Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “låvesvale”

Svale (sulu, svulu m m)

Svale

Hausttrekket begynner nettopp no i slutten av august, og svalene er i ferd med å samle seg i hausthopar. Dei har ei lang ferd framfor seg. Om vinteren er dei i Afrika, heilt ned til Sør-Afrika.

På telefontråd og andre ledningar sitt dei gjerne, slik som her.

Vi har tre artar av svale hos oss: Taksvale, låvesvale og sandsvale. Låvesvala byggjer aller oftast reir inne i bygningar, medan taksvala plasserer reiret sitt utanpå, f eks under takskjegget. Sandsvala hekkar som namnet seier i f eks sandtak eller bratte elvemelar. Det er mange stader dei ikkje skil mellom svaleartane og kallar alt for svale.

Det er veldig mange uttalevariantar. På Austlandet og i Trøndelag er svulu eller sulu (alltid med tjukk l) mykje utbreidd, og elles finn vi slikt som svålå, svolo, svole, svølu, søla, sølå, på Austlandet også sulus(e) og meir sjeldan selus(e). Berre for å nemne nokre.

Ordet er ikkje kjent utanom germanske språk (jf. for eksempel engelsk swallow), men ut frå beslekta ordstoff kan vi slutte at grunntydinga kan ha vore ‘den flagrande’.

Låvesvala kan heite lemsulu (Sparbu) eller lemsolo (Grong). I Nordland og Trøndelag finst også sakssvale registrert om denne. Kløftsvulu og langstjertsvulu er to namn på låvesvala frå Trysil.

Hussvale (-svulu, – solo etc) er somme stader brukt om taksvale, men også om låvesvale.

Etter den kvite overgumpen har taksvala fått namnet kvitryggsulu i Østmarka i Vinger.

Ordtaket «ei svale gjer ingen sommar» har parallellar i tysk og engelsk. I Sparbu har dei brukt kvitveisen i staden: «ei sømmer gjær ingen såmmår».

Svala er kjent som vermerke. Flyg ho lågt, blir det regn, og vice versa. Om ho ter seg svar eller mørk, skal det også bli regn.

Vi avsluttar med eit lite vers som folkeminnesamlaren Karl Braset i Sparbu har notert om «heimsullu», som truleg er låvesvale:

«Gutann aa veikjaann

dæm ligg oppaa lava (låven)

kjyssest aa klappest

aa æ sett aa sjer»

Post Navigation