Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “elv”

Elva kjøver

Kjøving i Litlharema

Her ser vi eit godt eksempel på fenomenet kjøving. Det vil seie at ein bekk eller ei elv blir demt opp av is som frys til og svell opp. Bildet er tatt av Anders Johnsen i Sunndal og viser kjøving i bekken Litlharema. Takk til Anders for at vi fekk lov til å bruke bildet!

Ordet å kjøve om dette ser ut til å vera ganske utbreidd både sønnafjells og i indre Trøndelag. Belegg er det også frå Saltdal. Det er vel ei spesialisering av den allmenne tydinga av kjøve, nemleg å kvele. Truleg er det tenkt på tilstoppinga av elva/bekken. I Øksendal på Nordmøre sa dei at elva legg kjøvhøla når ho kjøver, og i nabobygda Sunndal er kjøvgard eit uttrykk for rygg som dannar seg når elva kjøver på denne måten.

Eit anna ord som blir brukt om dette, er å krava. Meir utbreidd er dette om begynnande tilfrysing, når det legg seg ei tunn skorpe. Men om tilstopping av is i elve- og bekkefar er det brukt ein del plassar på Nordmøre, i Trøndelag og på Helgeland. Det finst også i variantar som å kræv, kråvvå eller kråggå. Slik oppdemt is kan bli kalla krav; i Foldereid også kravbom. Og kjøvis er sjølsagt også kurant nemning for slik is.

I Agder og Telemark har dei verbet ora om dette, og or om issørpe som demmer opp vatn. Her er det interessant etymologisk smanheng med verje, og det har nok opphavleg tydd demming meir allment.

Somme plassar kan elva kreppe opp (Jølster, Breim, Lensvik, Orkdalen, Gauldalen). I Fron og Gausdal kan ho ræse, og på Jæren kova. Å stævle er brukt i Østerdalen, og dessutan somme stader i Troms, bl a Bardu. Til norrønt stífla ‘demme opp’. I Namdalsområdet (Otterøy, Overhalla) er det sagt at elva eller bekken husar opp. Når «bekkjen husa seg» i Sunndal, frys han opp slik at det blir ope rom under isen.

Det er sagt at det skal bli snøfall når elva kjøver; eventuelt at det skal bli mildare vêr.

Reklame

Innleggsnavigering