Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Hauis”

Landkall og hauis

7b

Slik såg det ut ved Botngård  i Bjugn søndag 3. mars, etter stormen dagen før. Isen er skuva opp i fjøra etter sjøen som har slått inn. Som ved dei fleste naturfenomen, er det ord for dette også. Mange plassar i Trøndelag og Nordland kallast denne isen for landkall’n. Det heiter dette beltet med isflak også under meir normale forhold når dei rører seg og brotnar ved flo og fjøre.

Somme plassar er landkallen også sagt om den første isen som legg seg langs land, og i Verran er det opplyst at ordet også kan brukast om isfritt belte langs land.

På  Nordmøre og somme plassar i Romsdal er nemninga hauis brukt om det same. Somme seier dette er fordi steinane som kjem fram når isen rører seg, blir samanlikna med «hau» (hovud). I mi eiga heimbygd, Sunndal, var ordet også brukt om isen som ligg att ved elvabraddane om våren. Også dette ordet har same dobbelttydinga som landkall, for det er også sagt om den første isen som legg seg langsmed land. I ei opplysning frå Hitra heiter det at hauisen er den sterke isen utpå ein våg, i motsetning til den meir usikre isen innmed land.

Innleggsnavigering