Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Kjuke”

Kjuke

kjuke17

Under kommentarane til innlegget om heksekost (sjå hovudinnlegg 18.2.) dukka ordet kjuke opp. Sjølv om kjuke kan brukast om mange ting, er det nok ei typisk kjuke vi ser her på bildet, som veks ut som ei hylle eller ein hov på trestammen. Det er tale om ulike typar av poresopp.

Ein bestemt art (men på folkemunne truleg fleire) er kalla knuskkjuke, som blir tørka til knusk og nytta til å fyre opp med. Ein type kjuke er bruka til å sette knivar, jarn og sylar i, såkalla knivkjuke, og ein kan ha nålkjuke som nålepute.

I Todalen på Nordmøre vart den mjuke soppen på bjørka tørka og bruka til gummiballar, såkalla råballkjuk’. Visse utvekster på furustammar kunne høve til å laga slipsteinsakslingar av; det var slipsteinskjuk’ (Oppdal).

Kjuka er stundom også kalla gås, eller bjørkegås, knivgås m m. Ei råttagås (Åsskard på Nordmøre) er ein utvekst som liknar på knivkjuke, men som ikkje skal vera heitl den same.

Ganske mange plassar bil ein også kunne bruke kjuke om halvkuleforma, knudrete utvekster på trestammar, nærmast «svulstar» som hører til stammen. Altså det som elles heiter f eks kåte eller rirkule. Nemningane kan i det heile gå litt om kvarandre her.

Advertisements

Kjuke

kjuke17

Poresopp som går på bjørk. Kjuke er vanleg namn på dette, også knuskkjuke («knøskkjuk»). Det er fleire ulike typar, som ikkje alltid blir skilt like klårt i den folkelege nemningsbruken. Stundom blir kjuke også sagt om halvkuleforma utvekster på sjølve stammen. Dette har mange andre namn: klåtre, kåte, rirkule m m, men det får vi heller komma tilbake til ein annan gong.

Knuskkjuka er også kalla gås, knuskegås eller bjørkegås fleire stader på Austlandet, bl a Telemark. Knivgås finst også, jf nedafor. Andre namn er t.d. knuskhøne (Ullensvang) og knuskkule (Selbu).

Bruken av knusk/knøsk til «eldtenne» er jo velkjent. Men dei kan også bli brukt som knivkjuke, til å stikke frå seg knivar i når ein skulle legge dei bort. Av dette kjem namnet knivsopp. Det kan også fungere som «stativ» for annan reiskap, som sylar. Bruken av slikt til nålepute har gitt namnet nålkjuke (Nesna). Har også hørt om kjuker nytta til blomsteroppheng.

I Todalen (gamle Stangvik, no Surnadal kommune) vart slike soppar på bjørka kalla råballkjuke. Den vart tørka og brukt som gummiballar.

Post Navigation