin eie gar. – Men hundeskatt’n hass va daa komin upp i paalag 150 kruno.
– Før o være sjele trygg før at ingjen ska meine, at dette er noko veim, kan kæm, so har hug te, sjå ette ko so e’ skreve i aat lessmanne den 13de mai 1898.

Kommentarar:
Målføret er nok ikkje følgt heilt slavisk. Men vi ser dativsystemet, som «i bygdn» (hokjønn) og «paa gare» (hankjønn). Elles er vokalopning som i «øffer» for «offer» typisk for målet.
Te-løttna = tildelt
Aarle aars = for kvart år
Solein = såleis
Prukkerater = prokurator (sakførar, gjerne nedsettande om ein som nyttar knep)
Hellist = elles
Aksjon = auksjon
Sjele = skilleg (tydeleg, klår, tolleg)
Veim = tøv, fjas (eit ord Ivar Aasen lokaliserer nettopp til Valdres)

I samband med dette kjem eg på ei hundeskatthistorie frå mi eiga heimbygd, Sunndalen. Der vart det innført hundeskatt, til stor forarging for ein kar. Han hadde stemt fast på eitt og same parti i alle år, men når dei no gjekk inn for hundeskatt, da var det slutt. Denne gongen ville han ikkje stemme.
Likevel møtte han opp på valdagen og stemte, såg det ut til. Men da dei talde opp stemmene, fann dei ein hundeskattsetel inniblant!

16.6.14: «Åsgårdsreia»
I Adresseavisa 23.3.1987 stod dette anonyme diktet. Det er ein O.E.S. som kommenterer helgeutfarten frå Trondheim til Røros. Sikkert minst like aktuelt i dag?

Kelles e’ de’, –
ha dåkk sjitt åsgårdsreia?
Itje de’, – itje dåkk hæll – !
Da ska dåkk gå ætte Rørosveia
en fredagskvæll
når «trønderan» kjæm
og ska opp «te sitt andet hjæm». –
Da suse og bile dæm ætte-n’-ann’
nesten som pærla tredd på i’ bann.
Du behøv itj å by-te å tælle,
de heng ihop frå «Sluppen»
og helt oppå fjelle’-.

Bilan bli berre fler og fler.
Trønderan trifs itt i byen mer.-
Vi førtenkje dem hæll’ itj ti’ de
sjøl om hele byen vart me’ – – -!
Men, tru nå itj de’ e’ gali fatt;
vi e’ berre gla’ dåkk kjæm att.
Og kefør fårrå
mer hæll dåkk trång
nii’ bya å kårrå.
Vælkømmen att ska dåkk vårrå!

Kommentarar:
Rørosmål her. Dei breie æ-lydane i «hæll» og «kvæll» møter vi alt på veg opp Gauldalen. Dativbruken kjem fram i hankjønnsord her: «ætte Rørosveia», «nii bya». Og indre trønderske jamningsformer ser vi i infinitivane «fårrå», «kårrå» og «vårrå». Nektingsadverbet varierer mellom «itje» og «itj». Men den gamle forma her oppe var nok «int(e)».

13.5.14: Råd for uråd

No må vi ha litt surnadalsdialekt igjen, og kva er betre enn denne fornøyelege skildringa av ein ekteskapeleg nattescene. Forfattar er ordkunstnaren og ordsamlaren Bjarne Østbø, og diktet stod i samlinga Kvardags-kvede, s. 37-38:

Råd for uråd

Når hesten he’ fått natthøy, og aller siste sving
er unnagjort avsides bortom nova –
da tykkjer Ola Brenna at slettes ingen ting
er likar for ein arbeidsmann hell sova.

I stuåkammer-senga er det godt å velt’-seg-koll
og klei seg litt og strekkje frå seg skankann,
ja, sengjahalmen yljar så godt kring hud og hold
og rettno ska’ det sovast her, var tankann.

Men på kiststol’n attmed senga det er eit kjøle rot
tå husuband og tollkniv og ”Petterø” og skråa
– og fritt forpinna er det at’n Ola står imot,
når tobakk-glåren herjar, da veit’n inga råda.

Det suklar surt i pipa, men han Ola syg på brått
så røyken gabbar under hengjebarten –
den einast’ som he fått-te slik sky i grått og blått
var skorstein’ på ’nå ”Riddervold” da’n gikk i fjordafarten.

Men bortmed andre veggen ho Ane går te ro,
slepper tå seg stakken og knepper kring seg feldann,
tenkjer på ei lita bøn – og kvila skal bli god,
for gikta er litt likar’ slik om kveldann.

Ho Ane er bra innrøykt, men rettno bli’n for herk
’na osen som han Ola produserer
– ho jøktar og ho hostar, og røyken er så sterk
at ho Ane trur ho tid for tid kreperer.

Endeleg er pipa tom, og ’n Ola velt på sida
likså grisen på si busu, og godfornøgd som han.
Men soving blir det ikkje: no er det inga rida
før ho Ane tek sin monn igjen – så jamen sann!

Når røyken kjem ’pund taket, set ho Ane ti å ryt’.
Ho he’ no og slikt nasagrev, det er ’kje rart ho snorkar.
Men det røynest slik på re’skapen så’n Ola ofte lyt
ottast for ho rivnar sund når aller verst ho porkar.

Og ’n Ola bit i barten, og minst hal’annan tom
han kjører peikefingrann inni ørånn –
han grev seg djupt n’i halmen i fukn-lukt og dom’
og veltar putå oppå hauet så’n vil kvelast ’punde børånn.

Du tenkjer kanskje det og, du – slikt mål så’n Ola he’ –
han kunn’ ha gaula så ho Ane sett-ti toppa?
Å nei, han he’ da prøva, men om taket ramla ned
det var vel vandt ho ansa det såpass at snorken stoppa!

Men her er mon ti minder, og ’n Ola fer og kryp
og krafsar nedpå golva te’st ’n sistpå finn-att brokja.
Ho er tå firskaft-vevnad – og søgg så det dryp –
og rettno ska’ da kjerringa bli tungblæst og kokja!

Han slengjer vånnmåls-brokja på vona etter låtånn
– det er berre så det supp, kar, der ho landar bortpå naså!
Det tyt fram tonar enno, men så tetnar det i tåtånn –
og matt og mødd søv båe to test det ljøsnar utfor glaså.

Kommentarar/ordforklaringar:

Yljar – vermer
Kiststol – stol med rom for oppbevaring under setet
Glåren (tobakk-glåren) – hungeren, trongen
Herk – stram, sterk
Jøktar – småhostar
Inga rida – kort tid
Ryt’ – snorke
Porkar – snorkar
Fukn-lukt – lukt av noko som held på å bli skjemt, særleg av mugg
Dom’ (dumbe) – støv
Søgg- fuktig
Kokja – her: tett i halsen
Test – til, inntil

18.4.14: Paletten
Astrid Volden frå Drivdalen i Oppdal har sia 1970-åra levert dikt med eigne illustrasjonar til avisa Opdalingen. Storparten av dikta er på stødig oppdaling, og vi tillet oss her å gje att det svært så dagsaktuelle diktet «Paletten», frå samlinga «Inntrøkk og uttrøkk» (2007, s. 21)

Et slagord, «Fargerikt fellesskap»
vart lansert da dem kom, folka
som uttrøkt se gjennom tolka
og fløkta frå krig og drap.

Dem ha gje’nn en aules og ovant lætt,
dem va itt helt slik som dem
som budd her i kvar sin hem,
nei, farga va’m, rett og slett!

Minn sjå de no rondt og merkj de væl
kva fargå oss «innfødte» har:
Det æ skifte frå kar te kar,
frå jent te jent, d’æ stor forskjæl:

Summe æ jøsrau i hud og hår,
summe æ jøsgrå, og itt så få
som æ nakje på midten, æ nokså blå
med raue prekka der kvesån står.

Ingkvan æ gulbleke der dem går.
Nå’n æ raue med illrau topp.
Fargeskala’m vil mest itt stopp:
Spyøre-jøsgrøn når fest pågår!

Gylne tona va au nå tå di
som fantes for lang tid sia.
Slik æ det au no for tia:
Mest mole solbrone bli.

Så fellesskape æ fullt tå lætt,
tå alle slags fargenyansa
når berre oss sjer og sansa
en «fellesskapets palett».

Kommentarar:
aules = annleis
lætt = farge
jøsrau, jøsgrå = lysraud, lysgrå
spyøre = spysjuk

13.4.14: Hesthandel og skrellslåing i Rissa
Denne historia sendte Johan Klakken frå Rissa inn til NRK Trøndelag 28.6.2003 (fritt etter Sigurd Lybeck):
Ein gong ha Bustenskjold på martnan kjøpt ei merr av en tater. Tatern ha reinnt i a sprit så hu va rættelig sprelsk da dæm gjol handeln. Da’n ætte så oppdaga’n at a va halt å vart litt dussemang.
Så kom Plassbakkall’n færbi, å han sa at’n skoll kurer a han. Dæm skoll «skreillslå» a sa’n. Tausa hass Bustenskjold va å halt å spord om han konn kurer sæ å, å det sa’n ja te.
Han ba’n Bustenskjold finn ein plankeinne å ei slegg. Så la’n planken over panna på merra å ba’n Bustenskjold slå så hardt han greidd på planken, men da’n Bustenskjold slo så nappa Plassbakkkall’n planken onna så’n Bustenskjold slo merra si steindau. – No halte a itt meir, sa Plassbakkall’n. Mæn da to tausa flokta.

7.4.14: Oppsøttu i Ålen
Vi tillet oss å ta med ein liten smakebit frå Jon Østeng Hovs fantastiske kåseri om ei lystig «oppsøttu», på friskt ålbyggmål. Første gong eg hørte dette framført, var på eit arrangement 1. mai i 2002. Her som sagt berre ei lita prøve, og det blir verre enn som så:

Det vart et livat bordhall. Så huggutullin ha e itj vørr sea e husta me ti hustrepa punni hengsjæla, sa a Kaspara Pissmørhøga, ette ho ha kvøld ti se fjerde ølglase’. Da Hæltynningen skull rese se å gå frå borda, bikka ‘n attabak å vart liggan å kåvvå neppå gølva. Det va nån are sem mått hjelpe a oppatt. Å enda hadde me itj ti på å småkkå på hembrenten hass Kasper. Den va ‘ ferresten kjøli kry tå. Han hull opp flaskan mot lyse’ å sa: Her e det itj nå kongrovev neppå, nei. Det va nesten se seklan rann tå gubbem når dem såg flaskfore’. Men først mått kerren bakom nåva å tømme værmvatne’ tå poteta, ferr det øle’ som itj vart atte oppi huggua, hadde lett for å komm ut att. Førkjan va lite mer beskjeden, dem sto i kø bortme utedoa hass Kasper å korskasta føten å va redd ferr lekkasje.

Kommentarar:
Vi kan konstatere typisk indre trøndersk vokaljamning i verbformene kåvvå og småkkå.
Særmerkt her er reduksjon av vokalen i småorda så (uttala «se») og som (uttala «sem»).
Dativbruken finn vi: «Pissmørhøga» (hankjønn), «frå borda» (inkjekjønn) og «tå gubbem» (fleirtal)
Bordhall = bordsetning
E husta me ti hustrepa = dissa meg i reipdissa (huska)
Hengsjæle = eit slag overbygd gang mellom uthus. Denne setninga blir elles gjerne brukt som test på at ein har forstått dialekten.
Hæltynningen = utnamn, men eigentleg eit bakverk;potetkake.
Og så sjølve ordet oppsøttu: Det er ‘det å sitte oppe’ – i lag om eit arbeid, eller i selskapeleg samvær, slik som her.

6.4.14: Segn frå Grong

I Grong va ‘e en gong en konge som heit Haakon. De va no fell ein taa de her smaakongom, sem de va saa mykky taa før i ti’n. Denne kongen, han vart hoga paa aa gift seg.
Saa ein dag gjol dem seg færdi aa skoill aat kjerka aa bli vigd. De va vintern, me snø aa is. Kongen sat oppi en fin sla; atme ‘n sat der i ong, vakker taus. Ho ha langt, gult haar, sem va ut-sll, aa oppaa haari ha a i stor fin goillkron. De va ho som ha lava ut aa bli droningja hains.
Mer dem ha kjørd i stykj, saa kom dem ne-paa i vatn heill i stor tjønn. Deinn tjønna legg ikj saa langt ifraa Bergsgaalom. Ho e fali aa kjør over, fer der e saa mykky ti-hol paa isi der støtt, om de e kaillaste vintern. Men no va e’ no ikj saa kalt heiller, saat is’n va no veik og ataat, aa ner kongen aa brurfoli kom mett utpaa, saa sprakk is’n, aa brur aa brudgomen aa heile brurfølia for ni aa drokna. Men deinn tjønna heiti dein dag i dag Haakonstjønna.
Sia e e’ i gammaill kjærring sem i spaad, æt Haakonstjønna ska feill ut-i Namsin, aa da ska goillkrona sem bruri ha paa, komma utpaa Namsmeln aa finnast.
Aa æt Haakonstjønna feill ut, e sekkert, fer der feill meir aa meir fer kvart aar.
(Aake O. Verdal i boka «Nye glitt og skimt», s. 44-45; opphavleg i tidsskriftet Syn og Segn i 1901).

Kommentarar:
Ikkje heilt konsekvent attgjeving av dialekten. Ei typisk innernamdalsform er lava, v (for lova).
Dativsystemet kjem fram i «paa isi» (hankjønn), «før i ti’n» (hokjønn) og «ein taa de her smaakongom» (fleirtal).
Ti-hol: Stad der isen er veik fordi det tinar nedafrå.

4.4.14: Konå som vart opp i ei hakkespette
(Reidar Djupedal i «Gamalt frå Selje» hefte 3, 1981, s. 4)

Den gongjen Vårherre gjekk her på jordene, kom han inn te ei gamalle kone som sat og bakte flatbrød. Han bad ‘ne om å få ein leiv, og da skulded han sakte få.
Men same koss konå knøda og same koss ho kjelva, vart leiven for stor’e, tykte ho. Te sist fann ho seg eit grønemne som var so lite at da var berre so vidt ho fekk nevane på da, men likevel vart leiven for stor’e. Då tok ho og gav nå ein halv’e leiv, sidan alt hitt vart for stort.
So seier Vårherre med ‘ne at ho skulde verte opp-i ei hakkespette, sidan ho ikkje unnte nå beire. Dei såg berre att i kjeringja, ho for flaksande opp gjønå omnspipå. Då var ho skapt’e som ei hakkespette.
Sidan såg dei kjeringja sitje og hakke bork på treleggjå, og da kan ‘kje vere mykje mat ho får i seg på den visa.
Kjeringja heitte Jartrud, og fugen har og fått namn etter henne og verte stondå nemnd’e Jartrudsfuglen.

Kommentar:
Variant av den velkjende segna om gjertrudsfuglen. Målføret er frå Selje i Nordfjord.
Vi registrer dativbruk her også:
på den visa (hankjønn)
her på jordene (hokjønn)
på treleggjå (fleirtal)
Også i pronomen:
sidan ho ikkje unnte beire (av han)
han bad ‘ne om å få ein leiv (av ho)
Eit typisk merke er såkalla svarabhaktivokal (innskotsvokal) i grunnforma av adjektiv: halv’e, stor’e, gamalle. Dette har vi også i perfektum partisipp av verb: skapt’e, nemnd’e
Grønemne: Høveleg stort deigstykke som emne til leiv, brød. Grøn = grjon, som vanlegvis tyder (matvarer av) korn eller mjøl, men som her nok har ei særtyding ‘brøddeig’.

30.3.14: Mannjamning
(av Hans Hyldbakk)

Dem satt å ponsa e Pellebakkå,
ån Jo han kjent de ån Pe vart foill.
Å fattidommen å hæle hakkå
vart redusert, så dem tala toill.

E he nå kronå e sparebankja
å står me gått, de færstår du, Pe.
De e kje rikti så tomt e tankja
ska e færtel de e ny å ne.

Du må kje sei de så folk får hør de,
meinn e e viar hell folkje væt.
Meinn ailder kvinnfolk e lætt færfør me
me se dem kalla fær kjærlehæt.

Hainn Pe vart fatti å tom e tonå,
meinn vaks e måla å sa som så:
E går da hæva e tusen kronå
e barnetrøgd. Kva du skryte tå?

Du samla rent’ så bli ailder bruka
å legg ålæn inni sengjen din.
Ån Gammel-Erik han kjem å huka
sa stakkars kronåinn e bokjen din.

E ska færtel de, når e blil fastainn
at e får mykkjy estan fær peng.
Å ikkje trur e ho e færkastainn
na kjærlehæta e ekteseng.

Dem satt å trøydd se me sperretusa,
å æn va ongkar å æn va mainn.
Å mykkjy artigt fikk veggjelusa
te oppsalvering fær mårgån rainn.

(avisa Driva 3.9.1990)

Kommentar:
Hans Hyldbakk skriv her på reinhekla surnadalsmål. Her er det konsekvent dativbruk:
«e sparebankja» (hankjønn)
«inni sengjen» (hokjønn)
«e måla» (inkjekjønn)
Også «me se dem kalla fær kjærlehet» viser dativkasus- ‘med dette’, i nemneform ville det bli «te»

Hæle hakkå – alt i hop
Fastainn – fastande, edru
Sperretus – spiritus (sprit)
Oppsalvering – observering

25.3.14: Stor-Tore og Litl-Tore

På Gåla bodde de så før ‘n to hundre år sia to søssenbånn, ‘n Stor-Tore å ‘n Litl-Tore på Søgæla. Dåm va svært goe venna sa toan, å bestandi va dåm samen. Dåm for ofte å jol småstykkya åt kvar andre slik før moro skull, å de kun’ gå lite groft te au, før dåm va rene kjempa begge to.
En dag de va så go sådde ti luften kom jætarguten rennan hematt midt på daga, før bjø’n ha slee ne i ku nola Skærpvangen. Begge Tore-karan sett i vei innover å fann bjø’n, han låg å åt på kua. ‘N Litl-Tore hadde teke me børse, men når dåm fekk sjå bjø’n vætt ‘n så hessau ‘n Stor-Tore at ‘n gøv på bjø’n me en gång før ‘n Litl-Tore fekk skyte ‘n, å så vætt de basktak. De såg emse ut, før bjø’n va sterkar enn ‘n Stor-Tore hadde tenkt sei, å så løt ‘n renne attom en trelegg. Bjø’n sette ette å tok omkreng leggen me læbbom, en på kvar sie. De derre hadde ‘n Stor-Tore venta på, å så hogg ‘n ti læbban, drog bjø’n innåt trelegga å holl ‘n der. «No kan du ta ‘n,» sa ‘n åt den andre, «så ska e holle kar’n, e.» Men da vakna skjelmen i ‘n Litl-Tore, han fekk slik løst te å jørrå et skøyarstykky. «De e nå støkt å øsle me musjona no nør bjø’n står i bann, Du fæ hålle ‘n så lenge, du, så ska e renne hem att ette i øks å slå i hæl ‘n, e.»
Å så drog ‘n, å lett ‘n Stor-Tore stå att der å molhålle ti bjø’n, han vesste ‘n va sterk nok te d, sju. Å om i ti kom ‘n att me øks’n, å ‘n Stor-Tore sto der så bli å holl bjø’n. «Ja, no ha e stått her så lenge me de herre svina sølles, så no fæ du unne mei den glea å få slå i hel ‘n,» sa ‘n. «De va nå frå mei ‘n tok ua å, så e skul’ ver vårrå nerast te de.» Ja, de syntes ‘n Litl-Tore va rimele, å så tok ‘n tå ‘n. Så sto ‘n Litl-Tore å holl bjø’n, å ‘n Stor-Tore va fri. «Ja, nør e no rett kjenne ette, vært e så all tå å stå å hålle bjø’n, så e æ redd de messfåttås før mei å slå i hæl’n minners e fe mei lite mat. E må hematt å eta føst, så fæ du hålle ‘n så lenge du.» Me de rusla ‘n hem å fekk sei mat, å så jekk ‘n oppatt å slo i hæl bjø’n.
(Per Aas Grue i Årbok for Glåmdalen 1944, s. 108-109).

Kommentar:
Dette er målføre frå Kvikne, eit nordøsterdalsmål der vi innimellom kan merke at vi er nær Trøndelag.
Vi kan merke oss ein del såkalla «opning av a: «på Søgæla» (på Søgarden), «vætt» og «vært» for vart, «læbban» for labban.
Sådde ti luften = (fuktig) varme i lufta
Hessau = hissig
Musjon = ammunisjon
Molhålle = blåhalde, tvihalde
Så tok ‘n tå’ n = han avløyste han
Messfåttås = mislykkast, slå feil
Minners = med mindre

13.3.14: Goveitra på Flakk-setran

I Flakkji på Hålonda buidd der omkreng førri hoinnerår-skifte en mainn som heitte Jakob. Han va farfar åt hainn som no e i Flakkji (1915). Hainn ha i søster som heitt Marta. Så va de en sammar ho Marta va i setran. Rett som a satt å mjålka ein kveill, fekk a høyr æt de mjålka i båsen attme a å. A Marta vart føst illt me, å såg seig om ke de va. Da vart a var i kvinnfolk som satt å mjålka i båsen i braidd-me a. de-der kvinnfolkje vesst a aller å ha sjett før. På klean skjønna a Marta straks æt de mått varra i goveiter-kvinnfolk. A Marta tok da mot te seig å spord kæm ho va fer ei. Ho svarra æt ho heitt Magnhild. Meir fekk ikkj a Marta vatta deinn kveilln.
A Marta å a Magnhild vart vesst go-venner. Fer a Magnhild kom att kvar dag. Når a Marta va i mastu å rennt ne mjølk, så gjord a Magnhild de samma, å når a Marta mjålka si ku, så mjålka å ho Magnhild si. Men samma kua mjålka a kvar gong. Når ho va ferdi me å mjålk kua, sett a seg på bjålkstaurn attne kua.
A Marta fertæld sjøl de-der da a kom ne ifrå setran om hausten. Men ho fertæld ailler ke dæm snakka om, eller kelles goveitra va å varra ilag me. – Men fålk trudd ikkj’ a Marta held lag me a fer ingen-teng, ætt som a koinn varra ilag me a heile sammarn.
Men om hausten da buskapen kom heim, datt de både hår å skinn tå store flækka på deinn kua som goveitra ha mjålka.
(Årbok for Namdalen 1970, s. 13. Historia fortalt ca. 1915. Ein variant som Aake O. Verdal skreiv opp, var trykt i Syn og Segn i 1902, og likeeins i Verdals bok «Nye glitt og skimt», s. 46-47)

Kommentar:
Innernamdalsmål med utjamningsformer som vatta (inf.). Merk også lydutviklinga i mjålka (verb), bjålkstaur (bjelkestaur; skillevegg mellom båsom i fjøset) og braidd-me.
Hålonda = Høylandet
Flakkji er hankjønnsdativ (av Flakken, på Høylandet); elles lite av dativ i stykket.
Godveitra i Namdalen tilsvarar huldra.
Illt me(d) – engsteleg, ille ved
Rennt ne mjålk – skumma, fløytte mjølka ved å halle på karet og halde fløyten tilbake

18.2.14: På eigen grunn

Det var ein tå dei gamle karane som var på et møte inni byen.
Medan døm satt der og akkedera om noko, kom det ei lus fram på sigdølingen. Han tok ho og la ho fram på bordet og sa det: «Je har sagt dei det før at du ske’ hølde dei på din eigen grunn!» Så tok han ho i klypa og smetta ho inn på barmen att.

Ein liten smakebit frå Andreas Mørch: Frå gamle dagar. Folkeminne frå Sigdal og Eggedal (1932), s. 120. Boka er skriven på lett normalisert målføre, eit overgangsmål mellom flatbygd- og dalbygdmål på Austlandet.

14.2.14: De så auånn ikkje sjer

Ho Marret va, så mangje tå oss anner,
helst ti di halla ho mått kallast tur
å’n Petter tykkje e vi ska’kje klanner
– han såg på nøttinn mest da’n vælt se brur.

Ho Marret lert tå film å bellet-blaå
at karran skoll da skryt tå dråkå sin,
å fer å fesk et trøstar-or så sa ‘å
«Du tykkje vesst e e ferlite fin…»

Han Petter skjønnt-se alt fer dårle på-di
te kåmma-på ei kvitløgn ti en fart,
minn mænnt han ha se lekså likast frå-di
når’n skildra live slik’n trudd de vart:

«E slæpp da sjå de når e legg på sjynå
å attåt di så driv e nå me fjøs,
å kvellann he vi fjernsyne å glyn på
å når vi legg oss, får e sløkkje jøs»

Signaturen «Pist» (Bjarne Østbø, Surnadal), avisa Driva 14.5.1977

Kommentar:
Bjarne Østbø var ein ordkunstnar, og i denne ekteskapsskildringa ser vi eit eksempel på kva han kunne få til på surnadalsmål.
Tur (adj) = mindre pen. Typisk ord for Surnadal og Rindal.
Dråkå – dativ fleirtal av dråk = jente.

14.2.14: «Heksa folk»
På Bjønnshaua budde einn mann dei kalla Bjønn. Han ha vore påkasta bjønnahams, sa dei gamle. De va finnsko so for, so gutann gjore narr tå; då hemnde dei se soleis. – Kjerringja hass høya uppå bønå, å so haurde ho ein kalv belja ovai gar’n. Då va de Bjøn’n so va der å reiv ‘en sønd. Ho sprang uppåt å rende te ¨å hogg ti’n me riven. D såg ho de va som eit tynt ty på nå, å de kara ho tå, å sia va’n folkja lik. Bonna hass kalla dei ««jønna-unga».
Me nå Gråbein-Arne va de slikt slag. Han budde på Bjørmeland, å sauma kle’e. Han skulle ha ei dåtter på laust – ho Gråbein-Arne-Anne, so dei sa. Ein gong kom han inn på Gjeilå på Nereim han Arne. Dei sat ei ri å røa, å so fekk ‘en prate inn på de um denna tausungjin. «Skatru kvan si dåtter ho e?» vilde’n vite me nå Sørn. «Ja, han Rasmus Hoeim e skrivinn, men dei sei de ska vare’n Gråbein-Arne». Då flaug’en på døra.

Målføre frå Tresfjord i Romsdal. Årsskrift for Romsdal Sogelag 1921, s. 58. «aa» er attgjeve som «å» her.

Kommentar:
Konsekvent dativbruk også her: «På Bjønnshaua», «me riven», «på nå» (‘på han’), «sia va’n folkja lik».
Slikt slag – det same, på same måten
Ha ei dotter på laust – utafor ekteskap

Advertisements

3 thoughts on “Sagt på dialekt

  1. Magne Rønning on said:

    Sjer fram te fleir innlegg å historiå på Namdalsmåol. d.v.s. Ytternamdal`n nord fer Folla. Aust om Kjøl`n og In`er Namdal`n. Namsos og Fosenmål. Gjern`n me`litt ordtak frå`åm Olav Don på Jøa.

    • tojk on said:

      Takk for kommentar, Magne! Det kjem nok fleire eksempel, men vi må også prøve å fordele litt. Har du gode dialektstykke sjøl, så send dei gjerne til oss!

  2. Sagt på dialekt | Moro med ord og uttrykk! is an excellent
    piece of composing, I’m discussing with my close friends.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: