Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “skispor”

Anndørja, dårå, renna, ekkja

Skispor

Flott og innbydande skispor her. Men for dette finst det også mange forskjellige ord. Standardorda løype og spor er greie nok, men det er mange andre. Løype har truleg hatt ei nokså avgrensa utbreiing frå først av, og helst om ei renne i samansetningar som tømmerløype. Men så har det fått ei ny tyding, spreidd seg gjennom skisporten og fått status som ei slags standardnemning. Somme vil kunne bruke forskjellige ord etter om løypa er oppkjørt eller ikkje (for eksempel løype kontra far).

Arnold Dalen har kartlagt mykje av den norske skiterminologien, også nemningane for løypa, og det som blir lagt fram her, står såleis i stor gjeld til han.

Ordet låm, som vi kjenner frå slalåm, har vore det allmenne ordet for skiløype i eit sørleg område frå Telemark i aust til Ryfylke i vest.

Renne (skirenne) er også ei ganske vidt utbreidd nemning for skisporet. Av andre har vi for eksempel anndørri, som har eit tyngdepunkt i Namdalen, men som også har vore sagt mange stader elles i Nord-Trøndelag. Det går inn på sørtrøndersk område i Selbu og Tydal, og Ivar Aasen fann det i si tid også i Gauldalen. Det finst også somme plassar lenger sør, og går dessutan inn på svensk område.I normalisert form heiter det andyrgje, og det er truleg samansett av *andor-dyrgje, der andor er (kort)ski og dyrgje heng saman med ord som dorg, drog og å dra og rett og slett betyr spor (stjerna framom vil seie at ordet ikkje er direkte belagt, men rekonstruert omtrent slik som det må ha sett ut). Andor eller andår (skiandor) om skisporet er nok ein nær slektning. Dette ordet finst på Nordmøre og i deler av Sør-Trøndelag.Eit reint nordmørsord er visst dår’ (dåre, dore), som også er i slekt med siste delen av anndørri.  

I Nord-Trøndelag finst ekkje (eittj’, skieittj’). Dette er avleidd av å aka, og tyder altså opphavleg spor etter aking eller kjøring. Til aka har vi også fått ei okko, først og fremst brukt i Inner-Namdalen. Kanskje særleg om far etter slede (meiokko), men også om skispor.

Meidd , skimeidd eller skimeit har vi i hovudsak i Austlandsområdet (Telemark, Ringerike, Valdres, Ringsaker, Furnes, Nøtterøy og fleire). Meidd heng truleg saman med eit verb å meida laga spor, merke’.

Lokalt for Gauldalsbygdene er line eller skiline. Skiløyft finst lengst vest i Oppdal, og er dessutan registrert frå Ålvundeid på Nordmøre.

Dagens oppkjørte skiløyper er reine autostradaen i forhold til før. Også konkurranseløypene kunne vera temmeleg kronglete. Litt overdrive er det nok likevel når dei fortel frå skibygda Hølonda om ei løype som var så krokåt at dei gjekk fleire gonger rundt same grana!

Reklame

Innleggsnavigering