Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Gås”

Nøkkerose

Nøkkerose

Nøkkerose og vasslilje (vannlilje) er begge velkjente namn på denne planta. På somme tjørner kan flyteblada fylle opp nesten heile overflata. Det er to sortar, den eine med kvite og den andre med gule blomster.

Vi skal først og fremst sjå på det språklege her, og det er så mange dialektnamn at det blir berre råd å ta med eit utval. Planta/plantene har appellert til folkefantasien, det viser alle namna med nøkk-. I tillegg til det velkjente nøkkerose har vi f eks nøkkblad (særskilt om blada), nøkkblom, nøkkblomster, nøkkgull (det siste er avgrensa til Nord-Trøndelag) m m. Same motivet ligg til grunn for svensk näckros. Ein må ha trudd at det fanst nøkk i vatn der det veks nøkkerose.

Endefram, beskrivande namn er slike som tjønnrose, tjønnblom(ster) og vassrose. Tjønngull er berre belagt frå Vefsn.

I Hordaland og Suldal blir dei kvite og gule nøkkerosene oppfatta som brurepar og blir såleis kalla brur og brudgom, eventuelt vassbrur og vassbrudgom.

Eit anna namnemotiv finn vi i gås, gåsblomster og vassgås, utbreidd særleg i Sør-Trøndelag, men med utlauparar til Nordvestlandet og Leksvik. Ofte brukt i fleirtal gjæser.

På eit nordmørsk/trøndersk område har vi ei gruppe ganske prosaiske namn med pung som tema. Vassliljene kan rett og slett bli kalla ponga, tjønnponga (visstnok berre Surnadal og Rindal) eller vassponga, og blada blir pongblad (Hølonda). Jamføringa ligg opp i dagen! Begge dei to siste motiva er kombinert i gåspong frå Snillfjord.

Ove Arbo Høeg («Planter og tradisjon») har ei opplysning om klåblom frå Rakkestad. Etter tradisjonen var det sagt at ein vart klåfingra av å ta i dei. Det kan nok ha vore for å halde ungane borte. Namna med nøkk- kan ha tjent same formålet – nøkken kunne dra ein nedi til seg.

Reklame

Kjuke

kjuke17

Under kommentarane til innlegget om heksekost (sjå hovudinnlegg 18.2.) dukka ordet kjuke opp. Sjølv om kjuke kan brukast om mange ting, er det nok ei typisk kjuke vi ser her på bildet, som veks ut som ei hylle eller ein hov på trestammen. Det er tale om ulike typar av poresopp.

Ein bestemt art (men på folkemunne truleg fleire) er kalla knuskkjuke, som blir tørka til knusk og nytta til å fyre opp med. Ein type kjuke er bruka til å sette knivar, jarn og sylar i, såkalla knivkjuke, og ein kan ha nålkjuke som nålepute.

I Todalen på Nordmøre vart den mjuke soppen på bjørka tørka og bruka til gummiballar, såkalla råballkjuk’. Visse utvekster på furustammar kunne høve til å laga slipsteinsakslingar av; det var slipsteinskjuk’ (Oppdal).

Kjuka er stundom også kalla gås, eller bjørkegås, knivgås m m. Ei råttagås (Åsskard på Nordmøre) er ein utvekst som liknar på knivkjuke, men som ikkje skal vera heitl den same.

Ganske mange plassar bil ein også kunne bruke kjuke om halvkuleforma, knudrete utvekster på trestammar, nærmast «svulstar» som hører til stammen. Altså det som elles heiter f eks kåte eller rirkule. Nemningane kan i det heile gå litt om kvarandre her.

Innleggsnavigering