Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “gullhane”

Gullhane

Gullhane

Dette bildet fekk eg tilsendt av Ola Løseth i Meldal vinteren 2009. Det viser eit lysbrytingsfenomen i sprekker i is, og namnet på det var gullhane, opplyste han. Eg la det ut på facebook-sida mi den gongen og etterlyste fleire opplysningar, men det var ingen særleg respons. Derfor prøver eg igjen til dei som er inne på denne sida: Kjenner de gullhane eller andre ord for det som de ser her? Også frå Bjerkreim i Rogaland er gullhane registrert som namn på fargespektrum som kjem fram ved lysbrytingar i brest i stålis.

Elles har vi goillhane som namn på plantehn skogstorkenebb (Hølonda).

Vi toler sikkert eit bilde til av gullhanen, også dette er ved Ola Løseth:

Gullhane2

Post Navigation