Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Sidensvans”

Topphøn’

5»»

Denne krabaten hekkar neppe hos oss, men kjem av og til i store flokkar på besøk. Eksemplaret her vart fanga opp på Lademoen i Trondheim. Namnet sidensvans kjem frå tysk Seidenschwans og har truleg hatt dansk som mellomstasjon på vegen opp hit. Det tyske namnet tyder bokstavleg talt ‘silkestjert’. Dette har også vore lansert som namn på fuglen her i landet, men visstnok utan særleg suksess.

Det er ikkje mange dialektnamn å finne på dette fugleslaget, men i Oppdal har dei eitt. Det er topphøn’. Bakgrunnen er sjølsagt fjørtoppen i nakken. Ei topphøne er elles ei høne med slik fjørtopp. Og det er sjølsagt eit gangbart ukvemsord til jenter og kvinner av det krye og snerpete slaget. Slik som Ragnhild Magerøy skildrar det i romanen Gunnhild: «Det skal bli ei bra kry ei, detta, når ho blir voksen. Men han skal kryne henne, skal han, det kan ho ta seg tvihendt i reva på, topphøna – når han blir stor»

Advertisements

Post Navigation