Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “jarning”

Smistein

Smiestein

Bildet her er sendt inn av Oddbjørn Nærvik frå Hoston i Orkdal og blir gjengitt med løyve frå han. Det forestiller ein smistein, som var brukt når ein skulle sette på jarning på trehjula på gamle vogner. Oddbjørn fortel: «Oldefar min var smed. Dagen etter at han dødde, vart smisteinen vår «annektert» av ein nabo. Far min hadde detaljkunnskapar om bruken av smistein(ar). Biletet viser smisteinen «vår», og reiskapen øverst er ein av «spesialspakane» som var brukt når ein førte over jarninga frå steinen til hjulet. Som du sjølvsagt ser er det ikkje samsvar mellom storleiken på hjulet og smisteinen her».

Og vidare: «I Lomunddal (dvs i gamle Hoston skolekrets, Orkdal kommune, på grensa til Rindal) finst ein stad som heiter Smisteinstufta».

Dette ordet mangla vi i arkivet frå før, bortsett frå eitt belegg, med ei noko anna tyding. I Dalane i Rogaland er smistein ei steinblokk brukt som ambolt eller fundament for ambolt i smie.

Stor takk til Oddbjørn for særs interessant og verdifullt bidrag! Vi tek like godt med enda eit bilde av smisteinen:

Smistein2

Reklame

Innleggsnavigering