Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “kyndelsmessklumpen”

Kyndelsmessklumpen

enkelttre9

Dette vintermotivet får illustrere at no er halve vinteren gått, etter gammal rekning. I dag, 2. februar, er det nemleg kyndelsmesse. Ein katolsk høgtidsdag til minne om jomru Marias reinsing (kyrkjegang). Alle gjekk da i prosesjon gjennom kyrkja med brennande vokslys. Namnet på dagen er omsett frå latin Missa (festum) candelarum, som rett og slett tyder ‘lysmesse’. Jamfør også engelsk candlemas.

I målføra møter vi eit mangfald av uttalevariantar: kjynnesmess, kjynnilmesse, kjynnjuylsmesse m fl. Min eigen variant er kjøndesmøss

Ved denne tida meinte ein at bjørnen snudde seg i hiet, og at halve høyet på låven skulle vera brukt opp. Det var også teke varsel for kommande år, og mildver vart rekna som dårleg: «Kjynnesmess tøy, frossi konn og råtti høy». Ei hard uversri ved desse tider var kalla bl.a. kyndelsmessria, kyndelsmessknuten  eller kyndelsmessklumpen. Dette siste var også brukt om (stort) snøfall ved kyndelsmesse, akkurat som kyndelsmessdetten, kyndelmessdokka o.fl. Skareskorpe ved kyndelsmesse var kalla kyndelsmesskorpe eller kyndelsmessnerk, og somme rekna med at denne var midt i snøen.

Reklame

Innleggsnavigering