Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Kjerring”

Kjerring

Ordet kjerring er omdiskutert, også når det gjeld opphav. Rett som det er blir det hevda at kjerring kjem av kjær, og såleis opphavleg betyr ‘den kjære (kona)’ e l. Dette skreiv eg i boka «ka sa du?» (2007), s. 117-118:
«Denne skrøna er vel helst fabrikkert av dei som legg noe negativt i ordet kjerring, for å gjera ordet meir akseptabelt. I tradisjonell trønder er jo dette ikkje noe problem, for der er ordet er heilt nøytralt. Det er snakk om mann og kjerring eller kall og kjerring utan å legge noe negativt i det. I yngre mål kan det nok vera litt annleis. Men til og med i ei temmeleg fersk bok om kebabnorsk kolporterer det ærverdige Gyldendal i forordet myten om at kjerring kjem av ”kjære mi”. Eit etymologisk sjølmål av dimensjonar. La oss lå fast ein gong for alle at kjerring går tilbake på norrønt kerling, som er avleidd av karl. Karl er den eldre forma av kar, slik at kar og kjerring blir svært nær i slekt. Nynorskbibelen frå 1921 har tatt vare på dette sambandet i forteljinga om Adam og Eva. Her heiter det: ”Ho skal kallast kjerring, for ho er teki av ein kar” (1. Mosebok 2,23). Med dette har dei også tatt vare på eit samband som skal finnast mellom tilsvarande ord i sjølvaste grunnteksten til Bibelen. På den andre sida av gjerdet i den norske språkstriden har dei forresten prøvd seg med det nokså latterlege manninne i staden. Men betydningsutviklinga av ordet kjerring i somme delar av landet har altså gjort at vi ikkje har kunna halde på denne friske og fyndige formuleringa».

Olaf Husby tar også opp denne myten i bloggen «Språkkalender 2013» (og påpeikar her dessutan ein snedig samanheng mellom «kjær» og «hore»):
http://sprakkalender2013.wordpress.com/2013/12/11/11-12-13-ukas-sprakmyte-kjerring/comment-page-1/#comment-270

Reklamer

Post Navigation