Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Fuglenamn”

Dompap

6

Kjent og triveleg type som er hos oss heile vinteren. Markerer seg særleg i fuglebandet ved juletider, og derfor delvis kalla ”julfuggel’n”. Dompap i nek må vel vera eitt av dei aller mest brukte julekortmotiva. Namnet dompap er som så mange andre ord innlånt frå lågtysk, og det er pgså brukt i dansk. Eit anna namn som kan kaste språkleg lys over dette, er domherre, brukt f.eks. i Nordli (og her kanskje innkomme frå svensk). Dompap og domherre betyr faktisk akkurat det same, -papp som i pave, og fjørdrakta minner om drakta til ein domherre – medlem av domkapitlet, samling el råd av geistlege ved ei katolsk domkjerke.
Fleire av namna på dompapen kan også vera brukt om andre fuglar, slik som snøfugl. Om dompap er dette registrert frå Suldal pluss eit par plassar på Nordmøre og i Trøndelag.
Ein del namn viser til den sterkt raude halsen og undersida hos hannen: Blodfink(e) i eit par ordsamlingar frå tidleg 1800-tal, blodmige (Vest-Telemark, Sunnhordland, Sogn – også om andre fuglar; det var folketru at slike fuglar forårsaka blod i pisset til krøtter), raudstert (Stavanger, Sparbu). Folkeminnesamlaren Karl Braset noterte også «raukjølk» (raudkjelke) om dompapen, dette er elles meir brukt om raudstrupe.
I Hardanger har dompapen fått namnet Palmtjuv (til palm ‘rakle’), fordi han tek blomsterknoppane på frukttrea. Klumpenebb er oppgitt frå Søndre Land.

Reklame

Tjelden, sjøskjora

29

Tjelden er for lengst komme. Han er ein av dei første trekkfuglane som melder seg; somme stader kan han dukke opp alt i slutten av februar. Den 12. mars skal han uansett vera her, daud eller levande, har det vore sagt. «Gregorius dag skal tjelden vær’ på kvert eit snag», heitte det i Nord-Norge.

Namnet tjeld går tilbake på norrønt tjaldr, som fuglen også heiter på islandsk. På færøyisk er det tjaldur, og der er han også nasjonalfugl. Ordet går tilbake på ei gammal rot som kan ha betydd om lag ‘gå med stive føter’. Det er ikkje så mykje variasjon i uttalen, men i Osen er det sagt kjill, og på ytre Nordmøre kan han bli omtalt som kjellå (da blir det samanfall med ordet ei kjelle om ei kvinne).

Andre namn er kleppatjeld (Eide på Nordmøre), skjortjeld (Sogn og Fjordane, Sunnmøre) og sjyskjor (også Eide på Nordmøre). Tjelden har jo felles farger med skjora, med unntak av det raude på nebb og føter. Ein av våre informantar fortel at han høyrde ein i Sel i Gudbrandsdalen som kalla tjelden for sjøskjora. Han hadde det neppe lokalt derifrå.

Så har ordet tjeld gått inn i andre fuglenamn. Gråtjeld er eit anna namn på raudstilk. Denne er kalla kvekka(r)tjeld i Fosen. Ivar Aasen fører dette namnet opp frå Nordmøre og Sunnmøre. Hans Strøm (Sunnmørsbeskrivelse, 1760-åra) meiner det kjem av at «den er meget qvik ): munter og levende, saasom den aldrig staaer stille». Steintjeld er lokalt namn på steinskvett i Gravvik i Namdalen, og i Foldereid har strandsnipa vore kalla såtjeldStortjeld i Rissa er truleg den vanlege tjelden, sett i motsetning til kvekkatjelden. 

Tjelden var ein merkefugl, som vi alt har vore litt inne på. Om han kom tidleg, ville det bli ein mild vår og ein god sommar, trudde dei. Var tjelden raud på føtene, betydde det varm sommar. Var han bleik på føtene, skulle sommaren bli kald og sur. Låta var også viktig. Sa han «klip – klip», ville sommaren bli varm, men let det «de bit – de bit», gjekk det mot ein våtsommar. Ein  kunne bli «dåra» av flyttfugl, det vil seie å vera på fastande hjarte når ein hører fuglen første gong om våren. Dette var uheldig. Vart ein dåra av ein tjeld, kunne ein få utslett. Om tjelden kjem opp på marka i staden for å halde seg i fjøra, ventar han styggver, meinte dei på Senja. I Alstahaug skulle det bli nordavind dersom tjelden satt og kurra. Og så lenge tjelden syng før vårfrumesse (25. mars), så lenge skal han teie etterpå, var trua i Sogn. Godvêret hadde da lokka han for tidleg ut.

Ikkje minst tok dei varsel av tjelden for kjærleik og samliv. Om ein såg to tjeldar i lag (som på bildet) første gongen ein observerte han om våren, ville ein bli gift det året. Og såg ein tre på ein gong, ville det bli både make og barn i løpet av året!

Innleggsnavigering