Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Sankthansgull”

Raud jonsokblom

Raud jonsokblom

Sommaren går fort, og vi held fram med å ta for oss aktuelle blomsterplanter så langt tida rekk. Denne gongen raud jonsokblom, ein karakteristisk art i nellikfmilien. Tidlegare var den kalla raud praktstjerne, og nettopp praktstjerne hugsar eg mor mi brukte. Men det er nok eit «bokleg» namn. Det latinske namnet er Melandrium rubrum.
Jonsokblom viser som vi skjønar til tidspunktet for blomstringa. Fleire andre nemningar har same motiv: Sankthansblomster, i Trøndelag også sankthansgull, jonsokkegras (Voss, Sogndal) og jensokblomster (Inner-Namdalen og Kvam i Nord-Trøndelag). Jensmessgull i Nordli har det svenske jensmess = jonsok. Somme stader har raud jonsokblom vore merke på at slåtten kunne begynne.
Hanekam er offisielt namn på ei anna plante, men det er også brukt om raud jonsokblom. Hanegull forekjem også, og raudhanagull i Vevlstad og Rana. Med dette kjem vi over på farge som namngivingsmotiv, og her er det mange: Raudsoleie fleire stader, rauddokke (Dovre), rødfiol (Hattfjelldal), raud smelldokke (Heidal), rød(e)gull (Velfjord, Værøy).
I Uvdal har ein brukt namnet «raueguriblomme» både om raud jonsokblom og tjæreblom (Viscaria vulgaris). Det er ikkje så sjeldan at desse to blir slått saman i den folkelege nemningsbruken, slik at t.d. tjurrublomster får omfatte begge artane.
Attluggublomster er spesielt for Oppdal. Bibelske motiv finn vi i maria bløde (Bardu, Målselv; truleg «Marias blodsdropar») og Salomos segl (Meldal). Poetisk klang har også brur(a)blomster o l (Bø i Telemark, Roan, Målselv) og kjærlighetsblomster (Vefsn, Hadsel). Kontrasten blir ganske stor til det siste namnet på raud jonsokblom som vi får plass til: lygartaske (Stor-Elvdal).

Post Navigation