Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Dialekt”

Teill

Hørkelgadd

Dette bildet (ved TEJ) får illustrere ordet vi skal ta for oss i dette innlegget.

I Trøndelag har vi nemleg det interessante ordet ei tell’, om eit enkelttre, (yngre eller mindre tre, vil vel somme avgrense det til) helst av gran eller furu (altså bartre), grantell og forrotell eller furrutell. I leksvikmålet noterer Laurits Killingbergtrø at tell uspesifisert helst er grantre, for å få fram at det gjeld furu, må ein seie furrutell. Det er altså ikkje artsnamn: ”hogg ned ei tell” kan det bli sagt, utan å spesifisere treslaget. Stundom er det utvida også til andre tre, slik at vi kan få bjørktell, øldertell, rogntell, og i ekstreme tilfelle til og med æppeltell (men den er det kanskje ikkje så mange som vil godta). Juletre kan bli kalla jultell eller jultretell. Eit par informantar frå Meldal vil faktisk legge noko negativt i ordet ei tell: ”halvtørt, rauvedt, strante tufstre som er for lite til tømmer – oss sett att nå telljo» skriv den eine. Den andre karakteriserer derimot tella slik: ”stort, rotkviståt, jurkviståt tånnårtre som ingen sagmester sett pris på”. I Årbok for Inderøy 2001 er det gjengitt ei historie om første gongen det var offentleg juletrefest der i området. Dette var rundt 1865. Det levde to brør på den tida som var kjent som artigkailla og replikkunstnarar, og dei var møtt opp. Den nybakte læraren hadde fått ordna med juletre, og oppi det hadde han hengt nokre papirlappar som han hadde skrive ting på (skriftstad, truleg, eller kanskje andre visdomsord). Så tok han ned ein av lappane: – Nu skal vi høre hva juletreet har å si til oss. – Ja no ska du hør når råteilla bynne å snakk, sa ein av spissburane. Det var visst vanskeleg å få tilbake høgtidstemninga etter den! Ordet telle går også inn på Helgeland i tillegg til Trøndelag. Telle er sjølsagt i slekt med det svenske tall, som betyr furu (og som er brukt om furu somme stader i grensetraktene, som Røros og Lierne). Islandsk har þella. På Nordmøre seier ein toll(e) om furu.

Åt ryphø’n

Rype

Vi resirkulerer eit bilde frå hovudinnlegget 17.1.2014 for å markere at det snart er tid for rypejakt, men samtidig at mange fjellstyre har bestemt seg for å kutte denne jakta i år på grunn av låge bestandar.
Dermed blir det vel mange som ikkje kjem seg «åt ryphø’n», slik dei hadde tenkt. Og her kjem hovudformålet med dette innlegget: å dra fram ein lokal talemåte frå Sunndal. Eg skriv bevisst «åt ryphø’n» (dativ) med liten r, for det er ikkje noko bestemt fjell som heiter Ryphøa. Uttrykket betyr rypefjellet, rypeterrenget heilt allment.Når ein skal ”åt ryphø’n”, skal ein altså rett og slett til fjells på rypejakt.

Det finst eit par andre slike «høer». Oppdalsforfattaren Ola Setrom ordlegg seg slik ein stad: ”Det er ofte hardt for meg å få sova natta før eg skal i reinshøa første dagen om hausten” (opphavleg i avisa ”Nordmøringen” 6.3.1941). Vi har ikkje å gjera med eit fjellnamn Reinshøa, det er derimot lendet der reinsjakta går for seg. Setrom er medviten om dette og nyttar liten bokstav, som vi ser. Uttrykket er elles ikkje registrert i det elles så godt leksikalsk dokumenterte oppdalsmålet, og heller ikkje i andre kjelder. Men det er heilt parallelt til dømet frå Sunndal

Og i Nord-Gudbrandsdalen og Folldalen var det ei fast, årviss onn å fara «åt måsåhø’n» eller «åt måsåhøom» til fjells for å sanke reinsmose, eller reinlav som det offisielt heiter, til fôr. Og igjen – dette er ingen bestemt stad som heiter Måsåhøa, men mosefjellet, området der ein sankar mose, reint allment.

Parallellar finst bl.a. i dei trønderske uttrykka med -haugen eller -haugan, sjå t.d. bærhaugen som «Dagens ord» 9.8.13 og langhaugan i same spalte 24.8. i år.

Svale (sulu, svulu m m)

Svale

Hausttrekket begynner nettopp no i slutten av august, og svalene er i ferd med å samle seg i hausthopar. Dei har ei lang ferd framfor seg. Om vinteren er dei i Afrika, heilt ned til Sør-Afrika.

På telefontråd og andre ledningar sitt dei gjerne, slik som her.

Vi har tre artar av svale hos oss: Taksvale, låvesvale og sandsvale. Låvesvala byggjer aller oftast reir inne i bygningar, medan taksvala plasserer reiret sitt utanpå, f eks under takskjegget. Sandsvala hekkar som namnet seier i f eks sandtak eller bratte elvemelar. Det er mange stader dei ikkje skil mellom svaleartane og kallar alt for svale.

Det er veldig mange uttalevariantar. På Austlandet og i Trøndelag er svulu eller sulu (alltid med tjukk l) mykje utbreidd, og elles finn vi slikt som svålå, svolo, svole, svølu, søla, sølå, på Austlandet også sulus(e) og meir sjeldan selus(e). Berre for å nemne nokre.

Ordet er ikkje kjent utanom germanske språk (jf. for eksempel engelsk swallow), men ut frå beslekta ordstoff kan vi slutte at grunntydinga kan ha vore ‘den flagrande’.

Låvesvala kan heite lemsulu (Sparbu) eller lemsolo (Grong). I Nordland og Trøndelag finst også sakssvale registrert om denne. Kløftsvulu og langstjertsvulu er to namn på låvesvala frå Trysil.

Hussvale (-svulu, – solo etc) er somme stader brukt om taksvale, men også om låvesvale.

Etter den kvite overgumpen har taksvala fått namnet kvitryggsulu i Østmarka i Vinger.

Ordtaket «ei svale gjer ingen sommar» har parallellar i tysk og engelsk. I Sparbu har dei brukt kvitveisen i staden: «ei sømmer gjær ingen såmmår».

Svala er kjent som vermerke. Flyg ho lågt, blir det regn, og vice versa. Om ho ter seg svar eller mørk, skal det også bli regn.

Vi avsluttar med eit lite vers som folkeminnesamlaren Karl Braset i Sparbu har notert om «heimsullu», som truleg er låvesvale:

«Gutann aa veikjaann

dæm ligg oppaa lava (låven)

kjyssest aa klappest

aa æ sett aa sjer»

Nøkkerose

Nøkkerose

Nøkkerose og vasslilje (vannlilje) er begge velkjente namn på denne planta. På somme tjørner kan flyteblada fylle opp nesten heile overflata. Det er to sortar, den eine med kvite og den andre med gule blomster.

Vi skal først og fremst sjå på det språklege her, og det er så mange dialektnamn at det blir berre råd å ta med eit utval. Planta/plantene har appellert til folkefantasien, det viser alle namna med nøkk-. I tillegg til det velkjente nøkkerose har vi f eks nøkkblad (særskilt om blada), nøkkblom, nøkkblomster, nøkkgull (det siste er avgrensa til Nord-Trøndelag) m m. Same motivet ligg til grunn for svensk näckros. Ein må ha trudd at det fanst nøkk i vatn der det veks nøkkerose.

Endefram, beskrivande namn er slike som tjønnrose, tjønnblom(ster) og vassrose. Tjønngull er berre belagt frå Vefsn.

I Hordaland og Suldal blir dei kvite og gule nøkkerosene oppfatta som brurepar og blir såleis kalla brur og brudgom, eventuelt vassbrur og vassbrudgom.

Eit anna namnemotiv finn vi i gås, gåsblomster og vassgås, utbreidd særleg i Sør-Trøndelag, men med utlauparar til Nordvestlandet og Leksvik. Ofte brukt i fleirtal gjæser.

På eit nordmørsk/trøndersk område har vi ei gruppe ganske prosaiske namn med pung som tema. Vassliljene kan rett og slett bli kalla ponga, tjønnponga (visstnok berre Surnadal og Rindal) eller vassponga, og blada blir pongblad (Hølonda). Jamføringa ligg opp i dagen! Begge dei to siste motiva er kombinert i gåspong frå Snillfjord.

Ove Arbo Høeg («Planter og tradisjon») har ei opplysning om klåblom frå Rakkestad. Etter tradisjonen var det sagt at ein vart klåfingra av å ta i dei. Det kan nok ha vore for å halde ungane borte. Namna med nøkk- kan ha tjent same formålet – nøkken kunne dra ein nedi til seg.

Jordbær

Jordbær

Da er trønderbæra endeleg komne, og derfor eit lite innlegg om nettopp jordbær. Om namnet jordbær er det ikkje så mykje å seie, anna enn at det skal komma av at dei gjerne ligg på jorda. Jordbær heiter det også i dansk, og tilsvarande på tysk Erdbeere. I svenske målføre finst jordbär, men det offisielle svenske namnet er som kjent jordgubbe. Gubbe er her i betydning ’klump’.
Ho var litt uheldig den norske dama som satt på restaurant og bad om ”stekte jordgubbar” til middagen – ho trudde poteta heitte det på svensk!

Somme plassar sønnafjells seier dei jor(r)ebær eller jolebær med bindevokal -e-. Men vel så interessant er uttaleformene med a i første staving, som jarbær, jalbær, jarebær, jalebær, jarabær. Desse er gjerne særleg brukt om markjordbær (villjordbær). A-vokalen stammar her frå ei gammal genitivsform av ordet jord, nemleg jarðar-. Jamfør f eks at jordferd kan heite ”jaraferd” i Sogn. Og i Oppdal sa dei frå gammalt ”jarfast” om ein jordfast stein.
Uttale med jæ- i første staving, som jær(e)bær, jælbær har nok utvikla seg frå ja-. L vil seie tjukk l i alle desse tilfella.

Ein eigen sort markjordbær som finst på tørre kalkbakkar på Austlandet, er kalla nakkebær eller nakkejordbær. Smaken er ikkje så god som på vanleg jordbær, meir søt og emmen, men ungane har ete den lell. Plantegeografisk er nakkebær interessant, for det er ein utlaupar av steppevegetasjonen i Aust-Europa. Etter Rolf Nordhagen kjem namnet nakkebær gjennom dansk frå tysk, der førsteleddet knacke- viser til den vesle smellen som kan hørast når ein plukkar eit slikt bær. Det kan vera vanskeleg å skilje det frå hamsen.

Til slutt ei lita rispe: Det var ein kar som hadde ein nydeleg, raud nase med kvite prikkar. Arbeidskameratane hans lurte på om han kleia jordbæra når han tok seg i nasen!

Tjuv og tunfugl

Skjor

Det er på tide å helse på ein fugl igjen. Denne er i alle fall lett kjenneleg, med det karakteristiske mønsteret og fordi ho gjerne heldt til nær hus og folk. Dermed er det også rimeleg at det har spunne seg ein rik tradisjon rundt skjora.
Men ho har eigentleg ikkje meir enn tre namn i norsk talemål. To av dei er dessutan for sideformer av kvarandre å rekne.
Skjor med variantar er nok det ordet som har det største territoriet. I nord og vest rår dette grunnen så å seie aleine, men det finst også mange stader austafjells.
Det er fleire avvikande uttaleformer:
Skjør (stundom skjørr) Austlandsflatbygdene, Sør-Østerdalen, Valdres, Hallingdal, Fyresdal, austre Sør-Trøndelag, Meråker, Verdal
Skjur nordafjells, går så vidt inn på Nordmøre.
Skjir eller skjyr er gammalt i Stjørdalsbygdene.
I norrønt har vi skjór, og i svenske dialekter skjor, skjora og skjura.
Så har vi dei med vokal e eller æ, som altså må reknast som ei sideform til skjor. Einstava skjer, skjær e.l. hører heime sønnafjells, kanskje med tyngdepunkt i Agder og Rogaland. Skjære eller skjere rår grunnen i eit søraustleg område. Elles må vi ekne med at skjære spreier seg i dag i kraft av statusen som rettskrivingsform i bokmålet.
Det er to teoriar om etymologien til skjor/skjære: Enten kan det gå til ei rot med tyding ’vera spiss’ e. l. (sjå nedafor om skate), eller til ei som tyder ’den skinande’.

Skate som namn på skjora har ei interessant utbreiing: Nord-Gudbrandsdalen, Folldal (uttalt skatu eller skato) og Valdres. Så er det ei enkeltopplysning frå Nøtterøy om at skate der har vore brukt i lag med skjere. Som kjent heiter skjora skata på svensk og skade på dansk. Skata har vi også i norrønt, i lag med skjór, som nemnt ovafor. Det er ikkje usannsynleg at skate har gått vidare før, slik at det norske området vi no ser, blir eit relikt. Etymologien går her garantert på det å vera spiss, med tanke på den lange stjerten, jamfør skat om toppen på tre og verbet skata om å smalne mot enden.

Vi skal ikkje underslå at skjura i Namdalen og Nord-Norge blir brukt som namn på det kvinnelege kjønnsorganet. Og dette fuglenamnet er sjølsagt anvendeleg som skjellsord. I Meråker er ei skjør rett og slett ei sladrekjerring. Talrike samansetningar som tullskjor, villskjor og skrekkelskjor hører med i bildet. Det nordtrønderske sprutskjur beskriv ei skravlebøtte av verste slag.

Skjora har ord på seg for å vera tjuvaktig og særleg ute etter blanke ting, sannsynlegvis med urette. Likevel er det stas å ha ho i tuntreet. Når ho skrattar rundt husa, varslar ho framandfolk, heiter det. Ein har også teke varsel for sommaren av kor høgt i trea ho byggjer reir (høg plassering = regnsommar og vice versa, men det finst også eksempel på at ein har trudd det omvendte). I slaktinga kunne skjora finne ein ekstra godbit: ”Han er etter fordelen som skjera etter tarmen” sa dei i Eiken.

Til slutt denne gåta frå Inderøya: ”Kor a hoppe, skjura, når a e årsgammel?” Svar: inn i andre året!

(foto: Kristian Voldheim)

Knallhatt

Hatt

Knallhatt er eit ord som betyr forskjellige ting. For det første er det eitt av fleire namn på stiv hatt med rund pull, ein slik som også er kalla bl.a. skalk, bowlerhatt og korkhatt eller korkahatt (sjå bildet, som er henta frå nettet, ukjent opphav). Knallhatt om ein slik hatt er registrert frå Sør- og Vestlandet (Kristiansand, Røldal, Bømlo, Selje), men er nok også kjent andre plassar. Slike hattar kunne bli brukt både når guten vart konfirmert og når han stod brudgom.

I svensk er knallhatt det same som hos oss heiter fenghette eller tennhette, også knallhette. Det er også overført på person, f. eks. om gutunge som fer med fantestreker. ”Knallhatten” var det svenske namnet på ein satirisk amerikansk teikneserie som gjekk i mange år i avisa Expressen. Hovudpersonen med dette namnet blir skildra som ”en dumsnäll, men stilig och urstark hillbilly”.

I Trøndelag møter vi knallhatt om lås som låser botnstokken i ein såkalla nåldam, dvs. ein dam (demning) av loddrette, smale bord som held vatnet på plass (Snåsa). Når ein slo på denne knallhatten, vart dammen løyst. Samanhengen med den svenske knallhatten ( = fenghetta) er her rimeleg openlys.

Når dei i Meråker har knallhatt som skjellsord for ein snarsint, oppfarande person, er det også klart samband til Sverige.

Korleis dette heng i hop med namnet på hatten, er ikkje så endefram å sjå, men ein har kanskje sett for seg ein likskap mellom fenghetta og hattepullen? Eller så ligg det eit ordspel bak? No kan svenskane også bruke knallhatt om ”hård, rund herrhatt” (Svenska Akademiens Ordbok), så det er vel sannsynleg at alt dette er komme frå Sverige.

Kongrovev i sol

Aks med spindelvev

Joar Lyngen skriv dette på facebook-gruppa «Ord og uttrykk frå Meldal» 24.6.15: «I dag såg e sjænnsjåa ferr føst gången i såmmår, dæm va hælått og da bli de nebor». Med «sjænnsjåa» meiner han hinne av kongrovev eller dogg i graset, og når det er hol i den (den er «hælått»), skal det bety regn. Ordet «sjænnsjå» har tyngdepunktet sitt nettopp i Orkladalføret, men det går også inn på Nordmøre, så vidt over i Gauldalen (Flå) og nord til Leksvika. Sisteleddet er skjå ‘hinne’ og førsteleddet er skin ‘det å skine’ – det kan ligge som eit glitrande teppe.

I Meldal, der det også var tale om «å sjå inni skjåain», meinte dei at det ville bli godver heile dagen dersom desse var heile om morgonen. Var det hol i dei, kom det til å regne før kvelden. Andre stader har ein meint at slikt var godversvarsel uansett, og det heiter da også godvershatt på Voss og i Suldal, solskjænnshatt i Hemne og solskjænnskåp’ på Hitra.

Frå Møre heiter det seg at vassrette, flate nett i graset tyder på godver/tørrver. Men spinn kongroa loddrett, ventar ho regn, for elles ville det fine spinnet bli øydelagt av regndropane.

Fenomenet har fleire andre namn, som doggskjå, dogglabb og sjænntuv’ (skintuve). I Gauldalen og Selbu er dei kalla kjella (hjellar), når dei ligg flatt.

Hårkall

Løvetann

Her har løvetanna fått kvit hårprakt og vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag og Nord-Norge. Gullboste, – bauste o l er eit svært utbreidd namn på den rundt i heile Sør-Norge. Med den gule fargen gjev førsteleddet gull- seg av seg sjølv. Eit gammalt namn på løvetanna i Gauldalen er ”gölgull (gulgull), i Surnadal og Rindal gullhauk, i Fron og Ringebu gullkorg, pluss mange fleire. Slike namn viser sjølsagt til stadiet der enga er heilt gul. Ein del vil heller bruke gullboste om hestehoven, sjå hovudinnlegg 12.4.13.

Nemninga løvetann er nok lånt inn, men viser i alle fall til dei skarpe ”tennene” på blada. Fransk dent de lion tyder bokstavleg tala ’løvetann’, og dette har engelskmennene lånt og gjort om til dandelion. Omsetting frå gresk leontodon.

.Men eg voks opp i Sunndalen med namnetgobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som var mykje der i dalen, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjadt «kvithårstadiet», i motsetning til f.eks gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. Uti Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»! Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i bygda tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Desse namna, som altså var brukt i regler når ein ville ha stilken til å krulle seg, finst det massevis av, som kappilaup, koppeloppe, kappegullkåre, kabbeko, biblibakka m fl. Rolf Nordhagen har drøfta fleire mulege språklege opphav, og nemner mellom anna eit  norrønt kobbaloppr, som skal bety ein rund ulldott.

Her følgjer eit knippe med nokre andre namn på løvetann (berre eit utval, for tilfanget er uvanleg rikt og variert):

Namn som kveldsvæve, kveldsøve, nattsvæve og mange fleire syner til at blomsteren knepper seg om kvelden.

Kaninblad finst spreidd fleire stader som namn på løvetanna. Dette fordi blada har vorte sanka inn til kaninfôr. Kaningras i Froland.

Hesteblom har vi mange stader på Austlandet og i Agder, saueblom o l i Vest-Agder, Rogaland og Hordaland.

Den kvite mjølkesafta har gjeve namn som mjølkeblom og mjølkegras, og ikkje minst det danske namnet ”Fandens mælkebøtte”. Skabb og skabbeblomst går visst tilbake på ei tru at denne safta er giftig, eller i alle fall skadeleg. I Bergen meinte ein at merke etter denne safta var skabb på hendene.

I tillegg til hårkall er det mange andre namn som siktar til utsjånaden på dette  kvite stadiet, med frø: Hårhatt, bæssfarhuggu, båsskall (Verran), finnkall, fusskall, bustekall osv. Gofa grågut (Tinn) er blomsterbotnen etter at frøa er borte.

Lusablom (Austevoll) – fordi det smell i frøa når ein knusar dei mellom neglene, som det skulle vera lus.

Frøparasoll er ei særskilt nemning på den kvite frøkransen på løvetann (Nøtterøy).

”Dagen derpå” er det tid for ettertanke og tømmermenn. Ein todaling uttalte at det kjentest ut som han hadde ete opp ei ”goillbostækker” (med løvetann). Beisk og ekkel smak i munnen, med andre ord.

Jyntelgod/dyntelgod

Fleire plassar i Trøndelag har folk fortalt om eit adjektiv jyntelgod, stundom også berre jyntel. Jyntelgod kan visst bety mange forskjellige ting, det spenner frå ‘nærtakande’, ‘vanskeleg å gjera til lags’, ‘fornærma’, via ‘innpåsliten’ (f.eks. om ungar som vil sitte på fanget), til ‘tafatt’ og til og med ‘sjølgod’. I det tradisjonelle bymålet i Trondheim kunne ordet bety trist, sår eller melankolsk. Godsøta jyntelgod var det sagt i Agdenes til ungar som gjekk og sutra.
Ordet jyntelgod ser ut til å finnast berre i Trøndelag og Nord-Norge, forutan i Bergen. Denne utbreiinga gjer det rimeleg å rekne med tysk opphav og at dei som har frakta fisk til Bergen, kan ha fått det med seg derifrå. Det er fleire forskjellige uttaleformer, som jyntergod, dyntelgod, tyntelgod og tyntergod.
Det finst også i svenske målføre som dynkelgod, i Skåne jynkelgod. Dette talar heller ikkje imot tysk opphav, for det er nok av tysk språktilfang også i svensk. Betydninga i svensk er helst ’innbilsk’, skal ein tru ordbøkene.
Ein kan vise til adjektivet dunkelgut i litt eldre lågtysk, og dette kan førast saman med tysk dünken ’tykkja, synast’. Ein som er dynkelgod eller jyntelgod blir da ein som tykkjer godt om seg sjøl. Det er ikkje urimeleg at eit slikt ord etter kvart kan komma til å bety glad og kvikk. Det er også muleg at det har vore ein viss påverknad frå heilnorske ord som å dynte ’vera tilgjort fin’ og å gynte, som kan bety å furte. Men elles er ikkje overgangen frå d til j fremst i lånord heilt ukjent. Vi har målføreformer som jestrikt for distrikt og jestans for distane.
Stundom er det også sagt berre jyntel, som nemnt. I gammalt sunndalsmål finst jøntel, som betyr kvikk og glad. Det har vore bruka til å karakterisere folk, men har også vore sagt t.d. om kåte unghestar som hoppar og dansar. Ein jønteljo har vore eit slags klengenamn på ein kvikk og glad person.
Det er vel truleg at namnet Jøntelhaugen (no bustadfelt på Grøa) har med dette ordet å gjera, utan at eg kjenner meir til bakgrunnen for dette.

Jon Holten i Sunndal foreslo for meg at ordet jøntel kan ha å gjera med engelsk gentle (som i gentleman), eller med den franske varianten gentile, som også finst i norsk med uttalen sjangtil. Men det er nok helst ein variant av jyntel. Frå å tyde ’som tykkjer godt om seg sjøl’ (jamfor ovafor) er ikkje vegen så lang til å tyde ’glad og kvikk’, men i så fall har jøntel på sunndaling teke ein litt annan veg enn dei andre norske orda av same rot.

Post Navigation