Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “gammelvott”

Det snør gamle kjerringar

Snøfall

I eit snøfattig Midt-Norge får vi trøste oss med eit bilde der det i alle fall snør godt, medan vi ventar på betre tider.

Dialektane har eit nyansert ordforråd for å skildre naturfenomen. Også når det gjeld snøfall, finn vi mange målande uttrykk, som vi skal sjå nokre eksempel på.

Når det er tett snøfall som her, vil eg på min sunndalsdialekt kunne seie at det snør så det lark. Andre vil seie f eks at det storsnør, det er storsnødrive, eller at det er labbsnø. Når det labbsnør på Hitra, vil det seie at det snør tett og stilt, med store flak. Men det kan også vera labbsnøfokk.

Elles kan det bli sagt at det snør bladvottar, lovottar og til og med gammalvottar. I Selbu varierer dei med både gammelvottbøte, hudskobøte og skinnfellbøte som spøkefulle nemningar på store snøfiller (hudskobøte også i Tydal). Som sisteledd i desse orda har vi substantivet bøte, som er avleidd av bot, og tyder vyrke til å bøte med.  Frå Lånke er dette uttrykket, som var brukt frå gammalt: han kaste hanskbøt. I Frol snør det av og til kattlabba.

Det kan også snø gamle kjerringar, eller til og med gamle kjerringa og finnsko, som i Røyrvik. Og da passar det å avslutte med det kostelege ordet finnbadstu, registrert i Nord-Østerdalen om riktig tett snødrive.

Send oss gjerne dine eigne uttrykk for tett snøfall!

Advertisements

Post Navigation