Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Gobbegabbe”

Hårkall

Løvetann

Her har løvetanna fått kvit hårprakt og vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag og Nord-Norge. Gullboste, – bauste o l er eit svært utbreidd namn på den rundt i heile Sør-Norge. Med den gule fargen gjev førsteleddet gull- seg av seg sjølv. Eit gammalt namn på løvetanna i Gauldalen er ”gölgull (gulgull), i Surnadal og Rindal gullhauk, i Fron og Ringebu gullkorg, pluss mange fleire. Slike namn viser sjølsagt til stadiet der enga er heilt gul. Ein del vil heller bruke gullboste om hestehoven, sjå hovudinnlegg 12.4.13.

Nemninga løvetann er nok lånt inn, men viser i alle fall til dei skarpe ”tennene” på blada. Fransk dent de lion tyder bokstavleg tala ’løvetann’, og dette har engelskmennene lånt og gjort om til dandelion. Omsetting frå gresk leontodon.

.Men eg voks opp i Sunndalen med namnetgobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som var mykje der i dalen, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjadt «kvithårstadiet», i motsetning til f.eks gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. Uti Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»! Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i bygda tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Desse namna, som altså var brukt i regler når ein ville ha stilken til å krulle seg, finst det massevis av, som kappilaup, koppeloppe, kappegullkåre, kabbeko, biblibakka m fl. Rolf Nordhagen har drøfta fleire mulege språklege opphav, og nemner mellom anna eit  norrønt kobbaloppr, som skal bety ein rund ulldott.

Her følgjer eit knippe med nokre andre namn på løvetann (berre eit utval, for tilfanget er uvanleg rikt og variert):

Namn som kveldsvæve, kveldsøve, nattsvæve og mange fleire syner til at blomsteren knepper seg om kvelden.

Kaninblad finst spreidd fleire stader som namn på løvetanna. Dette fordi blada har vorte sanka inn til kaninfôr. Kaningras i Froland.

Hesteblom har vi mange stader på Austlandet og i Agder, saueblom o l i Vest-Agder, Rogaland og Hordaland.

Den kvite mjølkesafta har gjeve namn som mjølkeblom og mjølkegras, og ikkje minst det danske namnet ”Fandens mælkebøtte”. Skabb og skabbeblomst går visst tilbake på ei tru at denne safta er giftig, eller i alle fall skadeleg. I Bergen meinte ein at merke etter denne safta var skabb på hendene.

I tillegg til hårkall er det mange andre namn som siktar til utsjånaden på dette  kvite stadiet, med frø: Hårhatt, bæssfarhuggu, båsskall (Verran), finnkall, fusskall, bustekall osv. Gofa grågut (Tinn) er blomsterbotnen etter at frøa er borte.

Lusablom (Austevoll) – fordi det smell i frøa når ein knusar dei mellom neglene, som det skulle vera lus.

Frøparasoll er ei særskilt nemning på den kvite frøkransen på løvetann (Nøtterøy).

”Dagen derpå” er det tid for ettertanke og tømmermenn. Ein todaling uttalte at det kjentest ut som han hadde ete opp ei ”goillbostækker” (med løvetann). Beisk og ekkel smak i munnen, med andre ord.

Reklame

Gobbegabbe

15b

Løvetanna har her fått kvit hårprakt. Ho har vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag. Det er elles veldig mange dialektnamn på denne planta. Men eg voks opp med gobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som også var svært interessert i dei folkelege plantenamna, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjaldt «kvithårstadiet», i motsetning til gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal f.eks. «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. I Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»!
Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i Sunndal tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Innleggsnavigering