Skandert?
Her må ein vel kunne seie at lysstolpen er noko skandert. Eller – ? Språkobservatør Rune Stavaas i Hemne fann nemleg inga slik tyding av skandere da han slo opp i nettordbøker.
Her står det nemleg at å skandere er å dele eit vers opp etter verseføtene, å lesa eit vers slik at rytmen kjem klårt fram. I tillegg er det nemnt ei enda meir snevert fagleg tyding: å analysere og teikne av ved hjelp av elektronstrålar.
Den som skriv desse linjene, måtte ganske høgt opp i utdanningssystemet før han lærte at det var noko som heitte å skandere dikt. For han verka den slags øvingar forresten heller til å skandere gleda ved poesien.
Både for Stavaas og meg vil å skandere nemleg seie å skade, gjera skade på, fara stygt med, skamfare, øydelegge, ramponere. Det går an å skandere foten sin, sykkelen sin, koppar m m. Eller som i dette eksempelet frå Surnadal: ”Hakkespett’n he skandert veggjinn på nyløåinn”. Slik bruk av skandere er kurant både på Nordmøre, i Sør-Trøndelag og Nord-Østerdalen. Arkivmaterialet tyder på at det ikkje er heilt ukjent i Nord-Norge heller. Blant anna finn vi eksempel på det i den klassiske ”Vett og uvett”.
Er dette verkeleg same ordet? I min eigen Norsk Ordbok, der dette no er ferdig redigert i band 9, har ein rekna med det. Opphavet blir ført til eit latinsk verb scandere som tyder å stige opp, og som heng saman med skala (opphavleg ’stige, trapp’). Men korleis kjem ein over frå verseføter til skadeverk?
Vi kan ha eit ”manglande mellomledd” i ei tyding som finst i somme dialektar. Her kan du skandere folk på den måten at du skjenner på dei, overhøvlar, æreskjeller dei. Spesielt i Gudbrandsdalen finn ein denne bruken, men også i Folldal, Nord-Østerdalen og somme plassar i Telemark. Eit par andre plassar blir skandere oppgitt som å prate stygt, nedsetjande om folk (Nordre Land), eller å laste nokon, trekke fram feil (Valle). Kan det ha gått frå å lesa opp vers med tydeleg rytme til å føre klar tale om kva ein meiner om folk, og derifrå til å påføre fysisk skade? Jau, fullt mogleg – det finst eksempel på meir dramatiske tydingssprang.
Men eit par storkultar blant språkforskarane, Ragnvald Iversen og Einar Haugen, har også peika på eit lågtysk verb schandern, som tyder å baktale, å skjelle ut. Dette kan ha spela inn.
La oss avslutte i Hemne: Om ein skar seg med ljå eller sigd, kunne ein gå glipp av slåtte- eller skurdgrauten. Da vart det sagt: ”No skandert du grauten!”